Stortinget - Møte tirsdag den 11. juni 2019

Dato: 11.06.2019
President: Eva Kristin Hansen
Dokumenter: (Innst. 363 S (2018–2019), jf. Dokument 6 (2018–2019))

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [13:26:35]

Innstilling fra justiskomiteen om Årsmelding for 2018 fra Norges institusjon for menneskerettigheter (Innst. 363 S (2018–2019), jf. Dokument 6 (2018–2019))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Himanshu Gulati (FrP) []: På vegne av saksordfører Solveig Horne vil jeg takke komiteen for samarbeidet, og jeg vil takke representanten Horne for hennes arbeid i det som har vært en omfattende gjennomgang av en viktig årsmelding.

Norge er et land der menneskerettighetene står sterkt, men også i et land som Norge har vi behov for debatt om menneskerettighetene på ulike samfunnsområder. Det er trygt å si at dette er temaer som tas på et mye større alvor i Norge enn i svært mange andre land, og at det er bred politisk enighet om viktigheten av menneskerettigheter og individers rettigheter, til tross for at vi har politiske uenigheter på enkelte saksområder.

Norges institusjon for menneskerettigheter, NIM, ble opprettet av Stortinget i 2015, og skal være et uavhengig organ for å beskytte menneskerettighetene i Norge. En stor andel av deres arbeid dreier seg om hvordan menneskerettighetene gjennomføres nasjonalt. FN har siden 1990-tallet anmodet alle stater om å etablere nasjonale institusjoner for å sikre menneskerettighetene.

Det er i dag 120 nasjonale menneskerettighetsinstitusjoner i verden. Av disse har 78 såkalt A-status, den høyeste status en nasjonal institusjon kan ha. I 2017 fikk NIM en slik status, noe vi alle kan være stolte av.

I NIMs årsmelding vises det til at vi lever i en tid der menneskerettighetene er under sterkt press i mange land, og at oppslutningen om det menneskerettslige tankegodset svekkes rettslig i flere land. Institusjonen påpeker at debatt om menneskerettighetene er sunt, også i Norge, der menneskerettighetene har sterk forankring. NIM påpeker også at dette senest ble gitt uttrykk for i revisjonen av Grunnloven, da Stortinget besluttet å innføre et eget kapittel om nettopp menneskerettighetene.

NIM går nøyere gjennom flere temaer i rapporten, og jeg skal på vegne av saksordføreren belyse noen av disse. Ett viktig tema som tas opp, er vold og overgrep. NIM viser til at vold og overgrep i nære relasjoner fortsatt utgjør et problem i Norge – noe vi alle i denne sal er politisk enige om å forsøke å bekjempe – noe som gjelder særlig for dem det går direkte ut over, men det er også et samfunnsproblem når man ser det i et litt større perspektiv. 150 000 mennesker opplever vold i nære relasjoner hvert år, og hver tiende ungdom har erfaring med vold fra foresatte. Også økningen i anmeldte voldtekter og seksuelle overgrep er tegn på en trend vi ønsker å få bort, og en av de viktige tingene som NIM understreker i sin årsmelding. Andre temaer som tas opp, er bl.a. domstolene. Det påpekes at det er viktig at domstolene har tilstrekkelig med ressurser for å opprettholde rettssikkerheten, og det er viktig for å ivareta menneskerettighetene, en politisk prioritering som vi er enige om i denne sal. Jeg vil også nevne situasjonen i fengslene, der det presiseres at det er viktig at isolasjon ikke brukes mer enn nødvendig, og at isolasjon i fengslene generelt harmonerer dårlig med Norges menneskerettslige forpliktelser og med politiske målsettinger som det jobbes etter.

Jeg vil ikke gå nærmere inn på de ulike temaene i dette innlegget, men jeg er sikker på at debatten videre gjør at vi får diskusjon om andre temaer også.

Lene Vågslid (A) [] (leiar i komiteen): For å bruke orda til Noregs institusjon for menneskerettar om årsmeldinga i 2018: «Temaene NIM behandler i denne årsmeldingen, har alle preget menneskerettighetsåret 2018 – det er derfor vi har prioritert akkurat dem.»

Så peikar dei ut dei mest iaugefallande sakene sett frå ein menneskerettsleg synsvinkel, som dei vil gjere oss her i Stortinget særleg oppmerksame på: vald og overgrep, ressurssituasjonen i domstolane i landet og psykisk sjuke i fengsel.

NIM formidlar på ein lågmælt og nøktern måte det som kanskje er det viktigaste for eit liberalt demokrati, at i tillegg til rettsstaten er det å vareta menneskerettane det viktigaste for å beskytte enkeltindivid mot overgrep i namnet til fleirtalet. Det gjev oss ei påminning om at menneskerettane set nokre grenser for oss politikarar, men også om korleis me skal bruke det handlingsrommet som finst. Det er viktig, særleg no i ei tid der politikarane i stadig fleire land og stadig nærare oss geografisk ikkje har det menneskerettslege tankegodset innanbords, der ytringsfridomen får stadig dårlegare kår, og der domstolane blir mindre uavhengige. Eg vil rette ein stor takk til NIM for det arbeidet som er gjort for å spreie kunnskap om menneskerettane, og for at NIM på ein så god måte overvakar at ikkje grunnlovfesta rettar blir brotne.

Arbeidarpartiet prioriterer å respondere på dei tre områda NIM sjølv har plukka ut, og det er, som Gulati nemnde, bl.a. vald og overgrep. Arbeidarpartiet har i fleire år arbeidd aktivt ikkje berre for å løfte det som eit samfunnsproblem, men som den alvorlege kriminaliteten det faktisk er, både i dei alternative statsbudsjetta me har lagt fram, og i det tilbakevendande kravet me har, om at me treng ein handlingsplan som er forpliktande og finansiert, og som me kan følgje opp systematisk, slik me hadde tradisjon for tidlegare.

Det er nødvendig å følgje opp det NIM peikar på i årsrapporten. Difor er det ikkje godt nok at regjeringspartia beskriv rapporten. Eg forventar også svar på korleis dei har tenkt å følgje opp utfordringane.

