Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser
til regjeringens forslag i Prop. 148 L (2016–2017) og Prop. 33 L
(2017–2018) samt brev av 8. mars 2018 med forslag til justert lovtekst.
Departementet har
i brevet merknader til de enkelte lovbestemmelsene og disse medlemmer viser
til dette. Brevet ligger vedlagt innstillingen.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
«I
I lov 17. juni
2005 nr. 101 om eigedomsregistrering blir det gjort følgjande endringar:
I §§ 7 femte ledd,
14 tredje ledd, 15 tredje ledd, 18 tredje ledd, 20 fjerde ledd,
21 andre ledd, 27 andre ledd, 29 tredje ledd, 31 tredje ledd, 39
tredje ledd, 41 sjette ledd, 43 andre ledd og 48 første ledd siste
punktum skal formuleringa «kan i forskrift gi nærare reglar om»
endrast til «kan gi forskrift om».
§ 3 bokstav
f, g, h og i skal lyde:
-
f) matrikulering: føre ei ny
matrikkeleining inn i matrikkelen,
-
g) oppmålingsforretning: den
oppgåva som går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar
til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for krav
om matrikkelføring, jf. § 33,
-
h) landmålarføretak: føretak
eller offentleg eining som oppfyller krava i denne lova til å utføre
oppmålingsforretning,
-
i) ansvarleg landmålar: representant
for eit landmålarføretak som av føretaket er sett til å leie ei
oppmålingsforretning,
§ 3 gjeldande
bokstav i til l blir ny bokstav j til m.
§ 4 tredje og
fjerde ledd skal lyde:
Matrikkelen kan vise til opplysningar
om fast eigedom i andre register.
Departementet kan gi forskrift om
innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske opplysningar
om rettar i fast eigedom.
§ 5 a skal lyde:
§ 5 a Matrikkelstyresmakta
Matrikkelstyresmakta skal
syte for føring,
ordning, drift og forvaltning av matrikkelen.
Departementet kan gi forskrift om
matrikkelstyresmakta, til dømes om overføring av oppgåver og mynde til
kommunar.
§ 6 første ledd
bokstav d skal lyde:
-
d) opplysningar
om arealoverføring, endring
av grenser for festegrunn, grensejustering og klarlegging
av eksisterande grense, eller
§ 6 andre ledd
skal lyde:
Når det ligg føre
særlege grunnar, kan matrikkelstyresmakta etter
søknad føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga
er fullført. Dersom
forretninga ikkje blir fullført til fastsett tid, kan matrikkelstyresmakta
gjere vedtak om å fullføre forretninga for den ansvarlege landmålaren
eller heimelshavaren si rekning. Eit krav om dekning av kostnadane
for å få fullført oppmålinga er eit særleg tvangsgrunnlag for utlegg
og kan tvangsfullførast etter tvangsfullbyrdelsesloven § 7-2 bokstav
e.
§ 6 fjerde ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
oppmålingsforretning før matrikkelføring, under dette om fullføring av slik
oppmålingsforretning.
§ 7 overskrifta
skal lyde:
§ 7 Krav om klarlagd
grense før tinglysing av heimelsovergang
§ 7 tredje ledd
skal lyde:
Matrikkelstyresmakta avgjer
kva for eigedommar som fyller vilkåra i første og andre ledd, og
noterer dette i matrikkelen.
§ 8 skal lyde:
§ 8 Krav om matrikkelføring
Krav om matrikkelføring i saker
som krev oppmålingsforretning, skal utferdast av den ansvarlege
landmålaren og sendast til matrikkelstyresmakta. Saman med krav
om matrikkelføring skal det leggjast ved dokumentasjon som er nødvendig
for føring av matrikkelen og grunnboka.
Departementet kan gi forskrift om
vilkår for matrikkelføring, under dette om innhaldet i og
utforminga av krav om matrikkelføring.
§ 9 overskrifta
skal lyde:
§ 9 Kven som kan krevje
matrikulering
§ 9 fjerde ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om kven
som kan krevje matrikulering.
