Sak nr. 5 [14:43:20]
Innstilling
fra justiskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene
Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete og Trygve Slagsvold Vedum om å
sette ned en totalberedskapskommisjon (Innst. 262 S (2017–2018), jf. Dokument
8:81 S (2017–2018))
Presidenten: Etter
ønske fra justiskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir
begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil presidenten foreslå at
det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til replikkordskifte på
inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte
taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
– Det anses vedtatt.
Frida Melvær (H) [14:44:17 ] : (ordfører for saka): Eg viser
til Dokument 8:81 S for 2017–2018 om å setje ned ein totalberedskapskommisjon.
Saka er fremja av representantane Jenny Klinge, Liv Signe Navarsete
og Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet.
Forslagsstillarane viser til at
endringa i samfunnsorganiseringa og det sikkerheitspolitiske bildet
skapar behov for ein gjennomgang av alle delar av beredskapen i landet.
Offentlege institusjonar, bedrifter og andre aktørar har ansvaret
for å ha oversikt over beredskap for sårbarheit i eiga verksemd,
medan sårbarheit i samfunnet samla sett er eit nasjonalt ansvar.
Forslagsstillarane meiner vidare
at det har gått lang tid sidan Noreg sist hadde ein grundig gjennomgang
av alle delar av beredskapen, og at ein ny beredskapskommisjon må
ta føre seg eit breitt spekter av truslar og utfordringar. Den overordna
oppgåva til kommisjonen skal vere å vise korleis ein kan bruke samfunnets
totale ressursar best mogleg for å skape god beredskap i ulike krisesituasjonar.
Eg viser til komitéfleirtalets forslag som ligg i saka.
Komiteen er samd i at dei samfunnsmessige endringane
og utfordringane vi står overfor i dag, må møtast på ein annan måte
enn det som har lege til grunn for tidlegare beredskaps- og forsvarskommisjonar.
Forslagsstillarane peikar på relevante område som er viktige for
vår fellessikkerheit.
Regjeringa har dei siste fem åra
laga ei mengd analysar, innanfor både forsvarssektoren og sivilt
beredskap, som har gjeve oss eit omfattande kunnskapsgrunnlag om
det sikkerheitspolitiske biletet vi omgjev oss med i dag, ein kunnskap
som ligg til grunn for alle dei reformene og tiltaka som no er sette
i verk. Vi har kome eit godt stykke på veg i arbeidet med å ruste
Noreg til å møte eit endra sikkerheitspolitisk utfordringsbilde.
Kunnskapsgrunnlaget er på plass. Viktige politiske prioriteringar
er gjorde, og dei ulike departementa og beredskapsaktørane har starta
arbeidet med å setje i verk vedtak. Analysane har avdekt behov for
å gjennomføre endringar i tidlegare strukturar, forsterke strategiske
innsatsområde, auke kompetanse, oppdatere lovverk, samordne etatar og
oppgradere og fornye materiell. Etablerte kulturar og haldningar
må endrast og reetablerast.
Dei ulike departementa har etter
behandlinga av Meld. St. 10 for 2016–2017, Risiko i eit trygt samfunn
- Samfunnssikkerhet, fått ansvaret for å følgje opp beredskapen
innanfor sitt ansvarsområde og koordinere arbeidet med andre aktuelle
departement og instansar. Dette ansvaret er nedfelt i samfunnssikkerheitsinstruksen.
Å samhandle på tvers av sektorar og kjenne si oppgåve og rolle i
samfunnssikkerheitskjeda er ein viktig føresetnad for å handtere
ein kritisk situasjon på ein god måte. Mange dyktige aktørar varetek
ulike delar av beredskapen, m.a. naudetatane, Sivilforsvaret, Fylkesmannen,
kommunane, fylkeskommunane, Forsvaret, private aktørar, frivillige
organisasjonar og fleire andre.
Ein er no i gang med omstillingsprosessar
i fleire av dei største beredskapsaktørane, og vi skal ha forståing for
at dette kan opplevast som krevjande. Men når brikkene i det store
puslespelet er på plass, er det overordna målet å sjå ein fornya
styrke i landets totale beredskap. Det handlar ofte om å halde fast
og å halde ut. Evalueringa vil vise om vi må justere brikkene etter
kvart. Arbeidet med beredskapen i landet er sett i system. Samfunnssikkerheitskjeda
skal verte ei kjede utan brot. Langtidsplanen for Forsvaret, Kampkraft
og bærekraft, legg vekt på å vidareutvikle forsvarssektoren si evne
til å støtte sivile myndigheiter innanfor samfunnssikkerheit. Instruksar
for gjensidig støtte av kapasitet og materiell er etablert mellom
sivil sektor og Forsvaret, og mellom ulike sivile aktørar.
På dette tidspunktet vil ein beredskapskommisjon mest
truleg ikkje tilføre noko nytt til kunnskapsgrunnlaget, men tvert
imot flytte ressursar og fokus vekk frå det viktige arbeidet som
er i gang. Vi skal hugse på at dei aktørane som skal hjelpe til
i eit slikt arbeid, er dei same aktørane som no står midt i oppdraget
med å fullføre det oppdraget Stortinget har gjeve og dei vedtaka
som er fatta.
Eg set pris på at Høgre, Framstegspartiet,
Venstre og Kristeleg Folkeparti står samla om å halde fast på å
få gjennomført dei tiltaka og reformene som er vedtekne av Stortinget.
