Stortinget - Møte fredag den 28. mai 2021

Dato: 28.05.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 458 L (2020–2021), jf. Prop. 165 L (2020–2021))

Søk

Innhold

Sak nr. 12 [11:52:34]

Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i straffeprosessloven og tvisteloven mv. (bevisforbud for patentrådgivning) (Innst. 458 L (2020–2021), jf. Prop. 165 L (2020–2021))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Frida Melvær (H) [] (ordførar for saka): Prop. 165 L for 2020–2021 inneheld eit forslag om endringar i reglane om bevisforbod i straffeprosesslova § 119 og tvistelova § 22-5. Forslaget går ut på å innføre eit bevisforbod for kommunikasjon med patentrådgjevarar som er oppførte på lista over autoriserte rådgjevarar etter artikkel 134 nr. 1 i den europeiske patentkonvensjonen.

Føremålet med forslaget er å vareta behovet til norske verksemder for fortruleg og kompetent rådgjeving om patentspørsmål, og å gje norske patentrådgjevarar dei same rammevilkåra når det gjeld vern av fortruleg kommunikasjon med klienten som slike rådgjevarar alt har i nabolanda våre.

Proposisjonen inneheld i tillegg eit forslag om endringar i tollova §§ 15-7 og 18-8, som har samanheng med endringar vedtekne ved lov 12. juni 2020 nr. 67, om endringar i varemerkelova og tollova mv. (gjennomføring av nytt varemerkedirektiv mv.).

Eg vil takke komiteen for godt samarbeid i saka. Eg må seie at det nærmast er idylliske tilstandar i denne komiteen for tida, for det er nok ein gong ein samla komité som stiller seg bak forslaget.

Komiteen har merka seg synspunkta til Økokrim og Politidirektoratet om at ei utviding som føreslått, vil kunne føre til at andre yrkesgrupper vil fremje ynske om liknande unntak frå straffelova. Komiteen meiner likevel at unntaket er godt grunngjeve, at det i Noreg er snakk om ein svært avgrensa personkrets med ei spesiell godkjenning gjennom det europeiske patentverket, EPA, og at det av den grunn ikkje vil vere naturleg å kunne nytte dette unntaket i argumentasjonen for å innføre ein liknande regel for andre yrkesgrupper seinare.

Innføringa av eit bevisforbod for patentrådgjeving vil innebere ei forenkling samanlikna med praksisen i dag. Ei harmonisering av dei norske bevisreglane med reglane i våre naboland vil gje norsk næringsliv like gode rammevilkår i form av vern for fortruleg patentrådgjeving som konkurrentlanda har, og norske patentrådgjevarar vil verte gjeve moglegheit til å konkurrere med sine utanlandske kollegaer på like vilkår.

Presidenten: Presidenten antar at saksordførerens beskrivelse av idyll er grunnen til at flere ikke har bedt om ordet til sak nr. 12.

Votering, se voteringskapittel