Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [11:42:58 ] : Eg er ei ganske
vanleg norsk dame som er veldig heldig å få vera på Stortinget akkurat
no, så eg vil bruka denne anledninga. Eg har riktig nok to barn,
noko som er litt meir enn gjennomsnittet i Noreg, men som dei fleste nordmenn
bur eg i by, eg prøver å halda meg sunn og frisk, eg prøver å velja
miljøvenleg når eg kan, eg prøver å laga ordentleg, norsk, sunn
mat til ungane mine, og eg prøver å unngå miljøgifter. Men som alle
andre norske menn og kvinner klarer eg ikkje å unngå miljøgiftene, for
forureininga er overalt.
Min hjerne er om lag 0,5 pst. rein plast. Det
er nok òg hjernen til helseministeren og hjernen til alle andre
representantar her inne, viss dei òg er sånn cirka gjennomsnittlege.
Eg ammar framleis dottera mi på eitt år, men det burde eg kanskje
ikkje gjera, for forsking viser at miljøgifter hopar seg opp i kroppane
våre, og ein del kvinner har så mykje miljøgifter og giftstoff i
mjølka si at dei antakeleg ikkje burde amma barna.
Nokon optimistar trudde kanskje at me hadde
løyst miljøproblema då plastskeia på Go' Morgen-yoghurten vart bytta
ut med ein irriterande trepinne. Dessverre er det ikkje heilt sånn
verda fungerer. Plastproblemet er i full eksplosjon. Mesteparten
av all plast som nokon sinne er produsert, er laga i mi levetid,
og produksjonen ligg an til å doblast innan 2050, lenge før dottera
mi er like gammal som eg er no.
Mikroplastutfordringane gjer inntrykk på meg
både som politikar, miljøaktivist og som mor. Dette er eit veldig
sterkt undervurdert helseproblem og fortener ein langt meir målretta
politisk innsats enn i dag. Difor er eg glad for å kunne ta opp
dette med helseministeren i dag.
Eg håpar på breitt engasjement i salen, og
eg håpar på eit sterkt engasjement frå helseministeren i tida framover.
Framtidas folkehelse er avhengig av at myndigheitene ikkje berre
fokuserer på behandling av helseproblem som allereie har oppstått,
men at ein tek store grep for å førebyggja de nye store helseutfordringane.
Mikroplast og andre miljøgifter er på lang
sikt ein kritisk trussel mot liv og helse som krev kanskje like
stor merksemd og handlekraft som akutte problem knytt til helsekøar
og sjukehusstruktur. Om me greier å førebyggja skikkeleg, sparar
me ikkje berre milliardar av kroner, men me gjev òg veldig mange
menneske betre, lengre og rikare liv, noko som er endå viktigare.
Mikroplast er dessverre overalt. I går kunne
Miljødirektoratet melda at resultat frå norsk miljøovervaking viser
overraskande funn av partiklar frå bl.a. bildekk i regnvatn på Svalbard.
Forskarar meiner at dette ikkje stammar frå bilkøyring på Svalbard,
noko det er veldig lite av, men at det kjem langvegsfrå med lufta,
før det fell ned med regnet. Det betyr at det ikkje finst nokon
plassar å gøyma seg frå plasten – ikkje for dyr, ikkje for menneske.
Partiklane er så små at dei treng inn over alt: i hjernen, i morkaka,
i blodårer, i alle organ. Desse ørsmå partiklane inneheld skadelege
stoff og vert verande lenge i miljøet utan å verta brotne ned.
Mikroplast frå bildekk inneheld mange forskjellige organiske
stoff og tungmetall, og det har vist seg at dekk kan innehalda så
mykje som 800 ulike kjemikaliar. Det er usikkert kva slags effekt
desse har på helsa vår, men forskarar er bekymra for at det kan
påverka f.eks. lunge og hjarte negativt. Likevel vert det gjort
lite for å beskytta nordmenn, særleg dei yngste. Myndigheitene har
ansvar for å verna oss, men i dag er ansvaret i praksis opp til kvar
enkelt innbyggjar, fordi myndigheitene ikkje tek grep.