Desse partia ser òg at det på sikt kan verte behov for ein ny gjennomgang
av totalberedskapen, og er innstilte på å vurdere det når dei største
reformene er landa. Høgre og Framstegspartiet vil difor fremje følgjande
forslag:
«Stortinget ber regjeringa vurdere
å sette ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid
i justissektoren er avslutta.»
Eg vil elles takke komiteen for
godt samarbeid i saka.
Presidenten: Representanten
Frida Melvær har tatt opp det forslaget hun refererte.
Lene Vågslid (A) [14:49:20 ] (leiar i komiteen): Arbeidarpartiet
støttar forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon. Beredskapsutfordringane
me står overfor i Noreg, er mangfaldige og samansette, dei er av både
sivil og militær karakter, og det sikkerheitspolitiske biletet er
prega av sterkare internasjonale spenningar samtidig som terrorangrepa
har blitt fleire. Klimaendringane skapar òg større utfordringar
for samfunnstryggleiken. Stabil og langsiktig mat- og vasstilførsel kan
rammast av klimaendringane og meir usikre internasjonale forhold.
Eg meiner det er mange gode grunnar
til å setje ned ein totalberedskapskommisjon. Det er for å få ein
grundig gjennomgang av korleis me som samfunn organiserer beredskapen,
om me får den effekten, den tryggleiken me må kunne forvente av
alle dei milliardane av fellesskapets midlar som trass alt blir
sett av til dette.
Under behandlinga av stortingsmeldinga
Risiko i et trygt samfunn – Samfunnssikkerhet i førre periode føreslo
Arbeidarpartiet å setje ned eit utval for å utvikle ein nasjonal
strategi for tryggleik og totalberedskap, under dette å søkje å
harmonisere dei ulike beredskapsaktøranes ansvarsområde. Den gongen
fekk me støtte frå Senterpartiet og SV, men ikkje fleirtal i Stortinget,
og dessverre får heller ikkje Senterpartiets forslag fleirtal i
dag. Det synest eg er synd, for eg meiner ein slik kommisjon, eit
slikt utval er nødvendig og hadde på ingen måte trunge å bli noka
sovepute for alle dei viktige tiltaka som ein er i gong med på beredskapsområdet.
Eg ser ikkje nokon grunn til at
ein må vente på reformarbeid. Dette kunne ein gjort parallelt, og
det ville vore ein fordel for ein slik type kommisjon. Ta for eksempel den
store NATO-øvinga Trident Juncture, som skal gjennomførast i oktober
og november i år i fleire av fylka i landet. Den kunne ein følgt
parallelt eller iallfall hatt som eit kjempeutgangspunkt inn i eit
slikt kommisjonsarbeid rett etterpå.
Under høyringa til saka i komiteen
var det stor oppslutning rundt forslaget. Fleire peika på eit behov
som Arbeidarpartiet adresserte i heile førre periode, behovet for
å få ei samla trusselvurdering. Offisersforbundet peika bl.a. på
dette, og eg vil berre gjenta at Arbeidarpartiet støttar det heilhjerta.
Eg synest at regjeringa veldig ofte
verkar svært tilfreds med innsatsen sin for norsk beredskap, men
det er ein del politiske tiltak og grep som blir gjorde frå denne
regjeringa som ikkje er bra for totalberedskapen. Me ser jo i budsjetta
at ein kuttar i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap,
som ikkje går på å fjerne byråkrati, men på samfunnssikkerheitsarbeid
og beredskapsarbeid. Det blir kutta i Folkehelseinstituttet, som
i tillegg er pålagt ein konsernmodell som gjer at dei no brukar 40 mill. kr–60 mill. kr
meir i drift årleg. Regjeringa vil redusere Heimevernet ytterlegare
og har på ingen måte sett Heimevernet i stand til skikkeleg objektsikring.
Det er ei gjentakande utfordring at politiet, som står midt i ei reform,
heller ikkje er finansiert til både å vere i reform og ha den daglege
operative tenesta.
Det er seks år sidan Gjørv-kommisjonens
rapport. Eg meiner det er ei god anledning no til å løfte blikket
og gjere ei grundig og god vurdering av korleis ein har klart å
implementere dei anbefalingane som kom då.
Så har eg lyst til å avslutte med
eit sitat frå ein kronikk som stod i Aftenposten i fjor, frå Torbjørn
Bongo frå Offisersforbundet og Tom Rune Klemetsen i NTL Forsvaret:
«Totalberedskap innebærer å identifisere
og utnytte hele samfunnets ressurser for å skape bevissthet og heve
beredskapen mot enhver type trussel og hendelse, fra naturkatastrofer
og ulykker via epidemier og terror til hybridangrep og krig.
Vi kan aldri sikre oss mot all risiko,
og vi kan aldri unngå alle farer. Men dét er ingen unnskyldning
for ikke systematisk og samordnet å arbeide for størst mulig sikkerhet;
en høyest mulig beredskap; en totalberedskap.»
Eg registrerer at når innstillinga
vår har vore lagd fram for andre komitear, har Kristeleg Folkeparti
signalisert at dei ikkje støttar forslaget. Det synest eg er synd. Eg
meiner det ville vore ein god idé å setje ned ein totalberedskapskommisjon,
samtidig som det på ingen måte verken treng eller må bli ei sovepute
for alt det viktige arbeidet som står igjen på beredskapsområdet.
