Presidenten
[14:36:08 ]: Etter ønske frå transport- og kommunikasjonskomiteen
vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe
og 3 minutt til medlemer av regjeringa.
Vidare vil det
– innanfor den fordelte taletida – verta gjeve høve til replikkordskifte
på inntil fem replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa,
og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida,
får òg ei taletid på inntil 3 minutt.
Liv Kari Eskeland (H) [14:36:36 ] (ordførar for saka): Takk
til komiteen for god og ryddig handsaming i saka.
Det overordna
formålet med proposisjonen er å etablera ein forskriftsheimel slik
at departementet kan gje nærmare reglar om betalingsløysingar for
lading av elektriske køyretøy. Det vert føreslått å ta inn ein forskriftsheimel
som gjev departementet myndigheit til å fastsetja nærmare reglar
om betalingsløysing. Fleire aktørar tilbyr i dag ladepunkt for lading
av elbil mot betaling, men betalingsløysingane varierer mellom aktørane.
Dei fleste ladeoperatørane brukar mobilapplikasjonar, QR-kode med
lenke til nettside, app, Vipps, SMS-betaling eller RFID-brikke kopla
mot ein brukar i ladetenesteapp eller direkte tilkopling til elbil.
Det er berre eit fåtal av ladestasjonane som nyttar kortbetaling.
Ifølgje Transportøkonomisk institutt må elbilbrukaren forhalda seg
til omkring 20 ulike aktørar, 20–30 appar og 13 betalingssystem
for å få tilgang til all ladeinfrastruktur i Noreg. Slik kan me
ikkje ha det, det har òg Stortinget vore tydeleg på.
Moglegheita for
enkel betaling ved lading av elektriske køyretøy er ein viktig faktor
for at brukarane av elbil skal oppnå same mobilitet som dagens brukarar
av bilar som brukar diesel eller bensin. Ved at det vert innført
krav om at det skal vera mogleg å betala med bankkort på ein betalingsterminal,
vil brukarane av elektriske køyretøy enkelt kunna betala ved alle
offentleg tilgjengelege ladepunkt utan at det på førehand er nødvendig
å inngå avtale med operatøren av ladepunktet eller med ein leverandør
av ladetenester.
Fleirtalet i komiteen
meiner at universell betalingsløysing saman med tilgjengeleg ladeinfrastruktur
er ein nøkkelfaktor for å nå målet om at 100 pst. av nybilsalet av
personbilar i 2025 skal vera nullutsleppskøyretøy. Fleirtalet merkar
seg vidare at forslaget har vore på brei høyringsrunde, og ingen
av dei spurde høyringsinstansane hadde innvendingar som går imot
lovforslaget.
Fleirtalet i komiteen
går difor inn for å støtta proposisjonen slik han ligg føre. Eg
føreset at mindretalet gjer greie for sine forslag.
Erling Sande (Sp) [14:39:21 ] (leiar i komiteen): Klima og
berekraft blir ståande som ei av vår tids store utfordringar. Når
eg startar innlegget der, er det for å peike på at bakgrunnen for
den massive auken Noreg har hatt innanfor elektriske køyretøy, nettopp
er at elektrifisering av bilparken vår er mellom tiltaka for å få
klimagassutsleppa ned. Vi har lukkast i denne satsinga og har ein
av dei høgste andelane i verda når det gjeld elbil som del av bilparken.
Auken i salet
av elbilar har gått fort, mange stader så fort at naudsynt ladeinfrastruktur
heng etter. Samtidig er det viktig å seie at det har vore gjort
ein svært stor og god jobb av fleire aktørar for nettopp å byggje
hurtigladepunkt. Staten har vore med på å finansiere denne satsinga,
men det er ladeselskapa som har etablert ladepunkt og forretningsmodellar
for elbillading. Det at det er fleire aktørar i ein slik marknad,
er i utgangspunktet til gunst for kundane. Konkurransen skal føre
til ei sunn prising av produktet og til at gode og brukarvenlege
løysingar blir utvikla.
Likevel har denne
utviklinga hatt nokre utfordringar ved seg. Fleire typar ulike betalingsformer
har utvikla seg, og selskapa har valt ulike strategiar og løysingar for
betaling ved hurtigladarane. Eigne appar sikrar selskapa nærleik
til kundane sine, og det er greitt å forstå at dei ønskjer det.
