-
Dokument nr. 15:753 (2023-2024)
Innlevert: 18.12.2023
Sendt: 19.12.2023
Besvart: 05.01.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum
Eg syner til mine tidlegare spørsmål Dok. nr. 15:868, 15:991 og 15:1051 (2022-2023).
Kan finansministeren gi ei oppdatert oversikt over kor mange personar med høg formue som har flytta høvesvis inn til og ut av Noreg så langt i 2023 samanlikna med åra før, og samla netto skattepliktig formue for desse personane?
-
Dokument nr. 15:709 (2023-2024)
Innlevert: 14.12.2023
Sendt: 15.12.2023
Besvart: 02.01.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide
Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokalisert til Oslo-regionen (Fornebu).
Kan utanriksministeren legge fram den skriftlege vurderinga som vart gjort i lokaliseringssaka, slik at Stortinget får innsyn i kva kriteria som vart brukt i vurderinga av lokalisering av den nye etaten og korleis dei ulike kandidatane (Fornebu, Bergen og Sandefjord) vart vurderte etter desse kriteria?
-
Dokument nr. 15:701 (2023-2024)
Innlevert: 14.12.2023
Sendt: 14.12.2023
Besvart: 21.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Korleis skal norske MS-pasientar bli sikra lik tilgang til stamcellebehandling gjennom den individuelle unntaksordninga, og er statsråden enig i at eit gruppeunntak kan vere eit alternativ for å sikre alle pasientar lik tilgang til same behandling?
-
Dokument nr. 15:656 (2023-2024)
Innlevert: 10.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Besvart: 14.12.2023 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Miljødirektoratet sende i juni 2023 over til Klima- og miljødepartementet tilråding om å etablere Stad marine verneområde i kommunane Stad og Kinn i Vestland fylke i tråd med tilrådinga frå Statsforvaltarn. Forslaget har brei støtte frå mellom anna berørte kommuner og bygder, og frå fiskerinæringa i Nordfjord.
Når kan ein vente avgjerd i Klima- og miljødepartementet om etablering av Stad marine verneområde i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet?
-
Dokument nr. 15:655 (2023-2024)
Innlevert: 10.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Besvart: 18.12.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland
Fjaler kommune i Vestland har utvikla industriområdet Lutelandet på 1 000 mål med djupvasskai samlokalisert med eit vindkraftverk. Det er bygd ut linjekapasitet og vindkraftverket leverer straum inn på nettet, men industriområdet kan ikkje bli tatt i bruk fordi Statnett seier nei til å koble industriprosjekt på Lutelandet på nettet.
Kva vil statsråden gjere for å løyse situasjonen for ein kommune som har tatt ansvar for å bygge ut meir fornybar kraft, ein situasjon som også kan bremse viljen andre stader til å bygge ut ny kraft?
-
Dokument nr. 15:554 (2023-2024)
Innlevert: 29.11.2023
Sendt: 29.11.2023
Besvart: 06.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu, 35 minutts spasertur frå Oslo sentrum).
Kan kommunal- og distriktsministeren gjere greie for kvifor Bergen vart valt vekk som lokaliseringsalternativ, og korleis denne avgjerda heng saman med regjeringa sine retningsliner om at nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor hovudstadsområdet?
-
Dokument nr. 15:533 (2023-2024)
Innlevert: 26.11.2023
Sendt: 27.11.2023
Besvart: 01.12.2023 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun
Kva er status for søknaden om godkjenning av programfaget, klima- og miljøfag, og kva vil statsråden gjere for å sikre ei snarleg avklaring på søknaden?
