Stortinget - Møte torsdag den 22. april 2021

Dato: 22.04.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Sak nr. 7 [17:00:21]

Interpellasjon fra representanten Liv Signe Navarsete til utviklingsministeren: «Nepal er eit av verdas mest klimasårbare land og er prega av gjentakande naturkatastrofar som flom, jordskjelv og skred. Dette råkar befolkningas livsgrunnlag. 68 prosent av befolkninga får inntekta si gjennom landbruket, og landbruket bidreg til heile 34 prosent av landets bruttonasjonalprodukt. Trass i nokre framsteg i fattigdomsreduksjon i Nepal dei siste åra er Nepal framleis eit av verdas fattigaste land. Nepal fekk etter mange år med borgarkrig på plass grunnlova si i 2015. I 2017 gjennomførte landet dei første lokalvala på 20 år, og har etter det fått den første føderale regjeringa på plass i 2018. Fleire organisasjonar er engasjerte i Nepal, mellom dei Utviklingsfondet, som har vore i landet sidan 1982. Kva bistandsprosjekt i Nepal har regjeringa medverka til, og korleis sikrar regjeringa at Nepal får styrka lokale institusjonar, sivilsamfunn og matsikkerheit»?

Talere

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Nepal har ei lang historie med politisk ustabilitet og er eit nytt demokrati med ei fersk grunnlov frå 2015. Sjølv om situasjonen kanskje kan seiast å vere litt betre i Nepal, er landet framleis mellom dei aller fattigaste landa i verda og eit av Noregs partnarland innanfor bistandsområdet. Noreg gjer mykje bra, men gjer me nok med dei grunnleggjande årsakene til fattigdom og svolt? Og gjer me nok for dei aller fattigaste? Senterpartiet meiner at svaret er nei.

Me treng eit sterkare fokus på fattigdomsreduksjon blant dei fattigaste og mest marginaliserte gruppene i landet. Det handlar om auka mattryggleik, betre ernæring og auka inntekter og ikkje minst styrkt tilpassingskapasitet til klimaendringar og risikoreduksjon. Tidlegare hadde Norad mattryggleik med som ein del av sitt mandat. I Norads partnarlandsstrategi for Nepal, som eg har lese, og som sjølvsagt er offentleg, er mattryggleik, matsystem og reduksjon av svolt ikkje nemnde, så vidt eg kan sjå. Ein har overført pengar som før stod på bilaterale system, til regionalpotten, om me kan kalle det det, så korleis det slår ut, kan kanskje utviklingsministeren gjere greie for. Det gjer det i alle fall vanskelegare for oss på Stortinget å følgje dei midlane. Men er det klokt at Norad har teke ut mattryggleik som satsingsområde mot Nepal? Er det klokt når Nepal, grunna si geografiske utforming og plassering, er eit av landa som er mest utsett for klimaendringar? Dersom åkeren forsvinn i flaum og det har vore svolt, er det ikkje så lett å drive undervisning heller. Eg håpar statsråden kan gjere greie for endringar i Norads strategi i sitt innlegg.

Utviklingsministeren vitja Nepal i 2019. Der deltok han m.a. på den store internasjonale konferansen «Scaling up nutrition». I samband med det sa utviklingsministeren:

«Denne reisen har flere formål. Den vil gi meg mulighet til å snakke om vår nye handlingsplan for bærekraftige matsystemer i norsk utenriks- og utviklingspolitikk, som ble lansert i sommer. Reisen gir også en viktig anledning til dialog med myndighetene og andre partnere i Nepal, som er ett av Norges partnerland i utviklingspolitikken.»

Han sa også:

«Regjeringen er opptatt av å nå de aller mest sårbare og marginaliserte gruppene. Dette er en sentral del av arbeidet i Nepal.»

Det er eg samd med statsråden i. Det er viktig. Men er det ein sentral del av arbeidet med dei mandata som ligg no? Det håpar eg at statsråden no kan gjere meir greie for.

Til liks: Den auka innsatsen for personar med funksjonsnedsetjing og sjølvsagt det å kjempe mot moderne slaveri har vorte sett meir på dagsordenen i samband med at mange unge òg frå Nepal no har vore med og bygt stadion til eit VM som kanskje vert noko skjemt av nettopp det – at så mange har ofra livet for å byggje arena til fotball-VM i Qatar.

