Presidenten: Etter
ønske fra justiskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter
til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Frida Melvær (H) [11:53:24 ] (ordførar for saka): Prop. 165 L
for 2020–2021 inneheld eit forslag om endringar i reglane om bevisforbod
i straffeprosesslova § 119 og tvistelova § 22-5. Forslaget går ut
på å innføre eit bevisforbod for kommunikasjon med patentrådgjevarar
som er oppførte på lista over autoriserte rådgjevarar etter artikkel 134
nr. 1 i den europeiske patentkonvensjonen.
Føremålet med
forslaget er å vareta behovet til norske verksemder for fortruleg
og kompetent rådgjeving om patentspørsmål, og å gje norske patentrådgjevarar dei
same rammevilkåra når det gjeld vern av fortruleg kommunikasjon
med klienten som slike rådgjevarar alt har i nabolanda våre.
Proposisjonen
inneheld i tillegg eit forslag om endringar i tollova §§ 15-7 og
18-8, som har samanheng med endringar vedtekne ved lov 12. juni
2020 nr. 67, om endringar i varemerkelova og tollova mv. (gjennomføring
av nytt varemerkedirektiv mv.).
Eg vil takke komiteen
for godt samarbeid i saka. Eg må seie at det nærmast er idylliske
tilstandar i denne komiteen for tida, for det er nok ein gong ein
samla komité som stiller seg bak forslaget.
Komiteen har merka
seg synspunkta til Økokrim og Politidirektoratet om at ei utviding
som føreslått, vil kunne føre til at andre yrkesgrupper vil fremje
ynske om liknande unntak frå straffelova. Komiteen meiner likevel
at unntaket er godt grunngjeve, at det i Noreg er snakk om ein svært
avgrensa personkrets med ei spesiell godkjenning gjennom det europeiske
patentverket, EPA, og at det av den grunn ikkje vil vere naturleg
å kunne nytte dette unntaket i argumentasjonen for å innføre ein
liknande regel for andre yrkesgrupper seinare.
Innføringa av
eit bevisforbod for patentrådgjeving vil innebere ei forenkling
samanlikna med praksisen i dag. Ei harmonisering av dei norske bevisreglane
med reglane i våre naboland vil gje norsk næringsliv like gode rammevilkår
i form av vern for fortruleg patentrådgjeving som konkurrentlanda
har, og norske patentrådgjevarar vil verte gjeve moglegheit til
å konkurrere med sine utanlandske kollegaer på like vilkår.