Stortinget - Møte mandag den 14. mai 2018

Dato: 14.05.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 262 S (2017–2018), jf. Dokument 8:81 S (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 5 [14:43:20]

Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum om å sette ned en totalberedskapskommisjon (Innst. 262 S (2017–2018), jf. Dokument 8:81 S (2017–2018))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til replikkordskifte på inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Frida Melvær (H) []: (ordfører for saka): Eg viser til Dokument 8:81 S for 2017–2018 om å setje ned ein totalberedskapskommisjon. Saka er fremja av representantane Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet.

Forslagsstillarane viser til at endringa i samfunnsorganiseringa og det sikkerheitspolitiske bildet skapar behov for ein gjennomgang av alle delar av beredskapen i landet. Offentlege institusjonar, bedrifter og andre aktørar har ansvaret for å ha oversikt over beredskap for sårbarheit i eiga verksemd, medan sårbarheit i samfunnet samla sett er eit nasjonalt ansvar.

Forslagsstillarane meiner vidare at det har gått lang tid sidan Noreg sist hadde ein grundig gjennomgang av alle delar av beredskapen, og at ein ny beredskapskommisjon må ta føre seg eit breitt spekter av truslar og utfordringar. Den overordna oppgåva til kommisjonen skal vere å vise korleis ein kan bruke samfunnets totale ressursar best mogleg for å skape god beredskap i ulike krisesituasjonar. Eg viser til komitéfleirtalets forslag som ligg i saka.

Komiteen er samd i at dei samfunnsmessige endringane og utfordringane vi står overfor i dag, må møtast på ein annan måte enn det som har lege til grunn for tidlegare beredskaps- og forsvarskommisjonar. Forslagsstillarane peikar på relevante område som er viktige for vår fellessikkerheit.

Regjeringa har dei siste fem åra laga ei mengd analysar, innanfor både forsvarssektoren og sivilt beredskap, som har gjeve oss eit omfattande kunnskapsgrunnlag om det sikkerheitspolitiske biletet vi omgjev oss med i dag, ein kunnskap som ligg til grunn for alle dei reformene og tiltaka som no er sette i verk. Vi har kome eit godt stykke på veg i arbeidet med å ruste Noreg til å møte eit endra sikkerheitspolitisk utfordringsbilde. Kunnskapsgrunnlaget er på plass. Viktige politiske prioriteringar er gjorde, og dei ulike departementa og beredskapsaktørane har starta arbeidet med å setje i verk vedtak. Analysane har avdekt behov for å gjennomføre endringar i tidlegare strukturar, forsterke strategiske innsatsområde, auke kompetanse, oppdatere lovverk, samordne etatar og oppgradere og fornye materiell. Etablerte kulturar og haldningar må endrast og reetablerast.

Dei ulike departementa har etter behandlinga av Meld. St. 10 for 2016–2017, Risiko i eit trygt samfunn - Samfunnssikkerhet, fått ansvaret for å følgje opp beredskapen innanfor sitt ansvarsområde og koordinere arbeidet med andre aktuelle departement og instansar. Dette ansvaret er nedfelt i samfunnssikkerheitsinstruksen. Å samhandle på tvers av sektorar og kjenne si oppgåve og rolle i samfunnssikkerheitskjeda er ein viktig føresetnad for å handtere ein kritisk situasjon på ein god måte. Mange dyktige aktørar varetek ulike delar av beredskapen, m.a. naudetatane, Sivilforsvaret, Fylkesmannen, kommunane, fylkeskommunane, Forsvaret, private aktørar, frivillige organisasjonar og fleire andre.

Ein er no i gang med omstillingsprosessar i fleire av dei største beredskapsaktørane, og vi skal ha forståing for at dette kan opplevast som krevjande. Men når brikkene i det store puslespelet er på plass, er det overordna målet å sjå ein fornya styrke i landets totale beredskap. Det handlar ofte om å halde fast og å halde ut. Evalueringa vil vise om vi må justere brikkene etter kvart. Arbeidet med beredskapen i landet er sett i system. Samfunnssikkerheitskjeda skal verte ei kjede utan brot. Langtidsplanen for Forsvaret, Kampkraft og bærekraft, legg vekt på å vidareutvikle forsvarssektoren si evne til å støtte sivile myndigheiter innanfor samfunnssikkerheit. Instruksar for gjensidig støtte av kapasitet og materiell er etablert mellom sivil sektor og Forsvaret, og mellom ulike sivile aktørar.

På dette tidspunktet vil ein beredskapskommisjon mest truleg ikkje tilføre noko nytt til kunnskapsgrunnlaget, men tvert imot flytte ressursar og fokus vekk frå det viktige arbeidet som er i gang. Vi skal hugse på at dei aktørane som skal hjelpe til i eit slikt arbeid, er dei same aktørane som no står midt i oppdraget med å fullføre det oppdraget Stortinget har gjeve og dei vedtaka som er fatta.

Eg set pris på at Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti står samla om å halde fast på å få gjennomført dei tiltaka og reformene som er vedtekne av Stortinget. Desse partia ser òg at det på sikt kan verte behov for ein ny gjennomgang av totalberedskapen, og er innstilte på å vurdere det når dei største reformene er landa. Høgre og Framstegspartiet vil difor fremje følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa vurdere å sette ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid i justissektoren er avslutta.»

Eg vil elles takke komiteen for godt samarbeid i saka.

Presidenten: Representanten Frida Melvær har tatt opp det forslaget hun refererte.

Lene Vågslid (A) [] (leiar i komiteen): Arbeidarpartiet støttar forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon. Beredskapsutfordringane me står overfor i Noreg, er mangfaldige og samansette, dei er av både sivil og militær karakter, og det sikkerheitspolitiske biletet er prega av sterkare internasjonale spenningar samtidig som terrorangrepa har blitt fleire. Klimaendringane skapar òg større utfordringar for samfunnstryggleiken. Stabil og langsiktig mat- og vasstilførsel kan rammast av klimaendringane og meir usikre internasjonale forhold.

Eg meiner det er mange gode grunnar til å setje ned ein totalberedskapskommisjon. Det er for å få ein grundig gjennomgang av korleis me som samfunn organiserer beredskapen, om me får den effekten, den tryggleiken me må kunne forvente av alle dei milliardane av fellesskapets midlar som trass alt blir sett av til dette.