Jenny Klinge (Sp) [14:54:09 ] : God samhandling mellom beredskapsaktørane
er vesentleg for at innbyggjarane skal vere trygge. Vi i Senterpartiet
har fremja forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon fordi
vi meiner det er på tide å sjå heilskapleg på den militære og den
sivile beredskapen igjen. Vi set stor pris på støtte frå både Arbeidarpartiet
og SV, men tykkjer det er synd at regjeringspartia og Kristeleg
Folkeparti avviser forslaget. Dette vil eg kome tilbake til, men
først vil eg seie noko om kva støtte forslaget har fått frå ulikt hald.
Bakteppet for forslaget vårt er
at det var i år 2000 at eit tilsvarande utval la fram ein rapport,
og det begynner å bli mange år sidan. Svært mykje har skjedd både
nasjonalt og internasjonalt sidan då. Under høyringa som justiskomiteen
heldt om vårt forslag om ein ny totalberedskapskommisjon, møtte
m.a. Politiets Fellesforbund, Sanitetskvinnene, Norges Rederiforbund,
Norges Forsvarsforening og Norges Offisersforbund. Fleire enn desse
var til stades, og somme sende også skriftlege innspel.
Den klåre beskjeden var at samhandlinga
mellom beredskapsaktørane kan bli mykje betre. Politidistrikta bør
bli endå betre kjende med kva for frivillige organisasjonar dei
kan dra vekslar på i beredskapsarbeidet. Ikkje minst var konklusjonen
frå høyringa og frå dei skriftlege innspela komiteen fekk, at ein
totalberedskapskommisjon trengst, og det hastar.
Når regjeringspartia og Kristeleg
Folkeparti avviser forslaget om å setje ned ein totalberedskapskommisjon, er
det av sprikande og dels uklåre grunnar. Eg viser først til svaret
frå tidlegare justisminister Amundsen. Han svarte at det er mykje
arbeid i gang på området, og at det for så vidt gjerne kan setjast
ned eit utval. Han ville likevel vente med dette til etter den store
NATO-øvinga Trident Juncture, som skal haldast i haust. Det er snakk
om den største fullskalaøvinga på norsk jord sidan den kalde krigen.
Amundsen viste òg til Totalforsvarsprogrammet som regjeringa sette
i gang i 2016, og som skal vera avslutta i 2020, og at dette programmet
bør vere avslutta før ein eventuelt set ned ein kommisjon.
Eg er open for at regjeringa har
gode intensjonar på området totalberedskap, men eg blir uroleg når
verken regjeringa sjølv eller regjeringspartia i justiskomiteen lyttar
betre til det høyringsinstansane seier. Derifrå fekk vi klår melding
om at det faktisk er eit snarleg behov for ein totalberedskapskommisjon.
Dette tyder på at det totalforsvarsprogrammet som regjeringa har
sett i gang, ikkje heilt dekkjer behovet for å sjå beredskapen i
samanheng, og ikkje er målretta nok.
Alternativt har ikkje det breie
spekteret av beredskapsaktørarar fått med seg kor viktig arbeid
regjeringa gjer no, og då er det regjeringa sjølv som har svikta
i å forankre og spreie arbeidet slik at det reelt sett kan betre totalberedskapen.
I begge tilfelle viser det berre tydeleg kvifor det er behov for
ein ny kommisjon.
Vi har også sett dette eksemplifisert
i krisa kring luftambulansen i nord den siste tida. Her vil ikkje
justisministeren sjå den rolla han sjølv har som koordinerande beredskapsminister
overfor dei andre departementa, og ansvarsfråskyvinga blir tydeleg,
jf. spørsmål frå Senterpartiet i spontanspørjetimen onsdag den 9. mai.
Dette kjem vi tilbake til i seinare innlegg i debatten.
Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet,
som er representerte i justiskomiteen, skriv i merknadene sine til
saka at det ikkje er hensiktsmessig å setje ned ein totalberedskapskommisjon,
fordi det etter deira meining vil ta ressursar bort frå det viktige
gjennomføringsarbeidet med den såkalla nærpolitireforma, arbeidet
med IKT-sikkerheitsmeldinga, Totalforsvarsprogrammet osv.
Eg hadde vore freista til å vere
einig med dei viss desse prosessane dei nemnde, trekte i rett retning
og bidrog til betre totalberedskap – og ikkje minst viss regjeringa evna
å verdsetje frivillig beredskapsinnsats i større grad. Men forslaget
til Høgre og Framstegspartiet om å be regjeringa vurdere å setje
ned ein totalberedskapskommisjon når viktige reformarbeid i justissektoren
er avslutta, er eigentleg berre ei bøn om å sleppe innvendingar
mot pågåande og planlagde reformer. Dei kjem i praksis ikkje til
å ønskje ein slik kommisjon før dei er ferdige i regjering sjølve.
Eg skal ikkje føreseie kva ein slik
totalberedskapskommisjon ville konkludere med på ulike felt, men
eg er ganske sikker på at mindre matproduksjon på norske fôrressursar
ikkje var tilrådinga deira, og eg er ganske sikker på at ein slik
kommisjon ville meine at det var ein fordel å sjå ulike reformer
og endringar i samanheng, som politireforma og utviklinga i Heimevernet.
Då tek eg opp Senterpartiets forslag
i saka.
Presidenten: Da
har representanten Jenny Klinge tatt opp forslagene hun refererte
til.
Statsråd Tor Mikkel Vara [14:59:13 ] : Innledningsvis vil jeg
få gjøre det helt klart at god beredskap er på topp over viktige
saker for denne regjeringen.
Stortingsrepresentantene Klinge,
Navarsete og Slagsvold Vedum peker på viktige samfunnsmessige endringer
og utfordringer som preger det sikkerhetspolitiske bildet. Jeg er
enig i at det er behov for å møte dagens utfordringer på en annen
måte enn det som er beskrevet av tidligere beredskaps- og forsvarskommisjoner.
