Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser
til brev fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Arbeiderpartiets
stortingsgruppe datert 19. februar 2018, der departementet etter
anmodning presenterer et samlet lovforslag i tråd med flertallets syn.
Departementet har
i brevet merknader til de enkelte lovbestemmelsene, og flertallet viser
til dette. Brevet ligger vedlagt innstillingen.
På denne bakgrunn
fremmer flertallet følgende forslag:
«I
I lov 17. juni
2005 nr. 101 om eigedomsregistrering blir det gjort følgjande endringar:
I §§ 7 femte
ledd, 14 tredje ledd, 15 tredje ledd, 18 tredje ledd, 20 fjerde
ledd, 21 andre ledd, 27 andre ledd, 29 tredje ledd, 31 tredje ledd,
39 tredje ledd, 41 sjette ledd, 43 andre ledd og 48 første ledd
siste punktum skal formuleringa «kan i forskrift gi nærare reglar
om» endrast til «kan gi forskrift om».
§ 3 bokstav f skal lyde:
§ 4 tredje og fjerde
ledd skal lyde:
Matrikkelen kan vise til opplysningar
om fast eigedom i andre register.
Departementet kan gi forskrift om
innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske opplysningar
om rettar i fast eigedom.
§ 5 a andre ledd tredje
punktum skal lyde:
Kommunen kan etter
avtale overlate til annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 5 A eller
til sentral matrikkelstyresmakt, å føre matrikkelen på sine vegner.
§ 5 a tredje
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
matrikkelstyresmaktene, under dette om organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver.
§ 6 første ledd
bokstav d skal lyde:
-
d) opplysningar
om arealoverføring, endring
av grenser for festegrunn, grensejustering og klarlegging
av eksisterande grense, eller
§ 6 fjerde ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
oppmålingsforretning før matrikkelføring, under dette om fullføring av slik
oppmålingsforretning.
§ 7 overskrifta skal
lyde:
§ 7 Krav om klarlagd
grense før tinglysing av heimelsovergang
§ 8 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
vilkår for matrikkelføring, under dette om innhaldet i og
utforminga av krav om matrikkelføring.
§ 9 overskrifta
skal lyde:
§ 9 Kven som kan krevje
matrikulering
§ 9 fjerde ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om kven
som kan krevje matrikulering.
§ 10 overskrifta skal
lyde:
§ 10 Felles vilkår for
matrikulering
§ 10 sjette ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av
ny matrikkeleining, til
dømes om unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av vilkåra
for matrikulering.
§ 12 fjerde og nytt femte
og sjette ledd skal lyde:
Før matrikkelføring av endring av
grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast
etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn.
Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett,
pantefråfall og konsesjonar for arealet.
Oppmålingsforretning
som endrar grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde i
§ 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9 første
ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring av grenser
som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der
dette er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig
med at einingane blir matrikulerte.
Departementet kan gi forskrift om
matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje
matrikkelføring.
§ 14 første ledd skal
lyde:
Jordsameige kan
registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort
sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast
sjølv om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget
og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd
gjeld tilsvarande.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Grensejustering
Ei grense mellom matrikkeleiningar
kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande
for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen
eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan
ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av
anna lovgiving.
Ved justering kan
berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig
overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.
Panterett og festerett følgjer
dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.
Føresegna om panterett
gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.
Grensejustering
kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan
berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering
av ei umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga
blir matrikulert.
Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under
dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom
einingane.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klarlegging av eksisterande
grense, punktfeste og stadbundne rettar
Matrikkelføring
av klarlegging av eksisterande grenser, punktfeste og stadbundne
rettar, utført som særskild forretning, kan krevjast av:
-
a) nokon som har
grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga,
eller
-
b) staten, statsføretak,
fylkeskommune eller kommune.
Departementet kan
gi forskrift om klarlegging av eksisterande grense, punktfeste,
stadbundne rettar, om kven som kan krevje dette, og om fritak frå
krav om oppmålingsforretning.
§ 19 skal lyde:
§ 19 Referanse til avtale
om grenser m.m.
Kommunen kan ta
inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser
for ei matrikkeleining dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd
i ei oppmålingsforretning eller i ei tilsvarande forretning etter anna
eller tidlegare lov. Det same gjeld for avtalar om lokalisering
av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste og om stadfesting
av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta av § 6, og som
gjeld ein del av ein eksisterande grunneigedom, anleggseigedom eller
festegrunn eller av eit eksisterande jordsameige eller eit uteareal
til ein eigarseksjon.
