Stortinget - Møte mandag den 17. juni 2019

Dato: 17.06.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 398 S (2018–2019), jf. Dokument 3:9 (2018–2019))

Søk

Innhold

Sak nr. 3 [12:58:48]

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes arbeid med å ivareta miljø og fiskeri ved petroleumsvirksomhet i nordområdene (Innst. 398 S (2018–2019), jf. Dokument 3:9 (2018–2019))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra kontroll- og konstitusjonskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 10 minutter til saksordføreren, 5 minutter til hver av de øvrige partigruppene og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Magne Rommetveit (A) [] (ordførar for saka): Målet med denne undersøkinga har vore å vurdera i kva grad forvaltninga bidreg til å vareta omsynet til miljø og fiskeri ved petroleumsverksemda i nordområda, og kva som er årsakene til eventuelle manglar. Undersøkinga omhandlar i hovudsak perioden 2015–2018.

Det er ein samla komité som står bak alle merknadane, med eit lite tillegg frå Senterpartiet, som eg går ut frå at dei sjølve vil gjera greie for, og eg vil gjerne takka komiteen for godt og konstruktivt samarbeid – noko som altså har resultert i at me alle står bak merknadane.

Leiteaktiviteten i Barentshavet har auka dei siste åra, og Noreg er gjennom internasjonale avtalar og petroleumslova forplikta til å vareta miljø og fiskeri i samband med petroleumsverksemda.

Det er mange instansar involverte, og rettshavaren har ansvar for å vareta tryggleik, miljø og beredskap. Olje- og energidepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Klima- og miljødepartementet med underliggjande etatar har ansvar for å stilla krav til og følgja opp rettshavaren for m.a. å redusera påverknaden på miljøet, vareta fiskeria og redusera konsekvensane dersom det skulle skje ei ulukke.

Samferdselsdepartementet ved Kystverket har ansvar for den statlege oljevernberedskapen, og Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for fiskeripolitikken.

Undersøkinga har også sitt utgangspunkt i både petroleumslova, forureiningslova og naturmangfaldlova, i tillegg til ei rad forskrifter og stortingsmeldingar.

Riksrevisjonens hovudfunn er:

  • Ved tildeling av utvinningsløyve varetek Olje- og energidepartementet ressursperspektivet i tråd med petroleumslova.

  • Klima- og miljødepartementet gjer for lite for å sikra eit betre grunnlag for å vurdera risikoreduserande tiltak.

  • Det er for lite samhandling mellom Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet i arbeidet med utbyggingsplanar.

  • Seismikkrådgjevinga frå styresmaktene er ikkje tilstrekkeleg systematisk og kunnskapsbasert.

  • Styresmaktene har ikkje sørgt for at oljeberedskapen er godt nok tilpassa dei særskilde forholda i nordområda.

  • Samferdselsdepartementet har gjort for lite for å styrkja forsking som kan bidra til ny og meir effektiv oljevernteknologi for nordområda.

  • Samordninga av oljevernberedskapen i Barentshavet er ikkje godt nok avklart.

  • Miljødirektoratet og Kystverket utnyttar ikkje kvarandre sin kompetanse godt nok til å sikra ein robust og effektiv beredskap.

Av Riksrevisjonens hovudfunn vil eg spesielt peika på at det her kjem fram at fleire departement og andre statlege instansar kvar for seg har gode rutinar, men at dei ikkje har hatt god nok samhandling seg imellom.

Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet har tett kontakt med operatøren i planleggingsfasen for utvikling og drift, PUD, og arbeider for å sikra at miljøet vert vareteke innanfor rammer og regelverk.

Riksrevisjonen kritiserer at Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet i for liten grad involverer Miljødirektoratet i vurderinga av kostnadene ved og nytten av miljøtiltak. Først etter at PUD er godkjend, begynner miljøstyresmaktene å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova. Dette kan bidra til at tiltak som kan redusera den negative påverknaden på miljøet, ikkje vert tidsnok og tilstrekkeleg vurderte i planleggingsfasen for ei utbygging. Miljøstyresmaktene si rolle vert med dette avgrensa til å vera høyringspart i denne prosessen. Når Miljødirektoratet først begynner å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova når utbygginga er ferdigstilt, kan det vera urimeleg kostbart å gjennomføra tiltak.

Komiteen er einig med Riksrevisjonen når dei peikar på kor viktig det er at miljøstyresmaktene er meir aktive tidlegare i prosessen med PUD, for å bidra til at nytten av og kostnadane ved løysingar som reduserer påverknaden på miljøet, vert godt nok vurderte.

Komiteen deler Riksrevisjonens oppfatning av at det er kritikkverdig at petroleumsstyresmaktene og miljøstyresmaktene ikkje samhandlar betre ved planlegging, behandling og oppfølging av utbyggingsplanar i petroleumssektoren.

Dette er ein rapport som undersøkjer styresmaktene sitt arbeid med å vareta miljø og fisk ved petroleumsverksemda i nordområda.

