5.1.3 Vurderingar frå departementet
Det blir i proposisjonen
vist til at sjølv om landmålarføretaket blir engasjert og betalt
av berre éin av partane, skal føretaket og landmålaren ta vare på
interessene til alle partane og utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.
Departementet meiner
kollegiale bindingar ikkje skaper problem av ein slik art at det
er nødvendig å gi forbod. Det er så langt ein kjenner til, ikkje
gjort på noko anna fagområde.
Med bakgrunn i dei
generelle tilbakemeldingane frå høyringsinstansane og vektige synspunkt
i Menon-rapporten om kor viktig det er at partane ikkje finn det nødvendig
å møte med kvar sin landmålar, meiner departementet det er grunnlag
for i vidare grad å understreke og utdjupe kravet til fagleg sjølvstende
i forslaget til § 36 andre ledd andre punktum. I høyringsforslaget er
føresegna formulert slik:
«Den ansvarlege
landmålaren skal ta vare på interessene til alle partar og utføre
oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.»
Den ansvarlege landmålaren
kan samanliknast med andre yrkesgrupper som lever av å gi råd og
utføre oppdrag som stiller krav til høg integritet.
Ein landmålar skal
vere upartisk og ha integritet. Vedkommande må ikkje komme i ein
situasjon der han favoriserer ein av partane, til dømes oppdragsgivaren, slik
at det går ut over andre. Det gjeld til dømes når ein skal avgjere
plasseringa av eigedomsgrenser og for innhaldet og tydinga av servitutt.
Menon Economics
skriv på side 31 under pkt. 4.8 i rapporten at det er argument som
gjer det vanskeleg å utan vidare godta at oppmålingstenesta ikkje
lenger blir utført av ein nøytral og upartisk aktør dersom tiltaket blir
gjennomført. Dei skriv at:
«gjennom å introdusere
en velfungerende autorisasjonsordning [vil en] etablere en effektiv
sanksjonsmekanisme; bortfall av autorisasjonen. Landmålere som blir
tatt for å ha utvist dårlig skjønn i tjenesten risikerer å miste
autorisasjonen, og dermed levebrødet. I tillegg er aktører i et
konkurranseutsatt marked avhengig av å bli oppfattet som seriøse
aktører. Sammenligningen med eiendomsmeglerne er heller ikke helt
treffende, av to årsaker. En eiendomsmegler forsøker å si noe om
verdien på en eiendom, altså noe subjektivt. En landmåler skal bidra
til å fastsette størrelsen på en eiendom, noe som i utgangspunktet
er en objektivt målbar størrelse. For det andre vil en som regel
ved salg av eiendom selge til en fremmed man ikke skal omgås i fremtiden,
og det er flere potensielle kjøpere. Kostnaden ved å støte en av disse
er dermed lav for selger. Eiendomsoppmålinger skjer mot en nabo
man fortsatt skal forholde seg til, og man er avhengig av å komme
til enighet med akkurat denne naboen. Kjøper av tjenesten (dept.
tilføyning) har derfor, i større grad enn ved valg av eiendomsmegler,
insentiver til å være opptatt av motpartens opplevelse av oppmålingen.»
Det går fram av
proposisjonen at departementet er einig i desse vurderingane.
Når det gjeld habiliteten
til landmålaren, peika departementet i høyringsforslaget på kor
viktig det er å gjennomføre oppmåling utan avbrot også i overgangsfasen.
Dersom habilitetsreglane blir for strenge i denne perioden, kan
det redusere tilgangen til ansvarlege landmålarar. Samtidig er det
svært viktig at partane i ei oppmålingsforretning og andre har tillit
til at landmålaren opptrer upartisk.
Det går fram av
proposisjonen at departementet vil føre vidare forslaget frå høyringa
om at ein i overgangsperioden ikkje bør stille for strenge habilitetskrav.
Det bør som foreslått vere eit krav at landmålaren opplyser partane
om eventuelle nære forhold til nokon av partane i oppmålinga eller
andre forhold som kan ha innverknad på tilliten. Departementet foreslår
å ta inn i § 36 ei plikt for landmålaren eller andre som utfører oppmålingsforretninga,
til å varsle partane dersom det finst nærare spesifiserte forhold
som kan gjere at dei ikkje har den nødvendige tilliten til landmålaren.
Vidare foreslår departementet å gjere det mogleg for partane å nekte
at ei forretning blir gjennomført under visse forhold. Dette gjeld
dersom det er eit nært personleg forhold mellom landmålaren og ein
part, som til dømes slektskap, ekteskap, sambuarforhold eller eit
nært vennskap, men også dersom landmålaren sjølv er part eller har
ei økonomisk eller personleg interesse i saka. Departementet foreslår
vidare ein forskriftsheimel, slik at departementet seinare – dersom
praksis skulle tilseie det – kan utvide området for i kva tilfelle
partane skal varslast eller kan nekte at forretninga blir gjennomført.