Jeg er imidlertid ikke enig i at det på det nåværende tidspunkt
er behov for opprettelse av en ny totalberedskapskommisjon.
Årsaken er først og fremst at det
allerede foregår en rekke arbeider som gir oss en god beskrivelse
av status for beredskapsarbeidet. For å sikre en helhetlig tilnærming
til videreutvikling av totalforsvaret etablerte regjeringen i 2016
et program for å videreutvikle totalforsvaret og øke motstandsdyktigheten
i samfunnskritiske funksjoner. Samarbeidet mellom det offentlige
og private virksomheter innenfor rammen av totalforsvaret er avgjørende.
Vi ønsker derfor å legge til rette for bedre samhandling og ønsker
å skape og videreutvikle møteplasser som gjør dette mulig. Programmet
skal ferdigstilles innen utgangen av 2020, og jeg vil holde Stortinget orientert
om arbeidet på egnet måte.
I 2017 behandlet Stortinget Meld. St. 10
for 2016–2017 om samfunnssikkerhet, og denne våren behandlet Stortinget
den første stortingsmeldingen om IKT-sikkerhet. I tillegg har jeg
mottatt fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vurdering
av framtidens sivilforsvar og sivile beskyttelsestiltak. Departementet vurderer
nå disse anbefalingene.
Jeg er enig med stortingsrepresentantene
i at det er viktig å se beredskapsarbeidet som gjøres i departementene,
i direktoratene og hos private aktører, i sammenheng. Jeg mener
at det er her nøkkelen til godt totalforsvar ligger. Det er viktig
med felles møteplasser for å diskutere relevante spørsmål, som bl.a.
kommunikasjonsløsninger, deling av informasjon og eventuelt overlappende
arbeid.
Det ble fastsatt ny instruks for
departementenes arbeid med samfunnssikkerhet 1. september 2017.
Regjeringen rapporterer også om status og tilstand for de identifiserte
nasjonale, samfunnskritiske funksjoner i de årlige budsjettdokumentene
til Stortinget.
Det er verdt å merke seg at NATO
har vurdert status for arbeidet i totalforsvaret i forbindelse med
deres vurdering av medlemslandenes forsvarsplanlegging, og vi får
gode tilbakemeldinger fra alliansen. Det er ikke en hvilepute. Til
høsten settes totalforsvaret på prøve. Norge er vertskap for NATO-øvelsen
Trident Juncture. Øvelsen blir den største fullskalaøvelsen på norsk
jord siden den kalde krigen. Befolkningen kommer til å merke den. Sivil
side er sterkt inne. Øvelsen vil gi oss en unik sjanse til å øve
forsvar og totalforsvar, og vi får god anledning til å se hvor vårt
forbedringspotensial ligger. Vi skal bruke øvelsen for alt det den
er verdt, i arbeidet med å videreutvikle totalforsvaret og vår nasjonale
beredskap. Først i etterkant av denne øvelsen og i den avsluttende
fasen av totalforsvarsprogrammet mener jeg tiden er inne for å diskutere
spørsmål om nedsettelse av et offentlig utvalg som har som oppgave
å gjennomgå Norges nasjonale og lokale beredskap.
Jeg ser fram til en konstruktiv
dialog med Stortinget i dette viktige arbeidet.
Presidenten: Det
blir replikkordskifte.
Lene Vågslid (A) [15:02:40 ] : I innstillinga føreslår Høgre
og Framstegspartiet at regjeringa skal vurdere å setje ned ein totalberedskapskommisjon
når «viktige reformarbeid» i justissektoren er avslutta. Spørsmålet mitt
til statsråden er: Når meiner statsråden at «viktige reformarbeid»
i justissektoren blir avslutta?
Statsråd Tor Mikkel Vara [15:03:02 ] : I innlegget mitt nevnte
jeg flere ting som det arbeides med. Totalforsvarsprogrammet skal
være ferdig i 2020. Vi behandlet i fjor en stortingsmelding om samfunnssikkerhet.
Vi har akkurat hatt en stortingsmelding om IKT-sikkerhet. Og vi
har en NATO-øvelse som skal gjennomføres. Erfaringene fra disse
avgjør når vi kommer til å gjøre det. Det er jo ikke sånn at vi
ikke vurderer å jobbe med totalforsvarsarbeid selv om vi ikke har
en kommisjon, men nå har vi gjort en del viktige ting som jeg synes
det er naturlig at vi lærer av før vi nedsetter en eventuell kommisjon,
sånn at kommisjonen får med seg det erfaringsgrunnlaget i sitt videre
arbeid.
Lene Vågslid (A) [15:03:48 ] : Eg takkar for svaret. Det høyrest
jo ut som om ein faktisk vil setje ned ein totalberedskapskommisjon,
ikkje berre vurdere det, slik som svaret til statsråden blei no.
Det har kome ein del innspel også
frå andre enn Arbeidarpartiet i ein del år om at det hadde vore
behov for å få ei samla trusselvurdering, altså ikkje berre ei felles trusselvurdering
i eit produkt, men ei prosessuelt felles trusselvurdering, som ein
felles analyse, språk, terminologi, slik også Offisersforbundet
har etterlyst. Så eg lurer på om statsråden – den nye statsråden
– vil ta initiativ til ei slik samla trusselvurdering.
