Søk

Innhold

1. Innledning

1.1 Sammendrag

1.1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i Prop. 148 L (2016–2017) fram forslag til endringar i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) og enkelte tilpassingar i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven).

Departementet foreslår i proposisjonen at Noreg skal følgje same modell som i mange andre land i Europa, ved at eigedomsoppmåling blir utført som profesjonsregulert privat tenesteyting. Reforma skal bidra til auka konkurranse, raskare og meir effektive tenester for brukarane og utvikling av ein ny konsulentbransje for tenester på eigedomsområdet. Det skal bli fri prisdanning for oppmålingsforretningar i staden for kommunale gebyr som i dag. Betalinga vil då i større grad spegle dei faktiske kostnadene ved å utføre den konkrete tenesta.

Forslaget legg til rette for ei meir fleksibel organisering av eigedomsoppmålinga. Både kommunale og private landmålarføretak skal kunne tilby slike tenester på like vilkår. Eigedomsoppmåling skal ikkje lenger vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane.

Ein ansvarleg landmålar med autorisasjon skal ha ansvaret for at oppmålinga blir utført i samsvar med lov og forskrifter og etter god landmålarskikk. Han treng ikkje sjølv gjere alle oppgåvene, men har ansvaret for at oppmåling og klarlegging av rettar er korrekt utført. Landmålaren skal opptre fagleg uavhengig og ta vare på interessene til alle partane i oppmålingsforretninga. Autorisasjonen vil forplikte den ansvarlege landmålaren til å opptre nøytralt, og landmålaren risikerer å miste autorisasjonen dersom vedkommande ikkje gjer det. Ein part skal kunne nekte at ein landmålar med nærståande personlege forhold til partane i saka gjer oppgåva.

Departementet foreslår at utdanningskravet skal vere på bachelornivå (tre år), og at det skal vere ein praksisperiode på minst to år. Landmålarar må ta eit visst tal timar etterutdanning per år for å halde på autorisasjonen, på same måten som til dømes eigedomsmeklarar.

Departementet meiner ein må leggje opp til fleksible løysingar for autorisasjon i startfasen. Ein reknar med at ein stor del av dei kommunale utøvarane har den nødvendige realkompetansen. Det gjeld til dømes også for mange personar i Statens vegvesen og i private føretak som driv eigedomsoppmåling. Departementet foreslår at slike utøvarar skal få autorisasjon på linje med nye utøvarar sjølv om dei ikkje fyller krava til formell kompetanse.

Departementet foreslår at Statens kartverk skal vere autorisasjonsstyresmakt.

I proposisjonen blir det vist til at føring, forvaltning og organisering av matrikkelen er ei styresmaktsoppgåve. Når oppmålingsforretninga ikkje lenger skal vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane, meiner departementet at føring av opplysningar frå forretninga heller ikkje kan vere ei lovpålagd oppgåve for kommunane. Oppgåva blir i lova overført til Statens kartverk, som i dag har ansvaret for forvaltning og organisering av matrikkelen. Kommunar som ønskjer det, skal framleis kunne føre eigedomsopplysningar i matrikkelen når dei har tilstrekkeleg kapasitet og fagleg kompetanse. Kommunane skal framleis ha ansvaret for å føre opplysningar om bygningar og adresser i matrikkelen. Gebyr for registrering av opplysningar i matrikkelen skal følgje felles nasjonale satsar etter gebyrregulativ fastsett i sentral forskrift.

Departementet foreslår at alle forhold som gjeld oppmålingsforretninga som verkar inn på matrikkelføringa, skal kunne vere grunnlag for ei klage. Dette gjeld sjølv om føringa ikkje kan reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eit eller eit fåtal fylkesmannsembete skal vere klageorgan for heile landet.

Departementet foreslår elles ei rekkje mindre endringar i lovgivinga. Departementet foreslår mellom anna enklare reglar for å kunne handtere geografisk endring av festegrunn.

Det er i dag berre oppmålingsplikt for nye eller endra eigedommar. Føresegna om at det skal liggje føre oppmåling også ved avhending av eksisterande eigedom (matrikkellova § 7), er så langt ikkje sett i kraft. Departementet meiner at iverksettinga av denne føresegna er det einaste realistiske tiltaket for å få ein komplett eigedomsdel i matrikkelen, men at dette ikkje kan skje før det er tilstrekkeleg oppmålingskapasitet etter reforma til å handtere den auka saksmengda.

I Prop. 33 L (2017–2018) legg departementet fram forslag til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) og matrikkellova. Forslaget er ei tilpassing og eit tillegg til forslaget i Prop. 148 (2016–2017).

