vedtak til lov
om endringer i matrikkellova og plan- og
bygningsloven
I
I lov 17. juni
2005 nr. 101 om eigedomsregistrering blir det gjort følgjande endringar:
I §§ 7 femte ledd, 14 tredje
ledd, 15 tredje ledd, 18 tredje ledd, 20 fjerde ledd, 21 andre ledd,
27 andre ledd, 29 tredje ledd, 31 tredje ledd, 39 tredje ledd, 41
sjette ledd, 43 andre ledd og 48 første ledd siste punktum skal
formuleringa «kan i forskrift gi nærare reglar om» endrast til «kan
gi forskrift om».
§ 4 tredje og fjerde ledd skal
lyde:
Matrikkelen kan vise til opplysningar
om fast eigedom i andre register.
Departementet kan gi forskrift om innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske opplysningar
om rettar i fast eigedom.
§ 5 a andre ledd tredje punktum
skal lyde:
Kommunen kan etter
avtale overlate til annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 5 A eller til
sentral matrikkelstyresmakt, å føre matrikkelen på sine vegner.
§ 5 a tredje ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om matrikkelstyresmaktene,
under dette om organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver.
§ 6 første ledd bokstav d skal
lyde:
-
d) opplysningar
om arealoverføring, endring
av grenser for festegrunn, grensejustering og klarlegging
av eksisterande grense, eller
§ 6 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om oppmålingsforretning
før matrikkelføring, under
dette om fullføring av slik oppmålingsforretning.
§ 7 overskrifta skal lyde:
§ 7 Krav om klarlagd grense før tinglysing
av heimelsovergang
§ 8 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om vilkår for matrikkelføring,
under dette om innhaldet i og utforminga av krav om matrikkelføring.
§ 9 overskrifta skal lyde:
§ 9 Kven som kan krevje matrikulering
§ 9 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om kven
som kan krevje matrikulering.
§ 10 overskrifta skal lyde:
§ 10 Felles vilkår for matrikulering
§ 10 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av
ny matrikkeleining, til dømes om
unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av
vilkåra for matrikulering.
§ 12 fjerde og nytt femte og
sjette ledd skal lyde:
Før matrikkelføring av endring
av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast
etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn.
Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett,
pantefråfall og konsesjonar for arealet.
Oppmålingsforretning
som endrar grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde i
§ 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9 første
ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring av grenser som omfattar
umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der dette er kravd
etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med
at einingane blir matrikulerte.
Departementet kan gi forskrift
om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje
matrikkelføring.
§ 14 første ledd skal lyde:
Jordsameige kan
registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort
sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast
sjølv om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget
og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Grensejustering
Ei grense mellom matrikkeleiningar
kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande for justering
av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen eller jordsameiget
som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje justerast
i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.
Ved justering kan
berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig
overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.
Panterett og festerett følgjer
dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved
grensejustering.
Føresegna om panterett
gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.
Grensejustering
kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan
berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering
av ei umatrikulert
eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.
Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under
dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom
einingane.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klarlegging av eksisterande grense,
punktfeste og stadbundne rettar
Matrikkelføring
av klarlegging av eksisterande grenser, punktfeste
og stadbundne rettar, utført som særskild forretning, kan
krevjast av:
-
a) nokon som har
grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga,
eller
-
b) staten, statsføretak,
fylkeskommune eller kommune.
Departementet kan
gi forskrift om klarlegging av eksisterande grense, punktfeste,
stadbundne rettar, om kven som kan krevje dette, og om fritak frå
krav om oppmålingsforretning.
§ 19 skal lyde:
§ 19 Referanse til avtale om grenser
m.m.
Kommunen kan ta
inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser
for ei matrikkeleining dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd i
ei oppmålingsforretning eller i ei tilsvarande forretning etter
anna eller tidlegare lov. Det same gjeld for avtalar om
lokalisering av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste og om stadfesting
av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta av § 6, og som
gjeld ein del av ein eksisterande grunneigedom, anleggseigedom eller
festegrunn eller av eit eksisterande jordsameige eller eit uteareal
til ein eigarseksjon.
Departementet
kan gi forskrift om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom
avtalen har referanse i matrikkelen.