Under behandlinga av stortingsmeldinga Risiko i et trygt samfunn – Samfunnssikkerhet i førre periode føreslo Arbeidarpartiet å setje ned eit utval for å utvikle ein nasjonal strategi for tryggleik og totalberedskap, under dette å søkje å harmonisere dei ulike beredskapsaktøranes ansvarsområde. Den gongen fekk me støtte frå Senterpartiet og SV, men ikkje fleirtal i Stortinget, og dessverre får heller ikkje Senterpartiets forslag fleirtal i dag. Det synest eg er synd, for eg meiner ein slik kommisjon, eit slikt utval er nødvendig og hadde på ingen måte trunge å bli noka sovepute for alle dei viktige tiltaka som ein er i gong med på beredskapsområdet.

Eg ser ikkje nokon grunn til at ein må vente på reformarbeid. Dette kunne ein gjort parallelt, og det ville vore ein fordel for ein slik type kommisjon. Ta for eksempel den store NATO-øvinga Trident Juncture, som skal gjennomførast i oktober og november i år i fleire av fylka i landet. Den kunne ein følgt parallelt eller iallfall hatt som eit kjempeutgangspunkt inn i eit slikt kommisjonsarbeid rett etterpå.

Under høyringa til saka i komiteen var det stor oppslutning rundt forslaget. Fleire peika på eit behov som Arbeidarpartiet adresserte i heile førre periode, behovet for å få ei samla trusselvurdering. Offisersforbundet peika bl.a. på dette, og eg vil berre gjenta at Arbeidarpartiet støttar det heilhjerta.

Eg synest at regjeringa veldig ofte verkar svært tilfreds med innsatsen sin for norsk beredskap, men det er ein del politiske tiltak og grep som blir gjorde frå denne regjeringa som ikkje er bra for totalberedskapen. Me ser jo i budsjetta at ein kuttar i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, som ikkje går på å fjerne byråkrati, men på samfunnssikkerheitsarbeid og beredskapsarbeid. Det blir kutta i Folkehelseinstituttet, som i tillegg er pålagt ein konsernmodell som gjer at dei no brukar 40 mill. kr–60 mill. kr meir i drift årleg. Regjeringa vil redusere Heimevernet ytterlegare og har på ingen måte sett Heimevernet i stand til skikkeleg objektsikring. Det er ei gjentakande utfordring at politiet, som står midt i ei reform, heller ikkje er finansiert til både å vere i reform og ha den daglege operative tenesta.

Det er seks år sidan Gjørv-kommisjonens rapport. Eg meiner det er ei god anledning no til å løfte blikket og gjere ei grundig og god vurdering av korleis ein har klart å implementere dei anbefalingane som kom då.

Så har eg lyst til å avslutte med eit sitat frå ein kronikk som stod i Aftenposten i fjor, frå Torbjørn Bongo frå Offisersforbundet og Tom Rune Klemetsen i NTL Forsvaret:

«Totalberedskap innebærer å identifisere og utnytte hele samfunnets ressurser for å skape bevissthet og heve beredskapen mot enhver type trussel og hendelse, fra naturkatastrofer og ulykker via epidemier og terror til hybridangrep og krig.

Vi kan aldri sikre oss mot all risiko, og vi kan aldri unngå alle farer. Men dét er ingen unnskyldning for ikke systematisk og samordnet å arbeide for størst mulig sikkerhet; en høyest mulig beredskap; en totalberedskap.»

Eg registrerer at når innstillinga vår har vore lagd fram for andre komitear, har Kristeleg Folkeparti signalisert at dei ikkje støttar forslaget. Det synest eg er synd. Eg meiner det ville vore ein god idé å setje ned ein totalberedskapskommisjon, samtidig som det på ingen måte verken treng eller må bli ei sovepute for alt det viktige arbeidet som står igjen på beredskapsområdet.

Jenny Klinge (Sp) []: God samhandling mellom beredskapsaktørane er vesentleg for at innbyggjarane skal vere trygge. Vi i Senterpartiet har fremja forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon fordi vi meiner det er på tide å sjå heilskapleg på den militære og den sivile beredskapen igjen. Vi set stor pris på støtte frå både Arbeidarpartiet og SV, men tykkjer det er synd at regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti avviser forslaget. Dette vil eg kome tilbake til, men først vil eg seie noko om kva støtte forslaget har fått frå ulikt hald.

Bakteppet for forslaget vårt er at det var i år 2000 at eit tilsvarande utval la fram ein rapport, og det begynner å bli mange år sidan. Svært mykje har skjedd både nasjonalt og internasjonalt sidan då. Under høyringa som justiskomiteen heldt om vårt forslag om ein ny totalberedskapskommisjon, møtte m.a. Politiets Fellesforbund, Sanitetskvinnene, Norges Rederiforbund, Norges Forsvarsforening og Norges Offisersforbund. Fleire enn desse var til stades, og somme sende også skriftlege innspel.

Den klåre beskjeden var at samhandlinga mellom beredskapsaktørane kan bli mykje betre. Politidistrikta bør bli endå betre kjende med kva for frivillige organisasjonar dei kan dra vekslar på i beredskapsarbeidet. Ikkje minst var konklusjonen frå høyringa og frå dei skriftlege innspela komiteen fekk, at ein totalberedskapskommisjon trengst, og det hastar.

Når regjeringspartia og Kristeleg Folkeparti avviser forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon, er det av sprikande og dels uklåre grunnar. Eg viser først til svaret frå tidlegare justisminister Amundsen. Han svarte at det er mykje arbeid i gang på området, og at det for så vidt gjerne kan setjast ned eit utval. Han ville likevel vente med dette til etter den store NATO-øvinga Trident Juncture, som skal haldast i haust. Det er snakk om den største fullskalaøvinga på norsk jord sidan den kalde krigen. Amundsen viste òg til Totalforsvarsprogrammet som regjeringa sette i gang i 2016, og som skal vera avslutta i 2020, og at dette programmet bør vere avslutta før ein eventuelt set ned ein kommisjon.

Eg er open for at regjeringa har gode intensjonar på området totalberedskap, men eg blir uroleg når verken regjeringa sjølv eller regjeringspartia i justiskomiteen lyttar betre til det høyringsinstansane seier. Derifrå fekk vi klår melding om at det faktisk er eit snarleg behov for ein totalberedskapskommisjon. Dette tyder på at det totalforsvarsprogrammet som regjeringa har sett i gang, ikkje heilt dekkjer behovet for å sjå beredskapen i samanheng, og ikkje er målretta nok.