Vanlegvis er det sånn at når ein har eit alvorleg
problem, set ein seg ned og lagar ein plan for å løysa det. I denne
saka må me ta for oss kjeldene til mikroplastforureining, og me
må sørgja for å redusera og helst stansa den forureininga. Den største
kjelda til mikroplast her i landet er bildekk. Dekka står for 41 pst.
av dei utsleppa av mikroplast som skjer på land. Den nest største
kjelda er gummigranulat frå kunstgrasbaner, som står for 29 pst.
av utsleppa. I tillegg kjem forsøpling, slitasje frå skip, oljeplattformar
og oppdrettsnæring, som er store kjelder. For helsa vår og barna
våre er ofte kjøkkenutstyr, klede og leiker nokre av dei største
trugslane.
Det hastar å beskytta naturen og helsa vår.
Det krev handlekraft, nytenking og tydelege politiske grep. Eg ser fram
til å høyra om regjeringa har ein plan for dette.
Statsråd Jan Christian Vestre [11:47:48 ] : Jeg får begynne
med å takke for interpellasjonen og spørsmålet, for representanten
Zurbuchen Heiberg tar opp et veldig alvorlig tema. Det er veldig
bra at dette kommer på dagsordenen, for jeg tror vi er mange som
fullt ut deler bekymringen over miljøgiftene vi får i oss, og særlig hvor
utsatt barn er.
Arbeidet med å redusere spredningen av miljøgifter er
i hovedsak ansvaret til klima- og miljøministeren, mens regelverket
og de andre tiltakene som skal begrense eksponeringen for stoffer
som kan utgjøre en helserisiko, gjennom bl.a. mat, kosmetikk og
drikkevann, ligger til myndighetsorganene under meg som helse- og omsorgsminister.
Regjeringen prioriterer arbeidet med å redusere spredningen
av miljøgifter høyt. Norge er bl.a. en klar pådriver i arbeidet
med å forby PFAS-er, perfluorerte stoffer, internasjonalt. Vi vet
at disse forbindelsene brytes svært sakte ned og kan transporteres
over hele verden med luft- og havstrømmer. Norge har sammen med fire
EU-land tatt initiativ til et generelt forbud mot bruk av stoffene,
og det forslaget er det mest omfattende på kjemikalieområdet i EUs
historie. Jeg er stolt over at Norge har en pådriverrolle internasjonalt.
Det er allerede vedtatt forbud mot flere PFAS-forbindelser i EU,
bl.a. i forbrukerprodukter som sminke.
Det pågår et betydelig arbeid, og det er ikke
noe Norge kunne gjort alene innenfor den samme tidsrammen. Erfaringen
tilsier at særnasjonale tiltak både kan ta lengre tid og ha liten
effekt. Det viktigste er derfor å få til en stans i produksjon,
bruk og utslipp internasjonalt. At Norge har felles regelverk med
EU gjennom EØS-avtalen, innebærer en svært begrenset adgang til
å innføre nasjonale reguleringer på kjemikalieområdet. Det som er
positivt, er at det europeiske samarbeidet bidrar til det som i
dag er det fremste kjemikalieregelverket i verden. Norske miljømyndigheter
bruker betydelige ressurser på området og er et av landene som fremmer
flest forslag til reguleringer, noe som gir Norge en stor påvirkningsmulighet.
Det viser også at vi leder an i arbeidet.
Det er helt riktig at flere studier tyder på
at eksponering for mikroplast kan utgjøre en helsefare for mennesker.