Me fremjar i år som i fjor eit forslag om at Stortinget ber regjeringa utarbeide ein overordna sektorovergripande handlingsplan mot vald i nære relasjonar, med utgangspunkt i dei forpliktingane me alle har vore med på i Istanbul-konvensjonen. Den handlingsplanen bør reflektere dei spesielle behova til sårbare grupper, akkurat slik NIM påpeikar, særleg når det gjeld samiske valdsutsette. For Arbeidarpartiet sin del kjem me subsidiært til å støtte SVs forslag nr. 4.

Så tek NIM opp situasjonen til domstolane i årsrapporten sin. Situasjonen når det gjeld uavhengigheit, er under press fleire stader i Europa. Desse endringane skjer raskt, og det viser at me ikkje kan ta det for gitt for all framtid at me har uavhengige domstolar. NIM slår vidare fast at både Grunnlova og EMK gjev føringar for statens plikt til å sikre uavhengigheit for domstolane. Ressursar gjev fridom og uavhengigheit, også når det gjeld domstolane, og difor blir det sett minimumskrav til kor store ressursar staten må tilføre domstolane. Denne sikringsplikta tilseier at f.eks. ein vanskeleg ressurssituasjon ikkje er god nok grunngjeving for ikkje å tilsetje nok dommarar, slik at saker kan avgjerast både på ein uavhengig måte og ikkje minst innan rimeleg tid.

Dette var omtalt i 2017. Då sa eit samla storting at regjeringa skulle sørgje for at domstolane både var organiserte og finansierte, slik at saker kunne bli avgjorde innan rimeleg tid. Dette vedtaket blei riktig nok fatta i desember 2018, då den førre årsmeldinga blei behandla, og det er kanskje ikkje heilt urimeleg at ein ikkje har kvittert det ut i revidert budsjett ennå, men det bør i alle fall leggje klare føringar for statsbudsjettet for 2020. Slik sett hadde eg forventa at regjeringspartia stod bak det også i årets årsmelding. Domstolane er under press. Regjeringspartia strupar domstolsbudsjetta, og eg meiner det ikkje er i tråd med den plikta me har til å sikre uavhengige domstolar, og heller ikkje i tråd med den viljen som er i Stortinget, jf. det vedtaket me fatta under behandlinga av årsmeldinga i fjor.

Eg tek med dette opp dei forslaga me har i saka.

Presidenten: Representanten Lene Vågslid har tatt opp de forslagene hun refererte til.

Frida Melvær (H) []: Som tidlegare talarar har sagt, er Noreg blant dei landa i verda der menneskerettssituasjonen er god – eit land prega av høg tillit mellom folk og styresmakter, openheit, respekt for grunnleggande rettar, orden og tryggleik og uavhengige domstolar. Dette er verdiar som er viktige å vareta. Vi ser at menneskerettane er under press i fleire delar av verda, og trass i at desse har ei sterk demokratisk forankring hos oss, er det viktig at vi òg i landet vårt jamleg evaluerer og debatterer kvar vi står i desse viktige spørsmåla. Særleg er dette viktig innanfor grupper i samfunnet som er særleg utsette og sårbare.

Norges institutt for menneskerettigheter peikar på viktige og aktuelle område der det kan vere grunnlag for å vurdere nærare om tiltak bør setjast i verk. Eitt av desse områda er situasjonen for innsette i fengsel med psykiske lidingar eller rusrelaterte utfordringar. Det er kartlagt at fangebefolkninga har ein høgare førekomst av psykiske lidingar enn befolkninga elles.

Eg er glad for at regjeringa tek utfordringa med isolasjon og utelating frå fellesskap på alvor. Det er òg slått fast i Granavolden-plattforma, som er forhandla fram mellom dei fire regjeringspartia. Bruk av isolasjon skal reduserast, og behandlingstilbodet for innsette med psykiske utfordringar skal styrkjast. Det er under utarbeiding ein tiltaksplan om isolasjon i fengsel, og departementet gjennomgår regelverket for utelating frå fellesskap og bruk av tvangsmiddel.

I statsbudsjettet for 2019 vart det m.a. løyvd 18,3 mill. kr til å etablere ei forsterka fellesskapsavdeling ved Ila for alvorleg psykisk sjuke innsette. Kriminalomsorgsdirektoratet har òg utvikla retningslinjer for førebygging av sjølvmord og styrkt dei tilsette sin kompetanse på psykiske lidingar og førebygging av overdosar. Det er sett i gang arbeid med å auke aktiviseringa av dei mest sårbare innsette, m.a. gjennom lågterskelaktivitetar og delte arbeidsdagar. Dei har utvikla kunnskapsbaserte strategiar knytte til desse utfordringane som kriminalomsorga arbeider målretta med.

Dei som har ansvaret for helsetenestene, har òg ansvar for oppfølging av helsetenestene for dei innsette. Helse- og omsorgsdepartementet har overfor dei regionale helseføretaka peika på at tilbodet innan psykisk helsevern til innsette skal verte styrkt. God dialog mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet kring desse spørsmåla er nødvendig for å sikre felles forståing av korleis utfordringane best kan handterast framover.

Eg er glad for å lese i kriminalomsorga sin årsrapport for 2018 at særleg bruk av sikkerheitscelle har gått betydeleg tilbake. Eg er òg glad for at det i 2018 ikkje var brot på fristar på overføring frå politiarrest til fengsel som følgje av mangel på plassar i fengsla.

Vald og overgrep i nære relasjonar er ei omfattande samfunnsutfordring som gjer kvardagen til både barn og vaksne utrygg, og som får alvorlege konsekvensar for dei det gjeld.

På éi side er det eit gode at fleire tilfelle vert avdekte. Vald og overgrep har i mange tiår fått gå føre seg bak lukka dører, der samfunnet elles har late att auga for problemet i staden for å tilby hjelp. Sånn er det ikkje lenger. I Granavolden-plattforma er det slått fast at det skal førast ein aktiv politikk for å styrkja kampen mot vald og overgrep i nære relasjonar. Med dette viser regjeringspartia at dette er eit viktig politikkområde som ein skal ta på alvor og følgje opp, m.a. ved å vidareutvikle handlingsplanen mot vald i nære relasjonar.