Statsråd Tor Mikkel Vara [15:04:24 ] : Vi gjør forløpende mange
ulike trusselvurderinger. Jeg vil slett ikke avvise at det kan være
behov for å gjøre en samlet vurdering, på samme måte som jeg slett
ikke vil avvise at det kan være behov for å gjøre en sånn vurdering
i form av en kommisjon, eventuelt, i framtiden. Poenget er bare
at nå har vi en del prosjekter på gang, som det er veldig naturlig
å høste erfaring fra og evaluere før vi går over til neste skritt.
Det kan godt hende at vi kommer til å avdekke svakheter som gjør
at vi må forsterke innsatsen, men de prosessene som har vært igangsatt
de siste årene – det er ganske mange, det er ganske mange som ikke
er gjennomført ennå, og det er ganske mange øvelser som står for
tur – tenker jeg at det er naturlig å få erfaringsgrunnlag fra før
vi trekker noen konklusjoner.
Jenny Klinge (Sp) [15:06:40 ] : Regjeringa brukte Gjørv-kommisjonen
som argument for å gjennomføre endringar i politietaten som Gjørv-kommisjonen
aldri sjølv påstod var nødvendige. Ein totalberedskapskommisjon
ville naturleg nok, om han vart nedsett, kome til å ha meiningar
om dei pågåande og komande reformene som regjeringa står bak, og
kva som blir den samla effekten av desse. Statsråden vil ikkje setje
ned ein totalberedskapskommisjon no, men har ikkje avvist å setje
ned ein slik kommisjon i framtida. Dersom ein slik kommisjon likevel
vart nedsett no og kom med kritiske innvendingar til dei ulike prosjekta
som regjeringa gjennomfører eller planlegg å gjennomføre, fordi
den samla effekten av desse ville påverke totalberedskapen negativt,
ville då statsråden ha justert kursen i desse reformene? Eller ville
reforma bli gjennomført etter dei fastlagde planane, uavhengig av
anbefalingane til ein totalberedskapskommisjon?
Statsråd Tor Mikkel Vara [15:07:43 ] : Nå ble det veldig mye
hvis, hvis og atter hvis, som jeg ikke skal spekulere på. Men det
som bør være et tankekors for alle, er at Stortinget har selv behandlet
stortingsmeldingen om samfunnssikkerhet, og nylig, bare for noen
uker tilbake, sto jeg her og diskuterte IKT-sikkerheten. I forbindelse med
de stortingsmeldingene har Stortinget gitt, skal vi si, retningslinjer
og føringer for hva regjeringen skal gjøre, og jeg synes det er
naturlig at regjeringen får lov til å gjøre det Stortinget ber om,
før vi eventuelt stopper prosessen som Stortinget ba regjeringen
om å sette i gang med.
Jenny Klinge (Sp) [15:08:21 ] : Det hypotetiske var jo knytt
til om statsråden ville ha lytta til relevante innvendingar.
DSB har fått i oppdrag av regjeringa
å leie arbeidet med totalforsvarsprogrammet. Eg meiner det er eit svært
viktig innspel når NTL DSB i høyringa til justiskomiteen understrekar
at det ikkje finst ei komplett oversikt over eksisterande ressursar
og dei ressursane som blir bruka på beredskap hos alle sektorar
og aktørar. Derfor er det ikkje mogleg å vite om ressursane blir
bruka best mogleg, om det er nok av dei, eller om enkeltområde må
styrkjast. NTL DSB meinte at Stortinget manglar det vi treng for
å kunne gjere ei reell politisk prioritering, og dei understreka
saman med nesten alle dei andre høyringsinstansane behovet for ein
totalberedskapskommisjon, og det snarleg. NTL DSB meinte at denne
beredskapskommisjonen kunne ha samspela godt med totalforsvarsprogrammet.
Er justisministeren ueinig med NTL DSB om dette?
Statsråd Tor Mikkel Vara [15:09:17 ] : Igjen: Jeg avviser ikke
at det kan være riktig eller hensiktsmessig å ha en totalforsvarskommisjon.
Men jeg vil understreke at noen ganger er det greit å handle og
ikke bare utrede, og nå har vi satt i gang en del program som handler
og iverksetter, og det kan være nyttig å få gjort handlingene unna
før vi på nytt utreder. Det er egentlig bare det jeg sier. Med de
programmene som er i gang, og med de marsjordrene vi på mange måter
har fått fra Stortinget, er det naturlig at disse tingene får virke
før vi evaluerer dem.
Presidenten: Dermed
er replikkordskiftet over.
De talerne som heretter får ordet,
har en taletid på inntil 3 minutter.
Heidi Greni (Sp) [15:10:15 ] : Jeg vil konsentrere meg om to
sider ved beredskapsarbeidet som er tatt opp i representantforslaget:
helse og matsikkerhet.
De siste ukene har sikkerheten for
å komme seg til sykehus når det oppstår akutt helsesvikt, stått
sentralt i debatten. Det gjelder svikten i Luftambulansetjenesten,
og i Trøndelag gjelder det reduksjon i ambulansetjenesten, begge
to med redusert sikkerhet og økt responstid som resultat.
Sammenbrudd i Luftambulansetjenesten
som følge av manglende beredskapsvurderinger i anbudsutsettelsen
har dominert mediebildet. Det er vanskelig å forstå at de ansvarlige
for tjenesten ser ut til å være helt uforberedt på at ansatte i
dagens tjeneste vil søke seg over til annet arbeid når de vet at
jobbene deres er borte om et års tid. Anbudsutsettelse basert på
at dette gjelder virksomhetsoverdragelse med rettigheter til stillingsoverføringer
for de ansatte i ambulansetjenesten, ville antagelig ha sikret tilbudet
til akutt syke i overgangsperioden mellom tidligere og ny leverandør
av ambulansetjenesten. At dette kommer på banen først nå, etter
lang tids krise i tjenesten, er kritikkverdig.
