Presidenten: Etter
ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne
debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Liv Kari Eskeland (H) [11:53:22 ] (ordførar for saka): Som
ordførar for saka vil eg innleiingsvis gjerne få takka komiteen
for eit effektivt og godt arbeid med denne saka.
Bakgrunnen for
saka er eit representantframlegg frå Framstegspartiet om å planleggja
for eit heilskapleg ringveg aust-prosjekt med samanhengande firefelts motorveg
på E39. Me snakkar då om vegen rundt Bergen.
For dei uinnvigde
er dette eit prosjekt som skal sikra at trafikken som skal utanom
Bergen sentrum – anten han kjem frå nord, aust eller sør – med tida
må få ein effektiv E39-korridor på austsida av Bergen. I dag går
trafikken nord–sør gjennom delar av Bergen sentrum, noko som ikkje
kan vara ved over tid.
Komiteen er einig
om at ein må sikra gode trafikkorridorar i Noreg, og at folk, varer
og tenester må koma trygt og raskt fram. Ein ringveg rundt Bergen
er under utvikling av Statens vegvesen. Det er ein ringveg som vil
bidra til betre trafikkforhold i Bergen sentrum, som effektivt vil
slusa trafikken forbi bykjernen, og der ein må vera førebudd på
å ta imot trafikk som vil koma, fordi me òg lenger sør vil få effektive
transportkorridorar langs kysten vår gjennom Hordfast og Rogfast.
Dette kjem i tillegg til eit betre samband mot Voss gjennom ny E16.
Komiteen er likevel
tydeleg på at førsteprioritet i dette ringvegsambandet er Vågsbotn–Klauvaneset,
ei vegstrekning som i dag er belasta med mange ulykker og mykje
kø. Dette kom òg fram i handsaminga av NTP, frå dei forskjellige
partia.
Statsråden viser
til at sjølv om ringvegen i dag er oppdelt i fleire delprosjekt,
er heilskapen til prosjektet godt teke i vare. Sentralt i dette
er at hovudkrysset i Arna er definert og vedteke i forbindelse med
reguleringsplanen for ny E16 Arna–Stanghelle. Her er det teke høgd
for påkopling til ein firefelts ringveg. Vidare viser Statens vegvesen
til dimensjoneringskriteria for at det vil vera trong for ein firefelts
veg, og dette vert lagt til grunn i planprosessen.
Det skjer no politiske
prosessar i Bergen kommune for Arna–Vågsbotn–Klauvaneset. Kommunedelplan med
konsekvensutgreiing til andre gongs behandling ligg no føre. Ein
registrerer at det er usemje mellom Statens vegvesen og kommunen
om strekket Arna–Vågsbotn. Av erfaring veit me at slik usemje vil
forsinka ønskt framdrift i prosjekta, og det er viktig at ein snarast
finn fram til løysingar ein kan ha semje om slik at ein ikkje tapar
tid. Når trafikken frå ny E16 kjem innpå, og ferjefri E39 sørfrå
vil overta ein del trafikken som i dag går med fly, er det viktig
at vi har tenleg infrastruktur for å avlasta trafikk som i dag går
gjennom Bergen sentrum. Men med arbeidarpartistyre både i Bergen
og i statsrådsposten set me vår lit til at ein finn gode løysingar
på denne utfordringa. Det er viktig for heile Vestlandet.
Erling Sande (Sp) [11:56:45 ] (leiar i komiteen): Trafikksituasjonen
i og rundt Bergen er krevjande. Særlig har situasjonen på E39 frå
Åsane og nordvestover vore ein flaskehals for trafikken, med store
konsekvensar for framkomst og trafikktryggleik. Dette var noko av
bakgrunnen for at eit fleirtal på Stortinget under behandlinga av
NTP samla seg bak det å ta med strekninga Vågsbotn–Klauvaneset,
som Solberg-regjeringa ikkje hadde lagt inn i det opphavlege framlegget
sitt. Komiteen har også understreka at denne strekninga skal vurderast
på lik linje med dei andre prosjekta i den framlagde NTP-en, og
stille på startstreken på lik linje med dei andre i prioriteringsarbeidet.
Så ser Senterpartiet
at Ringveg aust er ein viktig del av ei langsiktig løysing på trafikkutfordringane
til Bergen by, og vi er glade for at Statens vegvesen forsikrar
at den heilskaplege planlegginga er godt vareteken gjennom arbeidet
som no skjer. Det er likevel sånn at desse tre delprosjekta har
ulik modningsgrad, og det er strekninga Vågsbotn–Klauvaneset som
i dag har størst trafikale utfordringar og størst lokal merksemd,
og som det er sterkast engasjement for å få gjort noko med.