I tillegg foreslår departementet retting av to feil i plan- og bygningsloven og ei mindre retting av forslaget i Prop. 148 L (2016–2017).

1.1.2 Bakgrunnen for lovrevisjonen

Stortinget vedtok 3. mars 2016 å be regjeringa «utrede forslag om hvordan arbeidet med eiendomsoppmåling skal organiseres, herunder vurdere en autorisasjons- og sertifiseringsordning for denne type tjenester», jf. Innst. 174 S (2015–2016) og Dokument 8:138 S (2014–2015).

Reglar om eigedomsoppmåling og eigedomsregistrering går primært fram av lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova), men også ei rekkje andre lover er relevante, mellom andre tinglysingslova, plan- og bygningsloven, eiereksjonsloven og jordskiftelova.

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, adresser, bygningar og bustader.

Saksbehandlingsreglane i matrikkellova blei sette i kraft 1. januar 2010. Lova avløyste lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven), som hadde vore gjeldande sidan 1980.

Departementet sendte på høyring eit høyringsnotat med forslag til ei meir tenleg organisering av eigedomsoppmålinga.

Ei oversikt over høyringsinstansane finst i proposisjonen pkt. 2.3.

Samfunnsøkonomisk analyse av høyringsforslaget frå departementet

Menon Economics AS har på oppdrag frå departementet gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse av høyringsforslaget. I rapporten blir høyringsforslaget vurdert opp mot den eksisterande ordninga (nullalternativet). Tre andre alternativ blir også nemnde og kort vurderte.

I rapporten reknar Menon med at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønnsamt med ein netto noverdi på 650 mill. kroner over ein analyseperiode på 20 år.

Menon legg til grunn ein effektiviseringsgevinst på 15 prosent for oppmålingsdelen og 25 prosent for registreringsdelen, og omtalar dette som eit konservativt overslag.

Menon understrekar at det er vesentlege usikre faktorar i analysen, og at ulike lesarar kan trekke ulike konklusjonar basert på desse.

Menon skriv:

«Totalt sett heller vi mot at kvaliteten på matrikkelen vil øke på lengre sikt i tiltaksalternativet, men at det er stor usikkerhet knyttet til dette.»

Menon peikar på at ordninga i dag ikkje nødvendigvis tilseier at landmålaren er fullt ut nøytral, sidan kommunen sjølv kan vere part i sakene som grunneigar. Ein reknar med at ei effektiv og verksam autorisasjonsordning vil verke disiplinerande på landmålarane.

Rapporten ser på moglegheita for at det blir etablert nye tenester, men vurderer at ei nyskapt næring ikkje vil representere nokon vesentleg samfunnsøkonomisk gevinst. Rapporten går ut frå at det vil vere nokre negative effektar av at den integrerte saksbehandlingskjeda i kommunane blir broten opp. Vidare vil det i ein overgangsperiode vere utfordrande at kommunearkiva ikkje er digitalt tilgjengelege.

For at tiltaksalternativet skal vere vellykka, peikar rapporten på at desse forholda må vere sørgde for:

  • at overgangsordningane for landmålarane er i tråd med reglane for offentleg støtte

  • at ordningane for autorisering av landmålarane er tydelege, både i overgangsfasen og etterpå (i tillegg til at Kartverket må ha kapasitet til å gjennomføre autoriseringa)

  • at utviklinga av rådgivingstenester ikkje blir lagd opp på ein måte som fører til habilitetsproblem

Menon peikar på at effektiviseringsgevinsten ved tiltaksalternativet ikkje overstig effekten av å innføre meirverdiavgift. Dette kan føre til at gjennomsnittsbrukaren vil ende opp med å betale meir enn i dag, dersom ein legg estimatet frå analysen om 15 prosent effektiviseringsgevinst til grunn.

I rapporten understrekar Menon at ein ikkje bør setje i verk oppmålingskravet i den gjeldande § 7 før det er gjort gode marknadsundersøkingar og etablert nok kapasitet i marknaden. Det gjeld både for tiltaksalternativet og for nullalternativet.

Menon analyserer kort også tre andre alternativ, utan at dei prissette verknadene av desse blir talfesta. Alle tre alternativa blir vurderte som dårlegare enn tiltaksalternativet. Sjå proposisjonen for nærare omtale.