Alternativt har ikkje det breie spekteret av beredskapsaktørarar fått med seg kor viktig arbeid regjeringa gjer no, og då er det regjeringa sjølv som har svikta i å forankre og spreie arbeidet slik at det reelt sett kan betre totalberedskapen. I begge tilfelle viser det berre tydeleg kvifor det er behov for ein ny kommisjon.

Vi har også sett dette eksemplifisert i krisa kring luftambulansen i nord den siste tida. Her vil ikkje justisministeren sjå den rolla han sjølv har som koordinerande beredskapsminister overfor dei andre departementa, og ansvarsfråskyvinga blir tydeleg, jf. spørsmål frå Senterpartiet i spontanspørjetimen onsdag den 9. mai. Dette kjem vi tilbake til i seinare innlegg i debatten.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, som er representerte i justiskomiteen, skriv i merknadene sine til saka at det ikkje er hensiktsmessig å setje ned ein totalberedskapskommisjon, fordi det etter deira meining vil ta ressursar bort frå det viktige gjennomføringsarbeidet med den såkalla nærpolitireforma, arbeidet med IKT-sikkerheitsmeldinga, Totalforsvarsprogrammet osv.

Eg hadde vore freista til å vere einig med dei viss desse prosessane dei nemnde, trekte i rett retning og bidrog til betre totalberedskap – og ikkje minst viss regjeringa evna å verdsetje frivillig beredskapsinnsats i større grad. Men forslaget til Høgre og Framstegspartiet om å be regjeringa vurdere å setje ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid i justissektoren er avslutta, er eigentleg berre ei bøn om å sleppe innvendingar mot pågåande og planlagde reformer. Dei kjem i praksis ikkje til å ønskje ein slik kommisjon før dei er ferdige i regjering sjølve.

Eg skal ikkje føreseie kva ein slik totalberedskapskommisjon ville konkludere med på ulike felt, men eg er ganske sikker på at mindre matproduksjon på norske fôrressursar ikkje var tilrådinga deira, og eg er ganske sikker på at ein slik kommisjon ville meine at det var ein fordel å sjå ulike reformer og endringar i samanheng, som politireforma og utviklinga i Heimevernet.

Då tek eg opp Senterpartiets forslag i saka.

Presidenten: Da har representanten Jenny Klinge tatt opp forslagene hun refererte til.

Statsråd Tor Mikkel Vara []: Innledningsvis vil jeg få gjøre det helt klart at god beredskap er på topp over viktige saker for denne regjeringen.

Stortingsrepresentantene Klinge, Navarsete og Slagsvold Vedum peker på viktige samfunnsmessige endringer og utfordringer som preger det sikkerhetspolitiske bildet. Jeg er enig i at det er behov for å møte dagens utfordringer på en annen måte enn det som er beskrevet av tidligere beredskaps- og forsvarskommisjoner. Jeg er imidlertid ikke enig i at det på det nåværende tidspunkt er behov for opprettelse av en ny totalberedskapskommisjon.

Årsaken er først og fremst at det allerede foregår en rekke arbeider som gir oss en god beskrivelse av status for beredskapsarbeidet. For å sikre en helhetlig tilnærming til videreutvikling av totalforsvaret etablerte regjeringen i 2016 et program for å videreutvikle totalforsvaret og øke motstandsdyktigheten i samfunnskritiske funksjoner. Samarbeidet mellom det offentlige og private virksomheter innenfor rammen av totalforsvaret er avgjørende. Vi ønsker derfor å legge til rette for bedre samhandling og ønsker å skape og videreutvikle møteplasser som gjør dette mulig. Programmet skal ferdigstilles innen utgangen av 2020, og jeg vil holde Stortinget orientert om arbeidet på egnet måte.

I 2017 behandlet Stortinget Meld. St. 10 for 2016–2017 om samfunnssikkerhet, og denne våren behandlet Stortinget den første stortingsmeldingen om IKT-sikkerhet. I tillegg har jeg mottatt fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vurdering av framtidens sivilforsvar og sivile beskyttelsestiltak. Departementet vurderer nå disse anbefalingene.

Jeg er enig med stortingsrepresentantene i at det er viktig å se beredskapsarbeidet som gjøres i departementene, i direktoratene og hos private aktører, i sammenheng. Jeg mener at det er her nøkkelen til godt totalforsvar ligger. Det er viktig med felles møteplasser for å diskutere relevante spørsmål, som bl.a. kommunikasjonsløsninger, deling av informasjon og eventuelt overlappende arbeid.

Det ble fastsatt ny instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet 1. september 2017. Regjeringen rapporterer også om status og tilstand for de identifiserte nasjonale, samfunnskritiske funksjoner i de årlige budsjettdokumentene til Stortinget.

Det er verdt å merke seg at NATO har vurdert status for arbeidet i totalforsvaret i forbindelse med deres vurdering av medlemslandenes forsvarsplanlegging, og vi får gode tilbakemeldinger fra alliansen. Det er ikke en hvilepute. Til høsten settes totalforsvaret på prøve. Norge er vertskap for NATO-øvelsen Trident Juncture. Øvelsen blir den største fullskalaøvelsen på norsk jord siden den kalde krigen. Befolkningen kommer til å merke den. Sivil side er sterkt inne. Øvelsen vil gi oss en unik sjanse til å øve forsvar og totalforsvar, og vi får god anledning til å se hvor vårt forbedringspotensial ligger. Vi skal bruke øvelsen for alt det den er verdt, i arbeidet med å videreutvikle totalforsvaret og vår nasjonale beredskap. Først i etterkant av denne øvelsen og i den avsluttende fasen av totalforsvarsprogrammet mener jeg tiden er inne for å diskutere spørsmål om nedsettelse av et offentlig utvalg som har som oppgave å gjennomgå Norges nasjonale og lokale beredskap.

Jeg ser fram til en konstruktiv dialog med Stortinget i dette viktige arbeidet.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Lene Vågslid (A) []: I innstillinga føreslår Høgre og Framstegspartiet at regjeringa skal vurdere å setje ned ein totalberedskapskommisjon når «viktige reformarbeid» i justissektoren er avslutta. Spørsmålet mitt til statsråden er: Når meiner statsråden at «viktige reformarbeid» i justissektoren blir avslutta?