Då Verdas matvareprogram vart tildelt Nobels fredspris i 2020, åtvara leiaren David Beasley mot at koronapandemien ville sende 270 millionar fleire menneske ut i eit svolttilvære, som han sa, og at dei skulle kome på toppen av dei rundt 800 millionar svoltne som allereie i dag har vonde dagar og må gå svoltne til sengs. No kan FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FAO, melde om endå ei dårleg nyheit for dei svoltne. Matprisane i verda har nådd sitt høgste nivå på sju år. Samtidig har vel Verdas matvareprogram si bøn om 300 milliarder naudhjelpskroner ikkje vorte høyrd tilstrekkeleg.

Om ein ikkje støttar opp om småskalalandbruk og greier å lage dei verdikjedene på mat som me må få til òg i dei fattige landa, er jo agroindustrien alternativet. Det er ingen ting som tyder på at agroindustri er ein effektiv metode for å kjempe mot svolt i verda, verken i Nepal eller i andre land. Etter ein svak nedgang i talet på under- og feilernærte innbyggjarar på kloden i fyrste halvdel av førre tiår er talet på nytt i vekst. Som eg sa: Det nærmar seg 700 millionar, altså nesten 9 pst. av befolkninga på jorda. FNs berekraftsmål nr. 2 om å utrydje svolt vert fjernare og fjernare. Det kan tyde på at sjølv om det i Noregs utviklingspolitikk vert løfta opp og laga fine, glansa målsettingar og strategiar som vert lanserte, er det slik at når ein snakkar med organisasjonane som arbeider med desse områda, som Utviklingsfondet, opplever ikkje dei at Noreg er ein stor aktør. Ambassaden vår i Nepal er ikkje nokon stor aktør innanfor mattryggleik. Kvifor ikkje?

FNs organisasjon for ernæring og landbruk ber kvart land om å produsere sin basismat på eigne fornyelege resursar etter agroøkologiske prinsipp. Det betyr vel i kortheit å produsere mat til eiga befolkning på nasjonale resursar. Eg trur at dersom fleire av innbyggjarane i Nepal – og i verda elles for så vidt – har tilgang til jord og produserer mat, vil meir av naturresursane verte brukte på ein berekraftig måte, innanfor toleevna. Noreg kan saman med andre rike land bidra til at me òg får gjort meir klimatilpassing, at ein får kornslag, grasslag og andre planteslag som toler både tørke og flaum betre. Det vert jobba godt med det, men i dei organisasjonane som jobbar med det, er det økonomiske midlar som set skrankar.

Det at mat- og beitejord er i drift, bidreg òg til å stabilisere erosjonsutsett matjord og til å utvikle det biologiske mangfaldet på kloden. Ser ein på Nepal, er det ein stor del av befolkninga som bur i område som er veldig utsette for klimaendringane, med flaum, med tørke og med ras. Dei som vert mest ramma, er som elles dei aller fattigaste. Dette har òg eit likestillingspoeng i seg fordi kvinnene er dei som vert hardast råka, saman med dei funksjonshemma som faktisk vert endå hardare råka, så eg er svært samd i statsråden si poengtering av dei funksjonshemma og arbeidet for dei. Kvinnene sine moglegheiter til å delta i eit økonomisk liv, kvinnene si moglegheit til å kunne gjere seg gjeldande i samfunnet vert avgrensa, så å rette merksemda mot kvinnene og jentene sin situasjon er sjølvsagt svært viktig. Me veit at i mange fattige land er det kvinnene som står for den store arbeidsinnsatsen òg i småskalalandbruket.

Det å byggje ein marknad, det å kunne selje det ein produserer, det å kunne skape ein lokal økonomi er med på å gjere at eit samfunn kan fungere på ein heilt annan måte. Ein kan òg få på plass folkestyre, demokrati, på ein heilt annan måte dersom ein har fått samfunnet i gang, og det har me mange gode eksempel på i mange land. Det finst òg gode eksempel i Nepal. Noreg har organisasjonar som Utviklingsfondet og andre som gjer ein flott innsats for nettopp å byggje dei berekraftige landsbyane som skal kunne ta landet vidare. Ein må starte på mikronivå. Ein må byggje samfunnet nedanifrå, og då er nettopp mattryggleik, matproduksjon og matkjeder utruleg viktige faktorar. Eg er spent på å høyre kva utviklingsministeren vil seie.