1.1.3 Nærare om status og utviklinga framover

1.1.3.1 Status for matrikkelen og eigedomsoppmålinga

I proposisjonen pkt. 3.1 finst omtale av matrikkelen og eigedomsoppmålinga. Det er gjeve ein omtale av tal, oppmålingsforretningar, kostnader knytte til oppmåling, kven som gjer kva, innhald og kvalitet og kapasitet, samt gebyr- og klagesaker.

1.1.4 Evaluering av matrikkellova

Kartverket gjennomførte på oppdrag frå departementet i 2013–2014 ei evaluering av om måla med innføring av ny matrikkellov var oppnådde sett i lys av det opphavlege mandatet for lovutgreiinga i NOU 1999:1 Lov om eiendomsregistrering.

Rapporten reknar opp åtte sentrale punkt for nærare gjennomgang og vurdering:

  • grenseflatene og samanhengane mellom lover som har med eigedomsdanning å gjere

  • val av matrikkeleiningstypar

  • datainnsamlingsmetodane for matrikkelen

  • nye måtar å organisere føring av mellom anna jordskiftesaker og saker som gjeld offentleg veg- og jernbanegrunn på

  • tekniske krav, mellom anna for måling og merking av grenser

  • reglane som er knytte til retting og komplettering av matrikkelinformasjon

  • innføring av bindande kompetansekrav for landmåling og eigedomsregistrering

  • reglane for gebyr

Departementet viste i høyringsnotatet til at ein større gjennomgang av grenseflatene og samanhengane mellom lover som har med eigedomsdanning å gjere, vil omfatte ei rekkje lover i tillegg til matrikkellova, mellom andre plan- og bygningsloven, eierseksjonsloven, tinglysingslova og jordskiftelova. Dette vil omfatte eit større utgreiingsarbeid som nødvendigvis vil måtte ta tid.

Departementet tok i høyringsnotatet opp fleire av enkeltpunkta frå evalueringa.

Når det gjeld spørsmålet om ei nærare vurdering av dei ulike matrikkeleiningstypane, viste departementet til forslaget om betre registrering av bruksrettar i matrikkelen. Departementet meinte dette tiltaket er viktigare enn ei eventuell utviding av talet på matrikkeleiningstypar.

1.1.5 Tilsyn med matrikkelføringa frå Kartverket

Kartverket fører tilsyn med korleis kommunane fører matrikkelen. Det er relativt mange avvik som gjeld oppmålinga. Men sjølv om ein landmålar har levert mangelfullt resultat frå ei oppmålingsforretning, skal dette bli avdekt av den som fører matrikkelen. Slik sett viser avvika både manglar frå landmålaren og at manglane ikkje er avdekte av den som fører matrikkelen.

1.1.6 Oppmåling og matrikkelføring i Europa

I dei fleste andre landa i Europa, mellom anna i Danmark, blir eigedomsoppmåling utført av private landmålarar med autorisasjon. Registerføringa blir gjord av ei statleg styresmakt. I nokre land, mellom andre Sverige og Finland, er både oppmåling og registerføring i utgangspunktet ei oppgåve for den statlege styresmakta. Noreg er ganske åleine i EU/EFTA-området med kommunalt ansvar for både oppmåling og registerføring.

Statens kartverk har på oppdrag frå departementet undersøkt organiseringa av landmålarverksemd i Europa, primært i EU. Sjå proposisjonen pkt. 3.4 for omtale.

1.1.7 Utviklinga framover

Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet slår fast at:

«Regjeringen har høye ambisjoner om å fornye, forenkle og forbedre offentlig sektor, samtidig som innbyggere og næringsliv har forventninger om en enklere hverdag. Bruk av IKT og bevisst utnyttelse av digitaliseringens muligheter gjør at vi kan oppnå begge deler.»

Meldinga set brukaren i sentrum. Forvaltninga skal mellom anna bruke informasjon om att i staden for å spørje brukarane på nytt om forhold dei allereie har opplyst om.

Meldinga omtalar rolla til dei nasjonale IKT-felleskomponentane, medrekna matrikkelen. Desse kan ein sjå som byggjeklossar som offentlege verksemder kan dra nytte av i dei digitale tenestene sine.

I 2015 hadde matrikkelen 2,1 milliardar oppslag. Til samanlikning hadde folkeregisteret 38 millionar oppslag og oppdateringar, og einingsregisteret hadde 244 millionar oppslag. Tala viser at bruken av matrikkelinformasjon er stor. Og bruken aukar.

Fordi matrikkelinformasjon står sentralt i utviklinga av enklare, digitaliserte løysingar i mange verksemder, får kvaliteten på informasjonen større vekt. Ei heilt grunnleggjande utfordring her er at mykje av informasjonen i matrikkelen er konvertert frå tidlegare register og kartløysingar.