Når det gjeld oljevernberedskapen, har ikkje Riksrevisjonen i nemnande grad vurdert systemet som beredskapen på norsk sokkel er bygd opp rundt, med eit samarbeid mellom selskapa og styresmaktene, gjennom den statlege beredskapen. Det bør nemnast her for å komplettera bildet, og det er kanskje ei svakheit ved rapporten at han konsentrerer seg eine og åleine om styresmaktene si rolle når også andre eksterne aktørar er viktige for å få totalbildet.

Det er den enkelte operatøren som har ansvaret for å sørgja for nødvendig beredskap, og Kystverket har jamlege øvingar med NOFO, som tek i vare oljevernberedskapen på vegner av operatørselskapa på norsk sokkel.

Ein samla komité støttar Riksrevisjonens tilrådingar når det gjeld Olje- og energidepartementet, om å

  • vera meir opne om korleis høyringsinnspela til forslag til utlysing av utvinningsløyve vert vurderte og handterte

  • ha ein betre fagleg dialog med Klima- og miljødepartementet om vilkår i utvinningsløyve der det er særskilde utfordringar

  • involvera styresmaktene tettare i sakshandsaminga av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda

  • i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet setja i verk tiltak for å gjera seismikkrådgjevinga meir systematisk og kunnskapsbasert og sørgja for at seismikkrådgjevinga også tek i vare omsynet til sjøpattedyr

Komiteen støttar også Riksrevisjonens tilrådingar når det gjeld Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet, om å

  • styrkja samarbeidet med næringa for å heva kvaliteten på miljørisikoanalysane og beredskapsanalysane

  • vurdera å setja i gang behandling av søknader om løyve etter forureiningslova tidlegare for feltutbyggingar i petroleumsverksemda

  • betra sakshandsaminga og krava som vert stilte til operatørane sin oljevernberedskap

  • følgja tettare opp den kommunale beredskapen i samarbeid med Samferdselsdepartementet og Kystverket

Komiteen er også einig i Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Samferdseldepartementet og Kystverket, om å

  • vurdera tiltak for å styrkja forskinga på nye metodar for oljevern i is

  • sikra betre kjennskap til innhaldet i operatørane sine beredskapsplanar

  • vurdera det nasjonale beredskapssystemet i nordområda ved å gjennomføra beredskapsanalysar og øvingar i samarbeid med næringa og andre styresmakter

Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet er i hovudsak samd i Riksrevisjonen sine tilrådingar, og dei seier i sine svarbrev at dei vil følgja dei opp. Statsråden for Olje- og energidepartementet kjenner seg ikkje igjen i Riksrevisjonens vurdering av at det er lite samhandling mellom petroleumsstyresmaktene og miljøstyresmaktene ved planlegging, behandling og oppfølging av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.

Ein samla komité ser det som kritikkverdig at aktuelle departement og underliggjande organ ikkje samhandlar betre, slik at ein kan vareta miljø og fiskeri ved petroleumsverksemda i nordområda. Komiteen peikar spesielt på at det er naudsynt at Olje- og energidepartementet har ein betre dialog med Klima- og miljødepartementet for å avklara om det er behov for strengare vilkår i utvinningsløyve der det er særlege utfordringar.

Det er regjeringa som må ta ansvar for å sikra god samordning mellom departementa for å vareta heilskapen ved utbyggingar. Ikkje minst er dette viktig i Barentshavet, der det er ein aukande kritisk debatt både nasjonalt og internasjonalt om norsk oljeverksemd. Difor er det også viktig at ein har gode samarbeidsrelasjonar mellom aktørane, og at ein tek miljøperspektiva inn i all verksemd, men også at ein kan dokumentera det ein gjer, og det føreset at det er openheit om vurderingane.

Spørsmåla kring oljevernberedskapen i Barentshavet vil verta meir inngåande framover, og då må også svara vera betre, og me kan ikkje ha heftande ved aktiviteten eit inntrykk av at Olje- og energidepartementet ikkje involverer Klima- og miljødepartementet mfl. så godt som Stortinget forventar.

Denne riksrevisjonsrapporten omfattar heile fem departement:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Samferdselsdepartementet

Gjennomgåande mangelfull samordning og samhandling, der alle departementa, unnateke Olje- og energidepartementet, i hovudsak sluttar seg til Riksrevisjonens tilrådingar, inneber ikkje her eine og åleine kritikk av Olje- og energidepartementet. Det er ei samla regjering som har ansvaret for god samhandling mellom departementa, og komiteen forventar at det i regjeringa vert teke grep som gjer at ein samla sett betre varetek miljø og fiskeri ved petroleumsverksemda i nordområda.

Abid Q. Raja hadde her overtatt presidentplassen.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Kva gjer styresmaktene i dei ulike departementa for å vareta det rike matkammeret me har i havområda i nord, når petroleumsverksemda kjem lenger nordover? Sanninga er, etter å ha gått igjennom rapporten frå Riksrevisjonen, at det ikkje vert gjort nok.