§ 10 overskrifta
skal lyde:
§ 10 Felles vilkår for
matrikulering
§ 10 sjette
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av
ny matrikkeleining, til
dømes om unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av
vilkåra for matrikulering.
Ny § 11 a skal
lyde:
§ 11 a Særskilt om matrikkelføring
av eigarseksjon
Matrikkelstyresmakta
skal føre seksjonane inn i matrikkelen straks det ligg føre vedtak
om seksjonering eller reseksjonering frå kommunen. Ei brukseining
som skal omfatte nye eller endra ubygde delar, kan ikkje registrerast
før det er halde oppmålingsforretning for grensene for utearealet,
jf. § 6.
§ 12 fjerde
og nytt femte og sjette ledd skal lyde:
Før matrikkelføring av endring
av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast
etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn.
Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett,
pantefråfall og konsesjonar for arealet.
Oppmålingsforretning
som endrar grensene for festerett, kan krevjast
av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f. I saker som
er kravd etter § 9 første ledd bokstav a, må det liggje føre
samtykke frå festaren. Endring av grenser som
omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der dette
er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med
at einingane blir matrikulerte.
Departementet kan gi forskrift
om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje
matrikkelføring.
§ 14 første
ledd skal lyde:
Jordsameige kan
registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort
sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast
sjølv om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget
og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd
gjeld tilsvarande.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Grensejustering
Ei grense mellom matrikkeleiningar
kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn
om pantefråfall. Dette gjeld
tilsvarande for justering av ei grense mellom ein festegrunn og
grunneigedommen eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av.
Grensa kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller
i medhald av anna lovgiving.
Ved justering kan
berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig
overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.
Panterett og festerett følgjer
dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.
Føresegna om panterett
gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.
Grensejustering
kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan
berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering
av ei umatrikulert
eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.
Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under
dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom
einingane.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klarlegging av
eksisterande grense, punktfeste og stadbundne rettar
Matrikkelføring
av klarlegging av eksisterande grenser, punktfeste
og stadbundne rettar, utført som særskild forretning, kan krevjast av:
-
a) nokon som har
grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga,
eller
-
b) staten, statsføretak,
fylkeskommune eller kommune.
Departementet kan gi forskrift om klarlegging av eksisterande
grense, punktfeste, stadbundne rettar,
om kven som kan krevje dette, og om fritak frå
krav om oppmålingsforretning.
§ 19 skal lyde:
§ 19 Referanse til avtale
om grenser m.m.
Matrikkelstyresmakta kan
ta inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser for ei
matrikkeleining dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd
i ei oppmålingsforretning eller i ei tilsvarande forretning etter
anna eller tidlegare lov. Det same gjeld for avtalar om lokalisering
av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste og om stadfesting
av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta av § 6, og som
gjeld ein del av ein eksisterande grunneigedom, anleggseigedom eller
festegrunn eller av eit eksisterande jordsameige eller eit uteareal
til ein eigarseksjon.
Departementet kan gi forskrift
om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom avtalen har
referanse i matrikkelen.
Departementet kan gi forskrift om
avtalar som kan få referanse i matrikkelen.
§ 20 tredje
ledd skal lyde:
Eigar skal varslast
om registreringa på
ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.
§ 21 første
ledd andre punktum skal lyde:
Før kommunen tek ei endeleg
avgjerd, skal dei som avgjerda får verknad for,
få høve til å uttale seg.
§ 22 første
til fjerde ledd skal lyde:
Krav om matrikkelføring skal behandlast utan
unødig opphald. Krav om matrikkelføring som ikkje tilfredsstiller
vilkåra etter denne lova, skal avvisast. Avvisinga skal vere skriftleg
og grunngitt. Dersom kravet har mindre manglar, kan matrikkelføring likevel skje. Det skal
setjast ein frist for å rette mangelen.