Kaoset i ambulansetjenesten er et
uttrykk for at beredskap og sikkerhet for brukerne har kommet i
andre rekke i planprosessen. Slik kan det ikke være i norsk helsevesen.
I Trøndelag har vi opplevd at helseforetakene
kutter i ambulansetjenesten. Flere dagambulanser er fjernet, og flere
er foreslått fjernet, på tross av sterke advarsler fra kommunene,
fra ambulansepersonellet og fra kommunelegene. Det svekker beredskapen
og fører til svekket trygghet i distriktene. Dessverre er dette
mulig, og det er kanskje på grunn av at helseforetakene er helt
uten politisk styring fra fylkesnivået.
Ett eksempel er fjerning av dagambulansen
på Oppdal, akkurat i ferietiden, når det er mest folk på Oppdal. Det
er der sendt en advarsel fra helsepersonellet om at dette ikke er
mulig å gjennomføre uten at det går ut over sikkerheten, og at responstiden
vil bli altfor høy.
Forsøkene på å forsvare kuttene,
det være seg fra statsråden eller fra sykehusene, har ikke skapt
ro, heller tvert imot. Lokalt helsevesen mener kuttene svekker helseberedskapen
betydelig og ikke kan forsvares.
Så til matsikkerhet: Sikkerhet for
nok mat og trygg mat har altfor liten oppmerksomhet i Norge. Vi
har en lavere selvforsyningsgrad enn de fleste andre land. Økt fokusering
på matvaresikkerhet er ivaretatt i merknadene fra Senterpartiet.
En ting som ikke er omtalt, er jordvern. Vi kan ikke fortsette å
bygge ned matjorda vår. Det er ikke forsvarlig i et matsikkerhetsperspektiv.
Frida Melvær (H) [15:13:25 ] : Regjeringa arbeider heilskapleg
med samfunnssikkerheit og beredskap og ser difor samfunnssikkerheit
og beredskapsområdet som ei kjede – ein heilskap der aktørane skal
sjåast i samanheng.
Dei viktigaste dokumenta som ligg
til grunn for politikken på beredskapsområdet, er oppfølginga av
rapporten frå 22. juli-kommisjonen, Meld. St. 21 for 2012–2013 Terrorberedskap,
Prop. 151 S for 2015–2016 Kampkraft og bærekraft – langtidsplan
for forsvarssektoren, Meld. St. 10 for 2016–2017 Risiko i et trygt
samfunn, og Meld. St. 38 for 2016–2017 IKT-sikkerhet – et felles
ansvar. Òg DSBs vurdering av det framtidige sivilforsvaret og tiltak
for sivilt vern, som no ligg til behandling i departementet, vil
verta eit viktig dokument.
Beredskapen vert styrkt, og evna
til samordning vert betra, m.a. gjennom nærpolitireforma og auka
løyvingar, som gjev oss eit styrkt politi. Regjeringa har innført nye
krav til oppfølging av øvingar og hendingar. IKT-sikkerheit i samfunnet
vert forsterka. Eit sentralt mål er å styrkje den nasjonale evna
til både å avdekkje og å handtere digitale angrep.
Beredskapen mot smittsame sjukdomar
og farlege stoff vert òg styrkt. Vi er betre rusta til å møte utfordringar
med valdeleg ekstremisme og terror. Eit eige program for å vidareutvikle
totalforsvaret er etablert. Programmet skal ferdigstillast i 2020.
Meir kunnskap, betre rettleiing
og nye digitale verktøy til kommunane skal avgrense skadeverknadene
ved alvorlege naturhendingar. Lovverket har vorte gjennomgått og
tilpassa, m.a. vart sikkerheitslova nyleg revidert.
Det er stort fokus på mattryggleik
og matforsyning. Vi har aldri produsert meir mat enn vi gjer no,
og sjølvforsyningsgraden har auka dei siste fem åra etter at han
vart redusert under dei åtte raud-grøne åra.
Vi styrkjer alle delar av samfunnssikkerheitskjeda med
nytt materiell. Brannberedskapen vert styrkt med ny toårig fagskuleutdanning
i Tjeldsund. Beredskapssenteret på Taraldrud er under planlegging,
og som statsråden viste til, vil totalforsvaret denne hausten verte
sett på prøve – og det vil gje oss uvurderleg erfaring.
Det er auka bevisstgjering av viktigheita
av god førebygging og god beredskap på alle nivå. Eg er trygg på
at den vegen vi har lagt ut på, med å byggje eit sterkare forsvar
og ein betre nasjonal beredskap, er rett, men vi er ikkje i mål.
Arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap er eit kontinuerleg,
men òg eit langsiktig arbeid.
Marit Arnstad (Sp) [15:16:33 ] : Det er veldig overraskende
– etter alle de gode ordene i innstillingen og etter alt det som
er sagt i debatten i dag – at det ikke skal være mulig å få flertall
for å nedsette en totalberedskapskommisjon. For alle i hop synes
åpenbart at det er en veldig god intensjon, alle i hop synes åpenbart
at det hadde vært veldig fornuftig å se ting i sammenheng. Allikevel
er det altså slik at en ikke vil være med på et forslag om å nedsette
en slik type kommisjon – en kommisjon som kunne ha skaffet oss et
godt kunnskapsgrunnlag for viktige vurderinger som skal gjøres her
i salen, en kommisjon som kunne ha gitt oss en helhetlig tilnærming
til mange av de beredskapsutfordringene som vi ser på ulike områder.