Det er i desse områda silda, lodda og torsken er om lag heile sitt liv. Fisken gjev ikkje berre liv til seg sjølv. Han gjev grunnlag for busetjing og arbeidsplassar langs heile kysten. I Finnmark hentar nesten kvar fjerde sysselsett levebrødet sitt frå havet. Havnæringa i Nord-Noreg sysselset over 31 000 personar i landsdelen. Sjømatnæringa åleine har over 20 verksemder innanfor fiskemottak, slakting og foredling i Nord-Noreg. I fjor vart det selt over 990 000 tonn med villfisk som var ført i land, noko som utgjer rundt 40 pst. av det totale volumet her til lands. Det er med andre ord snakk om uvurderlege verdiar for landsdelen og Noreg.

Så korleis er samordninga i regjeringa? Slett ikkje god nok, seier Riksrevisjonen. Det er det lett å vera samd i etter å ha lese rapporten. Jo meir petroleumsverksemd som kjem til Barentshavet, desto meir kan det påverka miljø og fiskeri. Ein vågar nesten ikkje å tenkja på kva ei ulukke innanfor petroleumssektoren kan ha av verknad på desse sårbare og verdifulle områda.

Riksrevisjonen har sett på korleis fem departement som alle, kvar for seg og saman, har eit stort ansvar for å samarbeida til beste for miljø og fiskeri i nord. Nettopp difor er det skuffande at Klima- og miljødepartementet gjer for lite for å sikra eit betre grunnlag for å vurdera kva slags risikoreduserande tiltak som kan setjast i verk.

Det er ei klar tilråding frå Riksrevisjonen som kjem til tre departement i denne rapporten. Både Olje- og energidepartementet, Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet får ei klar oppmoding om å gjera ein betre jobb. Senterpartiet støttar fullt ut den oppmodinga. Det er kanskje spesielt Olje- og energidepartementet som ikkje kjenner seg att i det som står i rapporten. Det er bekymringsverdig viss oljeindustrien styrer for mykje av innstillinga i og vilkåra frå Olje- og energidepartementet.

Saman med Nærings- og fiskeridepartementet må dei sørgja for ei meir systematisk og kunnskapsbasert seismikkrådgjeving. Her er det mykje å ta tak i, for dette arbeidet må ein ikkje venta med. Nordområda og økosystemet er for sårbare til det.

Det vil alltid vera spenningar mellom departementa når det gjeld kva dei legg vekt på. Då vert det sjølvsagt ikkje betre av at det er store spenningar mellom partia som sit i regjering. Med ein statsråd frå Venstre i Klima- og miljødepartementet og ein statsråd frå Framstegspartiet i Olje- og energidepartementet kan ein stilla seg spørsmålet om det er det som gjer at dei har så ulikt syn på det som kjem fram i rapporten.

Diverre finn ikkje statsrådane noka hjelp i regjeringserklæringa heller. Det står ingenting om betre samordning til beste for miljø og fisk. Men om dei vil, kan dei få hjelp, ikkje minst frå Faglig forum for norske havområder. I februar no i år kom forumet med tilrådinga si og det faglege grunnlaget for revisjon av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten. Det vil i samband med handsaminga av rapporten frå Riksrevisjonen her i dag vera for lite tid til å gå langt inn i det arbeidet, men det er altså hjelp å finna i dei underliggjande etatane.

Det er ein samla komité som står bak det aller meste, men me frå Senterpartiet valde å ha med eit ekstra punkt, der me viser til at kommunane i nordområda har eit tungt ansvar for vernebuinga langs kysten. Likevel er det lite støtte å henta frå ein stat som ikkje har makta å koordinera innsatsen sin. Me legg difor til grunn at kommunane i langt større grad må verta involverte i dette arbeidet og samstundes få dei økonomiske midlane som det fordrar.

Det er viktig for oss at me klarar å få til ei betre samhandling, der ein klarar det me til slutt må gjera: sikra både oljeverksemd og dei langvarige næringane frå fisket, og slik at det vil bera seg på sikt.

Eg vil takka komiteen og ikkje minst saksordføraren for eit godt samarbeid.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Den norske forvaltninga av hava blir sett på spissen når ein kjem opp i nordområda. Barentshavet er på den eine sida det viktigaste havet for Noreg og har vore det i tusenvis av år. Det er det havet store delar av det vi fiskar og lever av i fiskeria, kjem frå. Fiskane gyter andre stader, men så sig dei nordover og veks opp der. Det er eit oppvekstområde for store delar av fiskeartane på heile Nordkalotten. Dette er også eit hardt område, der ein må drive på langt meir kompliserte måtar enn andre stader. Så her blir alle våre regelverk sette på spissen.

Eg vil takke Riksrevisjonen for ein grundig rapport. Her har ein gått inn på eit veldig viktig og kritisk felt og avdekt systematisk svikt i korleis styresmaktene jobbar. Det gjeld alt frå korleis ein jobbar med prosessen med utvinningsløyve og vilkåra knytte til dei, korleis ein jobbar med risikoreduserande tiltak, korleis ein jobbar med planar for utbygging og drift, og på kva måte miljø og den typen omsyn kjem inn der, til all beredskap – oljevernberedskap – dimensjonering og korleis dette er tilpassa forholda i nord. På alle områda finn ein store manglar.