Morten Wold hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Pandemien har gjort det vanskeligere å nå målet om å utrydde all ekstrem fattigdom i løpet av dette tiåret, men den har også gjort det enda viktigere at vi nettopp når det målet. Derfor opprettholder vi prinsippet om å bruke 1 pst. av vår nasjonalinntekt på dette i en tid med vanskelige budsjettprioriteringer. Derfor opprettholder vi samarbeidet med våre 16 utvalgte partnerland i utviklingspolitikken, slik at vi bidrar til de selvforsterkende ringvirkningene som skal til for å skape den beste og mest varige formen for utvikling, nemlig den formen for utvikling som et land og et folk skaper selv. Derfor takker jeg representanten Navarsete for at hun reiser en debatt som belyser utviklingsmulighetene i et av våre viktigste samarbeidsland, Nepal, og som også forteller oss noe om de mest grunnleggende forutsetningene for å skape bærekraftig vekst. Fjellandet ved Himalaya gir oss på mange måter utsyn og oversikt når det gjelder både utfordringene og løsningene, som er felles for mange.

Samarbeidet vårt med Nepal går, som interpellanten sier, langt tilbake i tid. Det er mange sterke historier helt fra slutten av 1950-tallet, som den om læreren Ingeborg og mannen hennes, Odd Hoftun, vannkraftingeniøren – om deres innsats som ble til et sykehus, en yrkesskole, et energiprogram og en energitilgang som vi ser fruktene av den dag i dag.

Samarbeidet er tuftet på det som var sentrale byggesteiner da Norge selv tok steget fra fattigdom til velstand og velferd, nemlig demokrati og godt styresett, utdanning, vannkraft, matproduksjon, kvinners rettigheter og deltakelse i arbeidslivet og et aktivt sivilsamfunn som kan ta egne initiativ og skape utvikling nedenfra.

Det er ikke tilfeldig at det er nettopp de byggesteinene som også gjennomsyrer bærekraftsmålene som vi alle er blitt enige om å nå innen 2030. La meg også legge til et annet avgjørende prinsipp – et prinsipp som også er selve grunnmuren i regjeringens utviklingspolitikk, nemlig at ingen skal utelates.

De mest marginaliserte må inkluderes for at vi skal kunne nå bærekraftsmålene. Derfor har vi trappet opp innsatsen for å nå de mest sårbare gruppene. Regjeringens strategier tar også utgangspunkt i partnerlandenes egne utviklingsplaner. Det er jo landenes egen innsats for vekst og velferd vi skal fremme.

I det bilaterale samarbeidet med Nepal er det et engasjement på flere områder: utdanning, styresett og fornybar energi. I tillegg går det støtte gjennom flere kanaler til matsikkerhet, likestilling, menneskerettigheter, helse og klima. Og dette er ikke separate siloer. Nei, de henger sammen: likestilling, matsikkerhet, helse og klima, og jeg skal vise til noen av prosjektene som beskriver nettopp det.

Skal det godt utbygde sivilsamfunnet i Nepal bli en virkelig kraft for utvikling nedenfra, oppnår vi mest ved å la dem samarbeide med våre egne frivillige organisasjoner. Her som ellers er sivilsamfunnet våre øyne og ører ute i felten og blant de mest effektive iverksetterne av utviklingspolitikken som vedtas i denne salen. Nesten en tredjedel av støtten til Nepal går via sivilsamfunnet og er nettopp knyttet til sårbare grupper og prosjekter innenfor matsikkerhet, ernæring osv.

Det blir ingen utvikling uten det som mest av alt setter jenter og gutter i stand til å ta en jobb og kanskje også skape jobber for andre, nemlig utdanning. I Nepal er målet å få alle barn, også barn fra marginaliserte grupper, til å starte på skolen og fullføre utdanningen. Vi er også med på å heve kvaliteten på undervisningen og gjøre den relevant, slik at foreldrene ser nytten av å sende barna til skolen. Etter jordskjelvene i 2015 har vi bidratt til gjenoppbygging av 58 skoler – i tett samarbeid med norsk og nepalsk sivilsamfunn.

