Nils T. Bjørke (Sp) [13:51:01 ] (ordførar for saka): «Voda»,
«vozdukh», «zemlja» – vatn, luft og jord. Det er det dette handlar
om, det grensenære samarbeidet ved grensene mellom Noreg, Russland
og Finland, som Riksrevisjonen har sett nærare på i si undersøking
av det norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet. Det er ein samla
komité som står bak innstillinga, og eg vil takka komiteen for godt
samarbeid.
I rapporten har
dei tre hovudfunn som er verdt å merka seg: Det er framleis rom
for å styrkja samarbeidet i fleire av prosjekta og synleggjera den
kunnskapen som kjem fram i samarbeidet. Framleis manglar det eit
felles regelverk for gjennomføring av arbeidet. Midlane til å finansiera
arbeidet verkar å verta utbetalt unødig seint.
Komiteen sluttar
seg samrøystes til dette og dei tilrådingane Riksrevisjonen kjem
med i rapporten sin. Kvifor gjer me det? Jo, fordi det er ingen
tvil om at godt samarbeid mellom grannane Noreg og Russland er avgjerande
om me skal få betra miljøtilstanden i grenseområda. I denne saka
har me sett på kor viktig det er med eit samarbeid mellom landa.
Sjølv om det frå tid til anna er usemje om både verkemiddel og mål,
er det ingen tvil om at me treng meir samarbeid om dette skal me
få gjort noko på miljøfeltet.
Eg vil takka Riksrevisjonen
for ein god rapport. Riksrevisjonen har utstrekt internasjonalt
samarbeid med andre statlege riksrevisjonar. I denne saka har det
vore eit godt samarbeid med den russiske riksrevisjonen. Me treng
meir av dette. Eg trur det er viktig at ein på den måten òg kan
få meir oppslutnad om det på russisk side.
Sjølv om me som
komité ikkje har makt og myndigheit til å avgjera det, har me bedt
om at Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet set
seg saman for å sjå på om det kunne ha vore mogleg at det er tid
for å innleia ny kontakt om ein ny miljøvernavtale mellom Noreg
og Russland. Avtalen me har i dag, har passert 27 år. Når me veit
kor fort miljø- og klimatilstanden har endra seg, treng me meir
samarbeid, ikkje mindre. Den parallellrevisjonen me har hatt i denne
saka, kan kanskje vera med på å byggja opp under eit tettare samarbeid.
Det er ingen tvil
om at ulik verksemd på ulike sider av Pasvikelva påverkar vatnet
i elva. Me veit at det er høge verdiar av nikkel og kopar i elva,
og me har fått høyra om innsjøane i Jarfjordfjellet som er påverka
av tungmetall. Vidare har me fått høyra om fisk i russiske innsjøar
som er deformerte, og som har stuttare levetid.
I jordsmonnet
er det meir tungmetall enn kva godt er. Det gjev seg utslag i at
me finn att desse tungmetalla i fuglar og pattedyr. Svovel, kopar
og nikkel er funne i mose og furunåler. Det er ingen tvil om at
i dette området har utvinning av naturressursar hatt innverknad
på det som er rundt denne produksjonen.
Så langt verkar
ikkje grunnvatnet å vera så sterkt påverka, men dette treng ein
å vera på vakt overfor framover. Når nedbøren kjem med tungmetall
ned i jordsmonnet, kan det truleg på sikt påverka grunnvatnet. Difor
må ein overvaka dette nøye.
Ein samla komité
meiner det er viktig å ha eit godt samarbeid mellom Noreg og Russland.
Me er m.a. glade for eit arbeidsprogram som ligg til grunn for den
norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Me treng meir samarbeid for
at me i fellesskap kan koma fram til gode løysingar på dei miljøutfordringane
me står overfor. Eit tettare samarbeid vil kanskje fjerna det som
i dag vert oppfatta som hindringar i samarbeidet. Til dømes gjeld
dette å registrera talet på isbjørnar på russisk side og registrering
av det biologiske mangfaldet.
Me er elles samde
med Riksrevisjonen i at det er ein veikskap i samarbeidet, i og
med at me ikkje har noko semje om kva som bør vera felles grenseverdiar.