Det er også heilt riktig, som saksordføraren sa, at det ikkje berre er det som er underlagt Olje- og energidepartementet, som får kritikk. Det er også kritikk til Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet for mangel på beredskap osv. Men hovudtyngda ligg på Olje- og energidepartementet. Det som er gjennomgåande, er at ein ikkje involverer miljøstyresmaktene, ein tar ikkje innover seg beredskapen i særleg grad.

Det som er interessant i funna til Riksrevisjonen, er at Klima- og miljødepartementet anerkjenner funna og seier ok, her er det noko vi må ta tak i, mens Olje- og energidepartementet ikkje kjenner seg igjen i beskrivinga.

I dag stiller ein samla komité seg bak den vurderinga som Riksrevisjonen gjer. Da er den saka avslutta. Da forventar vi at Olje- og energidepartementet og dei andre departementa følgjer dette opp til punkt og prikke.

Eg har opp igjennom åra hatt fleire samtalar med kollegaer frå utlandet om dei kanskje litt særnorske sidene ved forvaltninga og korleis det går føre seg i Noreg. Å koordinere departementa er vanskeleg i Noreg. Det er ikkje på så mange område vi har erfaring med god koordinering mellom departementa. Vi har også ein særnorsk tradisjon ved at enkeltdepartement på nokre område kanskje overser styringa frå politiske styresmakter. I denne saka er vi på eit slikt felt. Responsen frå kollegaene mine er at dei ristar på hovudet. I deira verd er dette heilt uvanleg. Det er noko som ein kanskje har blitt van med i vårt land, altså i Noreg, men for dei er dette heilt uakseptabelt. Som éin sa: Embetsstyring utanfor demokratisk kontroll er heilt uakseptabelt i vårt land i alle fall.

Her har vi ein situasjon der Olje- og energidepartementet vel ikkje å involvere miljøstyresmaktene på eit tidleg tidspunkt. Høyringsinnspel blir avviste. Dei miljøfaglege vurderingane er ikkje offentlege. Vi eller andre har inga moglegheit – på nokon som helst måte – til å ettergå det. Dermed har vi eit stort problem, som i verste fall kan føre til alvorlege hendingar i det viktigaste havet for nasjonen Noreg. Viss det oppstår alvorlege hendingar, har vi heller ikkje ein beredskap som gjer at vi kan ramme dette inn raskast mogleg og handtere det på best mogleg måte.

Så dette er ikkje berre ei kritikkverdig sak – det er også urovekkjande at den kritikken som har kome, blir avvist så enkelt frå Olje- og energidepartementet. Eg forventar at statsråden her og no hevar seg over det, tar dei vurderingane som er gjorde av både Riksrevisjonen og Stortinget, innover seg, og at ein får dette inn på eit ordentleg og skikkeleg spor, slik at vi kan få sikra desse havområda på ein best mogleg måte.

Statsråd Ola Elvestuen []: Først vil jeg si at undersøkelsen fra Riksrevisjonen om myndighetenes arbeid med å ivareta miljø og fiskeri ved petroleumsvirksomhet i nordområdene har vært omfattende. Jeg mener Riksrevisjonen har gjort en grundig undersøkelse, og at funnene i rapporten gir et godt grunnlag for å vurdere og gjennomføre forbedringer på de enkelte områdene.

Innenfor mitt ansvarsområde har Riksrevisjonen særlig vært opptatt av risikoreduserende tiltak, miljørisikoanalyser og at oljevernberedskapen må være godt nok tilpasset de særskilte forholdene i nordområdene.

Det er flere sårbare områder i nord. Barentshavet har en av verdens høyeste tettheter av sjøfugl, og Norge har et særlig ansvar for å forvalte flere av artene. Havområdet er også et viktig leve- og gyteområde for fisk. Det er derfor helt avgjørende at beredskapen mot akutt forurensning i nord er tilstrekkelig robust og effektiv for å unngå skade dersom det skjer et oljeutslipp. Jeg er allerede i gang med å følge opp anbefalingene innenfor mitt ansvarsområde. Her vil jeg nevne noen punkter:

  • Oljevernberedskapen i nord vil bli et sentralt tema i arbeidet med revideringen av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten som skal legges fram neste år.

  • Myndighetene vil samarbeide enda tettere enn i dag om beredskapen mot akutt forurensning i nord. Det vil bl.a. bli tettere samarbeid om krav til beredskap og oppfølging av og tilsyn med operatørene.

  • Regelverket og kravene til beredskap mot akutt forurensning skal styrkes. Dette er Miljødirektoratet i gang med i samarbeid med andre myndigheter. Det er også dialog med næringen.

  • Miljødirektoratet vil også følge opp miljørisikoarbeidet i næringen enda tettere, slik Riksrevisjonen anbefaler. Jeg vil likevel legge til at grunnlaget for beredskapskravene som stilles, baseres på all tilgjengelig kunnskap og ikke utelukkende på miljørisikoanalyser.

  • Miljødirektoratet ser på ulike muligheter for å komme tidligere i inngrep med operatørenes planlegging av petroleumsaktiviteter. Rett før oppstart av aktivitet kan nye krav bli både dyrt og krevende. Tidlig involvering er derfor viktig for å sikre at nødvendige miljøtiltak blir gjennomført på en kostnadseffektiv måte.