Departementet kan
gi forskrift om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom avtalen
har referanse i matrikkelen.
Departementet kan
gi forskrift om avtalar som kan få referanse i matrikkelen.
§ 20 tredje ledd
skal lyde:
Eigar skal varslast
om registreringa på
ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.
§ 21 første ledd
andre punktum skal lyde:
Før kommunen tek ei endeleg avgjerd,
skal dei som avgjerda får
verknad for, få høve til å uttale seg.
§ 22 sjuande
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om føring
av matrikkelen og
organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om
informasjon til heimelshavarar eller
andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring
og oppbevaring av matrikkelopplysningar, og om godkjenning av personar som
skal føre opplysningar i matrikkelen.
§ 24 overskrifta skal
lyde:
§ 24 Tinglysing og utferding
av matrikkelbrev m.m.
§ 24 første ledd
skal lyde:
Så snart oppretting
av ny matrikkeleining, samanslåing, endring av festegrunn eller eigarseksjon
eller arealoverføring er ført i matrikkelen, skal kommunen sende
melding om dette til tinglysing. Gjeld saka oppretting eller endring
av eigarseksjon, skal kommunen likevel ikkje sende meldinga før
eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket er avgjort, jf. eierseksjonsloven
§ 17.
§ 24 tredje ledd
fjerde og femte punktum skal lyde:
Er ei grense mot tilgrensande
matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt, skal kommunen sende
relevant utdrag
av matrikkelbrev til eigarar og eventuelle festarar av desse
einingane. I oversendinga skal det opplysast om høve til å klage og klagefristar.
§ 24 sjette ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om melding
til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste
eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar
som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.
§ 25 sjette ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om rapportering
og føring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar
og andre opplysningar kommunen skal føre i matrikkelen, og om kommunen
sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.
§ 26 skal lyde:
§ 26 Retting av opplysningar
i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Kommunen kan slette
ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag for
å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar som fysisk
ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i grunnboka,
kan ho berre slettast frå matrikkelen
dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka.
Eigarseksjonar som blir sletta i
grunnboka etter vedtak med heimel i eierseksjonsloven § 22 andre
ledd, skal slettast frå matrikkelen. Kommunen fullfører slettinga ved
å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje ledd.
Opplysningar om grenser og geografiske
opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast
eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17,
rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller
avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. §
19. Kommunen kan likevel rette slike opplysningar når det blir dokumentert
at opplysningane er feil, og dette kjem av feil i registreringa
eller i vedlikehaldet av matrikkelen.
Andre opplysningar kan rettast av
organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige,
grunnlaget for registreringa har falle bort, eller det ikkje er
høve til å behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane når
ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag
for å rette opplysningane. Kommunen eller sentral matrikkelstyresmakta
kan av eige tiltak rette opplysningane når dette har noko vesentleg
å seie for matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register.
Partar som retting,
endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.
Denne paragrafen
går framom personopplysningslova § 27 om retting av mangelfulle
personopplysningar.
Departementet kan gi forskrift om rettingar, endringar og
tilføyingar til matrikkelen og om sletting av matrikkeleining, til dømes om
underretting og når underretting kan sløyfast.
§ 30 første ledd
bokstav d skal lyde:
§ 30 andre ledd
skal lyde:
Matrikkelinformasjon
kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane
utlevert, skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til
personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.
§ 30 femte ledd
skal lyde:
Matrikkelinformasjon skal ikkje
utleverast dersom vitale personlege eller offentlege interesser
tilseier dette.
§ 31 andre ledd første
punktum skal lyde:
Ved innsyn i matrikkelen,
og til bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det
saman med opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som
viser tekniske og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga.
§ 32 skal lyde:
§ 32 Offentlege gebyr
og betaling for matrikkelopplysningar
Kommunen kan ta
gebyr for oppmålingsforretning, matrikkelføring, utferding av matrikkelbrev
og anna arbeid etter lova her etter regulativ fastsett av kommunestyret
sjølv. Den styresmakta
som tildelar landmålarbrev, kan ta gebyr for dette. Gebyra
kan i sum ikkje vere høgare enn nødvendige kostnader styresmakta har
med slikt arbeid. For matrikulering av eigarseksjon kan det ikkje
takast andre gebyr enn det som er fastsett i eierseksjonsloven § 15.
