Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I denne proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag til statsbudsjettet 2017.
I Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 vart det løyvd 5 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt kap. 118 post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til etablering av eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø. Nærings- og fiskeridepartementet har overteke ansvaret for etableringa av senteret.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 89 til 94 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 118 post 70.
Digital Norway/Toppindustrisenteret AS er eit næringslivsdreve initiativ som skal samle kompetanse og skape ein nasjonal arena for samhandling og deling av kunnskap, erfaringar, teknologiar og forretningsmodellar. I juli 2017 inngjekk NFD ein samarbeidsavtale med senteret, som inneber eit strategisk medlemskap i tre år. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner på ny post 23 mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 900 post 75.
Staten har teke på seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Planlagt gjennomføring av oppryddinga er i 2018 dersom ein får til ein avtale med deponi. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,9 mill. kroner, frå 20,2 til 0,4 mill. kroner, i 2017.
Dei tre fylkeskommunane i Nord-Noreg har inngått kontrakt med Arctic Race of Norway AS om eit fast årleg beløp på 15 mill. kroner i perioden 2016–2018. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 15,4 til 15 mill. kroner.
Departementet skal årleg få refusjonskrav frå det amerikanske utanriksdepartementet for Noregs medlemskap i NAIP, men i 2016 kom det ikkje noko krav. Difor har departementet motteke to krav om refusjon i 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 38,9 til 41,4 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 9 til 7,1 mill. kroner.
Det blir vist til omtale under kap. 900 post 23. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 11,9 til 9,9 mill. kroner.
Av omsyn til realistisk budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga i 2017 vert redusert med 41 mill. kroner til 19 mill. kroner, og at det blir fremja ei tilsegnsfullmakt på kap. 900 post 79 på 41 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.
Ved Stortinget si handsaming av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 vart løyvinga auka med 8 mill. kroner til kjerneboringar på Fernsfeltet i Telemark. Arbeidet er forsinka, og det ligg ikkje an til at heile løyvinga vil bli brukt i 2017.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at post 1 driftsutgifter blir tilføyd stikkordet «kan overførast».
Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk i budsjettåret 2017. Med bakgrunn i utviklinga i talet på sjøfolk i ordninga kan løyvinga reduserast med om lag 170 mill. kroner. Departementet vil understreke at berekninga er usikker, og at utbetalingar i ordninga mellom anna blir påverka av talet på sjøfolk i ordninga og deira lønsnivå. På grunnlag av desse endringane gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 170 mill. kroner, frå 2 127 til 1 957 mill. kroner.
Sjøfartsdirektoratet har så langt i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017) med auka gebyrbelagde tilsynsoppgåver frå Sjøfartsdirektoratet si side. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, frå 382,2 til 384,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av inntektene under kap. 3910.
Løyvinga på posten blir motsvara av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, jf. kap. 5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som er lagt til grunn i saldert budsjett 2017.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner, frå 62,6 til 68,2 mill. kroner.
Eitt løyve vart tildelt i 2017. På grunn av handsaming av klage på tildelinga er ikkje vederlaget innbetalt. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at løyvinga blir redusert frå 8 mill. kroner til 0.
Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Utbetalingane har vore til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,1 mill. kroner, frå 419,3 til 411,2 mill. kroner.
Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som vart lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner, frå 237,2 til 242,9 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer kontingentar til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen vart høgare enn det som var lagt til grunn, fyrst og fremst som følgje av ein høgare eurokurs. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner, frå 28,3 til 30,1 mill. kroner.
Som følgje av auka aktivitet, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 2,2 mill. kroner. Årsaka er fleire patent- og varemerkesøknader enn venta. Handsaminga i Patentstyret fører til auka ressursbruk i etaten, dels i 2017, dels i seinare år.
Som følgje av at Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) frå 1. januar 2017 tok over ansvaret for Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar, gjer departementet framlegg om å overføre 0,2 mill. kroner frå Patentstyret til KFIR.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 238,9 til 240,9 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 7,8 til 8,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 935 post 1.
I saldert budsjett 2017 er det løyvd 23,3 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2017 er anslått til om lag 14,2 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner, frå 23,3 til 14,2 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 169 til 166,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under post 74.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 514,9 mill. kroner til 517,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Innovasjon Norge sine utgifter med å opprette og forvalte eit statleg koinvesteringsfond for Nord-Noreg i 2017.