Samhandlingen mellom Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet er også et tema fra Riksrevisjonen, og jeg og olje- og energiministeren har en god dialog om det.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Det er tydeleg her at det er ulike syn i dei ulike departementa. Tilbakemeldingane på Riksrevisjonens rapport er ganske ulike, særleg frå Olje- og energidepartementet i forhold til frå dei andre departementa. Korleis ser ministeren på at tilbakemeldingane er så ulike?

Statsråd Ola Elvestuen []: Nå konsentrerer jeg meg om de områdene som går på mitt felt, som jeg også har redegjort for. Vi tar innspillene fra Riksrevisjonen på alvor og vil gjennomgå dem.

Ellers er det olje- og energiministeren som har hovedansvaret ved utvinningstillatelser og utbyggingsplaner. Det er Kongen i statsråd som formelt tildeler utvinningstillatelser, men i forkant av dette er det en felles regjering som har en samlet beslutning, der også Klima- og miljødepartementets syn er involvert. Så det er en grundig prosess, men det er alltid rom for forbedringer. Selv om dette er en del av en felles regjeringsbeslutning, er det som jeg sier, at jeg og olje- og energiministeren har en dialog om dette.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Det er ei utfordring når det gjeld oljevernberedskap. Det er eit langstrakt land, og det er mange mindre kommunar langs kysten som føler seg utrygge med omsyn til den oppgåva dei skal ta vare på ved eventuelle utslepp.

Kva meiner ministeren ein kan gjera for at dei skal koma styrkte ut og føla seg tryggare på at dei kan meistra ein vanskeleg situasjon?

Statsråd Ola Elvestuen []: Nå er det jo flere ting. Det første, som jeg sier, er at oljevernberedskapen i nord vil bli et sentralt tema i forvaltningsplanen for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten som skal legges fram neste år. Når det gjelder myndighetene, er det påpekt at vi både må bruke kompetansen mellom Miljødirektoratet og Kystverket bedre og ha en bedre samhandling der. Det vil vi også se på.

Så er det å følge opp de beredskapsplanene som operatørene har, men også kommunenes beredskapsplaner. Kommunene skal først og fremst ta de mindre utslippene som er akutte – vi må støtte opp under det – samtidig som de også skal være en del av det dersom det inntreffer større hendelser.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eit av funna til Riksrevisjonen er at når ein behandlar løyve etter forureiningslova av planar for utbygging og drift, dei såkalla PUD-ane, så kjem miljømyndigheitene på banen etterat PUD-en er godkjend. Vil regjeringa no sørgje for at dei miljøfaglege vurderingane knytte til forureiningslova vil skje førPUD?

Statsråd Ola Elvestuen []: Nå er det jo først og fremst slik at hovedrammene legges i forvaltningsplanene, og vi skal ha en ny forvaltningsplan til neste år med en revisjon av Barentshavet og Lofoten, men også en oppdatering av de to andre forvaltningsplanene. Så er det regjeringen i fellesskap og Kongen i statsråd som tar beslutninger om utvinningstillatelser, og der er det, som jeg sier, en dialog, og det er den samhandlingen innad i regjeringen vi jobber med. Og som jeg også sa i mitt svar, ser Miljødirektoratet på ulike muligheter for å komme tidligere i inngrep med operatørenes planlegging av petroleumsaktivitet, og tidlig involvering er viktig for å sikre nødvendige miljøtiltak. Så dette er et arbeid som er i Miljødirektoratet nå.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Statsråden kom inn på det på slutten av innlegget sitt – altså «tidligere». Når ein har sagt at ein i stor grad er einig i dei funna som Riksrevisjonen har gjort, og eitt av funna er at miljømyndigheitene først kjem i etterkant av PUD-en og begynner å behandle etter forureiningslova, og statsråden da seier at ein vil kome «tidligere», vil det bety at også miljømyndigheitene i den fasen, på same måte som oljemyndigheitene samarbeider med operatørane, vil vere med på å vurdere tiltak i forkant av løyvet til PUD-en?

Statsråd Ola Elvestuen []: Nå er dette et arbeid som ligger i Miljødirektoratet, som ser på ulike muligheter. Vi har en dialog med olje- og energiministeren. Og så er det, som jeg har sagt, viktig at Klima- og miljødepartementet ligger helt i forkant når rammene settes i forvaltningsplanen.

Dag Terje Andersen (A) []: For å følge opp det som nå var temaet: I rapporten går det jo klart fram at Miljødirektoratet erkjenner de problemene som finnes, og skal prøve å ta tak i dem. Men så er det slik at olje- og energiministeren ikke erkjenner de problemene som finnes, og da er jeg spent på om han har tenkt å ta tak i dem.

Når representanten Knag Fylkesnes var inne på at Miljødirektoratet først begynner å behandle søknaden etter forurensningsloven etter at PUD-en er behandlet, så er jo det et felles problem. Altså: Det må to departementer til for å samarbeide, og det er Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet: Vil miljøministeren sørge for at hans departement kommer tidligere inn i saksbehandlingen i framtida? Er det det som ligger i det han snakker om?