Menneskerettane står sterkt i det norske samfunnet – ein demokratisk verdi som vi har ei plikt til å verne om. Eg har tiltru til at regjeringa ved dei respektive departementa vil ta Norges institutt for menneskerettigheters anbefalingar på alvor og følgje opp desse på eigna måte.

Geir Inge Lien (Sp) []: Årsrapporten frå Norges institusjon for menneskerettigheter, NIM, gjev oss ein god oversikt over korleis Noreg skjøttar buet sitt når det gjeld menneskerettar.

Jobben med å sikre alle menneske grunnleggjande rettar, som fridom, likskap og verdigheit, er eit viktig ansvar for oss som folkevalde. Gjennom NIMs årsrapport får Stortinget god innsikt i korleis menneskerettane vert følgde opp i regjeringa. Slik kan Stortinget vareta funksjonen med å overvake at ikkje grunnlovfesta rettar vert brotne.

I 2014 vedtok Stortinget å innføre eit eige kapittel om menneskerettar i Grunnlova. Dette er, og var, eit viktig signal overfor andre land i Europa og plassar kor menneskerettane er sette under press. Noreg er eit trygt og demokratisk land der innbyggjarane kan forvente at menneskerettane vert varetekne. Samtidig treng vi ein kontinuerleg debatt om menneskerettar òg i Noreg. For som denne og tidlegare rapportar frå NIM viser, har vi framleis eit stykke å gå.

Eg vil takke NIM for nok ein grundig og god årsrapport. Rapporten tek opp mange ulike tema, bl.a. vald og overgrep, ressursmangel ved landets domstolar og menneskerettar for eldre. I år som i fjor har NIM òg vigd særleg merksemd til behandlinga av psykisk sjuke i fengsla. Dette er alle viktige tema som Stortinget og regjeringa er nøydde til å fokusere på framover.

Statens ansvar er meir enn at myndigheitene skal avstå frå å bryte borgarane sine menneskerettar. Myndigheitene skal òg sikre at innbyggjarane ikkje vert utsette for menneskerettsbrot. Dette inneber bl.a. at myndigheitene har ansvar for å drive førebyggjande arbeid, etterforske og straffeforfølgje lovbrot og følgje opp dei som er utsette for vald og overgrep.

Senterpartiet er med på å fremje forslag i dag som ber regjeringa utarbeide ein overordna, sektorovergripande handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Denne handlingsplanen bør reflektere dei spesielle behova sårbare grupper har.

Domstolane si uavhengigheit er under press fleire plassar i Europa. Desse endringane har skjedd raskt og viser at ein ikkje kan ta uavhengige domstolar for gitt. Staten har ei plikt til å sikre at domstolane er uavhengige, og sikre at dei vert tilført tilstrekkeleg med ressursar. Men i fleire år har regjeringa gjennomført store økonomiske kutt i domstolane. Grunngjevinga har vore at dette skal bidra til avbyråkratisering og effektivisering. Men domstolane er ikkje eit kva som helst slags underliggjande direktorat. Domstolane er den tredje statsmakt, og ressurssituasjonen begynner å verte kritisk. Kutta er uforsvarlege og hemmar god drift og nødvendige investeringar. Fleire domstolar må nedbemanne.

Då NIMs årsmelding for 2017 vart behandla, bad eit samla storting om at regjeringa skulle sørgje for at domstolane er organiserte og finansierte på ein slik måte at dei kan vareta menneskerettane på ein forsvarleg måte. Men regjeringa har ikkje sørgt for løyvingane som må til. Eg vil minne om at denne regjeringa har fleirtal i Stortinget, og difor er det ikkje mogleg for opposisjonen å snu denne utviklinga aleine.

Årsrapporten understrekar at situasjonen i fengsla er ei menneskerettsleg utfordring. Det grunnleggjande menneskerettslege utgangspunktet er at isolasjon berre skal brukast der det er strengt nødvendig. Trass i dette er isolasjon mykje brukt i norske fengsel.

Noreg har gjentekne gonger motteke kritikk for bruken av isolasjon overfor psykisk sjuke som vert behandla i fengsel. Bergens Tidende har påvist at 39 pst. av alle vedtak om tvangsbruk i fem fengsel vart grunngjeve med sjølvskading, sjølvmordsforsøk eller dårleg psykisk helse. Det er nødvendig å betre registreringa av slike tvangsvedtak. Det er òg nødvendig at regjeringa følgjer opp nødvendige anbefalingar frå Kriminalomsorgsdirektoratet og Helsedirektoratets rapport frå 2016. Senterpartiet er med på å fremje forslag om dette i dag.

Presidenten: Da oppfattet jeg at representanten har tatt opp det forslaget han refererte til?

Geir Inge Lien (Sp) []: Ja.

Presidenten: Da har representanten Geir Inge Lien tatt opp det forslaget han refererte til.

Petter Eide (SV) []: En debatt om Norges institusjon for menneskerettigheter kan foregå på to måter. Vi kan enten gå inn i sakene, eller vi kan diskutere – og det fortjener en debatt – Stortingets konstitusjonelle rolle i håndteringen av en slik rapport. Jeg skal ta det siste nå, og så skal jeg i et senere innlegg diskutere sakene.

Staten har en grunnleggende oppgave i å sikre befolkningen, sikre vår trygghet og borgernes rettigheter. Det er også slik at Stortinget etter Grunnloven har det øverste ansvaret for menneskerettighetstilstanden i Norge, og vi har faktisk et selvstendig ansvar i denne sal for å sikre menneskerettighetene.

Jeg ser at regjeringspartiene i all hovedsak oppfatter at det er deres oppgave nærmest å sluse denne rapporten gjennom Stortinget og videre til regjeringen. Realitetsbehandlingen her oppfattes som at vi går gjennom rapporten og reflekterer over den, men ikke går inn i enkeltsakene. Det mener jeg ikke er en tilstrekkelig måte å håndtere en slik rapport på. Regjeringspartiene mener at vi nærmest skal ta denne rapporten til orientering. Menneskerettighetene i Norge skal ikke tas til orientering – de skal behandles. Vi er den første statsmakt, med det øverste ansvaret, og vi skal gå aktivt inn i det.