Matrikkelstyresmakta skal
også føre inn opplysningar frå saker for dei ordinære domstolane,
jordskifteretten eller tilsvarande særdomstol. Føresegnene i første ledd
gjeld så langt dei passar også for matrikkelføring av slike opplysningar.
Offentlege organ
skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov eller
forskrift eller etter
avtale med matrikkelstyresmakta. Matrikkelstyresmakta kan
få utlevert frå folkeregisteret og andre administrative register
opplysningar som skal brukast i matrikkelen.
Føring av opplysningar
i matrikkelen kan berre utførast av ein person
som er godkjend av matrikkelstyresmakta.
Den ansvarlege landmålaren kan ikkje matrikkelføre opplysningar
om ei oppmålingsforretning som vedkommande står ansvarleg for eller
har teke del i. Det same gjeld andre ansvarlege landmålarar på det
same kontoret, underordna eller medhjelparar.
§ 22 sjuande
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om føring
av matrikkelen og
organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om
informasjon til heimelshavarar eller
andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring
og oppbevaring av matrikkelopplysningar, og om godkjenning av personar som
skal føre opplysningar i matrikkelen.
§ 23 første
og andre ledd skal lyde:
Matrikkelstyresmakta tildeler
matrikkelnummer ved innføring av matrikkeleining i matrikkelen.
Matrikkelstyresmakta kan
tildele nytt matrikkelnummer til matrikkeleining som ikkje er nummerert
i samsvar med føresegnene i denne lova.
§ 24 overskrifta
skal lyde:
§ 24 Tinglysing og utferding
av matrikkelbrev m.m.
§ 24 første
ledd skal lyde:
Så snart oppretting
av ny matrikkeleining, samanslåing, endring av eigarseksjon, arealoverføring eller endring av
festegrunn ut over grensejusteringar etter § 16 er ført i
matrikkelen, skal matrikkelstyresmakta sende melding
om dette til tinglysing. Gjeld saka oppretting eller endring
av eigarseksjon, skal kommunar som sjølv fører matrikkelen med heimel
i § 5 a, likevel ikkje sende meldinga før eventuelle klager over
seksjoneringsvedtaket er avgjort, jf. eierseksjonsloven § 17.
§ 24 tredje
ledd skal lyde:
Så snart matrikkelstyresmakta har
fått melding om at tinglysing er utført som føresett, skal ho fullføre matrikkelføringa
og stadfeste dette ved å utferde matrikkelbrev. Tidspunktet for
endeleg oppretting, samanslåing, endring eller arealoverføring,
skal reknast samstundes med tinglysinga. Matrikkelstyresmakta skal sende
matrikkelbrevet til landmålarføretaket.
Er ei grense mot tilgrensande matrikkeleiningar
merkt eller målt inn på nytt, skal matrikkelstyresmakta sende
relevant utdrag
av matrikkelbrev til eigarar og eventuelle festarar av desse
einingane. I oversendinga skal det opplysast om høve til å klage og
klagefristar.
§ 24 sjette
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om melding
til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste
eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar
som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.
§ 25 overskrifta
skal lyde:
§ 25 Matrikkelføring
av opplysningar om bygningar, adresser, kommunale pålegg o.a.
§ 25 tredje
til sjette ledd skal lyde:
Kommunen skal føre opplysningar om
pålegg som gjeld bruk av grunn og bygningar straks kommunen har vedteke,
endra eller oppheva pålegget.
Kommunen skal elles
føre inn opplysningar på grunnlag av anna kommunal saksbehandling
når det i lov eller forskrift er fastsett at desse opplysningane skal førast
i matrikkelen.
Kommunen kan etter avtale overlate
til ein annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 5 A eller matrikkelstyresmakta
å føre matrikkelen på sine vegner.
Departementet kan gi forskrift om rapportering
og føring av opplysningar om bygningar, adresser og andre opplysningar kommunen
skal føre i matrikkelen, og om kommunen sitt høve til å fastsetje
utfyllande lokale forskrifter.
