Interpellasjon fra representanten Liv Signe Navarsete til utviklingsministeren: «Nepal er eit av verdas mest klimasårbare land og er prega av gjentakande naturkatastrofar som flom, jordskjelv og skred. Dette råkar befolkningas livsgrunnlag. 68 prosent av befolkninga får inntekta si gjennom landbruket, og landbruket bidreg til heile 34 prosent av landets bruttonasjonalprodukt. Trass i nokre framsteg i fattigdomsreduksjon i Nepal dei siste åra er Nepal framleis eit av verdas fattigaste land. Nepal fekk etter mange år med borgarkrig på plass grunnlova si i 2015. I 2017 gjennomførte landet dei første lokalvala på 20 år, og har etter det fått den første føderale regjeringa på plass i 2018. Fleire organisasjonar er engasjerte i Nepal, mellom dei Utviklingsfondet, som har vore i landet sidan 1982. Kva bistandsprosjekt i Nepal har regjeringa medverka til, og korleis sikrar regjeringa at Nepal får styrka lokale institusjonar, sivilsamfunn og matsikkerheit»?