Men det er altså ikke mulig.
Det drysses over med gode intensjoner
for å få drept et godt forslag. Spørsmålet er hvorfor. Hvorfor er
det nødvendig å snu seg unna et så godt forslag? Jeg tror at årsaken
til det er at her har regjeringspartiene og Kristelig Folkeparti
tenkt som så: Hvordan kan vi snu oss unna noe som er foreslått av
andre – noe som kan være bra, men som vi ikke vil gjøre når vi ikke
sjøl har foreslått det? Når vi ikke sjøl har funnet på det, skal
vi neimen heller ikke stemme for det. Så enkelt tror jeg nesten
det er.
De høres i hvert fall ut som bortforklaringer,
mange av de innleggene som har vært her i dag. For først skal en altså
vente til NATO-øvelsen er ferdig. Så skal en vente til reformarbeidet
i justissektoren er ferdig. Og så er det enkelte som sier at en
skal vente til totalforsvarsprogrammet er ferdig i 2020. Da har
vi kommet så langt at da regner jeg med at en har funnet på at en
også skal vente til neste langtidsplan for Forsvaret er ferdig,
og da er vi over i neste stortingsperiode en gang igjen.
Så jeg tror egentlig dette handler
om at en ikke unner noen andre partier enn sitt eget å få flertall
for et forslag som egentlig alle i hop synes er bra. Det synes jeg
er litt sørgelig. Jeg synes det er litt sørgelig for Stortingets
del at vi ikke kan være med på et sånt forslag, som jeg tror er høyst
nødvendig også ut fra de utfordringene vi ser nettopp på de ulike
områdene. Nå er vi midt oppe i en situasjon hvor det er stor utrygghet
omkring den sivile beredskapen i Nord-Norge, stor usikkerhet omkring
akuttfunksjonene knyttet til liv og helse i Nord-Norge – flyambulansesituasjonen.
Det er en debatt som illustrerer behovet for også å kunne ha en
totalberedskapskommisjon som kan se dette på et helhetlig grunnlag
og også skaffe oss mer kunnskap om både den sivile og den forsvarsmessige
beredskapen, og ikke minst om sammenhengen mellom disse to.
Emilie Enger Mehl (Sp) [15:19:45 ] : Samfunnsberedskapen er
noe av det aller viktigste vi har for å trygge innbyggerne våre.
Beredskap handler om å planlegge og øve i forkant av uønskede hendelser,
slik at skadene blir begrenset mest mulig når det først skjer noe.
Det er avgjørende at vi til enhver tid sikrer at vi har en helhetlig
samfunnsberedskap på plass, og at det er lagt til rette for god
samhandling mellom de ulike beredskapsaktørene. Gjørv-kommisjonens
mest alvorlige kritikk etter 22. juli var at ressursene ikke fant
hverandre, og det er nå nærmere 20 år siden beredskapen ble gått
gjennom på en helhetlig måte. Vi vet alle at samfunnsutviklingen på
de 20 årene har gått i rekordfart, og at vi stadig står overfor
nye trusler.
Det er viktig med et oppdatert blikk
på vår totale beredskap for at vi som samfunn kan stille mest mulig
forberedt til et vidt spekter av hendelser. Det kan være snakk om
terrorhendelser, militære trusler eller trusler som truer rikets
sikkerhet og den generelle tryggheten for alle innbyggere, eller
det kan være naturkatastrofer, strømbrudd eller forurenset vann
som skaper utfordringer for folk i hverdagen. For eksempel opplever
store deler av Sør-Norge i disse dager problemer etter en usedvanlig
stor vårflom som har gjort at mange folk har måttet flytte ut av
huset sitt, de har mistet strømmen, de har ikke rent vann. Hva skjer
hvis en sånn katastrofe fører til at man ikke har tilgang på mat
eller livsviktige legemidler? Det er viktige beredskapsspørsmål.
Vårt digitale samfunn har også skapt
en rekke nye utfordringer som må håndteres. Stortinget behandlet
nylig IKT-sikkerhetsmeldingen, som var den første i sitt slag –
endelig. Den gjennomgangen vi hadde da, viste mer enn noe annet
at vi blir sårbare når verden digitaliseres på alle måter – fra
hvordan vi kommuniserer med hverandre til daglig, til hvordan helsevesenet
opererer og til infrastruktur. Disse utfordringene er det behov
for å se nærmere på i sammenheng med andre samfunnsutfordringer.
Fordi Senterpartiet ikke ser ut
til å få gjennomslag for å sette ned en totalberedskapskommisjon
i dag, har vi fremmet noen såkalte løse forslag som er omtalt i
representantforslaget. Blant annet mener vi det er viktig å se på
i hvilken grad det har skjedd en endring i rollefordelingen mellom
politiet og de andre nødetatene som følge av strukturendringene
i politireformen og den nye PLIVO-instruksen. Det er viktig å få
klarlagt hvilke beredskapsmessige konsekvenser sånne endringer har ført
til eller kan føre til på sikt.
Beredskaps-Norge består av mange
ulike aktører. Senterpartiet mener at en totalberedskapskommisjon bør
settes ned nå, og den må kartlegge og vurdere hvordan man kan bruke
samfunnets totale ressurser best mulig.