Det kan krevjast
betaling for utlevering
av opplysningar frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn
i matrikkelen ved personleg frammøte hos kommunen eller
sentral matrikkelstyresmakt.
Departementet kan gi forskrift om gebyr
og om betaling for opplysningar frå matrikkelen.
Kapittel 7 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 7 Oppmålingsforretning, krav til landmålar
o.a.
§ 33 første
ledd skal lyde:
Ei oppmålingsforretning
går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til
partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar
og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt
tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare
på interessene
til alle partar og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.
§ 33 tredje
ledd skal lyde:
I ei forretning som gjeld oppretting
av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring, skal dei nye
grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan-
og bygningsloven. Nye
grenser for uteareal til eigarseksjon skal merkjast i
samsvar med vedtaket om dette etter eierseksjonsloven. Den
som utfører forretninga kan samtykkje i mindre avvik, for å kunne
få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget.
§ 33 sjette
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
varsling og proklama, og om utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.
§ 34 første
ledd tredje punktum skal lyde:
Koordinatane skal
fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av sentral
matrikkelstyresmakt.
§ 34 femte ledd skal
lyde:
Departementet kan gi forskrift om
merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette
om når grensemerking kan utelatast.
§ 35 nytt andre
ledd skal lyde:
Kommunen skal peike ut ein landmålar
for kvar oppmålingsforretning. Landmålaren må ha gyldig landmålarbrev.
Landmålaren skal ta vare på interessene til alle partane, undersøke
relevante dokument og elles sørge for at forretninga blir utført
i samsvar med god landmålarskikk.
§ 35 gjeldande
andre og tredje ledd blir nytt tredje og fjerde ledd.
§ 35 femte ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning, til dømes om tidsfristar
og avvising av rekvisisjon, og om utføring av oppmålingsforretning
og matrikkelføring etter vedtak av fylkesmannen.
Ny § 38 skal lyde:
§ 38 Tildeling av landmålarbrev
o.a.
Departementet kan
etter søknad tildele landmålarbrev til personar som
-
a) er myndige og
eigna til å drive eigedomsoppmåling
-
b) har godkjend
utdanning
-
c) har minst to
års relevant erfaring etter ferdig utdanning, og
-
d) har bestått
ei godkjent autorisasjonsprøve.
Landmålarbrev kan
trekkjast tilbake mellombels eller varig ved brot på føresegner
eller løyve gitt i eller i medhald av denne lova, plan- og bygningsloven
eller eierseksjonsloven, ved gjentekne åtvaringar, eller dersom landmålaren
ikkje lenger fyller vilkåra for å ha landmålarbrev. Ein landmålar
som ikkje lenger tilfredsstiller krava til å ha landmålarbrev, skal
sende melding om dette til den som tildelar matrikkelbrev innan
14 dagar.
Departementet kan
gi forskrift om vilkår for landmålarbrev, tildeling og tilbaketrekking
av slikt brev, krav til etterutdanning og gebyr.
Departementet kan
gi forskrift om at eigedomslandmåling kan drivast mellombels av
personar som er lovleg etablerte i ein annan EØS-stat med sikte
på å drive slik verksemd der, og om praktiseringa av slik verksemd,
medrekna unntak frå reglane i lova her.
Kapittel 8 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 8 Om
geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid o.a.
§ 39 andre ledd skal
lyde:
Kommunen skal bestemme
ytterlegare geodetiske data når kommunale oppgåver etter
lova her eller
plan- og bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege
for brukarane av slike data.
§ 42 skal lyde:
§ 42 Fjerning av merke
og signal
Merke og signal kan krevjast
fjerna dersom bruken av eigedommen eller eigedommane dei står
på gjer dette nødvendig. Fjerning skal utførast av eigarane av merket eller
signalet. Fjerning
av grensemerke kan berre skje etter avtale med kommunen.
Merke og signal
kan i alle tilfelle fjernast
av kommunen eller
staten sitt geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte
slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke
og tilhøyrande signal. Utgåtte eller
ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med gyldige
grensemerke, kan i alle tilfelle fjernast av kommunen eller jordskifteretten.