Statsråd Ola Elvestuen []: Det er, som jeg sier, de tre tingene: Det er forvaltningsplanene som setter rammene, og så er det det som går på beslutningen om selve utvinningstillatelsene, som jo er en samlet beslutning fra regjeringens side. Det er en dialog mellom olje- og energiministeren og meg om dette, men dette er en felles beslutning fra regjeringens side. I tillegg er det det arbeidet som nå gjøres i Miljødirektoratet med å se på ulike muligheter for å komme tidligere inn. Så dette er noe som vi fra Klima- og miljødepartementets side tilnærmer oss på flere måter.

Dag Terje Andersen (A) []: Jeg er kjent med saksgangen i denne typen saker, men det er den saksbehandlingen som Riksrevisjonen har påpekt er for svak til å ivareta miljøhensyn, altså at de bør komme tidligere inn i prosessen, jeg konkret spør om. Vil statsråden sammen med sine kolleger i regjeringa – først og fremst olje- og energiministeren – bidra til at miljøhensyn i framtida kommer tidligere inn i planleggingen? Jeg er kjent med hvordan planleggingen foregår i dag.

Statsråd Ola Elvestuen []: Det er som jeg har svart, at vi har igangsatt dette arbeidet, og vi tar definitivt innvendingene fra Riksrevisjonen på alvor, men jeg har ikke den endelige konklusjonen på dette, jeg må først ha det arbeidet som gjøres. Men det er ingen tvil om at Klima- og miljødepartementets arbeid er sentralt for å ivareta naturverdiene, også ved petroleumsaktivitet i nord.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til replikk.

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: I Norge har vi et etablert, bredt og godt forankret system for forvaltning av våre petroleumsressurser. Det er også bredt anerkjent som et av de beste i verden. Systemet vårt er forankret i lover, regelverk og en rekke stortingsdokumenter. Våre beslutninger er også basert på et oppdatert faktagrunnlag. På bakgrunn av disse faktaene er vår jobb som politikere å avveie eventuelle motstridende hensyn.

Jeg har merket meg kritikken som framkommer i Riksrevisjonens undersøkelse. Jeg mener at de fleste forholdene som kritiseres, er ivaretatt, men samtidig er det sånn at det alltid kan være rom for forbedringer i prosesser.

Petroleumsvirksomheten er landets største og viktigste næring og vekker stor interesse og debatt i det offentlige rom. Petroleumspolitikken og rammer for virksomheten og avveininger opp mot andre samfunnsforhold har derfor vært gjenstand for grundige vurderinger og avveininger i Stortinget i flere tiår.

Stortinget har vedtatt petroleumsloven og annet lovverk som regulerer denne virksomheten. Det er Stortinget som tar stilling til åpning av nye områder for petroleumsvirksomhet, inkludert eventuelle avbøtende tiltak. Stortinget forelegges også en konkret operasjonalisering av avveininger mellom næringsvirksomhet og miljøhensyn i forvaltningsplanene for havområdene. Slike vilkår inkluderes i utvinningstillatelsene, og Stortinget forelegges også større utbyggingssaker. Utlysing av konsesjonsrunder og tildeling av utvinningstillatelser håndteres av regjeringen, som til slutt vekter forskjellige samfunnshensyn opp mot hverandre innenfor de rammene som Stortinget har fastsatt. Regjeringen foretar den endelige avveiningen og beslutter på basis av grundige prosesser med innspill fra alle berørte departementer og etater.

Myndighetenes behandling og godkjenning av plan for utbygging og drift, altså PUD, følger de rammene som er satt i petroleumsloven og i petroleumsforskriften. Her står PUD for to deler – én utbyggingsdel og én konsekvensutredningsdel. Utbyggingsdelen beskriver de tekniske og økonomiske sidene ved utbyggingen. Konsekvensutredningen beskriver konsekvensene av utbyggingen for miljø og andre næringsinteresser og samfunn, samt eventuelle avbøtende tiltak for å redusere konsekvensene. Gjennom prosessen med konsekvensutredning involveres berørte parter og andre departementer og etater i PUD-behandlingen. Det følger av lovverket at utbyggingsdelen sendes til Olje- og energidepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet. Olje- og energidepartementet koordinerer myndighetsbehandlingen.

Min vurdering er at rammeverket bidrar til at miljømyndighetene er kjent med og tidlig i utbyggingsløpet gir merknader til konsekvensutredningen. De tar siden del i regjeringens grundige behandling av PUD, noe som gir det nødvendige handlingsrommet for at miljøkonsekvenser og tiltak er belyst og veid opp mot andre hensyn før endelig PUD, og for at myndighetene kan stille eventuelle vilkår med sikte på å begrense eller avbøte negative virkninger av vesentlig betydning.

Jeg mener at forholdene som tas opp om prosessen knyttet til behandling og godkjenning av PUD, er godt ivaretatt i dag. Samtidig ser jeg at det alltid kan være rom for forbedringer i slike prosesser.