Ved behandling av tidligere rapporter har vi i hvert fall bedt regjeringen om å komme tilbake til Stortinget så vi kunne få høre hvordan de har sett på de ulike tingene. Ved denne behandlingen får vi ikke til det heller. Med andre ord: Stortingsflertallet ser på seg selv som en postkasse for håndtering av menneskerettigheter i Norge. Det synes jeg er svært urovekkende, og det er konstitusjonelt utfordrende. Det ligger en ansvarsfraskriving i akkurat dette.

Skal Stortinget ivareta sine grunnlovsmessige forpliktelser, må faktisk innholdet i rapporten realitetsbehandles. Da må Stortinget ha såpass mot at vi påpeker hvilke saker vi vil prioritere, og på hvilke områder vi vil at regjeringen skal få en marsjordre til å jobbe videre. Vi skal oversende en beskjed til regjeringen om at dette er forhold vi ønsker at den retter opp. Det skal ikke være slik at vi utelukkende tar det til orientering, og så skjer det ingenting mer.

Hvorfor er det viktig at vi på en måte skjerper den konstitusjonelle rollen og skjerper Stortingets ansvar? Jo, det er nettopp fordi vi skal øke statusen til menneskerettighetene i Norge. Flere talere har sagt at menneskerettighetenes stilling i Norge er så veldig bra. Kanskje det er derfor dette storting har et så slapt forhold til behandling av menneskerettighetene, nettopp fordi vi har en idé om at det er så bra? Det holder ikke. Er det noe som hadde fortjent full sal, er det nettopp Stortingets behandling av menneskerettighetene i Norge – som er vårt primære ansvar. Her sitter det en glissen justiskomité i salen – unnskyld, men komiteen er ikke engang fulltallig. Det gir ikke noe signal om at dette storting tar menneskerettighetene i Norge ordentlig på alvor. Denne postkassetilnærmingen til dette er ikke tilstrekkelig for å øke statusen til menneskerettighetene i Norge.

Det er behov for å styrke vår konstitusjonelle rolle og vårt ansvar og påpeke at vi er grunnlovsmessig pålagt dette. Da må vi altså gå inn og realitetsbehandle dette på en helt annen måte – ikke fraskrive oss ansvaret.

Det ligger også et internasjonalt ansvar i å realitetsbehandle menneskerettighetene i denne sal. Hvordan skal vi stille krav til andre land som har massive brudd på menneskerettighetene? Hvordan skal vi stille krav til dem, og med hvilken rett kan vi gjøre det når vi behandler menneskerettighetene i Norge på denne måten i denne salen, og regjeringspartiene utelukkende tar denne rapporten til orientering, men ikke er villig til å gå inn og prioritere og gi marsjordre til regjeringen på dette? Det gir et svært dårlig signal til andre land når vi behandler dette på denne måten.

Bare for å oppsummere: Jeg mener det er et sterkt behov for å utvikle Stortingets praksis når det gjelder behandlingen av NIMs årsrapport og menneskerettighetene i Norge. Vi må tydeliggjøre vår konstitusjonelle rolle i dette. Vi må prioritere de sakene vi mener det er viktig å behandle, og vi må gi beskjed til regjeringen om hvordan dette skal gjøres.

Jeg skal i mitt neste innlegg forklare hvilke saker jeg mener vi bør prioritere, og vil til slutt ta opp SVs forslag til saken.

Presidenten: Representanten Petter Eide har tatt opp det forslaget han refererte til.

Statsråd Jøran Kallmyr []: Norges institusjon for menneskerettigheter, NIM, har en sentral rolle i arbeidet med å fremme og beskytte menneskerettighetene i Norge. Siden NIM ble etablert ved lov i 2015, har institusjonen vært en sterk faglig aktør og en tydelig stemme. NIM gjør for det første et viktig arbeid med å formidle og gi informasjon om Norges menneskerettslige forpliktelser, og bidrar dermed til økt kunnskap om menneskerettigheter både hos enkeltindivider, som menneskerettighetene skal beskytte, og hos myndighetene og samfunnet for øvrig.

NIM har i årsmeldingen og på andre måter, som i møter og høringer, kommet med en rekke råd og anbefalinger til departementet og regjeringen. Rådene og anbefalingene fra NIM er generelt viktige og velkomne innspill når departementene og regjeringen skal ta stilling til hva som bør gjøres på de ulike saksområdene. Jeg opplever at det er en god dialog mellom NIM og mitt eget departement, Justis- og beredskapsdepartementet.

NIM har også for 2018 avgitt en grundig årsmelding med en rekke nyttige anbefalinger til departementet og regjeringen. Justiskomiteen framhever i innstillingen tre saksområder som gjelder Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområder – vold i nære relasjoner, domstolenes ressurssituasjon og situasjonen for psykisk syke i fengslene.

Vold i nære relasjoner er et alvorlig og betydelig samfunnsproblem, og som NIM har vist til i sin temarapport, er det noen særlige utfordringer i det samiske samfunnet. Dette tar regjeringen på alvor. Som justiskomiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet har påpekt, er kampen for å bekjempe vold i nære relasjoner et viktig satsingsområde for denne regjeringen.

Det er riktig, som NIM påpeker, at mange av de innsatte i fengslene har en psykisk lidelse og utfordringer med rus. Regjeringen tar utfordringene dette medfører – og utfordringene med isolasjon og utelukkelse fra fellesskapet – på alvor og jobber kontinuerlig med å redusere bruken av isolasjon og å styrke behandlingstilbudet innen psykisk helsevern i kriminalomsorgen.

Når det gjelder domstolene, vil jeg først si meg enig med komiteen i at domstolenes rammebetingelser er sentrale for domstolenes uavhengighet. Nettopp for å sikre at domstolene framover er best mulig rustet til å ivareta høye forventninger om effektivitet og kvalitet, nedsatte regjeringen Domstolkommisjonen i 2017. Jeg ser fram til å motta kommisjonens utredninger, den første kommer nå i oktober i år.