Innovasjon Norge kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innlåna har auka noko ut over det som låg til grunn ved saldert budsjett 2017. Dette inneber òg at avdraga blir auka – jf. omtale under kap. 5325 post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,6 mrd. kroner, frå 41,9 til 46,5 mrd. kroner.
Nytt anslag for utlån under ordninga er 3,8 mrd. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,2 mrd. kroner, frå 12 til 3,8 mrd. kroner.
Justervesenet vil, saman med departementet, vurdere innretninga på gebyr og avgifter med sikte på å få ein balanse mellom inntekter og utgifter for den brukarfinansierte verksemda frå 2018. For å dekkje inn delar av inntektsavviket i 2017 har Justervesenet arbeidd for å auke inntektene frå sal av tenester, jf. kap. 3902 post 3.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 38,2 til 30,2 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 16,35 til 21,35 mill. kroner.
Ved alvorlege brot på regelverket kan Justervesenet gi lovbrotsgebyr. Departementet gjer framlegg om å opprette ein ny inntektspost for desse gebyra for å skilje lovbrotsgebyra frå andre inntekter.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på 60 000 kroner under ny post 86.
Gebyra i Brønnøysundregistra har auka meir enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 40 mill. kroner, frå 500 til 540 mill. kroner
Sjøfartsdirektoratet har hittil i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). Auken er knytt til nybygging og ombygging av fartøy og nyregistreringar i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Under kap. 3910 post 1 Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR er det berekna ei mindreinntekt på om lag 1,4 mill. kroner. Netto meirinntekt blir 2,4 mill. kroner.
Med denne bakgrunnen gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under post 1 med 1,4 mill. kroner, frå 185,6 til 184,2 mill. kroner, og auke post 4 med 3,8 mill. kroner, frå 44,4 til 48,2 mill. kroner. Under kap. 910 post 1 gjerast det framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 910 post 1.
For 2017 er det berekna at Konkurransetilsynet vil få inn 12,7 mill. kroner i lovbrotsgebyr. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 12,6 mill. kroner, frå 0,1 til 12,7 mill. kroner.
I 2015 fekk oppdrettarane tilbod om ein kapasitetsauke på 5 pst. på alle løyve, mot eit vederlag på 1 mill. kroner. Tilbodet blei nytta for 37 løyve i 2017.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 37 mill. kroner, frå 10 til 47 mill. kroner.
Det er fakturert gebyr for i underkant av 3,6 mill. kroner i 2017. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 1 mill. kroner til 3,6 mill. kroner.
Patentstyret sine inntekter gjennos NPI vil bli lågare enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 4,1 til 3,7 mill. kroner.
Som følgje av fleire innkomne patentsøknader og fleire valideringar av europeiske patent vil Patentstyret sine inntekter bli høgare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2017.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 13,9 mill. kroner, frå 72 til 85,9 mill. kroner.
I saldert budsjett 2017 er det løyvd 25 mill. kroner frå moglege statlege aksjesal. Det har ikkje hittil i år vore nokre slike sal. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 0 kroner.
Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett 2017, er det behov for å auke løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,8 mrd. kroner, frå 41,4 til 46,2 mrd. kroner.
Anslaget under løyvinga er redusert som følgje av lågare volum på utbetalingar.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner, frå 30 til 15 mill. kroner.
Eksportkreditt Norgeanslår at avdrag på uteståande fordringar i 2017 vil bli lågare enn lagt til grunn i saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mrd. kroner, frå 10,7 til 7,2 mrd. kroner.
Bokførte inntekter gjeld innbetalingar knytt til tidlegare år.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner, frå 29,6 til 27,3 mill. kroner.
Det vil bli høgare inntekter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetning av fisk i 2017 enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18,2 mill. kroner, frå 236 til 254,2 mill. kroner.
Satsane for årsavgift gir ikkje tilstrekkelege inntekter til å nå inntektskravet for tilsynsverksemda. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 46,6 til 44,6 mill. kroner.
Innovasjon Norge kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 25 mill. kroner, frå 140 til 115 mill. kroner.
I saldert budsjett 2017 vart det løyvd 1 800 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 730 mill. kroner. Hovudårsaka til reduksjonen av anslaget er færre utbetalingar av nye lån enn venta, og ein styrka kronekurs som gjer renteinnbetalingar i enkelte valutaer mindre verd i norske kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 70 mill. kroner, frå 1 800 til 1 730 mill. kroner.