Jeg vil avslutte med at Stortingets flertall står bak gjeldende petroleumspolitikk i Barentshavet og ellers på kontinentalsokkelen. Stortingets vedtak og forutsetning følges, og vi har lange og gode tradisjoner for kunnskapsbasert forvaltning av våre havområder.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Espen Barth Eide (A) []: Det er et ganske tydelig budskap fra Riksrevisjonen, som også er understreket av en samlet komité og, slik jeg forstår det, også av andre departementer og berørte etater, men i noe mindre grad av Olje- og energidepartementet, om at samhandlingen har vært for dårlig.

Jeg anerkjenner at statsråden sier at det alltid kan være rom for forbedringer. Det er jo et universelt riktig utsagn, det ville være rart om man i noen sak mente noe annet. Men hvilke forbedringer, hvis noen, er det statsråden eventuelt har ønsket å ta initiativet til? Jeg spør på bakgrunn av at de partiene som statsråden og jeg representerer, begge er tilhengere av en videreutvikling av oljeindustrien i Norge, og at det kanskje er spesielt viktig i den tiden vi lever i nå, med stadig større spørsmål rundt næringen, at man har orden på disse tingene, gode svar og god transparens i samvirket mellom miljø og oljeutvinning.

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Som jeg redegjorde for i mitt innlegg, mener jeg at vi har et godt rammeverk, et rammeverk som i realiteten er utviklet gjennom 50 års aktivitet på norsk sokkel. Det rammeverket vi har, er kunnskapsbasert, og utgangspunktet er forvaltningsplanene.

Det er selvfølgelig Olje- og energidepartementets rolle å styre med utgangspunkt i det som ligger til grunn i forvaltningsplanene.

Så er Riksrevisjonen tydelig på noen områder, bl.a. peker de på samhandling. Og som jeg sa fra Stortingets talerstol: Det er alltid rom for forbedringer i prosesser, noe som Riksrevisjonen peker på. Som statsråd Elvestuen også bekreftet, er det god dialog i dag.

Espen Barth Eide (A) []: Jeg takker statsråden for svaret, men det er fortsatt litt uklart for meg hvilke forbedringer statsråden vil bidra til, eller i det hele tatt hvem han mener burde bidra til disse forbedringene. Jeg kjenner meg egentlig ganske godt igjen, jeg har vært både statsråd i flere departementer og statssekretær. Norge har sterke, gode embetsverk, men kanskje ikke alltid like god samordning som det embetsverkene klarer hver for seg. Jeg fikk et viktig råd som jeg gjerne vil dele med statsråden, og det er at man alltid skal huske på at man er regjeringens representant i departementet, mens et samlet embetsverk helst vil gjøre statsråden til departementets representant i regjeringen. Det er stor forskjell på de to tingene. Jeg tror det er et viktig budskap her at det nettopp er regjeringens medlemmer og øvrig politisk ledelse som må ta initiativet til at disse tingene forbedres. Jeg tror at det faktisk ville være fornuftig om statsråden hadde en enda klarere oppfatning av hvilke av disse tiltakene som det nå ville være lurt å gjøre noe med, og hvordan han skal gjøre noe med det, utover bare å si at alt alltid kan forbedres, for det er jeg prinsipielt enig i i enhver sak.

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Det pågår nå et omfattende arbeid i forbindelse med forvaltningsplanene, som statsråd Elvestuen var inne på. Ny kunnskap legges til grunn hele tiden i alle beslutninger man tar, noe som også forvaltningsplanen sier man skal gjøre.

I 2011 endret vi dette systemet fordi vi fikk ny kunnskap. For TFO, altså tildeling i forhåndsdefinerte områder, har man en mekanisme der man sender det på høring for å sjekke om det er kommet vesentlig ny kunnskap som ikke er fanget opp i forvaltningsplanen. Så vi har et system der forvaltningen baserer seg på kunnskap, og der vi hele tiden får ny kunnskap som implementeres.

Espen Barth Eide (A) []: Jeg har lyst til å bruke anledningen til å si at jeg også tror vi har et godt system i Norge i utgangspunktet, men slik skal det da også være. Jeg tror veldig mye av bransjens «licence to operate», som det heter på fint, står seg på at man hele tiden sørger for å ha verdens beste standard på dette samvirket mellom miljø og olje.

Da vil jeg avslutte med et spørsmål for å gi et lite hint om hva statsråden kanskje kunne gjøre. Det er altså et konkret forslag fra både Riksrevisjonen og innstillingen at miljøstyresmaktene skal komme tidligere og tydeligere inn i prosessen. Vil statsråden sammen med statsråd Elvestuen bidra til at det skjer?

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Det kan statsråden bekrefte.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Eg reknar med at statsråden har merka seg at ein samla komité seier heilt tydeleg at her er det tydeleg at samhandlinga har vore for dårleg, og at spesielt tilbakemeldinga om hans departement er annleis enn dei andre. Kva vil statsråden ta med seg i det vidare arbeidet, når det faktisk er ein samla komité som står bak dette?

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Som jeg sa i mitt innlegg, mener jeg at vi har et veldig godt forvaltningssystem for denne næringen, som er utviklet over lang, lang tid. Og så er det, akkurat som Riksrevisjonen påpeker, rom for forbedring av noen prosesser. Som jeg bekreftet til forrige replikant, og som også statsråd Ola Elvestuen viste til, er det helt konkret pekt på mitt departement når det gjelder tidligere involvering. Det tar jeg selvfølgelig på alvor, jf. det Riksrevisjonen påpeker, og jeg kan bekrefte det samme som statsråd Elvestuen: Det er dialog i dag, og vi ser på hvordan dette kan bli bedre.