Under pandemien har betydelige deler av midlene som var bevilget til utdanning, blitt brukt til å sikre god hjemmeundervisning. Mye av vår støtte til Nepal ble omdisponert til slik pandemihåndtering. I tillegg gjorde vi en tilleggsbevilgning på 10 mill. kr, med støtte til et prosjekt for utsatte barn, til en psykisk helse-krisetelefon for barn og unge i regi av et sykehus som vi også er i tett samarbeid med. Behovene har dessverre også der økt dramatisk under pandemien, som en konsekvens av skolenedstengning og restriksjoner.

Godt styresett er også viktig. Etter fredsavtalen i 2006 og med den nye grunnloven har det vært avgjørende med en vellykket overgang til en ny maktfordeling mellom sentrale og lokale myndigheter. Norge bidrar derfor med kompetanseutvikling på provins- og kommunenivå. Gjennom FN støtter vi kompetansebygging for de nye politikerne som er kommet til for å bygge landet, og dette har vært et avgjørende prosjekt for å sikre representasjon og faktisk involvering av kvinner og marginaliserte grupper. Under et møte i 2019 var det inspirerende å høre hvor viktig nettopp dette kunnskapsarbeidet var for at de skulle kunne bruke grunnloven til å utvikle det lokale selvstyret.

Vi vet hvilken kraft Grunnloven har gitt den økonomiske utviklingen i Norge, og vi vet hvilken rolle vannkraften har spilt også her. Å bringe strøm ut til folket er kanskje det enkelttiltaket vi har i Nepal som kan gi raskest økonomisk utvikling.

Som nevnt: Det norske sivilsamfunnets vannkraftengasjement på 1960-tallet la grunnlaget for utbygging av vannkraftverk, overføring av kompetanse og utbygging av strømnett. Under mitt besøk i Nepal i 2019 undertegnet vi en flerårig avtale med Asiabanken om utbygging av et nett som skal bringe strøm ut til en av de fattigste og mest folkerike provinsene. Vannkraft bidrar også til renere luft og bedre helse i et land hvor det fortsatt fyres på gamlemåten med bål på gulvet og uten avtrekk og pipe.

Et annet bidrag til kampen mot ikke-smittsomme sykdommer i Nepal er at vi har vært med på å bygge landets første barnepsykiatriske klinikk. Den ble åpnet i vår.

Vi ser at også i Nepal har pandemien ført til økt vold i hjemmet. Rapporter viser at selvmord blant unge jenter har økt med 40 pst. under nedstengningen. Derfor har Norge det siste året doblet sin støtte til FNs befolkningsfonds innsats for å bekjempe kjønnsbasert vold i Nepal – fra 4 mill. til 8 mill. kr årlig.

Vår bistand via sivilsamfunnet i Nepal går til flere formål og sektorer: utvikling av lokalsamfunn, menneskerettigheter, miljø og klima, matsikkerhet, tiltak for mennesker med funksjonsnedsettelser og tiltak for bl.a. daliter.

Nepal har et mangfoldig sivilsamfunn med stor evne til å bekjempe fattigdom og fremme ytringsfrihet og andre menneskerettigheter. Det skaper store ringvirkninger, noe jeg selv fikk se og høre da jeg var på et såkalt virtuelt besøk i Nepal nå i mars.

Noe av det som kan skape aller flest ringvirkninger, og som gir størst evne til å skape sin egen vekst, er økt matsikkerhet. Gjennom handlingsplanen for bærekraftige matsystemer, som vi la fram i 2019, og som ble referert til av interpellanten, støtter vi over 50 tiltak med om lag 1,2 mrd. kr.

I Nepal, som ellers i verden, gjelder det å utnytte den nære koblingen mellom matsikkerhet og klimainnsats og mellom matsatsingen og den nye strategien for klimatilpasning, forebygging av klimarelaterte katastrofer og sultbekjempelse som vi la fram 12. april.