Og så er det ikkje
uendeleg med pengar. Dette forslaget stiller seg i rekkja av forslag
frå Framstegspartiet som nærmast dagleg rullar inn. Felles for mange
av dei er at dei kostar mykje, og at ein ønskjer dei raskt gjennomførte.
For alle dei andre partia i denne salen er økonomisk ansvarskjensle
eit poeng, og i ein høgkonjunktur er både folk og næringsliv tente
med at ein unngår galopperande løns- og prisvekst. Då spelar offentleg pengebruk
ei rolle, og det stiller oss – i alle fall dei politikarane som
vel å bry seg om det – overfor eit viktig prioriteringsarbeid framover.
Kva skal kome først og sist, og korleis kan vi nytte samferdselsmidlane
mest mogleg fornuftig, slik at vi når lengst mogleg med kronene?
Frank Edvard Sve (FrP) [11:59:14 ] : Neste veke skal eg fremje
framlegg om at jorda er rund. Eg er heilt sikker på at eg kjem til
å verte nedstemd av Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og kanskje
også av Høgre og SV. Dei kjem til å ha ei eller anna forklaring
på at jorda ikkje er rund. Ho må vere firkanta eller noko anna.
Ei eller anna forklaring må det vere på at dei kan stemme imot,
for i denne saka er den eine etter den andre, både i komitémerknadene
og frå talarstolen, einige i at E39 Ringveg aust i Bergen er eit
kjempeviktig prosjekt. Vi må prosjektere det, vi må planleggje det,
og det er heilt nødvendig for Bergen – men vi stemmer imot i komiteen. Viktig.
Difor har eg faktisk
lyst til å fremje framlegg om at jorda er rund, for dette er eg
altså ikkje van med. I fylkestinget og i kommunen er eg van med
å vere pragmatisk og støtte det ein skal støtte – det som er fornuftig,
fordi det er politikk. Eg trudde vi var i denne salen for å drive politikk.
Når vi i dette
prosjektet fremjar eit framlegg om å planleggje heilskapleg E39
Ringveg aust i Bergen, er ikkje det å bruke pengar. Det er å planleggje.
Det er faktisk å bruke mindre pengar viss ein planlegg heilskapleg, for
då kan ein spare pengar. Det er jo sånn Nye Vegar sparer pengar.
Dei byggjer 20 pst. billegare fordi dei planlegg heilskapleg for
å utnytte masse, balanse og maskin osv.
Korleis er det
vanskeleg å forstå det? Det er jo bevist at sånn er det. Kva er
då problemet med å ha ein heilskapleg planlegging av E39 Ringveg
aust i Bergen, som er så viktig for byen, trafikken og trafikkgjennomgangen
i Bergen? Saksordføraren frå Høgre sa det heilt supert, men Høgre
stemmer imot likevel fordi det er logisk å stemme imot noko ein
er for – eller?
Dette er ei positiv
sak. Vi ønskjer å setje positive saker på dagsordenen, og Senterpartiet
snakkar om at vi brukar mykje pengar. Alle hugsar videoen med leiaren
i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, som stod og snakka om at
det var umogeleg for folk flest å betale 16–17 kr literen for drivstoff.
No i dag er prisane 24–26 kr, og dei har konkurranse i Senterpartiet
om å bortforklare kvifor ein ikkje set ned drivstoffavgiftene, og
står for det dei sjølve meinte for under eitt år sidan. Plutseleg
har Senterpartiet vorte veldig, veldig, veldig ansvarlege.
Eg tek til slutt
opp Framstegspartiets forslag i saka.
Presidenten: Da
har representanten Frank Edvard Sve tatt opp det forslaget han viste
til.
Presidenten er
videre litt usikker på hvordan vi skal fordele saken om at jorden
er rund, så det er kanskje presidentskapet som må ta seg av det.
Mona Fagerås (SV) [12:02:42 ] : I likhet med representanten
Sve overrasker ikke SV. Når det gjelder planene om ny Ringveg øst
med firefelts motorvei og fartsgrense på 100 km/t, er vi nødt til
å peke på at dette prosjektet har en betydelig negativ samfunnsøkonomisk netto
nytte.
