Skriftlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:533 (2023-2024)
Innlevert: 26.11.2023
Sendt: 27.11.2023
Besvart: 01.12.2023 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kva er status for søknaden om godkjenning av programfaget, klima- og miljøfag, og kva vil statsråden gjere for å sikre ei snarleg avklaring på søknaden?

Begrunnelse

Firda vidaregåande skule har i fleire år gjennomført forsøk med programfaget, klima- og miljøfag. Vestland fylkeskommune har søkt om å få godkjent faget som eit offisielt programfag. Denne godkjenninga har lege til behandling i Utdanningsdirektoratet i fleire år.
I eit svarbrev frå Udir skuleåret 2022-23, står det mellom anna:

«Det er ennå ikke avgjort om programfagene Klima- og miljøfag 1 og 2 vil inngå som en ordinær del av tilbudsstrukturen. Vi har derfor forståelse for at fylkeskommunen har behov for å videreføre forsøket inntil dette er avgjort, og vi vurderer at det er uheldig om skolen må avslutte tilbudet med Klima - og miljøfag før vurderingen av om dette er fag som skal bli permanent tilbud, er tatt. Det kan også få uheldige konsekvenser for kompetanse som skolen har knyttet til seg.»

Det er uheldig for skulen og fylkeskommunen at ein ikkje har fått ei avklaring.

Kari Nessa Nordtun (A)

Svar

Kari Nessa Nordtun: Stortinget vedtok i Innst. 585 S (2020-2021) Fullføringsreformen. Som ein del av oppfølginga av Fullføringsreforma har Utdanningsdirektoratet fått i oppdrag å gjera ein gjennomgang av fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratet vil i første omgang ta til med å byggje opp eit kunnskapsgrunnlag om dagens fag- og timefordeling og tilbodsstruktur, før dei vurderer og foreslår endringar. Eg meiner at det er viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag før det vert gjort større endringar. Eg er også opptatt av at me må sjå heilskapleg på eventuelle endringar i fag- og timefordelinga. Derfor er det naturleg at søknaden om å gjera klima- og miljøfag 1 og 2 til ein ordinær del av tilbodsstrukturen inngår i gjennomgangen av fag- og timefordelinga.
Representanten Grotle viser til at Utdanningsdirektoratet har forlengt Firda videregåande skule sitt forsøk med klima- og miljøfag 1 og 2. Eg er glad for at skulen kan halde fram forsøket til det er avgjort om desse faga kan bli ein ordinær del av tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring.
Eg vil halda meg orientert om Utdanningsdirektoratet sitt arbeid med gjennomgangen av fag- og timefordelinga, og eg ser fram til å få deira vurderingar og tilrådingar.