Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen I og II vert lagt fram av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti.

Tilrådinga frå komiteen III vert lagt fram av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa gje fiskarane i Måsøy full adgang til fisket etter kongekrabbe frå og med kvoteåret 2017.

II

Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget med ei sak vedrørande konsekvensar av endring i aktivitetskravet og eventuell utviding av adgangen til kongekrabbefiske.

III

Dokument 8:7 S (2016–2017) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frank Bakke-Jensen og Oskar J. Grimstad om å utvide områdeadgangen i det kvoteregulerte fisket etter kongekrabbe – vert å leggje ved møteboka.