Grunnlaget for hvordan myndighetene håndterer ulike typer risiko
er vurderinger fra fagekspertene. Slike vurderinger krever et så
godt kunnskapsgrunnlag som mulig, og foreløpig foreligger det ikke
entydige og klare konklusjoner om risikoen fra mikroplast. Selv
om det derfor er for tidlig å slå fast at mikroplast er et folkehelseproblem,
er det uansett svært viktig at vi jobber videre med tiltak for å
redusere spredningen så mye som absolutt mulig. Vi må rett og slett
gjøre alt vi kan, som representanten Zurbuchen Heiberg selv sa.
Miljøgifter finnes i ulike mengder i miljøet
og er dessverre vanskelig å unngå i maten. Det er den totale eksponeringen
gjennom kostholdet som betyr noe for risikoen. Også regelverket
om miljøgifter og andre mulig skadelige stoffer i mat, vann og kosmetikk
er derfor i stor grad felles for hele EØS-området.
I tillegg til å redusere eksponeringen av uønskede stoffer
fra mat og andre kilder gjennom krav i regelverket publiserer både
helse- og miljømyndighetene informasjon om skadelige stoffer og
helsekonsekvensene av dem, i tillegg til den informasjonen som kommer
fra oss. Mattilsynet publiserer f.eks. advarsler om mat befolkningen
eller ulike grupper av den bør unngå eller begrense inntaket av,
som f.eks. fisk og sjømat fra forurensede områder.
Myndighetene prioriterer å skaffe mer kunnskap om
forekomsten av miljøgifter i ulike matvarer gjennom overvåking,
og disse dataene danner grunnlaget for nye risikovurderinger, råd
og regelverk som skal beskytte forbrukerne.
Det er nedslående at miljøgifter og andre stoffer gjenfinnes
i barn og unge i nivåer over det som anses som trygt – det har vi
etter hvert ganske god dokumentasjon på. Samtidig viser data at
det har vært en nedgang i nivåene. Det viser at regulering og internasjonalt
samarbeid hjelper. Det er viktig at vi alle gjør det vi kan for
å bekjempe forurensing på alle nivåer i samfunnet.
Norske forskere og myndigheter bidrar både
med å skaffe til veie ny kunnskap og å innføre strengere regler, slik
at befolkningen – særlig barn – skal bli utsatt for så lite av helseskadelige
stoffer som mulig. Vår vurdering er at den mest effektive måten
å gjøre dette på, er å gjøre det i nært samarbeid med våre europeiske
partnere. Det er gjennom felles reguleringer og felles regelverk
at vi raskt kan få en positiv endring.
Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [11:53:00 ] : Takk til helseministeren
for responsen.
Det er bra at regjeringa er oppmerksam på problemstillinga,
og at dei jobbar internasjonalt. Eg er likevel bekymra for om dette
vil verta følgt opp raskt nok, og med stor nok kraft. Det skjer
for lite, og det skjer for seint.
Eg er glad helseministeren i dag er tydeleg
på at han er einig med oss i at me må gjera alt det me kan for å
redusera plastforureininga. Me i Miljøpartiet Dei Grøne har ein
del forslag som eg håpar statsråden vil vurdera.
For det første trengst det openbert forbod
mot unødvendig eingongsplast og å gjera alternativa tilgjengelege
og rimelege gjennom f.eks. å prissetja den fossile plasten riktig.
Det trengst eit oppgjer med den skadelege fossilbransjen. I dag
tener oljebransjen store pengar, ikkje berre på å koka kloden, men
gjennom å laga enorme mengder unødvendig plast som kveler hava våre
og forureinar kroppane våre.