-
Dokument nr. 15:532 (2023-2024)
Innlevert: 26.11.2023
Sendt: 27.11.2023
Besvart: 04.12.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Er det riktig forstått at helseministeren ikkje har sørga for at samfunns- og næringsanalyser og konsekvensvurdering av samla samfunnsberedskap i Nord-Noreg inngår i beslutningsgrunnlaget for ein ny sjukehusstruktur i Nord-Noreg der det no blir tilrådd sentralisering av institusjonar og tenestetilbod, kan statsråden garantere at regjeringa vil sørge for at slike analyser og vurderingar blir gjort i den vidare prosessen og at eit slikt samla beslutningsgrunnlag blir lagt fram for Stortinget for vurdering og avgjerd?
-
Dokument nr. 15:517 (2023-2024)
Innlevert: 23.11.2023
Sendt: 24.11.2023
Besvart: 01.12.2023 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Regjeringa har iverksett eit stort arbeid for å gjere ei heilt naudsynt forbetring av villrein sine kår i Noreg.
Kan statsråden gjere greie for kva kunnskap som ligg til grunn for behovet for ny politikk, og kva prosessar ein ser føre seg framover både retta mot lokalbefolkning, brukarinteresser og Stortinget?
-
Dokument nr. 15:495 (2023-2024)
Innlevert: 20.11.2023
Sendt: 20.11.2023
Besvart: 27.11.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
1. april tredde nye innleigereglar i kraft. Frå 1/1-2024 blir regelverket stramma inn ytterlegare, men det er enno på mange område uavklart korleis dei nye reglane skal tolkast, spesielt for sjølvstendige konsulentar anten som enkeltpersonføretak eller som einaste tilsett i eige AS.
Kan statsråden avklare om det vil vere mogleg å leige seg ut som konsulent under dei nye reglane, og vil dei som har AS med ein enkelt tilsett og enkeltmannsføretak også få fritak frå regelverket eller må dei registrere seg som bemanningsforetak?
-
Dokument nr. 15:485 (2023-2024)
Innlevert: 19.11.2023
Sendt: 20.11.2023
Besvart: 24.11.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna
Mange bedrifter opplever det som svært komplisert og tidkrevjande å rekruttere arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS-området. Det er stadig lenger ventetid både hos UDI og politiet, og prosessen blir opplevd som oppstykka og lite brukartilpassa, også samanlikna med våre nordiske naboland.
Kva konkrete tiltak vil regjeringa setje inn for å korte ned sakshandsamingstida og gjere det enklare for bedrifter å rekruttere arbeidstakarar frå land utanfor EU/EØS-området?
-
Dokument nr. 15:480 (2023-2024)
Innlevert: 19.11.2023
Sendt: 20.11.2023
Besvart: 27.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Er næringsministeren uroa for utviklinga i byggebransjen med sterk vekst i konkursar og svake prognoser for nybyggmarknaden, og er ministeren samd i at rask implementering av EU sitt direktiv om energieffektivisering av hus kan vere eit godt virkemiddel for raskt å utløyse større aktivitet innanfor energioppgradering av norske bustader, noko som både vil vere viktig for byggebransjen og kunne bidra sterkt til å nå måla sett av Energikommisjonen for å frigjere kapasitet i straumnettet fram mot 2030?
-
Dokument nr. 15:413 (2023-2024)
Innlevert: 12.11.2023
Sendt: 13.11.2023
Besvart: 20.11.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Ein kafé i Kongsvinger har fått beskjed frå kommunen sine skjenkekontrollørar om at eit måleri som heng i kafeen er ulovleg alkoholreklame, fordi kunstverket syner ei kvinne som held eit glas med raud drikke i handa. Kafeen fekk også påtale for å nytte ei brukt vinflaske som blomstervase.
Meiner helseministeren at desse forholda er ulovleg alkoholreklame i strid med lova, og viss ikkje, er statsråden samd i at det er på tide å forenkle, fornye og mjuke opp eit uforståeleg og meiningslaust strengt regelverk?
-
Dokument nr. 15:412 (2023-2024)
Innlevert: 12.11.2023
Sendt: 13.11.2023
Besvart: 21.11.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad
Kva synes statsråden om at Hå kommune vel å byggje ny skule på matjord i staden for å byggje ny skule på eksisterande skuletomt, og er dette i tråd med regjeringa sin jordvernsstrategi?