Norsk støtte har bidratt til å utvikle det som er blitt en forskningsinstitusjon i verdensklasse, særlig når det gjelder klimaendringene i Himalaya og Hindu Kush: ICIMOD. ICIMODs forskning har gitt økt forståelse av hvordan klimaendringene påvirker økosystemer og landbruk, og støtter bønder med praktiske tiltak, slik at de kan ta i bruk ny teknologi, dele kunnskap om mer naturbaserte løsninger og få fram avlinger som er tilpasset klimaendringene. Det gir økte og mer forutsigbare avlinger, økte inntekter og mulighet til å investere tilbake igjen i sine egne lokalsamfunn. Siden jordbruket i Nepal i stor grad drives av kvinner, styrker det også likestillingen, og likestilling styrker som kjent både velferd og velstand.

Takket være ICIMODs digitaliseringsinnsats har bøndene nådd markedene med sine varer også under pandemien. I november 2019 besøkte jeg en klimautsatt landsby som en del av ICIMODs prosjekter. Ut med helseskadelige kjemikalier, inn med mer naturbaserte løsninger: oppsamling av regnvann, solkraft til vannpumper, biogjødsel, biogass, nye typer avlinger og digitale løsninger. En av bøndene fortalte meg at hun hadde tjuedoblet omsetningen takket være en app på telefonen som ga henne tilgang til både værmelding og marked.

Som interpellanten på en engasjerende måte framhevet, er arbeid knyttet til landbruk og matsikkerhet utrolig avgjørende for å utrydde fattigdom, oppnå bærekraft og at ingen må utelates. Nå – for å motvirke mange av de forsterkede utfordringene pandemien har ført til: 70–80 pst. av dem vi må nå for å utrydde fattigdom og bekjempe sult, lever nettopp av småskalajordbruk. Derfor vil jeg takke både for engasjementet og for muligheten for denne viktige debatten.

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Eg takkar for svaret. Det viser vel, som eg kanskje hadde ein mistanke om, at Noreg er spreidd på veldig mange ulike område i bistandspolitikken ein fører overfor Nepal. Ein skal passe seg vel for å seie kva som er rett og feil, men det eg etterlyser, er ei meir praktisk og synleg prioritering av nettopp det som statsråden avslutta med – alle dei som kan få eit betre liv med ganske enkle midlar, at dei kan løftast ut av fattigdom og svolt gjennom nokre forholdsvis enkle tiltak.

Klimatilpassa landsbyar – Climate Adapted Villages, CAV – er éin metode, statsråden nemnde ein annan. Det går jo på det same. Det er klimatilpassa lokalsamfunn, det å byggje berekraftig produksjon, og det er sjølvsagt ei heil rekkje element, som eg òg nemnde i stad.

No går tida fort, ser eg. FNs generalforsamling vedtok hausten 2018 erklæringa om rettane til bønder og andre arbeidsfolk i bygder – eit omfattande dokument som gav sosial og økonomisk aksept til verdas meir enn 1,2 mrd. småbønder, fiskarar, beitebrukarar, arbeidsfolk i landbruket og familien deira. For verdssamfunnet er ikkje desse store yrkesgruppene på veg ut, men ein del av framtida, med rett til å kjempe for sine interesser, levemåtar, jordeigedomar og driftsmåtar.

Men vedtaket i FN var ikkje samrøystes: 119 land røysta for, 7 land røysta imot, og 49 land avstod frå å røyste. Mellom landa som røysta blankt, var Noreg. Mellom dei som røysta imot, var Sverige og USA. Eg må spørje statsråden: Kvifor røysta Noreg blankt i denne saka når me veit kor viktig rolle landbruket speler i å oppnå berekraftsmål 2, om å avskaffe svolt og fattigdom, og i å arbeide med klimatilpassing for å gjere land meir motstandsdyktige mot framtidige utslag av klimaendringane? Kvifor røysta ikkje Noreg for FN-fråsegna? Og det tredje spørsmålet er: Vil utviklingsministeren syte for at denne saka vert teken opp at, og at Noreg kan slutte seg til fråsegna som FN gjorde i 2018?

Ein treng midlar, men ein treng òg å verte anerkjent – for å bruke eit dårleg nynorsk ord. Ein treng å verte sett. Og akkurat den FN-fråsegna var jo ein bit av det biletet, nemleg å sjå alle dei som treng å verte sette.