§ 26 skal lyde:
§ 26 Retting av opplysningar
i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Matrikkelstyresmakta kan slette
ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag
for å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar som fysisk ikkje lenger eksisterer.
Dersom eininga er ført inn i grunnboka, kan ho berre slettast frå matrikkelen dersom ho samtidig blir
sletta i grunnboka.
Eigarseksjonar som blir sletta
i grunnboka etter vedtak med heimel i eierseksjonsloven § 22 andre
ledd, skal slettast frå matrikkelen. Matrikkelstyresmakta fullfører slettinga
ved å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje ledd.
Opplysningar om grenser og geografiske
opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast
eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17,
rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller
avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. §
19. Matrikkelstyresmakta kan likevel rette slike opplysningar når
det blir dokumentert at opplysningane er feil, og dette kjem av
feil i registreringa eller i vedlikehaldet av matrikkelen.
Andre opplysningar kan rettast
av organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige,
grunnlaget for registreringa har falle bort, eller det ikkje er
høve til å behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane
når ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag
for å rette opplysningane. Matrikkelstyresmakta kan av eige tiltak
rette opplysningane når dette har noko vesentleg å seie for matrikkelen som
eit einsarta og påliteleg register.
Partar som retting,
endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.
Denne paragrafen
går framom personopplysningslova § 27 om retting av mangelfulle
personopplysningar.
Departementet kan gi forskrift om rettingar, endringar
og tilføyingar til matrikkelen og om sletting av matrikkeleining, til dømes om
underretting og når underretting kan sløyfast.
I § 27 skal
«sentral matrikkelstyresmakt» endrast til «matrikkelstyresmakta».
§ 28 skal lyde:
§ 28 Tilsyn med matrikkelføringa
Matrikkelstyresmakta skal
føre tilsyn med at matrikkelen blir ført i samsvar med lov og forskrift,
og kan gi pålegg om retting av opplysningar eller andre tiltak for å
rette opp manglar ved måten føringa skjer på.
§ 29 første
og andre ledd skal lyde:
Alle har rett til
innsyn i matrikkelen. Matrikkelstyresmakta og
kommunane skal syte for at informasjon om matrikkelen er tilgjengeleg
på førespurnad.
Matrikkelstyresmakta skal
utferde matrikkelbrev når nokon som er nemnde i § 9, krev det.
§ 30 skal lyde:
§ 30 Utlevering og behandling
av matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling kan utleverast:
-
a) for offentleg
planlegging, saksbehandling og administrasjon,
-
b) for oppgåver
etter denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven,
-
c) ved søknad om
offentleg løyve, eller
-
d) for å ta hand
om andre interesser som
gjeld rådvelde over matrikkeleiningar eller bruken av dei.
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling kan utleverast for andre formål dersom
den som får opplysningane utlevert, skal ta i vare ei rettkommen
interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje
overstig denne interessa.
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling som ikkje inneheld personopplysningar,
eller berre omfattar informasjon som identifiserer, kartfester eller
typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, kan utleverast
i alle høve.
Det kan knytast
vilkår til utlevering og behandling av matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling.
Matrikkelinformasjon og andre opplysningar
om eigedomsoppmåling skal ikkje utleverast dersom
vitale personlege eller offentlege interesser tilseier dette.
Utlevering av fødselsnummer
kan berre skje dersom vilkåra i personopplysningslova § 12 er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift om behandling,
utlevering og sal av matrikkelinformasjon
og andre opplysningar om eigedomsoppmåling, og om fritak frå meldeplikta etter
§ 31 i personopplysningslova for behandling etter andre ledd.
§ 31 andre ledd
skal lyde:
Ved innsyn i matrikkelen,
og til bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det
saman med opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som
viser tekniske og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga.
Kommunen skal stille til rådvelde for matrikkelstyresmakta dei
opplysningane frå kommunen sitt kartverk som er nødvendige for å framstille
slike kart.