Den nye veien
er anslått å koste 19 mrd. kr, og prosjektet er i strid med nullvekstmålet
og vil gi betydelige arealkonflikter. Vi i SV er tydelige på at
planene om ny firefelts motorvei for Ringveg øst må droppes, og
at planene må nedskaleres. Vi mener at alternativet er at det gjennomføres
en oppgradering og sikring av dagens vei mellom Nesttun og Arna,
og tofelts tunnel forbi Grimesvingene. I tillegg kan en vei nord
for Arna utredes og få midtrekkverk på halvparten av strekningen
supplert med ny tunnel på Hylkje, noe som reduserer lokal trafikkbelastning.
Disse alternativene vil redusere kostnadene med 75–80 pst., og jeg
håper at regjeringen er villig til å se på alle innsparingene også
når det gjelder denne veien.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:04:33 ]: Jeg er, i likhet med
komiteen, opptatt av å sikre gode transportkorridorer i Norge og
å sikre at både folk og varer kommer raskt og trygt fram. Veisystemet
rundt og gjennom Bergen er sårbart, og jeg forstår engasjementet
for å få på plass en effektiv, sikker og forutsigbar ringveiløsning.
I Statens vegvesens
interne gjennomføringsplan for 2022–2027 legges det opp til en helhetlig
planlegging av denne strekningen, Fjøsanger–Arna–Vågsbotn–Klauvaneset,
som utgjør Ringvei øst. Planleggingen er kommet lengst på den nordlige
delen av strekningen, fra Arna via Vågsbotn til Klauvaneset. Forslag
til kommunedelplan for denne strekningen er oversendt til Bergen
kommune for sluttbehandling. Statens vegvesen legger deretter opp
til å gå videre med reguleringsplan for E39 Vågsbotn–Klauvaneset.
Statens vegvesen
opplyser at prognosene for trafikkutvikling på strekningen mellom
Fjøsanger og Klauvaneset i dimensjoneringsperioden tilsier at det
skal bygges firefelts vei etter dagens veinormal, og at det legges til
grunn i planprosessen. Statens vegvesen vil justere planleggingsprogrammet
minst én gang i året, når budsjett og politiske prioriteringer gjør
det nødvendig.
Representantene
viser til at det var bred politisk enighet om å framskynde oppstart
for dette prosjektet da Stortinget behandlet Nasjonal transportplan
i fjor. Jeg vil understreke at flertallet også ønsket å prioritere tidligere
oppstart for flere andre prosjekter, men uten at det var en tilsvarende
enighet om hvordan man skulle finansiere dette.
Som omtalt i revidert
nasjonalbudsjett er norsk økonomi inne i en høykonjunktur. Det er
derfor varslet at regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med
en vurdering av samferdselsprosjekter i forslaget til statsbudsjett
for 2023. Målet er å redusere kostnadene til slike prosjekter, få
bedre kostnadskontroll og unngå ytterligere press i norsk økonomi.
Jeg viser også
til at Stortinget har bedt om en gjennomgang av veiporteføljen i
Nasjonal transportplan fram mot 2023-budsjettet, og regjeringen
kommer tilbake til Stortinget med denne gjennomgangen.
Jeg mener at Stortinget
ikke bør gi noen garanti eller pålegg overfor lokale myndigheter
knyttet til planlegging, standardvalg eller gjennomføring av enkeltprosjekter.
Statens vegvesen er bevisst på behovet for helhetlig planlegging
på Ringvei øst.
Presidenten: Det
blir replikkordskifte.
Sigbjørn Framnes (FrP) [12:07:46 ] : Ringveg aust er ein del
av firefelts ferjefri E39. Eg reknar med at ministeren ser den positive
effekten samankoplinga av E39 og E16 vil få i Arna. Om ein ikkje
planlegg å byggje heile Ringveg aust, vil ein då oppnå den positive
effekten for bilistane?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:08:19 ] : Det er sånn at vi som
regjering, og også dette Stortinget, ønsker at man skal øke nytten
i prosjektene våre, og da ønsker vi også at det skal være en helhetlig
planlegging. Så vil det selvfølgelig ta tid før man klarer å utbygge
prosjekter, men det er jo den samlede utbyggingen som gir størst nytte.
Det er et viktig poeng i videre prosesser rundt Ringvei øst.
Frank Edvard Sve (FrP) [12:08:58 ] : I innlegget sitt var statsråden
også inne på dette med ei heilskapleg planlegging, og det står også
i svarbrevet til komiteen i saka. Det må jo bety at statsråden er
einig i forslagsstillarane sitt framlegg, der ein ber om heilskapleg
planlegging av Ringveg aust i Bergen. For det er jo det som vert gjort,
og det er ikkje sett nokon tidsfrist i framlegget. Så er statsråden
eigentleg einig i framlegget?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:09:34 ] : Vi har et system, som
dette stortinget vel har sluttet seg til, som handler om porteføljestyring.