-
Dokument nr. 15:338 (2023-2024)
Innlevert: 05.11.2023
Sendt: 06.11.2023
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 13.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Vil kommunal- og distriktsministeren sørge for at Vestland og andre fylkeskommunar som har gått føre i å stille nullutsleppskrav til nye ferjer og hurtigbåtar, og dermed er med å drive fram utviklinga av ny nullutsleppsteknologi som er nødvendig for å nå dei norske klimamåla, ikkje blir straffa økonomisk samanlikna med fylkeskommunar som har venta med å stille slike krav til det kjem statleg pålegg om å gjere det?
-
Dokument nr. 15:311 (2023-2024)
Innlevert: 02.11.2023
Sendt: 02.11.2023
Besvart: 08.11.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum
I lys av Høgsteretts dom i den så kalla ACER-saka, vil finansministeren og partiet hans endre retorikken sin knytt til EUs tredje energimarknadspakke og ACER, og korleis påverkar dommen synet til finansministeren på Ren energimarknadspakken, også kalla fjerde energimarknadspakke?
-
Dokument nr. 15:231 (2023-2024)
Innlevert: 25.10.2023
Sendt: 26.10.2023
Besvart: 02.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe
Er statsråden enig i at det er svært dårleg miljø- og forbrukarpolitikk å innføre klagegebyr og minstegrense på 5 000 kroner for å kunne klage til Forbrukerklageutvalet dersom eit produkt går i stykker, og er statsråden villig til å sjå på andre måtar å løyse problemet med lang kø av saker i Forbrukarklageutvalet på, til dømes innføring av eit saksomkostningsgebyr for bedrifter som taper klagesaker som kan vere med å finansiere auka sakshandsamingskapasitet i Forbrukarklageutvalet?
-
Dokument nr. 15:222 (2023-2024)
Innlevert: 24.10.2023
Sendt: 24.10.2023
Besvart: 01.11.2023 av utenriksminister Espen Barth Eide
Deler utenriksministeren vurderinga frå Genteknologiutvalet sitt fleirtal om at eit generelt forbod mot import av GMO-varer strir mot EØS-avtalen og WTO og utgjer ein rettsleg risiko for Noreg som stat, og har Utanriksdepartementet tidlegare uttalt seg om/ hatt synspunkt på denne problemstillinga i samband med einskildsaker om GMO-importsøknader?
-
Dokument nr. 15:177 (2023-2024)
Innlevert: 19.10.2023
Sendt: 20.10.2023
Besvart: 27.10.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
I følge Nærings- og fiskeridepartementet sin budsjettproposisjon for 2024 (side 141), ga Regelrådet 35 høyringsuttaler i 2022 til forslag om nytt regelverk som vedkjem næringslivet. Av desse 35 forslaga meinte Regelrådet heile 28 var for dårleg utgreia (gult eller rødt lys).
Kor mange av desse 28 forslaga til nytt regelverk vart endra i tråd med Regelrådet sine innspel?
-
Dokument nr. 15:170 (2023-2024)
Innlevert: 19.10.2023
Sendt: 19.10.2023
Besvart: 06.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Næringsministeren har lagt fram ei rad såkalla «vegkart» og strategiar for enkeltnæringar med tilhøyrande tiltakspakkar, m.a. Grønt Industriløft med 100 tiltak i 2022 og ytterlegare 50 tiltak i 2023.
Kan næringsministeren gi ei samla oversikt over kva vegkart og strategiar som er lansert utan å ha blitt lagt fram for handsaming i Stortinget, ein status for kva departement/etat/aktør som har hovudansvar for gjennomføring av kvart einskild tiltak i vegkarta/strategiane, og kor langt oppfølginga av kvart tiltakspunkt er kome?