Til slutt vil jeg si meg enig med flertallet i justiskomiteens vurdering om at det ikke bør innføres en ordning hvor regjeringen rutinemessig rapporterer til Stortinget på hver enkelt anbefaling i NIMs årsmelding. Anbefalingene fra NIM er mange og av nokså ulik karakter, og en slik ny rapporteringsrutine vil etter mitt syn være lite formålstjenlig. Årsmeldingen kan heller gi Stortinget et grunnlag for å velge ut problemstillinger det er ønskelig å be regjeringen eller den enkelte statsråd å gå nærmere inn på. Det vil svare godt til opplegget for håndtering av årsmeldingen fra Sivilombudsmannen.

Nils T. Bjørke hadde her teke over presidentplassen.

Presidenten: Det vert replikkordskifte.

Lene Vågslid (A) []: I fleire år har Arbeidarpartiet føreslått at regjeringa må utarbeide ein ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep. Me hadde ein lang og god tradisjon for dette tidlegare, men høgreregjeringa har ikkje følgt opp dette arbeidet. NIM anbefaler ein sektorovergripande handlingsplan, peiker på dei forpliktingane me har etter Istanbul-konvensjonen, og lyfter særleg fram utfordringane med samiske valdsutsette.

Statsråden seier at regjeringa tek dette på alvor. Regjeringa er god til å kommentere situasjonen, men kjem med litt få forslag til tiltak. Så spørsmålet mitt er: På kva måte kjem justisministeren til å ta dette på alvor – for det må jo bety at statsråden har tenkt å gjere noko med det? Kva er grunnen til denne motstanden mot å utarbeide ein slik sektorovergripande handlingsplan som NIM etterlyser?

Statsråd Jøran Kallmyr []: Regjeringen la i 2016 fram en opptrappingsplan mot vold i nære relasjoner og vold og overgrep mot barn og unge. Den bygger videre på den forrige handlingsplanen og skal løpe fram til 2021. Regjeringen har sagt at det er vår politikk å vedlikeholde denne planen. Dermed vil vi også se på problemstillingen som gjelder vold i samiske miljøer, spesielt.

Men det er ikke nok bare å legge fram en handlingsplan. Det må også gjøres mer forskningsarbeid. Derfor har vi nedsatt et utvalg som skal se på f.eks. partnerdrap.

Lene Vågslid (A) []: Nei, det har statsråden heilt rett i – ein heilt grunnleggjande ting for at det skal fungere, er at planane er finansierte. Opptrappingsplanen mot vald og overgrep var jo langt ifrå finansiert, mangla fleire vesentlege tiltak og hadde utelate eldre som gruppe totalt. Difor har me ynskt ein handlingsplan som er sektorovergripande, lik dei me hadde tidlegare og hadde god erfaring med. Anbefalinga frå NIM er jo òg veldig tydeleg.

Så meiner me at det er av stor verdi at regjeringa informerer Stortinget på ein god måte når det gjeld rapporten, og me føreslår at regjeringa skal kome til Stortinget med ei samla framstilling, ikkje slik statsråden refererte til frå talarstolen, om korleis anbefalingane frå 2018 er fylgde opp. Regjeringspartia meiner at dette ikkje er føremålstenleg. Spørsmålet mitt er då: På kva måte vil ikkje ei slik samla framstilling eller rapportering til Stortinget vere føremålstenleg?

Statsråd Jøran Kallmyr []: Man kan alltid være uenig om hvordan man skal rapportere tilbake. Jeg tror det aller viktigste er at vi får implementert rådene og anbefalingene fra NIM i det daglige arbeidet, for det er der ting kan skje – i det daglige arbeidet for å sikre at f.eks. domstolene er uavhengige, og i det daglige arbeidet for å sikre bedre muligheter til å ta vare på de psykisk syke i fengslene. Anbefalingene må legge klare føringer for hvordan arbeidet skal gjennomføres i praksis, og det synes jeg faktisk er viktigere enn hvordan det blir rapportert tilbake.

Med forslaget som foreligger om rapportering tilbake, vil Stortinget få god informasjon om hvordan man følger opp de ulike punktene i NIMs rapport. Det føler jeg meg trygg på at Stortinget vil bli godt informert om.

Lene Vågslid (A) []: Me hadde nokre dårlege erfaringar i fjor med korleis regjeringa valde å svare opp NIMs anbefalingar. Det tok veldig lang tid, og me meiner at ein kunne gjort dette på ein betre måte gjennom ei samla framstilling i Stortinget. Viss det er slik at regjeringa verkeleg tek dette på største alvor og kjem til å implementere dette i det daglege arbeidet framover, ville det ikkje då vore ein god idé for ein justisminister og ei regjering å kunne kome til Stortinget og både skryte av og vise til alle dei gode tiltaka me no kan forvente når det gjeld kampen mot vald i nære relasjonar, styrking av domstolane og ikkje minst arbeidet med psykisk sjuke i norske fengsel?

Statsråd Jøran Kallmyr []: Den ordningen vi legger opp til nå, vil ligge ganske nær opp til måten vi svarer på rapporteringer fra Sivilombudsmannen på. Så det er allerede en innøvd praksis i Stortinget for hvordan man skal håndtere slike ting, og jeg tror det kan være fornuftig at denne NIM-rapporten blir håndtert på samme måte. Det gir gode svar til Stortinget, og det gir også et godt fundament for diskusjoner om hvordan regjeringen har fulgt opp anbefalingene.

Geir Inge Lien (Sp) []: NIM viser til utstrekt bruk av isolasjon i norske fengsel som i mange tilfelle er i strid med menneskerettane. NIM legg fram svært alvorlege tal frå årsrapporten sin, som at 92 pst. av innsette i Noreg har teikn på personlegdomsforstyrringar, at 12 pst. har suicidale tendensar, og at 848 innsette har behov for behandling for psykiske lidingar som fengselstilsette ikkje har kompetanse til å behandle. Noreg har fått internasjonal kritikk for behandlinga av psykisk sjuke i norske fengsel. Korleis vil statsråden forbetre helsetilbodet i norske fengsel og sikre at psykisk sjuke innsette får nødvendig helsehjelp?