Statens vegvesen jobber selvstendig med planleggingsprosesser og
planlegging av prosjekter, sånn at vi i porteføljen kan gjøre nye
vurderinger når prosjekter blir modne. Her jobber Statens vegvesen
med å planlegge denne strekningen, så jeg ser ikke noe behov for
at Stortinget skal gå inn og pålegge verken Statens vegvesen eller
lokale myndigheter noe i så måte. Jeg forutsetter at planprosessene
løper videre, slik som forutsatt.
Silje Hjemdal (FrP) [12:10:26 ] : Det er 19 milliarder gode
grunner for hvorfor bergenserne og ikke minst befolkningen i Nordhordland
skal få prosjektet de har ventet på i flere tiår. I Arbeiderpartiets
valgkamp lovet man at det var vanlige folks tur. Jeg går ut fra
at det også gjelder beboerne i vest, som nå er utålmodige etter
å komme seg fram og etter å tilrettelegge for næringslivet.
Jeg vet at ministeren
var på besøk – det var vel 8. mars – og møtte deler av befolkningen
i Åsane, men jeg kunne ikke registrere de store løftene etter kakebesøket.
Nå vet jeg at det er veldig mange som sitter hjemme og følger med
på debatten som går i Stortinget i dag. Jeg lurer på: Hva kan samferdselsministeren
love av konkret framdrift for dem som nå sitter utålmodig hjemme
og følger debatten?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [12:11:29 ] : Det er riktig at jeg
var på besøk i Bergen, og jeg var ute og så på denne konkrete veistrekningen.
Det var et interessant møte. Det kan alltid gi merverdi å møte folk
og se hvordan forholdene er. I dette området er det en belastning
fra denne veien, noe som er bekymringsfullt bl.a. for dem som er
naboer til veien.
Når det er sagt,
er det slik med Nasjonal transportplan og norsk veiplanlegging at
vi nå har porteføljestyring; det er den modellen som den foregående
regjeringen tok initiativ til og fikk vedtatt. Så vi setter ikke
noen konkrete sluttdatoer for gjennomføring av prosjekter. Vi har
en portefølje, og da sier vi noe om hva som er i den første seksårsperioden,
og så er det udefinert hva som er i den neste seksårsperioden.
Dette prosjektet
er ett av flere som vi har bedt Statens vegvesen om å gjøre vurderinger
av, fordi det var et flertall bak dette prosjektet med merknader
i Stortinget under behandlingen.
Mona Fagerås (SV) [12:12:43 ] : Ministeren var i et tidligere
innlegg inne på urolighetene i verden. Denne uroligheten har gjort
flere og flere oppmerksomme på beredskap og viktigheten av matjord.
Store veiprosjekter er årsaken til nedbygging av mye matjord. Matjord er
en svært begrenset ressurs. Det er avgjørende å ta vare på norsk
matjord for å sikre matberedskap, selvforsyning og evne til å produsere
mat til framtidige generasjoner. Hva gjør ministeren for å hindre
at nye veiprosjekter skal være med og ødelegge matjorda vår, og
er dette i det hele tatt noe ministeren er opptatt av?
Statsråd Jon-Ivar Nygård (A) [12:13:35 ] : Jeg kan forsikre
Stortinget om at jeg er opptatt av det. Vi har tatt oppdraget som
Stortinget har gitt oss – og som SV også var med på å bidra til
et vedtak om – på det største alvor. Vi skal gå gjennom veinormaler,
og vi skal søke og utforske om disse er treffsikre nok, om vi har
et for lavt innslagspunkt for firefelts veier i Norge, hvordan vi kan
sørge for å gjenbruke mest mulig vei, og hvordan vi kan spare naturressurser
og matjord. Så jeg er helt enig i det perspektivet, men det betyr
ikke at man alltid ender opp med en situasjon der man ikke bygger
vei.
Presidenten: Replikkordskiftet
er omme.
De talere som
heretter får ordet, har også en taletid på inntil 3 minutter.
Silje Hjemdal (FrP) [12:14:32 ] : Tiden for festtaler for Ringvei
øst er for lengst forbi. Det var stor skuffelse i Bergen og Nordhordland
da forrige regjering i fjor la fram sitt forslag til Nasjonal transportplan.