Departementet understrekar at det er viktig at eigedomsoppmåling blir korrekt ført i matrikkelen og samsvarar med oppmålinga i marka.

Frå registrering til dataflyt

Utviklinga på IKT-området generelt endrar måten vi ser på registrering og føring av informasjon i offentlege register på. Fleire aktuelle initiativ, prosjekt og prosessar bidreg til dette, som dokumentet Felles kommunal IKT-arkitektur – visjon, ambisjon og strategi frå KS KommIT (juni 2014), prosjekta eByggesøknad og eByggesak og innføring av elektronisk tinglysing.

Alle døma ovanfor involverer matrikkelen og arbeidsoppgåver som er knytte til matrikkelen. Det gir eit aukande krav til at informasjonen i matrikkelen kan nyttast utan at brukaren må gjere omfattande kontrollar mot andre kjelder. Det krev at informasjonen blir meir einsarta, får betre kvalitet og blir halden kontinuerleg oppdatert.

Dette er ei utfordring for landmålaren, som må oppdatere den faglege kompetansen sin og det tekniske utstyret sitt. Det set også nye krav til utvikling og kapasitet på matrikkelsida og oppdatert fagleg kompetanse hos dei som fører matrikkelen. Det har vore ei stor utvikling dei siste åra innanfor den tekniske delen av fagområdet eigedomsoppmåling. Særleg viktig er innføringa av satellittbaserte måleteknikkar baserte på GPS og liknande (Global Navigation Satellite System – GNSS). Innføringa av slike teknikkar har effektivisert målearbeidet i vesentleg grad og har i nokon grad redusert behovet for oppmålingsteknisk erfaring, men kravet til teknisk kompetanse er til gjengjeld flytta meir over til geografisk informasjonsteknologi.

Utviklinga av teknisk utstyr basert på GNSS er framleis stor. Det er ikkje usannsynleg å sjå for seg at vi om nokre år kan ha utvikla handhaldne løysingar som gjer at partane sjølve kan hente inn og sende over koordinatar og andre data til matrikkelstyresmakta for saksbehandling og registrering av nokre typar grensepunkt («enkle saker»). Handhalde utstyr kan ved hjelp av kamera (bilete og/eller film) gi god visuell dokumentasjon frå marka for den som skal behandle saka og informasjonen. Det er også mogleg å tenkje seg videokonferanse mellom partane ute i marka og saksbehandlaren på kontoret sitt.

Dette opnar for at regelverket kan bli utvikla i ei retning som minskar behovet for fysisk grensemerking når partane får eit meir medvite forhold til koordinatar og kva dei representerer.

1.2 Komiteens generelle merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Masud Gharahkhani, Kjell-Idar Juvik, Stein Erik Lauvås og Siri Gåsemyr Staalesen, fra Høyre, Norunn Tveiten Benestad, Kristin Ørmen Johnsen, Mari Holm Lønseth og Ove Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Jon Engen-Helgheim og Kari Kjønaas Kjos, fra Senterpartiet, Kari Anne Bøkestad Andreassen og Heidi Greni, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Karin Andersen, og fra Kristelig Folkeparti, Torhild Bransdal, behandler i innstillingen Prop. 148 L (2016–2017) og Prop. 33 L (2017–2018).

Komiteen viser til at stortingsflertallet bestående av Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Miljøpartiet De Grønne 3. mars 2016 vedtok å be regjeringen «utrede forslag om hvordan arbeidet med eiendomsoppmåling skal organiseres, herunder vurdere en autorisasjons- og sertifiseringsordning for denne type tjenester», jf. Innst. 174 S (2015–2016) og Dokument 8:138 S (2014–2015). Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti stemte imot forslaget.

Komiteen viser til at regler om eiendomsoppmåling og eiendomsregistrering primært fremgår av lov om eigedomsregistrering (matrikkellova). Regjeringen har hatt på høring flere forslag om endringer i eiendomsoppmålingen. Forslagene ble sendt på høring i august 2016 med høringsfrist i november 2016.

Komiteen viser til at regjeringen parallelt med høringen har innhentet en samfunnsøkonomisk analyse fra Menon Economics AS, som ble publisert på nettsidene til departementet i januar 2017.

Komiteen viser til at Stortinget avholdt høring i saken 18. januar 2018.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, viser til innstillingens kapittel 12, der det fremmes et samlet lovforslag i tråd med flertallets syn.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til innstillingens kapittel 13, der det fremmes et samlet lovforslag i tråd med disse medlemmers syn.