Departementet kan gi
forskrift om avtalar som kan få referanse i matrikkelen.
§ 20 tredje ledd skal lyde:
Eigar skal varslast
om registreringa på
ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.
§ 21 første ledd andre punktum
skal lyde:
Før kommunen tek ei endeleg avgjerd,
skal dei som avgjerda får
verknad for, få høve til å uttale seg.
§ 22 sjuande ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om føring
av matrikkelen og organ som
kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om informasjon
til heimelshavarar eller
andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring
og oppbevaring av matrikkelopplysningar, og om godkjenning av personar som skal føre
opplysningar i matrikkelen.
§ 24 overskrifta skal lyde:
§ 24 Tinglysing og utferding av matrikkelbrev
m.m.
§ 24 første ledd skal lyde:
Så snart oppretting
av ny matrikkeleining, samanslåing, endring av festegrunn eller eigarseksjon
eller arealoverføring er ført i matrikkelen, skal kommunen sende
melding om dette til tinglysing. Gjeld
saka oppretting eller endring av eigarseksjon, skal kommunen likevel ikkje
sende meldinga før eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket
er avgjort, jf. eigarseksjonslova § 17.
§ 24 tredje ledd fjerde og
femte punktum skal lyde:
Er ei grense mot tilgrensande
matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt, skal kommunen sende
relevant utdrag av matrikkelbrev
til eigarar og eventuelle festarar av desse einingane. I oversendinga
skal det opplysast om høve til å klage
og klagefristar.
§ 24 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om melding
til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste
eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar
som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.
§ 25 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om rapportering
og føring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar
og andre opplysningar kommunen skal føre i matrikkelen, og om kommunen
sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.
§ 26 skal lyde:
§ 26 Retting av opplysningar i matrikkelen
og sletting av matrikkeleining
Kommunen kan slette
ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag for
å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar
som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i
grunnboka, kan ho berre slettast frå matrikkelen
dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka.
Eigarseksjonar som blir sletta
i grunnboka etter vedtak med heimel i eigarseksjonslova § 22 andre
ledd, skal slettast frå matrikkelen. Kommunen fullfører slettinga ved
å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje ledd.
Opplysningar om grenser og geografiske
opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast
eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17,
rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller
avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. §
19. Kommunen kan likevel rette slike opplysningar når det blir dokumentert
at opplysningane er feil, og dette kjem av feil i registreringa
eller i vedlikehaldet av matrikkelen.
Andre opplysningar kan rettast
av organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige,
grunnlaget for registreringa har falle bort, eller det ikkje er
høve til å behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane
når ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag
for å rette opplysningane. Kommunen eller sentral matrikkelstyresmakta
kan av eige tiltak rette opplysningane når dette har noko vesentleg
å seie for matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register.
Partar som retting,
endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.
Denne paragrafen
går framom personopplysningslova § 27 om retting av mangelfulle
personopplysningar.
Departementet kan gi
forskrift om rettingar, endringar og tilføyingar til matrikkelen
og om sletting av matrikkeleining, til
dømes om underretting og når underretting kan sløyfast.
§ 30 første ledd bokstav d
skal lyde:
§ 30 andre ledd skal lyde:
Matrikkelinformasjon
kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane
utlevert, skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til
personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.
§ 30 femte ledd skal lyde:
Matrikkelinformasjon skal ikkje
utleverast dersom vitale personlege eller offentlege interesser
tilseier dette.
§ 31 andre ledd første punktum
skal lyde:
Ved innsyn i matrikkelen,
og til bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det
saman med opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som
viser tekniske og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga.
§ 32 skal lyde:
§ 32 Offentlege gebyr og betaling for
matrikkelopplysningar
Kommunen kan ta
gebyr for oppmålingsforretning, matrikkelføring, utferding av matrikkelbrev
og anna arbeid etter lova her etter regulativ fastsett av kommunestyret
sjølv. Den styresmakta som
tildelar landmålarbrev, kan ta gebyr for dette. Gebyra
kan i sum ikkje vere høgare enn nødvendige kostnader styresmakta har med slikt
arbeid. For matrikulering av eigarseksjon kan det ikkje takast andre
gebyr enn det som er fastsett i eierseksjonsloven § 15.