§ 32 skal lyde:
§ 32 Offentlege gebyr
og betaling for matrikkelopplysningar
Kommunen og matrikkelstyresmakta kan
ta gebyr for matrikkelføring,
utferding av matrikkelbrev og anna arbeid etter lova her etter regulativ
fastsett av departementet
i forskrift.
Det kan krevjast
betaling for utlevering
av opplysningar frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn
i matrikkelen ved personleg frammøte hos kommunen eller matrikkelstyresmakta.
Departementet kan gi forskrift om
betaling for opplysningar frå matrikkelen.
Kapittel 7 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 7 Oppmålingsforretning, krav til landmålarføretak
og ansvarleg landmålar o.a.
§ 33 første
ledd skal lyde:
Ei oppmålingsforretning
går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til
partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar
og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt
tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare
på interessene
til alle partar og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.
§ 33 tredje
og fjerde ledd skal lyde:
I ei forretning
som gjeld oppretting av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring,
skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve
etter plan- og bygningsloven. Nye grenser for uteareal til eigarseksjon
skal merkjast i samsvar med vedtaket om dette etter eierrseksjonsloven.
Dersom det under forretninga kjem opp forhold som skapar behov for
å gjere mindre avvik for å kunne få ei gagnleg grense ut frå
tilhøva i terrenget, må
saka leggjast fram for kommunen til godkjenning.
Partane og den
som utfører forretninga, har tilgang til privat og offentleg eigedom. Landmålarføretaket
kan utføre oppmålingsarbeid i samband med forretninga etter reglane
i § 41.
§ 33 sjette
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.
§ 34 første
ledd tredje punktum skal lyde:
Koordinatane skal
fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av matrikkelstyresmakta.
§ 34 femte ledd
skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om
merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette
om når grensemerking kan utelatast.
§ 35 skal lyde:
§ 35 Avtale om og bestilling
av ei oppmålingsforretning
Ein avtale om oppmålingsforretning
skal vere skriftleg.
Departementet kan gi forskrift
om bestilling av ei oppmålingsforretning, til dømes om innhald og
utforming av ein avtale om slik forretning.
Ny § 36 skal
lyde:
§ 36 Utføringa av oppdraget,
varsling o.a.
Landmålarføretaket
skal melde tid og stad for ei oppmålingsforretning til partane med
minst to vekers varsel. Partane kan godta kortare varsel. Innkallinga skal
opplyse om kva forretninga går ut på, den vidare saksgangen og om
høve til klage.
Landmålarføretaket
skal peike ut ein ansvarleg landmålar for kvart oppdrag. Den ansvarlege
landmålaren må ha gyldig landmålarbrev. Den ansvarlege landmålaren
skal ta vare på interessene til alle partane, undersøke relevante
dokument og elles utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.
Om den ansvarlege
landmålaren, landmålarføretaket eller nokon av dei tilsette ved
kontoret som utfører oppmålingsforretninga, har eller får ei økonomisk
eller personleg interesse i eigedommen eller det ligg føre andre
særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til at dei opptrer
upartisk, skal partane straks få opplysning om dette. Ein part kan
nekte å akseptere forretninga når den ansvarlege landmålaren eller
ein annan som utfører forretninga,
-
a) er part i saka
-
b) er i slekt eller svogerskap med ein
part i opp-eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som
søsken
-
c) er eller har vore gift med, bur eller
har budd i eit ekteskapsliknande forhold med, er eller har vore forlova
med, eller er eller har vore fosterfar, fostermor eller fosterbarn
til ein part
-
d) er verje eller fullmektig for ein part
i saka eller har vore slik verje eller fullmektig etter at saka
begynte.
Departementet kan
gi forskrift om rekkjevidda av tredje ledd og om varsling og proklama.
Ny § 37 skal
lyde:
§ 37 Journalføring og
arkivering
Landmålarføretaket
pliktar å føre journal over bestilte og gjennomførte oppdrag. Journalen
og andre dokument som gjeld oppdraget, skal oppbevarast i minst
ti år etter at oppdraget er avslutta.