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Interpellanten viste til angivelig manglende prioriteringer. Men i den partnerlandstrategien vi har med Nepal, ligger det under kapittelet for prioriterte områder veldig tydelig som et av kulepunktene der: klimatilpasning, bekjempe sult og det å skaffe inntektsbringende arbeid for kvinner og sårbare grupper, som er akkurat det som blir etterspurt her.

Vi samarbeider med nepalske myndigheter, som har en landbruksstrategi som strekker seg fram til 2035, og som identifiserer en rekke utfordringer knyttet til bl.a. klimaendringer, tilgang på arbeidskraft og andre strukturelle forhold.

Jordbrukssektoren i Nepal er utrolig viktig. Den utgjør om lag en tredjedel av den nepalske økonomien, to tredjedeler av arbeidsplassene for den økonomisk aktive befolkningen i jordbruket, og de fleste er kvinner, som det blir sagt her. Det krever altså langsiktige investeringer og helhetlige tilnærminger, som vi både har fra ICIMOD og også ser hos andre sivilsamfunnsorganisasjoner, som bl.a. Utviklingsfondet, som har hatt dette engasjementet helt siden 1982. De har jobbet med matsikkerhet, inntektsskaping, klimatilpasning og deltagelse, som jeg nevnte. Det er en god tilnærming. De kjenner de lokale utfordringene godt, og jeg er glad for at vi har slike samarbeidspartnere.

Det er bakgrunnen for at det bl.a. legges opp til planlagt aktivitet til rundt 10 mill. kr for bare Utviklingsfondet. Det blir en utrolig viktig del av satsingen på landbruk, matsikkerhet og klima framover også i Nepal.

Så må jeg bare si at det blir sagt her at det liksom er strategier på glanset papir. Det stemmer ikke. Det er kunnskapsbaserte prosjekter som er igangsatt, og det er mye midler som er bevilget og prioritert. Det blir nærmest som å slå opp åpne låvedører her.

Jeg håper virkelig at interpellanten også blir glad når en hører at vi har bidratt, ikke minst når det gjelder IFAD, som interpellanten vet er det internasjonale fondet for jordbruksutvikling. Vi har altså økt dette med 40 pst. for perioden 2022–2024, og vi har nettopp annonsert et bidrag på 508 mill. kr, som er helt avgjørende for å nå nettopp småbøndene på landsbygda i utviklingsland. Det må en som sagt gjøre. Skal vi klare å utrydde fattigdom, må vi engasjere nettopp de gruppene også. IFAD gjennomfører en rekke programmer som gir både bedre inntekt og bedre levekår for fattige familier.

Så til at dette ikke er prioritert, og når det gjelder anerkjennelse: Vi er jo utrolig aktivt inne bl.a. når det gjelder FNs arbeid med klimatilpasning og koblingen mellom klimatilpasning og matsikkerhet, der nettopp jordbruket og småskalabønder har en viktig rolle. Vi kommer til å ha det høyt på agendaen videre, og vi har nettopp lansert en strategi som jeg håper interpellanten vil lese og sette seg godt inn i. Så skal vi fortsette kampen for å utrydde fattigdom og sult også i Nepal.

Liv Signe Navarsete (Sp) []: Eg vil nytte anledninga til å takke statsråden for svara og for forsikringane om at ein òg er oppteken av landbruksbistand.

Sidan eg ikkje fekk sagt alt eg hadde tenkt i innlegget mitt i stad, bad eg om ordet ein gong til. Det er slik at i løpet av dei siste 25 åra har over fem millionar ungdomar forlate Nepal på jakt etter jobb i andre land. Det svarar til nesten heile befolkninga i Noreg.

Me har alle fått bretta ut avsløringane om dei grufulle arbeidsforholda som framandarbeidarar møter når dei kjem til ein plass som Qatar. Over 1 600 unge nepalesarar har mista livet under bygginga av VM-stadion. Eg vil seie: All ære til dei fotballklubbane som har teke det opp og diskuterer det etiske aspektet ved dette.

Me veit òg at dei ungdomane som reiser f.eks. til Qatar frå Nepal, ikkje ynskjer å vere der. Dei veit det er livsfarleg, og dei veit at dei vert behandla dårleg, får bu dårleg og må vere borte frå familien i årevis. Men dei vert jo tvinga til å reise fordi dei òg skal forsørgje familien sin. Det er ingen 15-åring som ynskjer å reise frå alt ein kjenner. I Nepal er det mange unge menn som må reise ut av landet for å sikre inntekter.