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som vart auka til 15 701,1 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017, er innbetalt utbyte frå selskapa 18,1 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at utbyte frå Entra ASA blir 18,4 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett 2017.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18,1 mill. kroner, frå 15 701,1 til 15 719,2 mill. kroner.
Såkornfonda som vart oppretta i perioden 2006–2008, er i ein exit-fase, og det nærmar seg avslutning av fonda. For å sikre avkastninga til fonda gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at Innovasjon Norge får fullmakt til å godkjenne endringar når det gjeld forvaltar og lokalisering av forvaltar, jf. framlegg til vedtak III.
Ved Stortinget si handsaming av Prop. 23 S (2015–2016) vart det vedteke ei løyving på 20 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard under Innovasjon Norge.
Innovasjon Norge har så langt gitt tilsegner for rundt 14,6 mill. kroner av midlane som vart løyvde i 2015. Rundt 6,4 mill. kroner er allereie utbetalt, og 8,2 mill. kroner av desse tilsegnene vil kome til utbetaling i 2018 eller 2019.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer no framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 8,2 mill. kroner på kap. 2421 post 80.
Det blir vist til omtale i Prop. 1 S (2017–2018) av departementets oppfølging av Stortinget sitt vedtak nr. 115 (2016–2017) av 8. desember 2016 om bl.a. samanslåing av Investeringsfond for Nordvest-Russland og Investeringsfond for Øst-Europa. Det samanslåtte investeringsfondet er foreslått forvalta gjennom eit aksjeselskap kor staten sine eigarinteresser blir lagde til og forvalta av Innovasjon Norge.
I løyvinga for 2017 og i forslaget for 2018 er det lagt til grunn at det isgåande forskningsfartøyet skal blir overlevert innan utgangen av 2017.
Prosjektet legg no til grunn at fartøyet vil bli overlevert i februar 2018. Det ligg derfor an til at siste betalingstermin, som skal betalast ved levering og aksept av fartøyet, ikkje vil forfalle til utbetaling i 2017. Det er løyvd 972,1 mill. kroner til prosjektet i 2017, av dette er det per 16. november 2017 utbetalt 93,2 mill. kroner.
Andøya Space Center AS har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om støtte til ein moglegheitsstudie som kan leggje grunnlaget for ei eventuell framtidig investeringsavgjerd. Regjeringa er positiv til å bidra til å avklare om fasilitetar for oppskyting av småsatellittar kan gi grunnlag for lønnsame arbeidsplassar på Andøya på kommersielt grunnlag og utan behov for subsidier frå staten. Regjeringa vil på bakgrunn av dette kome tilbake til Stortinget om saka i 2018.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Ingunn Foss, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Kjell-Børge Freiberg og Morten Ørsal Johansen, frå Senterpartiet, Nancy P. Anti og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, syner til proposisjonen og dei framlegga som ligg i denne, og gjev sin tilslutnad til desse.
Komiteen slutter seg til regjeringens positive holdning til å bidra til å avklare om fasiliteter for oppskyting av småsatellitter kan gi grunnlag for lønnsomme arbeidsplasser på Andøya.
Komiteen viser til at flere nasjoner i Europa allerede gjennomfører tilsvarende vurderinger. Norge har bedre naturgitte forutsetninger enn de fleste andre land i Europa samtidig som det gjennom mer enn 50 års romvirksomhet på Andøya er bygget opp verdifull kompetanse. Komiteen er derfor av den oppfatning at det er viktig å ha god fremdrift i det arbeidet Andøya Space Center gjør for å avklare grunnlaget for etablering på Andøya.
Komiteen fremmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2018 med forslag til fremdrift og vurderinger av bevilgningsbehov for Andøya Space Center.»