Statsråd Jøran Kallmyr []: Politidirektoratet ga i november 2018 en ny instruks for bruk av politiets arrester.

Instruksen har en rekke bestemmelser som sikrer de menneskerettslige kravene knyttet til opphold i arresten. Arrestanten skal gis adgang til å motta besøk fra andre dersom det er praktisk gjennomførbart og det ikke er i strid med hensynet til orden og sikkerhet. Det skal i tillegg gis adgang til å ha samvær med de andre arrestantene dersom det er praktisk gjennomførbart og det ikke er i strid med hensynet til orden og sikkerhet. Fra tidspunktet for innsettelse på cellen skal vaktsjefen sørge for at behovet for å iverksette tiltak for å avhjelpe isolasjonsvirkninger av oppholdet i politiarresten vurderes løpende. Dette gjelder alle arrestanter, uavhengig av hjemmelsgrunnlag for innsettelsen og oppholdet.

Det er altså blitt gjort en rekke ting for å forbedre de innsattes forhold, spesielt med tanke på isolasjon.

Petter Eide (SV) []: Vi har gjennom denne rapporten og også tidligere blitt kjent med en rekke områder i Norge der menneskerettighetene ikke er tilfredsstillende. Så mitt spørsmål er veldig konkret: Hvilke menneskerettighetsområder – justisministeren kan nevne ett eller to – mener justisministeren selv er de aller mest alvorlige? Et tilleggsspørsmål: Hvilke konkrete instrukser har justisministeren gitt for å gjøre noe med akkurat det ene eller de to forholdene justisministeren selv mener er de mest alvorlige?

Statsråd Jøran Kallmyr []: Jeg finner grunn til å understreke at menneskerettighetssituasjonen i Norge er ganske bra. Men som NIMs rapport også påpeker, er det mangler og utfordringer. Man kan alltid bli bedre, og dette er ikke et statisk rettsområde. Dette er et dynamisk rettsområde, slik at man også – hva skal man si – utvikler en stadig bedre praksis for behandling etter menneskerettighetene.

Jeg har i mitt innlegg påpekt tre områder som det har vært viktig å ta tak i: domstolens uavhengighet og, ikke minst, isolasjon og psykisk syke i norske fengsler. Dette er områder som har vært viktige for oss, ikke minst dette med vold i nære relasjoner. Dette er områder som det for oss har vært viktig å ta tak i.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Dei talarane som heretter får ordet, har ei taletid på inntil 3 minutt.

Maria Aasen-Svensrud (A) []: Som flere har nevnt i sine innlegg, påpeker NIM situasjonen til psykisk syke som isoleres i fengsel, og det er de ikke alene om. Sivilombudsmannen har ved flere anledninger påpekt problemstillingen ved flere av våre fengsler. Fra Stortingets side, fra opposisjonen, har vi ved flere anledninger tatt opp temaet alvorlig psykisk syke i fengsel, og vi har kommet med konkrete forslag som kunne avhjulpet situasjonen.

Regjeringen svarte på en liten del av denne utfordringen i statsbudsjettet for 2019 ved å bevilge 18,3 mill. kr for å etablere en nasjonal forsterket fellesskapsavdeling ved Ila fengsel og forvaringsanstalt. Dette er et tegn på at regjeringen tar situasjonen på alvor. Og som representanten fra Høyre her i salen hevder, holdes det fokus på dette.

Jeg besøkte i forrige måned Ila. Det er ikke satt i gang noe arbeid der. Det er ikke slått inn en spiker, det er ikke slått ned en vegg, det er faktisk heller ikke lagt fram en eneste tegning som viser hvordan den nye avdelingen skal komme på plass. Det er svært vanskelig å se for seg at denne nye avdelingen står klar innen utgangen av året, så helsepersonellet kan komme på plass og begynne arbeidet, slik intensjonen fra regjeringen var.

På bakgrunn av tilbakemeldingene jeg fikk under besøket, ser det ikke ut til at noe av arbeidet med den nye avdelingen er i gang. Med tanke på at både statsråden og representantene for regjeringspartiene her i salen har trukket fram arbeidet med alvorlig psykisk syke i fengsel, ville det nå gjøre svært godt om en fra regjeringspartiene eller statsråden selv kunne bekrefte at jo, vi er i gang med arbeidet på Ila, det vil bli fulgt opp i tråd med statsbudsjettet, den nye avdelingen skal være på plass innen utgangen av 2019, så helsepersonell og ansatte kan komme i gang med arbeidet med å forhindre at alvorlig psykisk syke i norske fengsler isoleres, slik de blir i dag.

Lene Vågslid (A) []: Det seier jo litt når Arbeidarpartiet må opp på talarstolen og skryte av løyvingane som regjeringa har gjeve. Kanskje beskrivinga frå Maria Aasen-Svensrud kan vere litt av grunnen til at det ikkje blir nemnt. Eg ser òg fram til eit svar frå statsråden på akkurat det.

NIM minner oss i årsrapporten på at staten har eit ansvar for å sikre samarbeidet mellom kriminalomsorga og helsevesenet for å ta vare på dei menneskerettslege krava EMK, Den europeiske menneskerettsdomstolen, har i sin artikkel 3.

Både Helsedirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet er bekymra for om helsetilbodet i norske fengsel er tilfredsstillande, og om psykisk sjuke får den hjelpa dei har krav på. Det er det all mogleg grunn til å vere når ein les rapporten, når ein kan sjå at 92 pst. av dei innsette i Noreg har teikn på personlegdomsforstyrring, 12 pst. har suicidale tendensar og 848 innsette har behov for behandling for psykiske lidingar som fengselstilsette ikkje har kompetanse til å behandle.