På same tid gjer det lading meir tungvint dersom ein må lade i område
der det selskapet ein har knytt seg til, ikkje leverer tenester,
eller når ladetenesta som selskapet tilbyr, er ute av funksjon eller
av andre grunnar ikkje er tilgjengeleg. Ifølgje Transportøkonomisk
institutt må ein forhalde seg til mellom 20 og 30 appar og 13 betalingssystem
dersom ein skal ha tilgang til det som er av ladeinfrastruktur i
landet vårt, slik saksordføraren på ein god måte gjorde greie for.
Skal elektrifiseringa
av bilparken vår halde fram, må lading vere tilgjengeleg og enkelt
og ikkje framstå som ein barriere mot bruk. Sentralt i dette er
betalingsløysingane, og at det er mogleg å kunne betale på eit offentleg etablert
ladepunkt utan å ha inngått ei avtale med operatøren på førehand.
I dag sikrar vi
heimel for forskrift for regulering av betalingsløysingar, slik
at vi i framtida vil kunne betale med kort rundt på ladestasjonane
våre. Det er ei god nyheit for elbilbrukarar over heile landet.
Frank Edvard Sve (FrP) [14:42:14 ] : Denne saka har vi hatt
nokre rundar på tidlegare, og vi har hatt høyringar om det. Det
er ei sak som opptek veldig mange, og det er jo ganske greinlaust
at ein skal måtte ha ulike løysingar og ein heil haug med ulike
betalingsterminalar. Å få det på same måten som for bensinpumpene
må kunne gå an i ein slik samanheng.
Ein ønskjer å
bruke fullmaktslovgjeving for å gje regjeringa fullmakt til berre
å gjennomføre det. Dette er ei sak som opptek innbyggjarane og brukarane
veldig mykje. Er det èi sak som verkeleg burde kome tilbake som ei
fullverdig sak som forklarar korleis ein hadde tenkt å gjere det,
er det akkurat denne saka. Det er det som gjer at vi meiner at denne
saka bør sendast tilbake til regjeringa, og at regjeringa må kome
med ei fullverdig sak som viser korleis desse ordningane skal vere.
Eg skjønar ikkje heilt kvifor det skal vere så vanskeleg, for ein
må jobbe fram ei sånn sak uansett. Ein må jobbe fram system rundt
det. Når det er ei sak som opptek brukarane så mykje som dette gjer,
må det vere fornuftig å få det forankra i Stortinget. Noko meir
byråkrati rundt det er det ikkje. Det er rett og slett å sende saka
tilbake og få ei fullverdig sak i Stortinget. Det er denne salen
som må bestemme korleis slike viktige saker vert løyste. Derfor fremjar
vi framlegg om å sende saka tilbake, og då har eg teke opp vårt
forslag.
Presidenten
[14:43:42 ]: Representanten Frank Edvard Sve har teke opp
det forslaget han viste til.
Mona Fagerås (SV) [14:44:00 ] : Tæpp, ikke app, sier jeg bare.
Egentlig kunne jeg ha stoppet der. Det hadde vært nok å si det.
Vi i SV er selvfølgelig fornøyd med at det skal komme betalingsmulighet
med bankkort på alle nye ladestasjoner.
Men det er dessverre
et «men» her. Tidligere i år vedtok Stortinget SVs forslag om at
regjeringen skal stille krav om ettermontering av kontaktløs kortbetaling
på eksisterende ladeinfrastruktur. Det at regjeringen nå kommer
med et forslag om kortbetaling på alle nye stasjoner, blir dermed
ikke i tråd med det vedtaket, og derfor forventer vi at regjeringen
kommer tilbake til Stortinget med krav om ettermontering ganske
snart.
Skal vi nå målet
om at flere skal velge elbil, må forbrukerne være sikre på at de
får lade når de kommer til en ladestasjon, uansett om ladestasjonen
er helt ny, eller om den er et år. Skal en gjøre elbiler universelt
tilgjengelige for alle, må ladingen bli enklere. Både Elbilforeningen
og Forbrukerrådet støttet SV den gangen vi foreslo ettermontering.
I tillegg mener jeg at forbrukerne må få slippe å bli kastet inn
i den app-jungelen vi har i dag, der man må opprette en haug med
kundeforhold. Jeg mener regjeringen kunne, når de først skulle lovfeste
bankkort som betalingsmiddel på alle stasjoner, likså godt ha foreslått
det på alle, sånn som Stortinget jo har vedtatt. Tæpping vil gjøre
det mye mer attraktivt for flere å skifte til bil uten utslipp.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [14:46:04 ] : Jeg er glad for at Stortinget
i dag slutter seg til regjeringens forslag om endringer i lov om
infrastruktur for alternativt drivstoff. Jeg vil også benytte anledningen
til å takke Stortingets transport- og kommunikasjonskomité for velvillig,
rask og effektiv behandling av lovforslaget.