Statsråd Tor Mikkel Vara []: I innlegget mitt nevnte jeg flere ting som det arbeides med. Totalforsvarsprogrammet skal være ferdig i 2020. Vi behandlet i fjor en stortingsmelding om samfunnssikkerhet. Vi har akkurat hatt en stortingsmelding om IKT-sikkerhet. Og vi har en NATO-øvelse som skal gjennomføres. Erfaringene fra disse avgjør når vi kommer til å gjøre det. Det er jo ikke sånn at vi ikke vurderer å jobbe med totalforsvarsarbeid selv om vi ikke har en kommisjon, men nå har vi gjort en del viktige ting som jeg synes det er naturlig at vi lærer av før vi nedsetter en eventuell kommisjon, sånn at kommisjonen får med seg det erfaringsgrunnlaget i sitt videre arbeid.

Lene Vågslid (A) []: Eg takkar for svaret. Det høyrest jo ut som om ein faktisk vil setje ned ein totalberedskapskommisjon, ikkje berre vurdere det, slik som svaret til statsråden blei no.

Det har kome ein del innspel også frå andre enn Arbeidarpartiet i ein del år om at det hadde vore behov for å få ei samla trusselvurdering, altså ikkje berre ei felles trusselvurdering i eit produkt, men ei prosessuelt felles trusselvurdering, som ein felles analyse, språk, terminologi, slik også Offisersforbundet har etterlyst. Så eg lurer på om statsråden – den nye statsråden – vil ta initiativ til ei slik samla trusselvurdering.

Statsråd Tor Mikkel Vara []: Vi gjør forløpende mange ulike trusselvurderinger. Jeg vil slett ikke avvise at det kan være behov for å gjøre en samlet vurdering, på samme måte som jeg slett ikke vil avvise at det kan være behov for å gjøre en sånn vurdering i form av en kommisjon, eventuelt, i framtiden. Poenget er bare at nå har vi en del prosjekter på gang, som det er veldig naturlig å høste erfaring fra og evaluere før vi går over til neste skritt. Det kan godt hende at vi kommer til å avdekke svakheter som gjør at vi må forsterke innsatsen, men de prosessene som har vært igangsatt de siste årene – det er ganske mange, det er ganske mange som ikke er gjennomført ennå, og det er ganske mange øvelser som står for tur – tenker jeg at det er naturlig å få erfaringsgrunnlag fra før vi trekker noen konklusjoner.

Jenny Klinge (Sp) []: Regjeringa brukte Gjørv-kommisjonen som argument for å gjennomføre endringar i politietaten som Gjørv-kommisjonen aldri sjølv påstod var nødvendige. Ein totalberedskapskommisjon ville naturleg nok, om han vart nedsett, kome til å ha meiningar om dei pågåande og komande reformene som regjeringa står bak, og kva som blir den samla effekten av desse. Statsråden vil ikkje setje ned ein totalberedskapskommisjon no, men har ikkje avvist å setje ned ein slik kommisjon i framtida. Dersom ein slik kommisjon likevel vart nedsett no og kom med kritiske innvendingar til dei ulike prosjekta som regjeringa gjennomfører eller planlegg å gjennomføre, fordi den samla effekten av desse ville påverke totalberedskapen negativt, ville då statsråden ha justert kursen i desse reformene? Eller ville reforma bli gjennomført etter dei fastlagde planane, uavhengig av anbefalingane til ein totalberedskapskommisjon?

Statsråd Tor Mikkel Vara []: Nå ble det veldig mye hvis, hvis og atter hvis, som jeg ikke skal spekulere på. Men det som bør være et tankekors for alle, er at Stortinget har selv behandlet stortingsmeldingen om samfunnssikkerhet, og nylig, bare for noen uker tilbake, sto jeg her og diskuterte IKT-sikkerheten. I forbindelse med de stortingsmeldingene har Stortinget gitt, skal vi si, retningslinjer og føringer for hva regjeringen skal gjøre, og jeg synes det er naturlig at regjeringen får lov til å gjøre det Stortinget ber om, før vi eventuelt stopper prosessen som Stortinget ba regjeringen om å sette i gang med.

Jenny Klinge (Sp) []: Det hypotetiske var jo knytt til om statsråden ville ha lytta til relevante innvendingar.

DSB har fått i oppdrag av regjeringa å leie arbeidet med totalforsvarsprogrammet. Eg meiner det er eit svært viktig innspel når NTL DSB i høyringa til justiskomiteen understrekar at det ikkje finst ei komplett oversikt over eksisterande ressursar og dei ressursane som blir bruka på beredskap hos alle sektorar og aktørar. Derfor er det ikkje mogleg å vite om ressursane blir bruka best mogleg, om det er nok av dei, eller om enkeltområde må styrkjast. NTL DSB meinte at Stortinget manglar det vi treng for å kunne gjere ei reell politisk prioritering, og dei understreka saman med nesten alle dei andre høyringsinstansane behovet for ein totalberedskapskommisjon, og det snarleg. NTL DSB meinte at denne beredskapskommisjonen kunne ha samspela godt med totalforsvarsprogrammet. Er justisministeren ueinig med NTL DSB om dette?

Statsråd Tor Mikkel Vara []: Igjen: Jeg avviser ikke at det kan være riktig eller hensiktsmessig å ha en totalforsvarskommisjon. Men jeg vil understreke at noen ganger er det greit å handle og ikke bare utrede, og nå har vi satt i gang en del program som handler og iverksetter, og det kan være nyttig å få gjort handlingene unna før vi på nytt utreder. Det er egentlig bare det jeg sier. Med de programmene som er i gang, og med de marsjordrene vi på mange måter har fått fra Stortinget, er det naturlig at disse tingene får virke før vi evaluerer dem.

Presidenten: Dermed er replikkordskiftet over.

De talerne som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Heidi Greni (Sp) []: Jeg vil konsentrere meg om to sider ved beredskapsarbeidet som er tatt opp i representantforslaget: helse og matsikkerhet.

De siste ukene har sikkerheten for å komme seg til sykehus når det oppstår akutt helsesvikt, stått sentralt i debatten. Det gjelder svikten i Luftambulansetjenesten, og i Trøndelag gjelder det reduksjon i ambulansetjenesten, begge to med redusert sikkerhet og økt responstid som resultat.