Vidare har me alle lese i Bergens Tidende at 39 pst. av tvangsbruksvedtak i fem fengsel blir grunngjevne med sjølvskading, sjølvmordsforsøk eller dårleg psykisk helse. Sivilombodsmannen har vore tydeleg i sin tale – manglande bemanning gjer at alvorleg psykisk sjuke og suicidale innsette risikerer å bli sette på sikkerheitsceller utan oppfølging. I tillegg krev ikkje reglane i straffegjennomføringslova medisinsk vurdering før tvangstiltak blir sette i verk. Dette er alvorleg og uverdig. Det må gjerast noko med denne situasjonen.

Det er all grunn til å bli bekymra når gode tiltak frå høgreregjeringa, som dei midlane til Ila faktisk var, kan sjå ut til ikkje eingong å ha blitt sette i gang. Og det er ikkje berre Arbeidarpartiet som peikar på problemstillinga – det gjer fleire opposisjonsparti. Det er ikkje berre NIM, det er òg FNs menneskerettskomité, FNs torturkomité, CRPD-komiteen og Den europeiske torturførebyggingskomiteen, både i 2018 og 2019. Arbeidarpartiet støttar difor NIMs anbefalingar og fremjar forslag i pakt med det.

NIM har i årsrapporten òg omtalt menneskerettslege utfordringar på ei rekkje andre område, som me ikkje rekk å kome innom i dag, og gjev klare anbefalingar om korleis dei kan følgjast opp. Difor vil eg uttrykkje veldig sterkt at eg meiner det er viktig at regjeringa følgjer det opp, men at ein òg kjem tilbake til Stortinget – om ikkje på den måten me vil, så på den måten ein finn det best, eventuelt i budsjettsamanheng eller andre samanhengar. Me forventar faktisk meir enn at regjeringspartia står her på talarstolen i Stortinget og problembeskriv. Eg meiner det får vere slutt på den evige problembeskrivinga utan å kome med forslag til tiltak.

Geir Inge Lien (Sp) []: Når ein ikkje fekk stilt spørsmålet i replikkrunden, ønskjer eg å kunne ta det fram no, og eg håpar at ministeren ønskjer å gje eit svar på det. Det gjeld domstolane. Domstolane har over tid vore i ein svært krevjande ressurssituasjon. NIM understrekar at finansieringa av domstolane heng saman med sjølvstendet til domstolane.

Domstolane vert nedbemanna på grunn av økonomi trass i at saksbehandlingstida mange plassar er lang. Det vert òg teke avgjerder om sentralisering gjennom felles leiing og samanslåing av domstolane med argument om at det vil gje innsparing. Dette svekkjer rettssikkerheita og folks tilgang til domstolane. Kva er statsråden sitt syn på den kritiske økonomiske situasjonen til domstolane? Det er det eg lurer på.

I tillegg ønskjer eg å nemne eit viktig moment i NIMs årsrapport der det kjem fram at Noregs oppfølging av folkeretten i samband med eksport av våpen og ammunisjon til statar som krigar i Jemen, kan vere mangelfull. NIM påpeiker at eksporten av forsvarsmateriell til land i denne konflikten svekkjer Noregs menneskerettslege omdøme. Difor er Senterpartiet med på eit forslag der me ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit forslag om korleis norsk regelverk om eksport av våpen skal praktiserast, slik at ein unngår brot på folkeretten og humanitærretten.

Himanshu Gulati (FrP) []: Representanten Eide kalte posisjonens holdning til behandling av denne årsrapporten om menneskerettigheter generelt som en postkassehåndtering eller ansvarsfraskrivelse. Det er en beskrivelse jeg er uenig i, men vi har tross alt en maktfordeling og arbeidsfordeling mellom storting og regjering som vi som representerer regjeringspartiene her, mener følges opp på en god måte. De lovene vi vedtar i denne sal, skal være godt innenfor rammene og ta hensyn til både menneskerettighetene, som vi respekterer, og de konvensjonene og internasjonale avtalene vi er en del av. Dette stortinget, eller denne salen, valgte også å endre Grunnloven for nettopp å styrke menneskerettighetenes posisjon i Norge på den måten som er Stortingets ansvar gjennom vedtak av lover – i tillegg til at vi årlig bevilger og vedtar budsjettrammer for å styrke de samfunnsområdene vi mener trenger styrkede budsjetter.

Vold i nære relasjoner, og ikke minst også bekjempelse av seksuelle overgrep generelt, har vært en viktig prioritering for denne regjeringen. Man har økt midlene, også tilgjengelige frie midler, til politiet. Og politireformen, som vi har vedtatt mange av føringene for i denne salen, gjennomføres nettopp av en av hovedårsakene, som er å styrke politiets evne til å løse den typen oppgaver. Vi vet at vold og seksuelle overgrep er noen av de voldstypene som øker raskest og der vi i framtiden vil trenge mer kunnskap og bedre ekspertise i politiet enn vi har hatt de siste årene.

Det er nok noe ulikt syn blant partiene her på hvordan Stortinget skal følge opp anbefalingene i NIMs rapport. Vi som representerer regjeringspartiene, mener at den beste måten å gjøre det på er i det daglige arbeidet som foregår i departementene, at man kontinuerlig har bevissthet om utfordringene når man i det daglige jobber med å styre landet. Vi på Stortinget har en mulighet til å løfte opp de problemstillingene vi ønsker, og ikke minst gjennom budsjettbehandlingene å styrke de områdene som vi mener bør styrkes.

Jeg kunne nevnt flere ting når det gjelder psykisk syke i fengsel, som eksempler på hvordan regjeringen har styrket det arbeidet. Ikke minst står det i Granavolden-plattformen at dette er noe vi ønsker å løfte. Når det konkret gjelder spørsmålet om framgangsplanen for Ila, er det noe jeg dessverre ikke har kjennskap til.

Petter Eide (SV) []: Jeg fastholder min kritikk av at regjeringspartiene har en postkassetilnærming til dette. Jeg har ikke sett skrevet noen konkrete forslag fra representanten Gulati eller andre om hva man mener at regjeringen bør ta videre. De stiller ingen krav til regjeringen rundt dette, og de legger ikke fram noen konkrete forslag til hva regjeringen bør prioritere. Jeg registrerer at representanter fra Høyre og Fremskrittspartiet tar denne rapporten til orientering, men uten å komme med noen konkrete forslag til hva som skal prioriteres. Det er ansvarsfraskrivende. Stortinget er øverste ansvarlige for menneskerettighetene i Norge, og det er – på tross av den maktdelingen som Gulati nevner – ingen ting i veien for at Stortinget tar et selvstendig ansvar for hva Stortinget mener må prioriteres.