Men det er nettopp det eit nærare samarbeid bør handla om, at ein
i fellesskap kjem fram til eit regelverk det går an å halda seg
til, til felles beste for både innbyggjarane og det dyre- og plantelivet
som er i grenseområdet. Det gjeld ikkje minst å få på plass ein
heilskapleg plan for forvalting av Barentshavet som òg inkluderer
dei russiske havområda. Me legg til grunn at me som nasjon vil følgja
opp det russiske arbeidet som er sett i verk med å laga ein forvaltingsplan
for den russiske delen av Barentshavet. Dette havområdet er særs
viktig og sårbart, noko som gjer det avgjerande å verta samde om
finansiering, metodikk og ikkje minst dei miljømåla som skal verta
sette i arbeid.
Eg vil til slutt
få takka dei som var med og utarbeidde program for synfaringa me
hadde i Aust-Finnmark og i Russland. Dette gjeld våre komitésekretærar,
Fylkesmannen i Troms og Finnmark, ikkje minst dei frå miljøvernavdelinga
der oppe, og elles dei som har stilt seg til rådvelde for oss i
samband med handsaminga av denne saka. Det var lærerikt å få sjå
korleis samarbeidet fungerer i praksis, og det var mange engasjerte
som verkeleg vil få til dette samarbeidet. Det gjev håp for framtida.
Statsråd Ola Elvestuen [13:56:01 ] : Miljøsamarbeidet med Russland
er en viktig del av regjeringens nordområdepolitikk og Norges forhold
til Russland. Arbeidet er forankret i miljøvernavtalen av 1992 og
den norsk-russiske miljøvernkommisjonen.
Samarbeid med
Russland er svært viktig for å kunne bevare et godt miljø i Barentshavet
og i grenseområdene og ta vare på felles sårbare og truede arter.
Havmiljøsamarbeidet og det grensenære samarbeidet er spesielt høyt
prioritert. Vi har nylig initiert et nytt og viktig samarbeid mot
marin forsøpling i Barentshavet.
Riksrevisjonens
rapport viser at det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet i det store
og hele fungerer godt og etter hensikten. En hovedkonklusjon er
at miljøvernkommisjonen er en viktig samarbeidsarena, som bidrar til
å bygge gjensidig tillit mellom Norge og Russland på flere myndighetsnivå.
Riksrevisjonen
peker i sin rapport også på noen muligheter til å forbedre samarbeidet
under miljøvernkommisjonen. For å styrke arbeidet anbefaler Riksrevisjonen
at man utvikler regler og prosedyrer for arbeidet under miljøvernkommisjonen.
Dette har vi fulgt opp, og vi er i gang med dette arbeidet sammen
med våre russiske partnere.
Et nytt arbeidsprogram
for miljøvernsamarbeidet for 2019–2021 ble vedtatt 19. februar i
år. Arbeidsprogrammet har prosjekter hvor Riksrevisjonens anbefalinger
nå blir fulgt opp.
Prosjektet med
å lage en flerbruksplan for Pasvikvassdraget er alt kommet i gang,
og det samme gjelder tiltak for å få sammenlignbare metoder for
overvåking av tungmetaller.
Riksrevisjonen
påpeker at utslippene fra nikkelverket ved grensen fortsatt er høye.
Utslippene er fortsatt altfor høye. De har riktignok gått ned de
siste tre årene, og gruveselskapet Nornickel, tidligere Norilsk
Nickel, har varslet tiltak for å få utslippene ytterligere ned.
Miljødirektoratet
gjør, på oppdrag fra departementet, vurderinger av hva de russiske
tiltakene vil bety for situasjonen framover. Miljødirektoratets
foreløpige vurdering er at tiltakene trolig vil redusere antallet
episoder med høy luftforurensning på norsk side, men at man ikke
kan utelukke at slike episoder oppstår når vinden står fra smelteverket
mot Norge. Det betyr at det er behov for ytterligere innsats for
å få ned utslippene i Nikel.
Det er et russisk
ansvar å redusere utslippene. Norge har vært en pådriver for å få
utslippene ned. Vi vil fortsette å ta saken opp politisk helt til
utslippene ikke lenger skader helse og miljø i grenseområdene.