Sammenbrudd i Luftambulansetjenesten som følge av manglende beredskapsvurderinger i anbudsutsettelsen har dominert mediebildet. Det er vanskelig å forstå at de ansvarlige for tjenesten ser ut til å være helt uforberedt på at ansatte i dagens tjeneste vil søke seg over til annet arbeid når de vet at jobbene deres er borte om et års tid. Anbudsutsettelse basert på at dette gjelder virksomhetsoverdragelse med rettigheter til stillingsoverføringer for de ansatte i ambulansetjenesten, ville antagelig ha sikret tilbudet til akutt syke i overgangsperioden mellom tidligere og ny leverandør av ambulansetjenesten. At dette kommer på banen først nå, etter lang tids krise i tjenesten, er kritikkverdig.

Kaoset i ambulansetjenesten er et uttrykk for at beredskap og sikkerhet for brukerne har kommet i andre rekke i planprosessen. Slik kan det ikke være i norsk helsevesen.

I Trøndelag har vi opplevd at helseforetakene kutter i ambulansetjenesten. Flere dagambulanser er fjernet, og flere er foreslått fjernet, på tross av sterke advarsler fra kommunene, fra ambulansepersonellet og fra kommunelegene. Det svekker beredskapen og fører til svekket trygghet i distriktene. Dessverre er dette mulig, og det er kanskje på grunn av at helseforetakene er helt uten politisk styring fra fylkesnivået.

Ett eksempel er fjerning av dagambulansen på Oppdal, akkurat i ferietiden, når det er mest folk på Oppdal. Det er der sendt en advarsel fra helsepersonellet om at dette ikke er mulig å gjennomføre uten at det går ut over sikkerheten, og at responstiden vil bli altfor høy.

Forsøkene på å forsvare kuttene, det være seg fra statsråden eller fra sykehusene, har ikke skapt ro, heller tvert imot. Lokalt helsevesen mener kuttene svekker helseberedskapen betydelig og ikke kan forsvares.

Så til matsikkerhet: Sikkerhet for nok mat og trygg mat har altfor liten oppmerksomhet i Norge. Vi har en lavere selvforsyningsgrad enn de fleste andre land. Økt fokusering på matvaresikkerhet er ivaretatt i merknadene fra Senterpartiet. En ting som ikke er omtalt, er jordvern. Vi kan ikke fortsette å bygge ned matjorda vår. Det er ikke forsvarlig i et matsikkerhetsperspektiv.

Frida Melvær (H) []: Regjeringa arbeider heilskapleg med samfunnssikkerheit og beredskap og ser difor samfunnssikkerheit og beredskapsområdet som ei kjede – ein heilskap der aktørane skal sjåast i samanheng.

Dei viktigaste dokumenta som ligg til grunn for politikken på beredskapsområdet, er oppfølginga av rapporten frå 22. juli-kommisjonen, Meld. St. 21 for 2012–2013 Terrorberedskap, Prop. 151 S for 2015–2016 Kampkraft og bærekraft – langtidsplan for forsvarssektoren, Meld. St. 10 for 2016–2017 Risiko i et trygt samfunn, og Meld. St. 38 for 2016–2017 IKT-sikkerhet – et felles ansvar. Òg DSBs vurdering av det framtidige sivilforsvaret og tiltak for sivilt vern, som no ligg til behandling i departementet, vil verta eit viktig dokument.

Beredskapen vert styrkt, og evna til samordning vert betra, m.a. gjennom nærpolitireforma og auka løyvingar, som gjev oss eit styrkt politi. Regjeringa har innført nye krav til oppfølging av øvingar og hendingar. IKT-sikkerheit i samfunnet vert forsterka. Eit sentralt mål er å styrkje den nasjonale evna til både å avdekkje og å handtere digitale angrep.

Beredskapen mot smittsame sjukdomar og farlege stoff vert òg styrkt. Vi er betre rusta til å møte utfordringar med valdeleg ekstremisme og terror. Eit eige program for å vidareutvikle totalforsvaret er etablert. Programmet skal ferdigstillast i 2020.

Meir kunnskap, betre rettleiing og nye digitale verktøy til kommunane skal avgrense skadeverknadene ved alvorlege naturhendingar. Lovverket har vorte gjennomgått og tilpassa, m.a. vart sikkerheitslova nyleg revidert.

Det er stort fokus på mattryggleik og matforsyning. Vi har aldri produsert meir mat enn vi gjer no, og sjølvforsyningsgraden har auka dei siste fem åra etter at han vart redusert under dei åtte raud-grøne åra.

Vi styrkjer alle delar av samfunnssikkerheitskjeda med nytt materiell. Brannberedskapen vert styrkt med ny toårig fagskuleutdanning i Tjeldsund. Beredskapssenteret på Taraldrud er under planlegging, og som statsråden viste til, vil totalforsvaret denne hausten verte sett på prøve – og det vil gje oss uvurderleg erfaring.

Det er auka bevisstgjering av viktigheita av god førebygging og god beredskap på alle nivå. Eg er trygg på at den vegen vi har lagt ut på, med å byggje eit sterkare forsvar og ein betre nasjonal beredskap, er rett, men vi er ikkje i mål. Arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap er eit kontinuerleg, men òg eit langsiktig arbeid.

Marit Arnstad (Sp) []: Det er veldig overraskende – etter alle de gode ordene i innstillingen og etter alt det som er sagt i debatten i dag – at det ikke skal være mulig å få flertall for å nedsette en totalberedskapskommisjon. For alle i hop synes åpenbart at det er en veldig god intensjon, alle i hop synes åpenbart at det hadde vært veldig fornuftig å se ting i sammenheng. Allikevel er det altså slik at en ikke vil være med på et forslag om å nedsette en slik type kommisjon – en kommisjon som kunne ha skaffet oss et godt kunnskapsgrunnlag for viktige vurderinger som skal gjøres her i salen, en kommisjon som kunne ha gitt oss en helhetlig tilnærming til mange av de beredskapsutfordringene som vi ser på ulike områder. Men det er altså ikke mulig.

Det drysses over med gode intensjoner for å få drept et godt forslag. Spørsmålet er hvorfor. Hvorfor er det nødvendig å snu seg unna et så godt forslag? Jeg tror at årsaken til det er at her har regjeringspartiene og Kristelig Folkeparti tenkt som så: Hvordan kan vi snu oss unna noe som er foreslått av andre – noe som kan være bra, men som vi ikke vil gjøre når vi ikke sjøl har foreslått det? Når vi ikke sjøl har funnet på det, skal vi neimen heller ikke stemme for det. Så enkelt tror jeg nesten det er.