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet fremmer derfor følgende forslag:
«I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgende endringer:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
900 |
|
|
|
|
|
82 (ny) |
Andøya Space Center, kan overføres |
10 000 000» |
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgende endringer:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
900 |
|
|
|
|
|
82 (ny) |
Andøya Space Center, kan overføres |
10 000 000 |
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
Utgifter |
|
|
900 |
|
Nærings- og fiskeridepartementet |
|
|
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir auka med |
5 000 000 |
|
|
|
frå kr 89 041 000 til kr 94 041 000 |
|
|
|
23 (Ny) |
Digital Norway/Toppindustrisenteret AS, blir løyvd med |
2 000 000 |
|
|
30 |
Miljøtiltak Søve, kan overførast, blir redusert med |
19 850 000 |
|
|
|
frå kr 20 200 000 til kr 350 000 |
|
|
|
60 |
Overføring til fylkeskommunane for tilskot til regional næringsutvikling, blir redusert med |
400 000 |
|
|
|
frå kr 15 400 000 til kr 15 000 000 |
|
|
|
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med |
2 500 000 |
|
|
|
frå kr 38 925 000 til kr 41 425 000 |
|
|
|
71 |
Miljøtiltak Raufoss, blir redusert med |
1 900 000 |
|
|
|
frå kr 9 000 000 til kr 7 100 000 |
|
|
|
75 |
Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast, blir redusert med |
2 000 000 |
|
|
|
frå kr 11 900 000 til kr 9 900 000 |
|
|
|
79 |
Tilskot til Mechatronics Innovation Lab, blir redusert med |
41 000 000 |
|
|
|
frå kr 60 000 000 til kr 19 000 000 |
|
|
909 |
|
Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk |
|
|
|
73 |
Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving, blir redusert med |
170 000 000 |
|
|
|
frå kr 2 127 000 000 til kr 1 957 000 000 |
|
|
910 |
|
Sjøfartsdirektoratet |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
2 400 000 |
|
|
|
frå kr 382 162 000 til kr 384 562 000 |
|
|
917 |
|
Fiskeridirektoratet |
|
|
|
22 |
Fiskeriforsking- og overvaking, kan overførast, blir auka med |
5 600 000 |
|
|
|
frå kr 62 600 000 til kr 68 200 000 |
|
|
919 |
|
Diverse fiskeriformål |
|
|
|
60 |
Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, blir redusert med |
8 000 000 |
|
|
|
frå kr 8 000 000 til kr 0 |
|
|
922 |
|
Romverksemd |
|
|
|
71 |
Internasjonal romverksemd, blir redusert med |
8 070 000 |
|
|
|
frå kr 419 280 000 til kr 411 210 000 |
|
|
|
73 |
EU sine romprogram, blir auka med |
5 740 000 |
|
|
|
frå kr 237 200 000 til kr 242 940 000 |
|
|
924 |
|
Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram |
|
|
|
70 |
Tilskot, blir auka med |
1 800 000 |
|
|
|
frå kr 28 316 000 til kr 30 116 000 |
|
|
935 |
|
Patentstyret |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
2 000 000 |
|
|
|
frå kr 238 901 000 til kr 240 901 000 |
|
|
936 |
|
Klagenemnda for industrielle rettar |
|
|
|
1 |
Driftsutgifter, blir auka med |
150 000 |
|
|
|
frå kr 7 829 000 til kr 7 979 000 |
|
|
950 |
|
Forvalting av statleg eigarskap |
|
|
|
21 |
Særskilde driftsutgifter, blir redusert med |
9 100 000 |
|
|
|
frå kr 23 329 000 til kr 14 229 000 |
|
|
2421 |
|
Innovasjon Norge |
|
|
|
70 |
Basiskostnadar, blir redusert med |
2 500 000 |
|
|
|
frå kr 168 989 000 til kr 166 489 000 |
|
|
|
74 |
Reiseliv, profilering og kompetanse, kan overførast, blir auka med |
2 500 000 |
|
|
|
frå kr 514 900 000 til kr 517 400 000 |
|
|
|
90 |
Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med |
4 600 000 000 |
|
|
|
frå kr 41 900 000 000 til kr 46 500 000 000 |
|
|
2429 |
|
Eksportkreditt Norge AS |
|
|
|
90 |
Utlån, blir redusert med |
8 200 000 000 |
|
|
|
frå kr 12 000 000 000 til kr 3 800 000 000 |
|
|
|
|
Inntekter |
|
|
3902 |
|
Justervesenet |
|
|
|
1 |
Gebyrinntekter, blir redusert med |