Nils T. Bjørke (Sp) []: Ja, det er eit bra system. Det er Riksrevisjonen og komiteen fullt ut klar over. Men utfordringa er at ein føler at samhandlinga vert for dårleg. Føler olje- og energiministeren at for hans oppgåve er det å få gjennomført utbygging viktigare enn det totale ansvaret for miljøet og totaliteten?

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Før det tas beslutninger om å gi en utvinningstillatelse, er det en omfattende prosess for å få «license to operate», som det har vært nevnt i denne salen. Der er det en rekke underliggende etater som skal høres, og beslutninger blir tatt basert på kunnskap. Men det er én forutsetning for den jobben som gjøres, og det er at det ligger et grundig kunnskapsgrunnlag i forkant, nemlig forvaltningsplanene, der underliggende etater har en vesentlig del i det arbeidet som skjer, og som også er et dokument som Stortinget behandler. Så når beslutninger blir tatt, er det basert på det rammeverket som Stortinget har trukket opp.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Systemet slik det er tenkt, er bra, men det er ikkje godt nok. At det ikkje blir følgt godt nok opp, har både Stortinget sagt og Riksrevisjonen påpeikt, og det har også store deler av regjeringa sagt. Det blir ikkje følgt godt nok opp, og no må ein gjere endringar.

Eg set pris på at statsråden seier at ja, miljømyndigheitene vil bli involverte på eit tidlegare tidspunkt, bl.a. i PUD, planar for utbygging og drift. Det synest eg er godt.

Ei anna side det hadde vore interessant å høyre om – som ein test av om statsråden òg tek det på alvor – er spørsmålet omkring utvinningstillatingar. I førre runde med tillatingar var det mange av dei offentlege instansane som meinte at det skulle vore stilt strengare vilkår, men det blei avvist av Olje- og energidepartementet. Dei avvisingane, dei miljøfaglege vurderingane til Olje- og energidepartementet, er ikkje offentlege. Vil Olje- og energidepartementet offentleggjere dei miljøfaglege vurderingane no?

Statsråd Kjell-Børge Freiberg []: Alle innspill som er kommet når det gjelder den høringen, ligger selvfølgelig tilgjengelig på Olje- og energidepartementets nettsider som de offentlige dokumentene de er. Men det er regjeringens beslutning når det gjelder de innspillene som kommer, og den jobben som gjøres. Utlysningen som blir gjort i den andre enden, svarer nettopp på hvordan disse innspillene er vurdert av regjeringen totalt sett.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Magne Rommetveit (A) []: Det kan jo ikkje verta ein så veldig saftig debatt når heile komiteen er einig og står bak. Me kunne nok ha spissa oss litt og hatt nokre fleirtal og mindretall og kanskje fått litt meir futt i det, men det er trass alt sånn at når ein har ein samrøystes komité, då seier me – Stortinget – i merknadene frå om korleis me vil ha det.

I Amerika har ein dei sameinte statane. Me kan jo få inntrykk av at statsinstansane her til lands ikkje er så veldig sameinte når me les denne rapporten, og me har òg hatt andre riksrevisjonsrapportar der det viser seg at det skortar ein del på samhandlinga mellom departementa. Her er det altså fem departement som ikkje er gode nok på samhandling i det som er eit viktig og betent område både geografisk og eigentleg òg politisk. Så det er veldig viktig at me klarer å ha ei regjering og eit regjeringsapparat som står samla i det.

Eg er glad for at det vart opplyst at det no vert betre samhandling mellom OED og KLD. Det vart sagt frå statsråd Freiberg at det er godt nok, men kan verta betre – men Stortinget har eigentleg sagt no at det må verta mykje betre. Det er det me har sagt.

Eg ser òg at det er litt utfordringar mellom departementa, utfordringar med å ha felles forståing, for det er ulike oppfatningar om nytteverdien av bl.a. Riksrevisjonens rapport. Eg sit her med resultatet av ei brukarundersøking som Riksrevisjonen har føreteke overfor dei instansane som vart reviderte. Det var OED, OD, SD, Kystverket, NFD, Fiskeridirektoratet, KLD, Miljødirektoratet og Ptil. Det varierer noko veldig kva dei synest om nytteverdien av dette, om informasjonen, og om det har noko å seia for framtidig oppfølging. OED har ikkje svart i det heile, og det har ikkje NFD heller – det synest eg er litt merkeleg – mens Klima- og miljødepartementet synest dette er kjempegreier og svarer topp på alt som det går an å svara på, og det er nesten det same for Miljødirektoratet. Oljedirektoratet og Ptil er litt meir lunkne, men likevel.

Ein har noko å jobba med i regjeringa med å kna det i hop og få det til å hengja noko betre saman. Det meiner Riksrevisjonen, det meiner kontrollkomiteen, og difor meiner eigentleg heile Stortinget det. Så de får gå heim og gjera noko med det.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.