SV har tatt opp tre konkrete ting som vi mener regjeringen bør ha marsjordre på når det gjelder å forbedre menneskerettighetene, med utgangspunkt i denne rapporten. Jeg skal ikke bruke så mye tid på den første, for det handler om psykisk syke, som er en gjenganger i denne salen, og som vi har diskutert mye. Vi har diskutert hvordan de ansatte i kriminalomsorgen må fritas fra ansvaret for dem som er så syke at de ikke har noe i fengsel å gjøre. Det kommer også tilbake i NIMs rapport med anbefalinger derfra.

Så tar vi denne gangen opp en variant av vold, overgrep og voldtekt. Det handler om vold og overgrep i urbefolkningsmiljøer, spesielt i samiske miljøer. Vi ser at det er en langt mer omfattende voldsproblematikk i de miljøene enn det er i den etnisk norske befolkningen. Dette er for så vidt et bilde vi ser i urbefolkninger rundt omkring i hele verden, men vi har for lite kunnskap om hvorfor det er slik i Norge. Vi ber her om en handlingsplan for å finne ut av dette på en bedre måte, slik at vi kan komme med treffsikre tiltak for å gjøre noe med akkurat dette.

Det siste vi er opptatt av, som er litt nytt og kanskje overraskende for mange at NIM tar opp, er hvordan eksport av våpen fra Norge faktisk kan vikle Norge inn i menneskerettighetsbrudd og brudd på humanitærretten. NIM har vært opptatt av å minne oss på intensjonen i norsk våpenlovgivning fra 1959, som skal sikre at våpen og forsvarsmateriell fra Norge ikke går til land som er i krig eller truer med krig, eller hvor det er menneskerettighetsbrudd. Vi er kjent med at dette handler veldig mye om konflikten i Jemen, og vi følger opp NIM i dette og ber regjeringen komme tilbake og klargjøre det norske regelverket, slik at det blir tydeligere at norsk eksport av våpen og forsvarsmateriell ikke bidrar til brudd på menneskerettighetene og humanitærretten.

Maria Aasen-Svensrud (A) []: Jeg ga i mitt forrige innlegg en slags lissepasning til regjeringspartiene – og statsråden, gjerne – slik at de kunne benytte anledningen til å skryte av at de vil følge opp i det minste ett av punktene som NIM er opptatt av i sin rapport, nemlig hvordan det står til med de alvorlig psykisk syke i fengslene, og hva man ønsker å gjøre med dette – hvordan en fra regjeringspartienes eller statsrådens side ser for seg at man vil følge opp framdriften ved Ila og den nye avdelingen der. At ingen har kommentert det, kan kanskje tyde på at jeg traff spikeren på hodet.

Kanskje har jeg rett i mine antagelser om at det slett ikke skjer noe med den nye avdelingen på Ila. Og om noen av mine kollegaer fra regjeringspartiene – eller kanskje statsråden – visste noe om dette og ønsket å gi en redegjørelse, hadde jeg kanskje forventet at de ville forte seg opp på denne talerstolen for å berolige en nokså bekymret representant. I det minste håpet jeg på at statsråden ville kunne gi en bitte liten redegjørelse for hvordan man så for seg framdriftsplanen på Ila.

Statsråd Jøran Kallmyr []: Det var flere som tok opp spørsmål som jeg syntes det var naturlig for meg å kommentere litt.

Representanten fra Senterpartiet tok opp dette med domstolenes uavhengighet og bekymringer knyttet til budsjettsituasjonen. Men jeg synes nok representanten bommet lite grann da han påpekte at Domstoladministrasjonen ikke har uavhengighet, og at de derfor slår sammen forskjellige domstoler. Stortinget har sagt at Domstoladministrasjonen har fullmakt til det så fremt det er frivillig fra domstolene selv. Dette er en prosess som domstolene egentlig håndterer ganske alene.

Domstolutvalget kommer med en anbefaling i oktober. Den vil vi behandle når vi får den, og se på hva de kommer med av anbefalinger. Så vil vi etter hvert sende en sak til Stortinget om det.

Det har også vært noen spørsmål om våpeneksport. Her vil jeg vise til Meld. St. 26 for 2018–2019, som ble framlagt den 7. juni av Utenriksdepartementet, der det ble gjort grundig rede for NIMs innspill til gjennomføring av folkerettslige forpliktelser for kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, samt eksportkontrollregelverket og Utenriksdepartementets retningslinjer. Stortingsmeldingen om eksportkontroll går nå til komiteen for senere behandling i Stortinget.

Så var det en del spørsmål som gjaldt en bevilgning til Ila fengsel. Dette er en bevilgning på 18,3 mill. kr i statsbudsjettet for 2019, for å etablere en forsterket fellesskapsavdeling i Ila fengsel for alvorlig psykisk syke innsatte. Jeg kan ikke si hva som kommer i statsbudsjettet for 2020 – der må nok Stortinget vente til vi legger fram en proposisjon om det.

Presidenten: Representanten Maria Aasen-Svensrud har hatt ordet to gonger tidlegare og får ordet til ein kort merknad, avgrensa til 1 minutt.

Maria Aasen-Svensrud (A) []: Jeg vil bare oppklare at jeg ikke spurte om bevilgningene i statsbudsjettet som kommer for 2020. Jeg ba om en redegjørelse for hvordan bevilgningene som ble gitt for 2019 for den forsterkede fellesskapsavdelingen på Ila, er blitt brukt, og hva statsråden eventuelt tenker om framdriften ved Ila. Om statsråden ikke kan svare nå, kan jeg berolige ham med at jeg sendte et skriftlig spørsmål i slutten av forrige uke, slik at statsråden vil ha god tid til å kunne formulere og gi opposisjonen et svar.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 8.