Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Laila Davidsen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, syner til Dokument 8:7 S (2016–2017) med framlegg om å utvide områdetilgangen i det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe.

Komiteen syner til at det har vore brei politisk semje om kongekrabbeforvaltninga over tid. Komiteen peikar vidare på at dagens todelte forvaltning av kongekrabba har vore ein suksess, og at dette synet vert delt av eit samla fagmiljø, noko som òg vart slått fast då Stortinget våren 2015 handsama regjeringa Solberg si melding om evaluering av kongekrabbeforvaltninga, jf. Meld. St. 17 (2014–2015). Komiteen støttar prinsippet om kongekrabbeforvaltning slik det er formulert i Meld. St. 17 (2014–2015) og Innst. 350 S (2014–2015).

Komiteen har merka seg at representantforslaget foreslår å vidareføre dagens grense for det kommersielle fisket ved 26 grader aust, og støttar dette.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, har merka seg at fiskarar frå andre delar av Finnmark også er plaga av kongekrabba, men at graden av ulempe minkar jo lenger vest ein kjem. Fleirtalet merkar seg at fiskarane i Måsøy kommune over tid har vore plaga av kongekrabba.

Fleirtalet gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa gje fiskarane i Måsøy full adgang til fisket etter kongekrabbe frå og med kvoteåret 2017.»

Fleirtalet har merka seg at representantframlegget foreslår å innlemme heile Finnmark fylke i kongekrabbefisket.

Fleirtalet strekar under at før ei eventuell vidare utviding av kven som får delta i kongekrabbefisket, er det naudsynt å fyrst få greidd ut konsekvensane.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, peikar vidare på at det i Meld. St. 17. (2014–2015) vart innført eit aktivitetskrav i anna fiskeri for å kvalifisere for deltakartilgang i kongekrabbefisket, og at grensa for omsetning frå anna fiskeri vart sett til 100 000 kroner, jf. Innst. 350 S (2014–2015). Dette vart gjort for å sikre at det i større grad var aktive fiskarar som skulle ta del i kongekrabbefisket.

Fleirtalet vil understreke at det er naudsynt å få ei oversikt over konsekvensane av ei opptrapping av aktivitetskravet, før eventuelle endringar kan vurderast.

Fleirtalet viser vidare til prinsippa om kongekrabbeforvaltning og Innst. 350 S (2014–2015) og gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med ei sak vedrørande konsekvensar av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding av adgangen til kongekrabbefisket.»

Komiteen peikar på at Sametinget skal konsulterast i slike saker og føreset at konsultasjon vert gjennomført.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Framstegspartiet peikar på at aktivitetskravet for deltakartilgjenge i kongekrabbefisket vart innførd for å sikra at det i større grad er aktive fiskarar som deltek i fisket etter kongekrabbe. Det har vore ein betydeleg auke i totalkvoten av kongekrabbe det siste året, noko som gjev grunnlag for utvida deltaking i fisket. Samstundes meiner desse medlemene at det vil vera uheldig om ein ender opp med ein fartøykvote som er så liten at mange ikkje ser seg tente med å delta i fisket. Desse medlemene meiner difor at aktivitetskravet bør aukast framover, slik at ein sikrar at retten til å medverke i fisket av kongekrabbe tilkjem aktive fiskarar.

Desse medlemene gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa presentera ein opptrappingsmodell for aktivitetskravet slik at ein i løpet av tre år set taket til 300 000 kroner. Endringa bør gjerast gjeldande frå 2017.»

Desse medlemene har merka seg at òg fiskarane i resten av Finnmark over tid har vorte aukande plaga av kongekrabba. Sjølv om denne plaga er minkande desto lenger vest i Finnmark ein kjem, meiner desse medlemene at fiskarar frå heile Finnmark bør få medverke i fisket etter kongekrabbe.

Desse medlemene gjer følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa endre vilkåra for å kunna medverke i open gruppe i kystfartøygruppa sin fangst av kongekrabbe innanfor kvoteregulert område, slik at òg fartøy som er registrerte i resten av Finnmark kan medverke på same vilkår som fartøy frå Aust-Finnmark.»

Brev frå fiskeriministeren dagsett 27. oktober 2016, og 14., 16. og 22. desember 2016 er lagt ved innstillinga.