8 000 000 |
|
|
|
frå 38 188 000 til kr 30 188 000 |
|
|
|
03 |
Inntekter frå sal av tenester, blir auka med |
5 000 000 |
|
|
|
frå kr 16 351 000 til kr 21 351 000 |
|
|
|
86 (Ny) |
Lovbrotsgebyr, blir løyvd med |
60 000 |
|
3904 |
|
Brønnøysundregistrane |
|
|
|
1 |
Gebyrinntekter, blir auka med |
40 000 000 |
|
|
|
frå kr 500 012 000 til kr 540 012 000 |
|
|
3910 |
|
Sjøfartsdirektoratet |
|
|
|
1 |
Gebyr for skip og flyttbare innretningar i NOR, blir redusert med |
1 400 000 |
|
|
|
frå kr 185 569 000 til kr 184 169 000 |
|
|
|
4 |
Gebyr for skip i NIS, blir auka med |
3 800 000 |
|
|
|
frå kr 44 370 000 til kr 48 170 000 |
|
|
3911 |
|
Konkurransetilsynet |
|
|
|
86 |
Lovbrotsgebyr, blir auka med |
12 600 000 |
|
|
|
frå kr 100 000 til kr 12 700 000 |
|
|
3917 |
|
Fiskeridirektoratet |
|
|
|
13 |
Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar, blir auka med |
37 000 000 |
|
|
|
frå kr 10 000 000 til kr 47 000 000 |
|
|
|
86 |
Forvaltningssanksjonar, blir auka med |
2 600 000 |
|
|
|
frå kr 1 000 000 til kr 3 600 000 |
|
|
3935 |
|
Patentstyret |
|
|
|
2 |
Inntekter knytt til NPI, blir redusert med |
400 000 |
|
|
|
frå kr 4 088 000 til kr 3 688 000 |
|
|
|
3 |
Gebyr immaterielle rettar, blir auka med |
13 900 000 |
|
|
|
frå kr 72 003 000 til kr 85 903 000 |
|
|
3950 |
|
Forvalting av statleg eigarskap |
|
|
|
96 |
Sal av aksjar, blir redusert med |
25 000 000 |
|
|
|
frå kr 25 000 000 til kr 0 |
|
|
5325 |
|
Innovasjon Norge |
|
|
|
90 |
Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med |
4 800 000 000 |
|
|
frå kr 41 400 000 000 til kr 46 200 000 000 |
|
|
|
5329 |
|
Eksportkreditt Norge AS |
|
|
|
70 |
Gebyr m.m., blir redusert med |
15 000 000 |
|
|
|
frå kr 30 000 000 til kr 15 000 000 |
|
|
|
90 |
Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med |
3 500 000 000 |
|
|
|
frå kr 10 700 000 000 til 7 200 000 000 |
|
|
5574 |
|
Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet |
|
|
|
72 |
Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur, blir redusert med |
2 300 000 |
|
|
|
frå kr 29 600 000 til kr 27 300 000 |
|
|
|
74 |
Fiskeriforskingsavgift, blir auka med |
18 200 000 |
|
|
|
frå kr 236 000 000 til kr 254 200 000 |
|
|
|
75 |
Tilsynsavgift Justervesenet, blir redusert med |
2 000 000 |
|
|
|
frå kr 46 600 000 til kr 44 600 000 |
|
|
5625 |
|
Renter og utbyte frå Innovasjon Norge |
|
|
|
80 |
Renter på lån frå statskassa, blir redusert med |
25 000 000 |
|
|
|
frå kr 140 000 000 til kr 115 000 000 |
|
|
5629 |
|
Renter frå eksportkredittordninga |
|
|
|
80 |
Renter, blir redusert med |
70 000 000 |
|
|
|
frå kr 1 800 000 000 til kr 1 730 000 000 |
|
|
5656 |
|
Aksjar i selskap under NFD si forvaltning |
|
|
|
85 |
Utbyte, blir auka med |
18 100 000 |
|
|
|
frå kr 15 701 100 000 til kr 15 719 200 000 |
|
Stortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast» tilføyast kap. 905 Noregs geologiske undersøking, post 1 Driftsutgifter.
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2017 kan gje Innovasjon Norge fullmakt til å:
inngå avtale om bytte av forvaltar og godkjenne endringar i samansetning av teamet
godkjenne endringar i eit fond sin administrative lokalisering og lokalisering av forvaltar
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og fiskeridepartementet i 2017 kan gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Samla ramme |
|
900 |
|
Nærings- og fiskeridepartementet |
|
|
|
79 |
Tilskot til Mechatronics Innovation Lab |
41 mill. kroner |
|
2421 |
|
Innovasjon Norge |
|
|
|
80 |
Næringstiltak på Svalbard |
8,2 mill. kroner |
Stortinget ber regjeringen komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2018 med forslag til fremdrift og vurderinger av bevilgningsbehov for Andøya Space Center.
|
Geir Pollestad |
|
leiar og ordførar |