Alfred Jens Bjørlo (V): Er det riktig forstått at helseministeren ikkje har sørga for at samfunns- og næringsanalyser og konsekvensvurdering av samla samfunnsberedskap i Nord-Noreg inngår i beslutningsgrunnlaget for ein ny sjukehusstruktur i Nord-Noreg der det no blir tilrådd sentralisering av institusjonar og tenestetilbod, kan statsråden garantere at regjeringa vil sørge for at slike analyser og vurderingar blir gjort i den vidare prosessen og at eit slikt samla beslutningsgrunnlag blir lagt fram for Stortinget for vurdering og avgjerd?
Begrunnelse
Helseministeren har gitt Helse Nord i oppdrag å vurdere behovet for endringar i funksjons- og oppgavedelinga i spesialisthelsetenesta i Nord-Noreg. Nylig la fem arbeidsgrupper fram sine rapportar med tilråding om omfattande endringar i sjukehusstruktur, med mellom anna nedlegging av fleire akuttsjukehus og sentralisering av psykiatritilbodet.
Ifølge Kommunikasjonsdirektøren i Helse Nord har helseforetaket «.. ikke blitt bedt om å gjøre en samfunns- og næringsanalyse» (VG, 17. november). Statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet bekreftar i same sak at det utgreiingsarbeidet som no pågår er avgrensa til ei helsefagleg sektorutgreiing, og at
«..andre momenter, for eksempel konsekvenser for reiseliv, får komme fram i høringen».
Nord-Noreg er ein landsdel med heilt spesielle utfordringar knytt til geografi og busetnad – som også blir stadig meir påverka av ein spent geopolitisk situasjon knytt til nordområda og naboskapet med Russland. Etter Venstre sitt syn, kan ingen store beslutningar knytt til grunnleggande samfunns-infrastruktur i Nord-Norge sjåast uavhengig av dette – heller ikkje på helseområdet.
Det framstår som svært merkeleg for Venstre at regjeringa «outsourcar» til utanforståande høyringsinstansar i ein kort høyringsperiode det store og krevjande arbeidet med å vurdere dei samfunns- og næringsmessige følgjene og konsekvensar for totalberedskapen i Nord-Norge ved ei omfattande sentralisering av sjukehustilbodet.
Det er etter underteikna sitt syn ingen veg utanom at regjeringa sjølv tar ansvar for at slike vurderingar og konsekvensutgreiingar blir gjort, og at dei samla vurderingane blir forelagt for Stortinget for endeleg avgjerd.