Det kan krevjast
betaling for utlevering av opplysningar
frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn i
matrikkelen ved personleg frammøte hos kommunen eller
sentral matrikkelstyresmakt.
Departementet kan gi forskrift om gebyr
og om betaling for opplysningar frå matrikkelen.
Kapittel 7 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 7 Oppmålingsforretning, krav til landmålar o.a.
§ 33 første ledd skal lyde:
Ei oppmålingsforretning
går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og
framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon
som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den
som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på interessene til alle partar og
utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.
§ 33 tredje ledd skal lyde:
I ei forretning som gjeld
oppretting av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring, skal
dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve
etter plan- og bygningsloven. Nye
grenser for uteareal til eigarseksjon skal merkjast i
samsvar med vedtaket om dette etter eierseksjonsloven. Den
som utfører forretninga kan samtykkje i mindre avvik, for å kunne
få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget.
§ 33 sjette ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om varsling
og proklama, og om utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.
§ 34 første ledd tredje punktum
skal lyde:
Koordinatane skal
fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av sentral
matrikkelstyresmakt.
§ 34 femte ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om merking,
måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette om når grensemerking
kan utelatast.
§ 35 nytt andre ledd skal lyde:
Kommunen skal peike ut ein landmålar
for kvar oppmålingsforretning. Landmålaren må ha gyldig landmålarbrev.
Landmålaren skal ta vare på interessene til alle partane, undersøke
relevante dokument og elles sørge for at forretninga blir utført
i samsvar med god landmålarskikk.
§ 35 gjeldande andre og tredje
ledd blir nytt tredje og fjerde ledd.
§ 35 femte ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om rekvisisjon
og fullføring av oppmålingsforretning, til dømes om tidsfristar
og avvising av rekvisisjon, og om utføring av oppmålingsforretning
og matrikkelføring etter vedtak av fylkesmannen.
Ny § 38 skal lyde:
§ 38 Tildeling av landmålarbrev o.a.
Departementet kan
etter søknad tildele landmålarbrev til personar som
-
a) er myndige
og eigna til å drive eigedomsoppmåling
-
b) har godkjend
utdanning
-
c) har minst to
års relevant erfaring etter ferdig utdanning, og
-
d) har bestått
ei godkjent autorisasjonsprøve.
Landmålarbrev kan
trekkjast tilbake mellombels eller varig ved brot på føresegner
eller løyve gitt i eller i medhald av denne lova, plan- og bygningsloven
eller eierseksjonsloven, ved gjentekne åtvaringar, eller
dersom landmålaren ikkje lenger fyller vilkåra for å ha landmålarbrev.
Ein landmålar som ikkje lenger tilfredsstiller krava til å ha landmålarbrev,
skal sende melding om dette til den som tildelar matrikkelbrev innan
14 dagar.
Departementet kan
gi forskrift om vilkår for landmålarbrev, tildeling og tilbaketrekking
av slikt brev, krav til etterutdanning og gebyr.
Departementet kan
gi forskrift om at eigedomslandmåling kan drivast mellombels av
personar som er lovleg etablerte i ein annan EØS-stat med sikte
på å drive slik verksemd der, og om praktiseringa av slik verksemd,
medrekna unntak frå reglane i lova her.
Kapittel 8 overskrifta
skal lyde:
Kapittel 8 Om geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid o.a.
§ 39 andre ledd skal lyde:
Kommunen skal bestemme
ytterlegare geodetiske data når kommunale oppgåver
etter lova her eller plan- og
bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege for brukarane
av slike data.
§ 42 skal lyde:
§ 42 Fjerning av merke og signal
Merke og signal kan krevjast
fjerna dersom bruken av eigedommen eller
eigedommane dei står på gjer dette nødvendig. Fjerning
skal utførast av eigarane
av merket eller signalet. Fjerning av grensemerke kan berre
skje etter avtale med kommunen.
Merke og signal
kan i alle tilfelle fjernast
av kommunen eller staten sitt
geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte
slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke
og tilhøyrande signal. Utgåtte eller
ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med gyldige
grensemerke, kan i alle tilfelle fjernast av kommunen eller jordskifteretten.