Når det gjeld den største utsleppskjelda, nemleg
biltrafikken, må ein slutta å leggja til rette for meir og meir biltrafikk,
slik regjeringa dessverre framleis gjer. Overgangen til elbilar
kjem ikkje til å løysa problemet med mikroplastutslepp, snarare
tvert imot. Tunge batteripakkar gjev meir slitasje på dekk og auka
utslepp. Her treng me både ei stor satsing på betre dekk med lågare utslepp
eller nedbrytbare materiale, og ikkje minst treng me ein ny samferdselspolitikk
som erkjenner at miljøbelastninga av dagens vegtrafikk er heilt
uakseptabel, og som faktisk får ned trafikken. Det vil løysa mange folkehelseproblem
på ein gong. I byane våre veks no tusenvis av barn opp i område
med skadeleg luft og støy på grunn av trafikken. På bygda har barn
dobbelt så stor fare for overvekt fordi det er ein bilkultur der,
og det er vanskeleg å sykla og gå trygt dit ein skal.
Når det gjeld utsleppa frå kunstgrasbaner,
har Miljøpartiet Dei Grøne jobba nasjonalt og lokalt i mange år for
å stansa utbygging av sånne baner. Utsleppa frå banene er enorme,
og ungane som spelar på dei, vert eksponerte for vanvitige mengder
usunn plast. Dei rullar seg bokstaveleg talt i miljøgifter. Regjeringa
bør snarast mogleg få på plass ei raus tilskotsordning for overgang til
andre løysingar enn kunstgras. Etablering av nye baner må omgåande
verta forbode. Me ser det her i Oslo, at ein stadig vekk lagar politiske
fleirtal som vedtek å byggja nye sånne baner, stikk i strid med
all kunnskap.
I tillegg treng me tiltak som treffer dei mest
helseskadelege mikroplastutsleppa direkte, og då tenkjer eg særleg
på ungane våre. Me må få vekk produkt i plast som er retta mot barn,
anten det er matemballasje som vert varma opp i mikroen, og som
lek store mengder miljøgifter rett ut i maten, eller det er leiker
som ungane puttar i munnen, eller produkt som dei drikk frå. Eg
og Miljøpartiet Dei Grøne har erklært krig mot plast, og me inviterer
med dette regjeringa til å verta med i kampen.
Statsråd Jan Christian Vestre [11:55:58 ] : Her kom det mange
forslag og idéer som berører veldig mange ulike politikkområder.
Det er også et uttrykk for at alt henger sammen med alt, og at vi
må se ting i sammenheng. Akkurat når det gjelder plast, har Norge
vært, og er, en pådriver for å få på plass en ambisiøs global avtale om
plastforurensning. Det fikk vi dessverre ikke til i høst. Det er
ikke Norge det står på, vi vil få dette til. Det er et nytt møte
neste år, og vi håper selvfølgelig da at det er framdrift på dette.
Vi mener fra norsk side, og fra den norske
regjeringen, at en effektiv avtale må innebære at vi også reduserer
mikroplastutslipp fra andre kjente kilder, som bl.a. plastpellets,
bildekk, som representanten nevnte, og tekstiler. Jeg kan forsikre
om at vi jobber tett sammen med EU også her.
Jeg synes også det er litt viktig at vi gleder
oss over det vi faktisk har fått til, for det er jo vedtatt forbud
mot flere PFAS-er allerede og grupper av PFAS-er i EU. Det gjelder
bl.a. forbrukerartikler som mange benytter seg av, som sminke, personlig
pleie-produkter og andre hygieneprodukter. Jeg er veldig glad for
at det kommer grenseverdier for PFAS bl.a. i kjøtt, egg, fisk og
annen sjømat, og etter hvert som vi får mer kunnskap, vil det også bli
aktuelt å se på disse grenseverdiene på nytt. Som jeg sa i innlegget,
får vi stadig flere studier som tyder på at eksponering for mikroplast
kan utgjøre en helsefare for mennesker, og det er bekymringsfullt.
Det er derfor vi aldri kan se oss tilbake eller si oss fornøyd,
men vi må hele tiden oppdatere regelverket vårt. Vi har også tatt
grep, bl.a. med en egen regulering av kunstgressbaner, som representanten
nevnte, og det er også nye regler som en del av EØS-samarbeidet
for andre produkter der gummigranulat er en del av produktet. Her
tror jeg altså vi deler det samme engasjementet.