De høres i hvert fall ut som bortforklaringer, mange av de innleggene som har vært her i dag. For først skal en altså vente til NATO-øvelsen er ferdig. Så skal en vente til reformarbeidet i justissektoren er ferdig. Og så er det enkelte som sier at en skal vente til totalforsvarsprogrammet er ferdig i 2020. Da har vi kommet så langt at da regner jeg med at en har funnet på at en også skal vente til neste langtidsplan for Forsvaret er ferdig, og da er vi over i neste stortingsperiode en gang igjen.

Så jeg tror egentlig dette handler om at en ikke unner noen andre partier enn sitt eget å få flertall for et forslag som egentlig alle i hop synes er bra. Det synes jeg er litt sørgelig. Jeg synes det er litt sørgelig for Stortingets del at vi ikke kan være med på et sånt forslag, som jeg tror er høyst nødvendig også ut fra de utfordringene vi ser nettopp på de ulike områdene. Nå er vi midt oppe i en situasjon hvor det er stor utrygghet omkring den sivile beredskapen i Nord-Norge, stor usikkerhet omkring akuttfunksjonene knyttet til liv og helse i Nord-Norge – flyambulansesituasjonen. Det er en debatt som illustrerer behovet for også å kunne ha en totalberedskapskommisjon som kan se dette på et helhetlig grunnlag og også skaffe oss mer kunnskap om både den sivile og den forsvarsmessige beredskapen, og ikke minst om sammenhengen mellom disse to.

Emilie Enger Mehl (Sp) []: Samfunnsberedskapen er noe av det aller viktigste vi har for å trygge innbyggerne våre. Beredskap handler om å planlegge og øve i forkant av uønskede hendelser, slik at skadene blir begrenset mest mulig når det først skjer noe. Det er avgjørende at vi til enhver tid sikrer at vi har en helhetlig samfunnsberedskap på plass, og at det er lagt til rette for god samhandling mellom de ulike beredskapsaktørene. Gjørv-kommisjonens mest alvorlige kritikk etter 22. juli var at ressursene ikke fant hverandre, og det er nå nærmere 20 år siden beredskapen ble gått gjennom på en helhetlig måte. Vi vet alle at samfunnsutviklingen på de 20 årene har gått i rekordfart, og at vi stadig står overfor nye trusler.

Det er viktig med et oppdatert blikk på vår totale beredskap for at vi som samfunn kan stille mest mulig forberedt til et vidt spekter av hendelser. Det kan være snakk om terrorhendelser, militære trusler eller trusler som truer rikets sikkerhet og den generelle tryggheten for alle innbyggere, eller det kan være naturkatastrofer, strømbrudd eller forurenset vann som skaper utfordringer for folk i hverdagen. For eksempel opplever store deler av Sør-Norge i disse dager problemer etter en usedvanlig stor vårflom som har gjort at mange folk har måttet flytte ut av huset sitt, de har mistet strømmen, de har ikke rent vann. Hva skjer hvis en sånn katastrofe fører til at man ikke har tilgang på mat eller livsviktige legemidler? Det er viktige beredskapsspørsmål.

Vårt digitale samfunn har også skapt en rekke nye utfordringer som må håndteres. Stortinget behandlet nylig IKT-sikkerhetsmeldingen, som var den første i sitt slag – endelig. Den gjennomgangen vi hadde da, viste mer enn noe annet at vi blir sårbare når verden digitaliseres på alle måter – fra hvordan vi kommuniserer med hverandre til daglig, til hvordan helsevesenet opererer og til infrastruktur. Disse utfordringene er det behov for å se nærmere på i sammenheng med andre samfunnsutfordringer.

Fordi Senterpartiet ikke ser ut til å få gjennomslag for å sette ned en totalberedskapskommisjon i dag, har vi fremmet noen såkalte løse forslag som er omtalt i representantforslaget. Blant annet mener vi det er viktig å se på i hvilken grad det har skjedd en endring i rollefordelingen mellom politiet og de andre nødetatene som følge av strukturendringene i politireformen og den nye PLIVO-instruksen. Det er viktig å få klarlagt hvilke beredskapsmessige konsekvenser sånne endringer har ført til eller kan føre til på sikt.

Beredskaps-Norge består av mange ulike aktører. Senterpartiet mener at en totalberedskapskommisjon bør settes ned nå, og den må kartlegge og vurdere hvordan man kan bruke samfunnets totale ressurser best mulig.

Geir Pollestad (Sp) []: Me fekk sett behovet for ein slik total gjennomgang av beredskapen i spørjetimen sist, då Senterpartiet utfordra justisministeren på beredskapen knytt til ambulanseflysaka. Han kunne ikkje svara på det, for det var ikkje hans konstitusjonelle ansvar. Eg har ein mistanke om at dersom me hadde utfordra helseministeren på totalberedskapen, ville ikkje han ha svara på det fordi det ikkje var hans konstitusjonelle ansvar.

Det er behov for å sjå ting i ein breiare samanheng. Eg er oppteken av at òg matberedskap skal inn i ei slik totaltenking om beredskap.

Då me jobba i Stortinget med beredskapslagring av matkorn, i prosessen fram til det, var det òg mange utgreiingar som måtte gjerast, og ting ein måtte venta på. Hovudproblemet var at regjeringa la til grunn ein statleg planføresetnad om at same kva som skjedde i verda, ville handelen gå sin gang. Det var det ikkje mogleg å koma rundt, for det låg i dei statlege planføresetnadene. Senterpartiet meiner jo at beredskap handlar om å planleggja for det utenkjelege. Her ser me ei regjering som legg til grunn formalismen i byråkratiet framfor realismen i verkelegheita, og det er beklageleg.

Når me diskuterer jordvern, er det ei viktig sak, vert det hevda, men i realiteten ser me at det berre er viktig fram til det kolliderer med andre samfunnsformål. Då ser ein ofte at jordvernet må vika. Moglegheita for å produsera mat i dag og i framtida er ein viktig del av vår beredskap. Senterpartiet ynskjer at matberedskap og jordbrukspolitikk òg skal setjast inn i ein større samanheng, ikkje berre for å brødfø befolkninga i dag, men òg som ein del av vår totale beredskap. Korleis kan me ha eit landbruk i heile landet? Korleis kan me organisera landbruket sånn at beredskapen vert best mogleg?