Fastmerke og signal
som inngår i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast
fjerna etter første ledd eller fjernast av kommunen
etter andre ledd første punktum.
Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.
Dersom det er gitt
erstatning etter § 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller
delvis tilbakebetalt ved fjerning etter første ledd, dersom summen
overstig det tapet som er lidd.
Departementet
kan gi forskrift om
framgangsmåten ved fjerning av merke og signal.
§ 46 skal lyde:
§ 46 Klage, førehandsvarsel
og underretning om vedtak m.m.
Det kan klagast over følgjande
avgjerder etter denne lova:
-
a) matrikkelføring
av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6, under dette feil
ved varslinga eller utføringa av forretninga
-
b) avgjerd om kva som er klarlagd grense
etter § 7 tredje ledd
-
c) samanslåing,
jf. § 18
-
d) føring av referanse
til avtale om
grenser mv., jf. § 19
-
e) fastsetjing
av samla fast eigedom, jf. § 20
-
f) tildeling av
offisiell adresse med heimel i § 21
-
g) sletting av
matrikkeleining med heimel i § 26 første ledd
-
h) avslag på krav
om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje og fjerde ledd
-
i) avslag på førespurnad
om innsyn i matrikkelen etter § 29
-
j) utlevering av
opplysningar frå matrikkelen, jf. § 30
-
k) fastsetjing
av gebyr og betaling
med heimel i § 32 som ikkje er fastsett i forskrift eller regulativ
godkjent av departementet
-
l) avslag på rekvisisjon
av oppmålingsforretning, jf. § 35 første ledd
-
m) tildeling og tilbaketrekking
av landmålarbrev etter § 38
-
n) vedtak om tvangsmulkt,
jf. § 48.
Klageinstans er departementet eller
det klageorganet departementet peikar ut. Reglane om klage på enkeltvedtak
i forvaltningsloven kapittel VI gjeld for alle klager etter første
ledd.
Departementet kan
gi forskrift om klage, førehandsvarsel
og underretning.
§ 47 første
ledd skal lyde:
Tvistar om gjennomføringa
av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter
§ 42 blir avgjorde av
fylkesmannen. Vedtaket
til fylkesmannen kan ikkje klagast på.
II
I lov 27. juni 2008 nr.
71 om planlegging og byggesaksbehandling blir det gjort følgjande
endringar:
§ 20-1 første ledd bokstav
m skal lyde:
-
m) opprettelse
av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller
opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer
enn 10 år, eller endring
av grenser for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som
grensejustering, jf. matrikkellova.
§ 21-2 sjette ledd skal
lyde:
De som er nevnt
i matrikkellova §
9, kan søke om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom,
ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til endring av grenser
for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering.
Søknaden må angi hvordan enheten ønskes utformet, herunder angi
grenseforløpet på kart. Søknaden må vise hvordan de nye enhetene
eller grenseendringen på en hensiktsmessig måte
kan gå inn i en fremtidig utnytting av området, herunder også hvordan
krav til tomtestørrelse, fellesareal og plassering av
bebyggelsen kan oppfylles.
I § 26-1 skal
«lov om eigedomsregistrering» endrast til «matrikkellova».
§ 29-4 fjerde
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift
med nærmere bestemmelser om plassering av byggverk, som regler om
avstand mellom byggverk, avstand til nabogrense, og beregningsmåten
for høyde og avstand, samt for areal på byggverk som nevnt i tredje
ledd bokstav b.
§ 33-1 første
ledd skal lyde:
Kommunestyret selv
kan gi forskrift om gebyr til kommunen for behandling av søknad
om tillatelse, utferdigelse av kart og attester og for andre arbeid
som det etter denne lov eller forskrift påhviler kommunen å utføre,
herunder behandling av private planforslag. Gebyret for behandling
av slikt planforslag kan omfatte kommunens arbeid frem til det blir
avgjort om forslaget skal fremmes, jf. § 12-11. Gebyret kan ikke være høyere enn
de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. I gebyret
kan det inkluderes utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand
under tilsyn. Andelen av gebyr som innkreves for tilsyn, skal framgå
av forskriften. Tiltakshaver kan selv sørge for de nødvendige utredningene.
III
Lova gjeld frå
den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene
til ulik tid.
Departementet kan
gi nærare overgangsføresegner.»