Tilsynelatende hadde man faktisk glemt Bergens aller viktigste samferdselsprosjekt,
nemlig Ringvei øst. Det er den ringveien og det samferdselsprosjektet
som kanskje er mest samfunnsøkonomisk lønnsomt i hele Norge. Det vil
lette trafikkavviklingen gjennom Bergen, kanskje spesielt på Danmarksplass,
og ikke minst vil det gjøre E39 mer trafikksikker. Veien er rett
og slett avgjørende og viktig for befolkning og næringsliv, som
nå har ventet lenge, faktisk flere tiår. Men dette er også en veldig viktig
del av den helheten vi må se i vest når Hordfast og ny vei til f.eks.
Voss skal bygges.
Det jeg imidlertid
har lyst til å problematisere litt i dag, er at det ikke nødvendigvis
bare er her ansvaret ligger. Det presiserte også tidligere statsminister
Erna Solberg, nettopp fordi det i mange sammenhenger kunne framstå
som at prosjektet ikke hadde lokalpolitisk støtte. I Bergen er det
Arbeiderpartiet og kanskje først og fremst Miljøpartiet De Grønne
som virkelig har gjort alt de kan for å stikke kjepper i hjulene
for dette prosjektet, senest for kort tid siden, nærmere bestemt
fjorten dager siden. At Miljøpartiet De Grønne og Arbeiderpartiet
sår tvil om dette prosjektet, gjør det ikke lettere å fatte de gode
beslutningene her. Jeg håper at samferdselsministeren vil ta grep.
Fremskrittspartiet
foreslo i sin alternative NTP å gi 19 mrd. kr til dette utrolig
viktige prosjektet, men vi var også krystallklare på at det må en
helhetlig plan til.
Som jeg var inne
på: Tiden for festtaler er forbi, valgflesk hjelper lite for befolkningen
i Bergen og Nordhordland. Nå er det på tide med framdrift – konkrete
ting må skje. Jeg forstår veldig godt at dette har blitt en tålmodighetsprøve
for befolkningen. Jeg er skuffet i dag over at folk ikke kan støtte
Fremskrittspartiets forslag.
Liv Kari Eskeland (H) [12:17:47 ] : Kort oppsummert: Statsråden
har i brevet sitt til komiteen understreka at Statens vegvesen tenkjer
heilskapleg. Fjøsanger–Arna og Arna–Klauvaneset vert tenkte på som
eit heilskapleg prosjekt, og firefelts veg ligg til grunn. Det er stadfesta
i dialog med Statens vegvesen. Statsråden har òg bekrefta det her
i dag.
Det som bekymrar
oss meir, er konflikten som no ligg i Arbeidarparti-byrådet og Statens
vegvesen. Me håpar at dette finn si løysing, og me håpar òg at statsråden kan
vera med og bidra til at me finn gode løysingar på dette. Det vil
vera viktig for utviklinga av heile Vestlandet.
Nils T. Bjørke (Sp) [12:18:56 ] : Grunnen til at eg tek ordet
no, er at eg høyrde representanten Hjemdal snakka om at dette er
noko som bergensarane er opptekne av. Ja, folk i Bergen er verkeleg
opptekne av det, men særleg opptekne av den nordlege delen av Ringveg
aust. Samtidig er dei òg opptekne av jordvernet. Det er grunnen
til at dei har gått imot ein del av forslaga frå Vegvesenet. Det
må vera lov for lokale representantar å ta omsyn. Ein skulle jo
tru at alle partia etter kvart har vorte opptekne av å ta vare på
mest mogleg jord i dette området.
Det er fleire
ulike alternativ for Ringveg aust. Det går godt an å byggja den
vegen og samtidig ta vare på bygdene og landbruksjorda i Arnadalen
og andre plassar, men det har Vegvesenet så langt ikkje vore villig
til å gjera. Då må det vera mykje lettare å gjera som Bergen kommune seier:
Lat oss byggja den nordlege delen, som har vore diskutert i årevis,
og som den førre regjeringa ikkje klarte å landa på noko vis, og
så kan me utsetja planlegginga av midtre del, som er minst akutt.
Det er sørlege og nordlege del av Ringveg aust som hastar mest,
og då får ein få det på plass. Så må ein for resten av vegen kunna
gjera det på ein måte som tek vare på dei små bygdene rundt Bergen,
der det er bønder som kan driva med dyr, og som syter for at byfjella
i Bergen vert beita og stelte.
Me må slutta å
seia at me skal planleggja alt, og så vert det knapt bygd noko.
No må me koma i gang med å byggja det viktigaste fyrst, samtidig
som me tek vare på naturen og jordvernet.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
Votering, se voteringskapittel