Etter det store jordskjelvet i 2015 kom òg mange tilbake fordi dei måtte vere med på å byggje opp att. Då hadde òg Noreg og Utviklingsfondet ei satsing for auka lokal matproduksjon med enkle, rimelege drivhus i plast, dryppvatning og gjødsel frå husdyr. Det som var interessant med det, var at berre etter eit par sesongar tente desse ungdomane meir på det enn dei gjorde med den jobben dei hadde, anten dei var berarar i India, eller dei var snekkarar eller anleggsarbeidarar ein annan plass. I tillegg kunne dei ta vare på ungar og familien. Når me veit at Nepal importerer halvparten av all maten frå India, er det lett å sjå at her er det store moglegheiter.

Eg stilte òg eit anna spørsmål, og det er kvifor Noreg ikkje ynskte å røyste for erklæringa om rettar til bønder og andre arbeidsfolk i landområde som FNs si generalforsamling vedtok hausten 2018. Vil statsråden gjere noko med det? Vil han ta det opp att? Det var i den samanhengen eg snakka om at grupper har bruk for å verte sett.

Eg håpar statsråden kan svare på det, og eg vil igjen takke for at han stiller og svarar utfyllande på interpellasjonen.

Statsråd Dag-Inge Ulstein []: Jeg vil takke for debatten. Det er utrolig viktig og riktig at vi debatterer hvordan bistanden skal innrettes, og hvordan vi kan få mest mulig utvikling for hver krone.

Jeg synes også det har vært en fin anledning til å synliggjøre regjeringens satsinger innenfor bistanden i Nepal og hvordan vi kan videreutvikle den også.

Jeg opplever som utviklingsminister at det er mange gode formål, og regjeringen må prioritere. Vi jobber hele veien med å finne balansen mellom innsatser i ulike sektorer, mellom bilateral bistand og multilateral bistand og den bistanden vi gir gjennom sivilsamfunnet. Det er klart at nå er vi også i en fase hvor det blir utrolig viktig hvordan vi kan være med på å bidra til å ta noen av utviklingslandene, lavinntektslandene, ut av krisen også. Nyhetene viser at nabolandet India, som var nevnt her i forbindelse med importen, har 300 000 nye smittede i dag. Vi vet at Nepal også har hatt en dramatisk økning. Det kommer til å påvirke mange av prosjektene og arbeidet, og det vil dessverre også føre til at arbeidet med å nå bærekraftsmålene blir enda mer krevende. Men vi kommer i alle fall til å videreføre satsingen, som jeg har vist til her, og kan forsikre om at sivilsamfunnet vil være en utrolig viktig kanal for norsk bistand også i framtiden.

Så var det et spørsmål knyttet til noe som var før jeg kom inn i den rollen jeg har i dag, så jeg kjenner ikke til prosessene rundt det som er nevnt av interpellanten. Men jeg kan betrygge interpellanten om at når det gjelder engasjement, og når det gjelder det å være til stede og også anerkjennelsen av Norges engasjement på dette feltet, får vi i alle fall veldig tydelig tilbakemelding på det fra ledende aktører i FN-organisasjoner, fra sivilsamfunnet og fra andre lands myndigheter som engasjerer seg i temaet matsikkerhet og ikke minst hvordan vi kan se dette i sammenheng.

Så igjen – takk for debatten. Tallene for utviklingssamarbeid, den ODA-godkjente bistanden for 2020, er akkurat blitt offentliggjort. Norsk bistand lå altså på et rekordhøyt nivå, på 39,5 mrd. kr, som utgjør 1,11 pst. av BNI. Prosentmålet er viktig for å kunne motivere andre land til å gjøre mer på bistandsfeltet. Men det handler om resultatet av det vi faktisk klarer å få til gjennom disse midlene, og også at vi kan sikre langsiktighet, slik at vi når de målsettingene som er satt i dette arbeidet.

Fordi vi er i en pandemi, er det norske bidraget viktigere enn noensinne. Det gjelder også for samarbeidet med Nepal.

Presidenten: Interpellasjonsdebatten er dermed avsluttet.