Eg synest òg det er trist at eit fleirtal på Stortinget vender tommelen ned for ein totalberedskapskommisjon i dag, med ei mengd unnskyldningar om kva som må koma fyrst. Det minner i det store og heile litt om Albert Åbergs skal berre, skal berre, skal berre. Dette er ei så viktig sak at me helst skal gjera det no, og eg håpar at fleirtalet støttar Senterpartiets forslag i denne saka.

Willfred Nordlund (Sp) []: La oss ta et eksempel: En snørik vinter og kjølig vår gjør store deler av landet vårt sårbart for flom og skred. Kommunenes beredskap har og vil i framtiden altså bli satt på prøve, og det er egentlig på tide å få beredskapsplanene opp av skuffen og fram på møtebordet. Godt utført planarbeid er viktig for å lykkes med å sikre liv, helse og infrastruktur i kommuner og i samfunnet for øvrig. Samarbeidet med frivillig sektor vil også kunne være viktig om kommunene f.eks. skal lykkes med en hektisk innsats i en akuttsituasjon. Hvordan kunne dette vært løst bedre? Kunne samarbeidet vært styrket? Disse og andre sånne spørsmål ville vært en naturlig del av en totalberedskapskommisjons arbeid.

Vi har bak oss en påske hvor Røde Kors hadde mer enn nok å gjøre i redningsoppdrag og leteaksjoner. Frivillig innsats bidrar til trygghet for alle som bruker naturen, og avlaster bl.a. helsevesen, politi og brannvesen med innsats de ikke er bemannet for, det vi i det daglige anser som en del av beredskapen. Men Røde Kors og andre frivillige organisasjoner er ikke bare viktige i lete- og redningsaksjoner i fjellet; de er også viktige samarbeidspartnere i det lokale beredskapsarbeidet som kommunene har ansvar for planlegging av.

Kommunenes ansvar for utarbeidelse av beredskapsplaner er nedfelt i en nasjonal forskrift om kommunal beredskapsplikt. Kommunene skal altså være forberedt på å håndtere uønskede hendelser gjennom å ha en plan for kommunens kriseledelse, varslingstjeneste, evakueringsoversikt og ikke minst ressursoversikt over aktører, herunder f.eks. Sivilforsvaret, som har en rolle i kommunenes krisehåndtering. Hvordan kommunene er gjort i stand til å møte disse kravene, kunne vært et spørsmål som totalberedskapskommisjonen kunne sett på.

Jeg tror nok de fleste kommuner har sine beredskapsplaner, men spørsmålet er hvor operative de er. Gjennomføres det beredskapsøvelser? Har kommunene sikret seg samarbeidspartnere til å klare utfordringer i kritiske faser? Jeg ønsker ikke å konkludere, men mener at det burde vært en kommisjon som kunne sett på dette sammen med den totale beredskapen. Sikkerheten til borgerne er tross alt en av de grunnleggende oppgavene for storsamfunnet.

Senterpartiet har lagt fram et forslag til Stortinget om å sette ned en totalberedskapskommisjon. Jeg mener at det er behov for en bred gjennomgang av den nasjonale og lokale beredskapen, og det er jo store deler av Stortinget som mener det, men tydeligvis ikke nok.

Utfordringen er hvordan samfunnets totale ressurser kan brukes best mulig for å gi økt trygghet i ulike krisesituasjoner. Dette handler om mer enn forsvar, det handler om mer enn bare politiet, det handler om mer enn bare flom- og skredsikring og helseberedskapen – det handler om hvordan alle disse ressursene samhandler. Skal vi lykkes når krisen oppstår, må vi vite hva slags oppgaver hver og en av oss skal løse, og ikke minst må vi ha øvd sammen. Hva er status på det arbeidet i dag i de ulike etatene? Det kunne en sånn kommisjon ha sett på.

Bedre føre var enn etter snar, sier ordtaket. Det kunne Stortinget nå valgt å leve opp til ved å sette ned en sånn kommisjon. I stedet velger man å vise til stykkevis og delt beredskapsplanlegging og rapporter, eller man ønsker å vente til ting er delvis avklart, og ikke se alt i sammenheng. Det er synd.

Ole André Myhrvold (Sp) []: Det norske samfunn er i de siste fem årene utsatt for en rekke reformer – mange av dem med den fellesnevneren at de har sentraliserende trekk. De fleste reformene er også igangsatt uten en forutgående analyse av hva samfunnet trenger, og hvilke konsekvenser reformene vil ha, både hver for seg og ikke minst samlet sett.

I et totalt beredskapsbilde endres nå grenser og oppgaver i rekordfart. Det ble sagt at man skulle rydde opp, men svaret så langt ser ut til å bli minst like mangfoldig og uoversiktlig som det det var før reformene ble iverksatt. Det er ingen tvil om at tiden vi lever i, og framtidsbildet gjør beredskapsbildet mer uoversiktlig og utfordrende – det være seg endret klima, internasjonal uro, terrorproblematikk, mat og vann og mange andre forhold som virker inn i totalbildet.

Forslaget fra regjeringspartiene, Høyre og Fremskrittspartiet, om å vurdere å sette ned en kommisjon når viktig reformarbeid i justissektoren er avsluttet, må være misforstått. Totalberedskap gjelder ikke kun justissektoren, og det illustrerte justis- og beredskapsministeren godt i spørretimen på onsdag, da han unnlot å svare på spørsmål om ambulansetrafikken i Finnmark fordi det lå utenfor hans ansvar. Det er helt riktig. Beredskapsarbeidet favner mye videre, og derfor er det skremmende at regjeringspartiene ikke vil være med på en beredskapskommisjon. Totalberedskapen spenner vidt, og for å få et bedre grunnlag for å forme framtidens Beredskaps-Norge enn det dagens vilkårlige reformer legger opp til, burde man være med på forslaget.

Det er interessant at jeg i mitt virke som ordfører tidligere var satt til å være ansvarlig for kommunens totalberedskap. Det var en beredskap som favnet bredt. Vi var pliktig til å gjennomføre regelmessige risiko- og sårbarhetsanalyser, og hvert fjerde år skulle vi rullere kommunens beredskapsplan. Det hadde vært på sin plass at regjeringen stilte samme krav til seg selv som øverste ansvarlige for den nasjonale beredskapen som det man faktisk pålegger landets kommuner. I kommunene er vi opptatt av innbyggernes beredskap. Vi er opptatt av hvordan vi kan ivareta totalbildet – alt fra mattrygghet til vann og avløp, til forsvar, sikkerhet og blålysetatene. Det hadde vært klokt om Stortinget, med alle de gode intensjonene som ligger i innstillingen, hadde stilt seg bak forslagene fra Senterpartiet i dag om å se på totalberedskapen i dette lyset.

