Alfred Jens Bjørlo (V): 1. april tredde nye innleigereglar i kraft. Frå 1/1-2024 blir regelverket stramma inn ytterlegare, men det er enno på mange område uavklart korleis dei nye reglane skal tolkast, spesielt for sjølvstendige konsulentar anten som enkeltpersonføretak eller som einaste tilsett i eige AS.
Kan statsråden avklare om det vil vere mogleg å leige seg ut som konsulent under dei nye reglane, og vil dei som har AS med ein enkelt tilsett og enkeltmannsføretak også få fritak frå regelverket eller må dei registrere seg som bemanningsforetak?
Begrunnelse
Føremålet med dei innskjerpa innleigereglane innført tidlegare i år var i følgje regjeringa å få bukt med sosial dumping. Norsk næringsliv var krystallklare før innføringa av dei nye reglane på at innstrammingane var uforholdsmessige i høve problemet dei var meint å løyse, og vil ramme verdiskaping og vere svært ressurskrevjande å følgje opp.
Dei ny og skjerpa reglane, primært meint for å adressere spesifikke problem i spesifikke sektorar, har skapt usikkerheit i heile næringslivet. Det har mellom anna allereie ført til avbrotne kontraktar for sjølvstendige konsulentar, som ofte nyt fridom og gode arbeidsbetingelsar i karrieren sin.
Norsk næringsliv etterspør som eit minimum å få større klarheit i regelverket for å unngå misforståingar og potensielle juridiske utfordringar. Det vil etter Venstre sitt syn til dømes vere svært uheldig om ein skulle hindre ei heil gruppe arbeidstakarar som arbeider sjølvstendig og er nøgde med sin eigen arbeidssituasjon, å drive selskapa sine. Ikkje berre er det lite inkluderande og lite framtidsretta. Det dempar også innovasjonskrafta i samfunnet og kan hindre nye og spennande selskap i å vekse fram.