Departementet kan
gi forskrift om journalføring og arkivering.
Ny § 38 skal
lyde:
§ 38 Krav til landmålarføretak,
tildeling av landmålarbrev o.a.
Eit landmålarføretak
som tek på seg oppgåver etter denne lova, må ha minst éin landmålar
med gyldig landmålarbrev på kvar faste kontorstad. Landmålarføretaket
må ha ei forsikring eller stille anna sikker trygding som dekkjer
det ansvaret landmålarføretaket og den ansvarlege landmålaren kan
pådra seg i samband med utføringa av oppmålingsforretningar.
Matrikkelstyresmakta
kan etter søknad tildele landmålarbrev til personar som
-
a) er myndige og
eigna til å drive eigedomsoppmåling
-
b) har godkjend
utdanning
-
c) har minst to
års relevant erfaring etter ferdigutdanning, og
-
d) har bestått
ei godkjent autorisasjonsprøve.
Landmålarbrev kan
trekkjast tilbake mellombels eller varig ved brot på føresegner
eller løyve gitt i eller i medhald av denne lova, plan- og bygningsloven
eller eierseksjonslovn, ved gjentekne åtvaringar, eller
dersom landmålaren ikkje lenger fyller vilkåra for å ha landmålarbrev.
Ein landmålar som ikkje lenger tilfredsstiller krava til å ha landmålarbrev,
skal sende melding om dette til matrikkelstyresmakta innan 14 dagar.
Departementet kan
gi forskrift om krav til landmålarføretak, til dømes om økonomisk
tryggleik og organisering av drifta.
Departementet kan
gi forskrift om vilkår for landmålarbrev, tildeling og tilbaketrekking
av slikt brev, krav til etterutdanning og gebyr.
Departementet kan
gi forskrift om at eigedomslandmåling kan drivast mellombels av
personar som er lovleg etablerte i ein annan EØS-stat med sikte
på å drive slik verksemd der, og om praktiseringa av slik verksemd,
medrekna unntak frå reglane i lova her.
Kapittel 8 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 8 Om
geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid o.a.
§ 39 andre ledd
skal lyde:
Kommunen skal bestemme
ytterlegare geodetiske data når kommunale oppgåver etter
lova her eller
plan- og bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege
for brukarane av slike data.
§ 42 skal lyde:
§ 42 Fjerning av merke
og signal
Merke og signal kan krevjast
fjerna dersom bruken av eigedommen eller eigedommane dei står
på gjer dette nødvendig. Fjerning skal utførast av eigarane av merket eller
signalet. Fjerning
av grensemerke, til dømes utgåtte grensemerke eller merke som kan
forvekslast med gyldige grensemerke, skal dokumenterast og rapporterast
til matrikkelstyresmakta.
Merke og signal
kan også fjernast
av kommunen eller
staten sitt geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte
slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke
og tilhøyrande signal. Utgåtte
eller ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med
gyldige grensemerke, kan også fjernast av kommunen, jordskifteretten
eller matrikkelstyresmakta. Landmålarføretak skal av eige tiltak
fjerne merke som føretaket har sett ned feil.
Fastmerke og signal
som inngår i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast
fjerna etter første ledd eller fjernast av kommunen
etter andre ledd. Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.
Dersom det er gitt
erstatning etter § 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller
delvis tilbakebetalt ved fjerning etter første ledd, dersom summen
overstig det tapet som er lidd.
Departementet kan gi forskrift om
framgangsmåten ved fjerning av merke og signal.
§ 46 skal lyde:
§ 46 Klage, førehandsvarsel
og underretning om vedtak m.m.