Fastmerke og signal
som inngår i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast
fjerna etter første ledd eller fjernast
av kommunen etter andre ledd første punktum.
Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.
Dersom det er gitt
erstatning etter § 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller
delvis tilbakebetalt ved fjerning etter første ledd, dersom summen
overstig det tapet som er lidd.
Departementet
kan gi forskrift om
framgangsmåten ved fjerning av merke og
signal.
§ 46 skal lyde:
§ 46 Klage, førehandsvarsel og underretning
om vedtak m.m.
Det kan klagast over følgjande
avgjerder etter denne lova:
-
a) matrikkelføring
av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6, under dette feil
ved varslinga eller utføringa av forretninga
-
b) avgjerd om kva som er klarlagd grense
etter § 7 tredje ledd
-
c) samanslåing,
jf. § 18
-
d) føring av referanse
til avtale om grenser mv.,
jf. § 19
-
e) fastsetjing
av samla fast eigedom, jf. § 20
-
f) tildeling av
offisiell adresse med heimel i § 21
-
g) sletting av
matrikkeleining med heimel i § 26 første ledd
-
h) avslag på krav
om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje og fjerde ledd
-
i) avslag på førespurnad
om innsyn i matrikkelen etter § 29
-
j) utlevering av
opplysningar frå matrikkelen, jf. § 30
-
k) fastsetjing
av gebyr og betaling med heimel
i § 32 som ikkje er fastsett i forskrift eller regulativ godkjent
av departementet
-
l) avslag på rekvisisjon
av oppmålingsforretning, jf. § 35 første ledd
-
m) tildeling og tilbaketrekking
av landmålarbrev etter § 38
-
n) vedtak om tvangsmulkt,
jf. § 48.
Klageinstans er departementet eller
det klageorganet departementet peikar ut. Reglane om klage på enkeltvedtak
i forvaltningsloven kapittel VI gjeld for alle klager etter første
ledd.
Departementet kan
gi forskrift om klage, førehandsvarsel
og underretning.
§ 47 første ledd skal lyde:
Tvistar om gjennomføringa
av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter
§ 42 blir avgjorde av
fylkesmannen. Vedtaket til
fylkesmannen kan ikkje klagast på.
II
I lov 27. juni
2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling blir det gjort
følgjande endringar:
§ 20-1 første ledd bokstav
m skal lyde:
-
m) opprettelse
av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller
opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer
enn 10 år, eller endring av
grenser for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering,
jf. matrikkellova.
§ 21-2 sjette ledd skal lyde:
De som er nevnt
i matrikkellova §
9, kan søke om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom,
ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til endring av grenser for slike matrikkelenheter
som ikke kan behandles som grensejustering. Søknaden må
angi hvordan enheten ønskes utformet, herunder angi grenseforløpet
på kart. Søknaden må vise hvordan de nye enhetene eller grenseendringen på en hensiktsmessig måte
kan gå inn i en fremtidig utnytting av området, herunder også hvordan
krav til tomtestørrelse, fellesareal og plassering av
bebyggelsen kan oppfylles.
I § 26-1 skal «lov om eigedomsregistrering»
endrast til «matrikkellova».
§ 29-4 fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift
med nærmere bestemmelser om plassering av byggverk, som regler om
avstand mellom byggverk, avstand til nabogrense, og beregningsmåten
for høyde og avstand, samt for areal på byggverk som nevnt i tredje
ledd bokstav b.
§ 33-1 første ledd skal lyde:
Kommunestyret selv
kan gi forskrift om gebyr til kommunen for behandling av søknad
om tillatelse, utferdigelse av kart og attester og for andre arbeid
som det etter denne lov eller forskrift påhviler kommunen å utføre,
herunder behandling av private planforslag. Gebyret for behandling
av slikt planforslag kan omfatte kommunens arbeid frem til det blir
avgjort om forslaget skal fremmes, jf. § 12-11. Gebyret kan ikke være høyere enn
de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. I gebyret
kan det inkluderes utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand
under tilsyn. Andelen av gebyr som innkreves for tilsyn, skal framgå
av forskriften. Tiltakshaver kan selv sørge for de nødvendige utredningene.
III
Lova gjeld frå
den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene
til ulik tid.
Departementet kan
gi nærare overgangsføresegner.