Magne Rommetveit hadde her teke over presidentplassen.

Lene Vågslid (A) []: Eg synest poenget til førre talaren, at dette handlar om mange fleire delar enn berre justissektoren, var veldig godt. Det handlar om heile forståinga av kva totalberedskap er for noko. Slik sett er eg veldig einig med Marit Arnstad, som peika på at debatten viser at alle er for alle dei gode intensjonane. Men kva meining regjeringa eigentleg har i saka, er ganske utydeleg, meiner eg. På ein måte kan ein tolke det som at eigentleg er me alle einige, men så vil dei eigentleg ikkje støtte det, fordi det er eit forslag frå Senterpartiet. Det går an å tenkje seg at ein eigentleg ikkje ynskjer dette – ein ynskjer ikkje ein kommisjon no som skal sjå regjeringa i beredskapskorta. Det er òg ein mogleg analyse eg vil trekkje av denne debatten. Eg må også seie at det er påfallande korleis engasjementet til regjeringspartia er fråverande i denne debatten. Det seier òg litt om kor viktig dette er for dei.

Eg skal ikkje bidra til å forlenge debatten veldig. Men det Jenny Klinge tek opp når det gjeld brann- og redningsetaten og PLIVO-instruksen som fleire har peika på, er Arbeidarpartiet òg veldig oppteke av. Derfor har me føreslege i Stortinget, i førre periode og i inneverande periode, at me burde få ei eiga stortingsmelding for brann- og redningsetaten. Det håpar eg at den nye justisministeren vil ta med seg, for det meiner eg ville vere ein god måte å få gått gjennom særleg brann- og redningsetaten.

Heilt til slutt når det gjeld ei samla trusselvurdering: I replikkordskiftet i stad fekk eg ei kjensle av at statsråden eigentleg var einig i at det kanskje kunne ha noko for seg. Eg håpar at me kan kome tilbake til det på eit seinare tidspunkt. Det vil eg absolutt oppfordre til. Ei samla trusselvurdering prosessuelt og analytisk ville utvilsamt ha vore ein stor styrke for beredskapen, ei felles vurdering som ikkje berre er stykkevis og delt. Arbeidarpartiet kjem til å ta opp att den tråden ved eit seinare høve.

Frida Melvær (H) []: Eg skal heller ikkje bidra til å forlenge debatten for mykje.

Det har vore ein spennande debatt, og eg må seie det nesten er slik at eg set pris på Senterpartiet sitt engasjement for beredskap. Eg lurer eigentleg litt på: Kor har det engasjementet vore dei fem åra som har gått? Med alt det som er sett i verk i Stortinget, som regjeringa har greidd ut, analysert og fått på bordet, alle dei tilrådingane som har kome frå ulike fagetatar – kva slags innstilling har Senterpartiet hatt til dei tilrådingane som ligg til grunn for det arbeidet som regjeringa no gjer? Eg har oppfatta det slik at Senterpartiet kanskje har stilt seg litt på sidelinja av dette, og at dei eigentleg har hatt sine eigne konklusjonar, som ikkje har gått gjennom. Difor lurer eg faktisk litt på kva som er motivet bak det representantforslaget som ligg til grunn i dag.

Det vert gjort eit stort arbeid. Det er heilskapleg. Det er langsiktig. Det er eit godt og samla beredskapsarbeid som no er sett i gong av regjeringa. Eg håpar at vi kan halde fram med det, og så tenkjer eg at når tida er inne, skal vi vurdere ein totalberedskapskommisjon og sjå på om det er hòl og manglar som bør tettast undervegs.

Marit Arnstad (Sp) []: Jeg kan ikke la være å svare på et så direkte angrep som det fra Høyres side. For det første: Det har vært en bra debatt her i dag – ikke så veldig mange deltakere utenom Senterpartiet, men det har vært en veldig bra debatt, i og for seg. Men når da Høyre på slutten stiller spørsmål i siste innlegg om hvor Senterpartiet har vært i de ulike debattene omkring beredskap de siste årene, må jeg få lov til å understreke at vi har vært veldig aktive i alle de debattene, men det kan ikke være en betingelse knyttet til å være aktiv at en skal være enig med regjeringen. Det er ikke slik at en er engasjert i de debattene hvis en er enig med regjeringen, men en står på sidelinja hvis en ikke er enig med regjeringen. Nei, det er ikke slik det er. I disse debattene vil det sjølsagt være forskjellige utgangspunkt, forskjellige svar og forskjellige meninger, og Senterpartiet har vært meget aktiv i alle debattene som angår både den sivile og den forsvarsmessige beredskapen. Men vi har sjølsagt helt andre løsninger enn regjeringen, fordi vi mener at mange av regjeringens løsninger på de områdene er utrolig dårlige og lite gjennomtenkte, og vi ser også at det skaper store vanskeligheter rundt omkring i landet.

Politireformen er et veldig tydelig eksempel på det, der en svekker både den forebyggende rollen og den tilstedeværende rollen for politiet utover i norske distrikter. Det en har sett i ambulansesaken i Nord-Norge nå, er et eksempel på en helseminister fra Høyre som står og toer sine hender, og en totalberedskapsminister som ikke helt klarer å få med seg at han har også ansvaret for den totale beredskapen knyttet til luftambulansen i Nord-Norge. Og imens har en gjennomført en anbudsprosess som er helt – ja, nesten skandaløs i den måten en har gjort det på, fordi en rett og slett er i en situasjon der liv og helse blir satt på spill i store deler av Nord-Norge.

Senterpartiets forslag i dag var en åpen invitasjon til å få en helhetlig tilnærming til totalberedskap, til å få et bedre kunnskapsgrunnlag knyttet til totalberedskapen. Vi merker oss at det regjeringspartiene svarer med, rett og slett er å prøve å sno seg unna hele problemstillingen ved å unnskylde seg for det ene og det andre som kommer som gjør at en ikke kan nedsette den typen kommisjon ennå – iallfall ikke så lenge det er Senterpartiet som har stått for forslaget. Det er sørgelig at en skal behandle et så godt forslag på en så dårlig måte.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 5.