Så er jo spørsmålet: Gjør vi dette best internasjonalt, koordinert
med EU? Vi mener, som sagt, at det som er mest effektivt og virkningsfullt,
og som får størst positiv effekt, raskest mulig, er når vi er godt
koordinert med våre europeiske partnere. Og Norge skal absolutt
ikke ligge på latsiden. Vi skal fortsette, som nå, med å være en pådriver
for å løfte dette internasjonalt. Vi skal også være raske med å
implementere ny lovgivning når det blir klargjort i EU. Det har
vi et stort engasjement for, som jeg tror vi deler med representanten.
Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [11:59:00 ] : Det er uventa,
dette, det er min første interpellasjon, så takk til helseministeren
og til alle for moglegheita.
Som helseministeren er inne på, er det veldig
leitt at det endå ikkje har kome på plass ein internasjonal plastavtale,
og det er veldig mykje som gjenstår. Ein av dei største farane er
om verda endar med eit rammeverk som eigentleg ikkje forpliktar
land til å gjera noko som helst. Ein Parisavtale for plastforsøpling
kan kanskje høyrast positivt ut, men viss ein spolar tilbake og
hugsar på at det tok 23 år frå rammekonvensjonen vart vedteken til
Parisavtalen kom, så er det ganske skremmande.
Endå viktigare er det at me ikkje endar opp
med endå ein internasjonal miljøavtale som berre forpliktar land
til å gjera det dei sjølve trur er lurt og har lyst til. Det er
ikkje sånn me løyser problema til kloden.
Og som eg var inne på i stad, i løpet av den
tida vil kloden sitt plastproblem vera fordobla. Allereie er det strender
i Ghana, t.d., der ein ikkje lenger ser sanden fordi han er dekt
av plastklede, eksporterte frå vestlege land – heilt unødvendig
produksjon av plastklede som knapt vert brukte før dei vert sende
verda rundt og endar som eit enormt miljøproblem på strender i u-land.
Til slutt: Noreg er nøydd til å bidra med ressursar
og pengar til det internasjonale arbeidet med ein global plastavtale,
ikkje berre til forhandlingane, som ein i stor grad har gjort til
no, men til framtidig implementering. Sjølv om fokuset bør vera
på å finna kostnadseffektive løysingar, så vil det kosta pengar
å dreia den globale økonomien bort frå eit vanvitig overforbruk
og ein avhengnad av eingongsprodukt og andre varer som genererer
forsøpling, og det spleiselaget må Noreg vera med på. Det er i vår
eigeninteresse, og det er heilt vesentleg viss me skal klara å ikkje
drepa både hava og våre eigne kroppar i åra som kjem.
Statsråd Jan Christian Vestre [12:01:12 ] : Jeg er helt enig
med representanten i at den norske posisjonen må være å jobbe for
en ambisiøs og ikke minst forpliktende global avtale om plastforurensing.
Når det gjelder finansiering av miljøtiltak,
enten det handler om klimagassutslipp, å ta vare på naturen eller å
begrense bruken av skadelige kjemikalier, har Norge en lang historie
med å bidra økonomisk, så vi skal gjøre det vi kan for å få dette
på plass.
Vi skal fortsette det arbeidet vi gjør i det
europeiske fellesskapet også, med å være et av de landene som virkelig
pusher på for å få bukt med problemet. Jeg håper også at EU vil
slutte seg til dette initiativet som Norge og fire EU-medlemsland
har foreslått, og at det kan være et nytt, viktig steg på veien
for å gjøre noe med det jeg opplever at vi har et felles engasjement
for.
Jeg vil takke interpellanten for en god diskusjon
og ser fram til videre samarbeid om dette viktige temaet.
Presidenten [12:02:11 ]: Sak nr. 6 er
dermed omme.