10.1.2 Vurderingar frå departementet
Det går fram av
proposisjonen at det er få høyringsinstansar som har uttala seg
til forslaget om overgangsordningar. Dei mest vesentlege innvendingane gjeld
lengda på overgangsfasen. Det er tilslutning til forslaget om at
dagens utøvarar må kunne få autorisasjon sjølv om dei ikkje fyller
krava. Når det gjeld forslaget om at ikraftsetjinga må skje puljevis
for landet som heilskap ut frå ein vedteken plan, synest det å vere
tilslutning også til dette forslaget, men fleire høyringsinstansar
peikar på at det neppe er mogleg med ei slik overføring i løpet
av berre eitt år, slik departementet har foreslått.
Menon Economics
AS reiser på side 44 i den samfunnsøkonomiske analysen spørsmål
om det vil skape problem for næringslivet om det blir ei for rask
innføring. Sjå proposisjonen pkt. 12.3.
For å unngå å skape
uvisse over lang tid, la departementet i høyringsforslaget vekt
på å setje reforma i verk så raskt som mogleg, og at det skulle
skje i løpet av eitt år. Departementet meiner framleis at det er
viktig at reforma blir sett i verk så raskt som mogleg, men vil
opne for at den puljevise overføringa kan strekkje seg noko ut i tid.
Puljevis overføring vil seie at ikraftsetjingstidspunktet ikkje
vil bli det same for heile landet. Kvar kommune vil få ikraftsetjingstidpunktet
definert ut frå den puljen kommunen høyrer til i. Departementet
går derfor ut frå at den puljevise inndelinga bør vere felles for
nærliggjande kommunar.
Departementet held
fast ved høyringsforslaget om tre års overgangsordning for oppmålingsverksemda
i kommunane. Forslaget om at dagens utøvarar må kunne få autorisasjon
sjølv om dei ikkje fyller alle krav til utdanning, blir også ført
vidare. Ordninga skal vere lik anten ein kan vise til praksis som
privat eller offentleg tilsett landmålar. Departementet legg til
grunn at autorisasjonsordninga er i funksjon i god tid før den puljevise overføringa
tek til. Autorisasjonsordninga må vere operativ minst eit år før
ein opphevar det kommunale forvaltningsansvaret for eigedomsoppmålinga.
Ordninga bør frå starten vere open både for nye landmålarar som søkjer
landmålarbrev på ordinære vilkår, og eldre landmålarar som søkjer
landmålarbrev basert på overgangsreglane.
Det synest å vere
tilslutning til forslaget om at kommunar skal kunne halde fram oppmålingsverksemda
si uendra i ein tidsavgrensa overgangsperiode utan at kommunen oppfyller
alle formelle krav som gjeld slik verksemd. Departementet legg til
grunn at ei slik ordning ikkje blir ramma av konkurranselova. Departementet
meiner at det ikkje vil vere mogleg å få til ein forsvarleg overgang
til privat tenesteyting utan ei slik overgangsordning.
Kommunen vil ha
to fordelar samanlikna med private landmålarføretak i overgangsperioden:
Kommunen vil i treårsperioden for det første ikkje ha krav om landmålar
med landmålarbrev. Kommunen vil for det andre kunne føre matrikkelen
med det same personalet som utfører eigedomsoppmålinga innanfor
den same verksemda som i dag. Departementet meiner likevel dette
er fordelar som ikkje vil gjere overgangsfasen vanskeleg
i nemneverdig grad, og som neppe undergrev sjansen for private landmålarføretak
til å få oppdrag i kommunen.
Når oppmåling ikkje
lenger er ei styresmaktsoppgåve, vil kommunen måtte rekne meirverdiavgift
av tenesta. Det vil gjelde frå ikraftsetjinga av det frie landmålarvalet
i kvar enkelt kommune.