Det kan klagast over følgjande
avgjerder etter denne lova:
-
a) matrikkelføring
av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6
-
b) vedtak om å fullføre oppmålingsforretning
etter § 6 andre ledd andre punktum
-
c) avgjerd om kva som er klarlagd grense
etter § 7 tredje ledd
-
d) samanslåing,
jf. § 18
-
e) føring av referanse
til avtale om
grenser mv., jf. § 19
-
f) fastsetjing
av samla fast eigedom, jf. § 20
-
g) tildeling av
offisiell adresse med heimel i § 21,
-
h) sletting av
matrikkeleining med heimel i § 26 første ledd
-
i) avslag på krav
om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje og fjerde ledd
-
j) avslag på førespurnad
om innsyn i matrikkelen etter § 29
-
k) utlevering av matrikkelinformasjon
og andre opplysningar om eigedomsoppmåling, jf. § 30
-
l) fastsetjing
av betaling med
heimel i § 32 som ikkje er fastsett i forskrift eller regulativ
godkjent av departementet
-
m) tildeling og tilbaketrekking av
landmålarbrev etter § 38 andre og tredje ledd
-
n) vedtak om tvangsmulkt, jf.
§ 48.
Klageinstans er departementet eller
det klageorganet departementet peikar ut. Reglane om klage på enkeltvedtak
i forvaltningsloven kapittel VI gjeld for alle klager etter første
ledd.
Førehandsvarsel og underretning
om vedtaket m.m. til klageinstansen i saker etter første ledd bokstav
a og b skal sendast til landmålarføretaket.
Departementet kan gi forskrift om
klage, førehandsvarsel
og underretning.
§ 47 første
ledd skal lyde:
Tvistar om gjennomføringa
av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter
§ 42 blir avgjorde av
fylkesmannen. Vedtaket
til fylkesmannen kan ikkje klagast på.
§ 48 første
ledd første punktum skal lyde:
Kommunen eller matrikkelstyresmakta kan
gjere vedtak om å påleggje tvangsmulkt for å få gjennomført vedtak
gitt i medhald av denne lova.
II
I lov 27. juni
2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling blir det gjort
følgjande endringar:
§ 20-1 første
ledd bokstav m skal lyde:
-
m) opprettelse
av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller
opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer
enn 10 år, eller endring
av grenser for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som
grensejustering, jf. matrikkellova.
§ 21-2 sjette
ledd skal lyde:
De som er nevnt
i matrikkellova §
9, kan søke om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom,
ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til endring av grenser
for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering.
Søknaden må angi hvordan enheten ønskes utformet, herunder angi
grenseforløpet på kart. Søknaden må vise hvordan de nye enhetene
eller grenseendringen på en hensiktsmessig måte
kan gå inn i en fremtidig utnytting av området, herunder også hvordan
krav til tomtestørrelse, fellesareal og plassering av
bebyggelsen kan oppfylles.
§ 21-9 fjerde
ledd skal lyde:
Tillatelse til
tiltak som nevnt i § 20-1 første ledd bokstav m, faller bort dersom
det ikke er satt
fram krav om matrikkelføring etter matrikkellova innen 3 år
etter at tillatelsen ble gitt. Tillatelsen faller også bort dersom matrikkelmyndigheten
må avvise kravet om matrikkelføring, og vilkårene for matrikkelføring
ikke er rettet innen en nærmere fastsatt frist.
I § 26-1 skal
«lov om eigedomsregistrering» endrast til «matrikkellova».
§ 29-4 fjerde
ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift
med nærmere bestemmelser om plassering av byggverk, som regler om
avstand mellom byggverk, avstand til nabogrense, og beregningsmåten
for høyde og avstand, samt for areal på byggverk som nevnt i tredje
ledd bokstav b.
§ 33-1 første
ledd skal lyde:
Kommunestyret selv
kan gi forskrift om gebyr til kommunen for behandling av søknad
om tillatelse, utferdigelse av kart og attester og for andre arbeid
som det etter denne lov eller forskrift påhviler kommunen å utføre,
herunder behandling av private planforslag. Gebyret for behandling
av slikt planforslag kan omfatte kommunens arbeid frem til det blir
avgjort om forslaget skal fremmes, jf. § 12-11. Gebyret kan ikke være høyere enn
de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. I gebyret
kan det inkluderes utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand
under tilsyn. Andelen av gebyr som innkreves for tilsyn, skal framgå
av forskriften. Tiltakshaver kan selv sørge for de nødvendige utredningene.