Loven følger opp
et av flere av de tiltakene som vi lanserte i den nasjonale ladestrategien,
som ble presentert 8. desember i fjor. Stortingets vedtak legger
dermed til rette for at det snart skal være mulig å betale med bankkort
ved hurtiglading av elbil på nye ladepunkter, og denne muligheten
har, som flere har vært inne på, vært etterspurt av mange. I en
spørreundersøkelse utført i regi av Elbilforeningen gir et stort
flertall uttrykk for at betaling for lading ved bruk av en app kan
være komplisert. Den teknologiske utviklingen for lading av elbil skjer
raskt, og forslag til nye løsninger presenteres løpende. Jeg mener
derfor det er fornuftig at lovforslaget er generelt formulert på
dette punktet, slik at framvoksende markeder ikke begrenses av manglende
oppfølging fra myndighetene.
Betalingsløsningen
med bankkort vil bli nærmere konkretisert i forskrift, og da vil
jeg selvfølgelig også vurdere innspill som ble mottatt under den
alminnelige høringen fra bl.a. ladebransjen om tidspunkt for ikrafttredelse.
Her må vi finne en balansert løsning mellom forbrukernes og ladebransjens
uttrykte synspunkter.
Vi ligger nå i
forkant av EUs nye regelverk om alternativt drivstoff og krav til
betalingsløsninger. I mai måned ble det solgt ca. 10 800 elbiler,
og kun omkring 450 bensin- og dieselbiler. Andelen elbiler som er
solgt hittil i år, er på omkring 83 pst. Et bredere modellutvalg,
lengre rekkevidde og at det nå legges til rette for at vi kan betale
for lading av elbil med bankkort, vil i sum bidra til å øke andelen
elbiler ytterligere og til at vi kan nå målet, ambisjonen, om at
vi kun har salg av nullutslippsbiler i 2025.
Jeg er selvfølgelig
også oppmerksom på det som ble nevnt av en av representantene her,
nemlig Stortingets anmodningsvedtak, hvor regjeringen bes om å stille krav
om ettermontering av kontaktløs kortbetaling også på eksisterende
ladeinfrastruktur innen utgangen av 2025. Ved at lovforslaget i
dag har en generell formulering om betalingsløsninger, vil ikke
en oppfølging av det anmodningsvedtaket i seg selv føre til behov
for lovendringer.
Presidenten
[14:49:12 ]: Det vert replikkordskifte.
Mona Fagerås (SV) [14:49:13 ] : Som flere representanter har
vært inne på, har elbilpolitikken vår vært vellykket, men det gjelder
personbiler. Det trengs også en miljøsatsing på elektriske varebiler,
for 2025-målet om utslippsfritt nybilsalg omfatter også varebiler.
Det er derfor svært bekymringsfullt at elbilandelen i nybilsalget
for varebiler så langt i 2023 bare er på 37 pst. Det er bare ett
år og sju måneder til alle nye, lette varebiler skal være nullutslippsbiler,
og derfor lurer jeg på hvordan ministeren forsvarer at Enovas støtteordning
for elektriske varebiler nå er tenkt avviklet. Og kan ministeren
si noe om hvilke planer han har for å nå elbilmålet også for elvarebiler?
Statsråd Jon-Ivar Nygård [14:50:15 ] : Jeg gjør oppmerksom
på at Enova ikke ligger under mitt ansvarsområde, men Enova har
den tilnærmingen at de har støtteordninger inntil et marked er modent,
til man anser at markedet går av seg selv, og at etterspørselen
er over i det rette sporet, i den teknologien som samfunnet ønsker
at vi skal satse på.
Når det gjelder
varebiler, er det selvfølgelig flere elementer. Man må ha en ladeinfrastruktur.
Det har vi langt på vei løst i Norge, men det er sikkert noe gjenstående
også på det området. Og det er selvfølgelig å legge til rette for
at man har fordeler ved bruk, når det gjelder varebiler. Det er
et viktig element. Det gjøres i stor grad, men der er det fortsatt
noe å gå på.
Presidenten
[14:50:59 ]: Replikkordskiftet er avslutta.
Fleire har ikkje
bedt om ordet til sak nr. 12.
Votering, se fredag 9. juni