Søk

Innhold

9. Forholdet til EØS

9.1 Sammendrag

Det blir i proposisjonen vist til at tenestedirektivet (direktiv 2006/123/EF) set grenser for kva krav ein kan stille til føretak som er etablerte i ein EØS-stat, og statsborgarar i ein EØS-stat som tilbyr eller yter ei teneste mot betaling. Artikkel 16 nr. 2 b i direktivet set opp eit generelt forbod mot ordningar med løyve og obligatoriske registreringar for mellombelse tenesteytarar.

Lov 19. juni 2009 nr. 103 om tjenestevirksomhet gjennomfører tenestedirektivet i norsk rett. Lova fastslår mellom anna i § 9 at retten til å starte og utøve tenesteverksemd ikkje kan gjerast avhengig av krav som direkte eller indirekte fører til forskjellsbehandling på grunnlag av statsborgarskap, bustad eller etableringsstat. Det blir vidare fastslått i § 10 at krav om løyve til å starte og utøve tenesteverksemd eller kriteria for å gi løyve berre gjeld dersom ordninga med løyve eller kriteria ikkje fører til forskjellsbehandling på grunnlag av statsborgarskap, bustad eller etableringsstat, dersom ordninga er grunngitt ut frå tvingande allmenne omsyn, og dersom ordninga er eigna og nødvendig for å oppnå formålet med ordninga for løyve eller kriteria.

Departementet meiner derfor at det kan vere vanskeleg å innføre ei rein føretaksgodkjenning for landmålarføretak. Departementet foreslår som nemnt i punkt 5 ovanfor ei ordning med personleg autorisasjon.

Personleg autorisasjon er ei ordning som har stor utbreiing i Europa. I dei fleste landa i Europa som har ei slik autorisasjonsordning for landmålarar, må rett nok også sjølve landmålarføretaket godkjennast.

Det er ikkje i strid med EØS-avtalen å stille krav til utøvinga av bestemte yrke. Men også når det gjeld personlege godkjenningsordningar, er Noreg forplikta etter EØS-avtalen til å sikre at borgarar som er kvalifiserte til å utøve eit yrke i ein EØS-stat, ikkje blir diskriminerte når dei søkjer tilgang til eit regulert yrke i ein annan EØS-stat.

Etter EØS-avtalen artikkel 30 med tilhøyrande direktiv (Europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF og 2013/55/EU – yrkeskvalifikasjonsdirektiva) skal medlemslanda leggje til rette for gjensidig godkjenning av diplom, eksamensbevis og andre kvalifikasjonsbevis for å gjere det enklare å arbeide i ein annan EØS-stat. Direktiv 2005/36/EF er teke inn i EØS-avtalen. Direktiv 2013/55/EU er venta å bli teke inn i EØS-avtalen med det første.

Yrkeskvalifikasjonsdirektivet 2005/36/EF er gjennomført i 28 forskrifter. Stortinget vedtok 7. mars 2017 lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner, jf. Prop. 139 L (2015–2016) og Innst. 190 L (2016–2017), som gjennomfører direktiva 2005/36/EF og 2013/55/EU i norsk rett. Lova er ikkje sett i verk.

Dei kvalifikasjonskrava og den autorisasjonsordninga som no blir foreslått for landmålarar, må tilpassast til dette regelverket, slik at det er i samsvar med EØS-avtalen. For landmålarar frå andre EØS-statar vil det vere aktuelt å stille krav om mellom anna kvalifikasjonsbevis, praksisperiode/yrkeserfaring, kompetanseprøve og språkkunnskapar. Dette er vanleg også i andre europeiske land.

Det er usikkert når lova og forskrifta om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar blir sett i verk. Departementet har derfor funne det nødvendig å ta inn ein heimel i matrikkellova om at dei nødvendige føresegnene kan fastsetjast i forskrift, jf. § 38 sjette ledd i lovforslaget.

Forslaget frå departementet føreset at kommunane skal kunne halde fram med oppmålingsforretningar i konkurranse med private landmålarføretak. Kommunane må i så fall leggje opp verksemda si slik at ho ikkje kjem i strid med forbodet mot offentleg støtte til næringsverksemd etter artikkel 61 i EØS-avtalen. Dersom den delen av den kommunale forvaltninga som skal drive oppmålingsverksemd, får bruke infrastrukturen til kommunen i form av bygningar, utstyr eller personale utan vederlag, vil dette kunne vere ei skjult subsidiering som kan vere i strid med artikkel 61. Kommunen kan ikkje gi verksemda urimelege konkurransefordelar i form av til dømes eksklusiv tilgang til det tidlegare oppmålingsarkivet i kommunen. Kommunen må også følgje marknadsaktørprinsippet, som mellom anna vil seie at det må setjast krav til avkastning på kapital som blir nytta i den eininga som utfører eigedomsoppmåling i konkurranse med private aktørar. Kommunen bør mellom anna vurdere om aktiviteten knytt til eigedomsoppmåling, bør skiljast ut i eit eige rettssubjekt som er underlagt allmenn skatteplikt.

Dersom kommunen driv verksemda si i reell konkurranse med private aktørar, vil det ikkje vere noko til hinder for at kommunane tilbyr oppmåling på lik linje med private landmålarføretak. EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har stilt spørsmål om det generelle skattefritaket for m.a. staten og kommunane er i strid med reglane om offentleg støtte når desse organa driv økonomisk aktivitet, jf. omtale i Prop. 128 S (2016–2017) Kommuneproposisjonen 2018 punkt 4.10.1. ESA har foreslått at det blir innført eit krav om at aktivitetar som er å rekne som økonomisk aktivitet, blir lagde i selskap som er skattepliktige, og som kan gå konkurs. Regjeringa har, som nemnt i punkt 4.4, sett ned ei ekstern arbeidsgruppe som skal greie ut og vurdere konkurranseforholdet mellom offentleg og privat verksemd. Gruppa skal vurdere kva for tiltak som er nødvendige etter EØS-avtalen, og kva for andre tiltak som kan vere ønskjelege av omsyn til like konkurransevilkår og effektiv ressursbruk m.m. Gruppa blir leidd av professor Erling Hjelmeng ved Universitetet i Oslo. Resultatet av dette arbeidet kan verke inn på korleis kommunane må innrette seg dersom dei ønskjer å tilby oppmålingstenester i konkurranse med private aktørar.

2005-lova opna for at enkeltkommunar kunne vedta at berre kommunen skulle kunne tilby oppmåling i den aktuelle kommunen (kommunalt oppmålingsmonopol). Departementet meiner i dag at ei slik ordning lett kan komme i strid med retten til fri etablering i EØS-området, og vil ikkje tilrå ei slik moglegheit.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til proposisjonen og har ingen merknader.