III
I lov 16. juni
2017 nr. 65 om eierseksjoner blir det gjort følgjande endringar:
§ 13 andre ledd
blir oppheva. Gjeldande tredje ledd blir nytt andre ledd.
§ 14 skal lyde:
§ 14 Saksbehandlingstid
for kommunens behandling av søknaden om seksjonering
Kommunen skal behandle seksjoneringssøknaden innen 12
uker etter at søknaden er mottatt. For kommuner som selv fører opplysninger
om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a,
skal tiden det tar å registrere seksjonene i matrikkelen, medregnes
i fristen etter første punktum. Ved retting av søknaden etter
§ 12 første ledd løper fristen fra kommunen har mottatt en rettet
søknad. Oversitter kommunen disse fristene, reduseres seksjoneringsgebyret
etter § 15 med 25 prosent av det totale gebyret for hver påbegynte
uke tidsfristen oversittes.
§ 15 skal lyde:
§ 15 Gebyrer for kommunens
behandling av søknaden om seksjonering
Kommunen kan fastsette
et seksjoneringsgebyr for å behandle seksjoneringssøknaden. Gebyret
kan ikke være høyere enn de nødvendige kostnadene kommunen har med
slike saker. Gebyret skal innbetales innen en frist som kommunen setter.
Søkeren skal betale
gebyr for matrikulering og tinglysing
av seksjoneringsvedtaket i samsvar med matrikkellova § 32 og tinglysingsloven
§ 12 b. Gebyrene skal
innbetales til kommunen. Blir seksjoneringssøknaden avslått, skal
kommunen tilbakebetale gebyrene.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Matrikkelføring
og tinglysing
Kommuner som selv fører opplysninger
om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a, skal
føre seksjonene inn i matrikkelen straks seksjoneringsvedtaket foreligger.
En bruksenhet som skal omfatte ubebygde deler, kan ikke registreres
i matrikkelen før det er holdt oppmålingsforretning for grensene
for utearealet etter matrikkellova.
Når eventuelle
klager over seksjoneringsvedtaket er avgjort, og det foreligger
et positivt seksjoneringsvedtak, skal kommunen sende dokumentasjonen
som er nødvendig for matrikkelføring
og oppretting av grunnboksblad for hver seksjon, til matrikkelføring
og tinglysing, jf. matrikkellova §§ 11 a og 24. Departementet
kan gi forskrift om slik dokumentasjon og hvilke vedlegg som skal
følge med til matrikkelføring
og tinglysing.
§ 18 skal lyde:
§ 18 Utsteding av matrikkelbrev
Så snart matrikkelmyndigheten har
fått melding om at seksjoneringsvedtaket er tinglyst, skal den fullføre matrikkelføringen
og utstede matrikkelbrev.
§ 22 andre ledd
skal lyde:
Dersom en eiendom
ble seksjonert før den var ferdig utbygd, og det ikke har blitt
bygget ut to eller flere bruksenheter på eiendommen innen fem år
etter at seksjoneringen ble tinglyst, kan kommunen vedta at seksjoneringen
skal slettes. Med ferdig utbygd menes i denne paragrafen at en bruksenhet
er bygget i slik utstrekning at den oppfyller minstekravene til
den type seksjon (boligseksjon eller næringsseksjon) det er tale
om. Kommunen skal sende melding til matrikkelmyndigheten og tinglysingsmyndigheten
om at seksjoneringen skal slettes i grunnboken og matrikkelen. Matrikkelmyndigheten
og tinglysingsmyndigheten gjennomfører slettingen, og matrikkelmyndigheten
utsteder deretter matrikkelbrev. Slettingen i grunnboken kan gjennomføres
uten hinder av eventuelle rådighetsinnskrenkninger som hefter på
noen av seksjonene.
IV
Lova gjeld frå
den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene
til ulik tid.
Departementet kan
gi nærare overgangsføresegner.»