Geir Pollestad (Sp) [15:22:54 ] : Me fekk sett behovet for
ein slik total gjennomgang av beredskapen i spørjetimen sist, då
Senterpartiet utfordra justisministeren på beredskapen knytt til
ambulanseflysaka. Han kunne ikkje svara på det, for det var ikkje
hans konstitusjonelle ansvar. Eg har ein mistanke om at dersom me
hadde utfordra helseministeren på totalberedskapen, ville ikkje
han ha svara på det fordi det ikkje var hans konstitusjonelle ansvar.
Det er behov for å sjå ting i ein
breiare samanheng. Eg er oppteken av at òg matberedskap skal inn
i ei slik totaltenking om beredskap.
Då me jobba i Stortinget med beredskapslagring
av matkorn, i prosessen fram til det, var det òg mange utgreiingar
som måtte gjerast, og ting ein måtte venta på. Hovudproblemet var
at regjeringa la til grunn ein statleg planføresetnad om at same
kva som skjedde i verda, ville handelen gå sin gang. Det var det
ikkje mogleg å koma rundt, for det låg i dei statlege planføresetnadene.
Senterpartiet meiner jo at beredskap handlar om å planleggja for
det utenkjelege. Her ser me ei regjering som legg til grunn formalismen
i byråkratiet framfor realismen i verkelegheita, og det er beklageleg.
Når me diskuterer jordvern, er det
ei viktig sak, vert det hevda, men i realiteten ser me at det berre
er viktig fram til det kolliderer med andre samfunnsformål. Då ser
ein ofte at jordvernet må vika. Moglegheita for å produsera mat
i dag og i framtida er ein viktig del av vår beredskap. Senterpartiet
ynskjer at matberedskap og jordbrukspolitikk òg skal setjast inn
i ein større samanheng, ikkje berre for å brødfø befolkninga i dag,
men òg som ein del av vår totale beredskap. Korleis kan me ha eit landbruk
i heile landet? Korleis kan me organisera landbruket sånn at beredskapen
vert best mogleg?
Eg synest òg det er trist at eit
fleirtal på Stortinget vender tommelen ned for ein totalberedskapskommisjon
i dag, med ei mengd unnskyldningar om kva som må koma fyrst. Det
minner i det store og heile litt om Albert Åbergs skal berre, skal
berre, skal berre. Dette er ei så viktig sak at me helst skal gjera
det no, og eg håpar at fleirtalet støttar Senterpartiets forslag
i denne saka.
Willfred Nordlund (Sp) [15:25:49 ] : La oss ta et eksempel:
En snørik vinter og kjølig vår gjør store deler av landet vårt sårbart
for flom og skred. Kommunenes beredskap har og vil i framtiden altså
bli satt på prøve, og det er egentlig på tide å få beredskapsplanene
opp av skuffen og fram på møtebordet. Godt utført planarbeid er
viktig for å lykkes med å sikre liv, helse og infrastruktur i kommuner
og i samfunnet for øvrig. Samarbeidet med frivillig sektor vil også
kunne være viktig om kommunene f.eks. skal lykkes med en hektisk
innsats i en akuttsituasjon. Hvordan kunne dette vært løst bedre? Kunne
samarbeidet vært styrket? Disse og andre sånne spørsmål ville vært
en naturlig del av en totalberedskapskommisjons arbeid.
Vi har bak oss en påske hvor Røde
Kors hadde mer enn nok å gjøre i redningsoppdrag og leteaksjoner.
Frivillig innsats bidrar til trygghet for alle som bruker naturen,
og avlaster bl.a. helsevesen, politi og brannvesen med innsats de
ikke er bemannet for, det vi i det daglige anser som en del av beredskapen.
Men Røde Kors og andre frivillige organisasjoner er ikke bare viktige
i lete- og redningsaksjoner i fjellet; de er også viktige samarbeidspartnere
i det lokale beredskapsarbeidet som kommunene har ansvar for planlegging
av.
Kommunenes ansvar for utarbeidelse
av beredskapsplaner er nedfelt i en nasjonal forskrift om kommunal beredskapsplikt.
Kommunene skal altså være forberedt på å håndtere uønskede hendelser
gjennom å ha en plan for kommunens kriseledelse, varslingstjeneste, evakueringsoversikt
og ikke minst ressursoversikt over aktører, herunder f.eks. Sivilforsvaret,
som har en rolle i kommunenes krisehåndtering. Hvordan kommunene er
gjort i stand til å møte disse kravene, kunne vært et spørsmål som
totalberedskapskommisjonen kunne sett på.
Jeg tror nok de fleste kommuner
har sine beredskapsplaner, men spørsmålet er hvor operative de er.
Gjennomføres det beredskapsøvelser? Har kommunene sikret seg samarbeidspartnere
til å klare utfordringer i kritiske faser? Jeg ønsker ikke å konkludere,
men mener at det burde vært en kommisjon som kunne sett på dette sammen
med den totale beredskapen. Sikkerheten til borgerne er tross alt
en av de grunnleggende oppgavene for storsamfunnet.
Senterpartiet har lagt fram et forslag
til Stortinget om å sette ned en totalberedskapskommisjon. Jeg mener
at det er behov for en bred gjennomgang av den nasjonale og lokale
beredskapen, og det er jo store deler av Stortinget som mener det,
men tydeligvis ikke nok.
Utfordringen er hvordan samfunnets
totale ressurser kan brukes best mulig for å gi økt trygghet i ulike
krisesituasjoner. Dette handler om mer enn forsvar, det handler
om mer enn bare politiet, det handler om mer enn bare flom- og skredsikring
og helseberedskapen – det handler om hvordan alle disse ressursene
samhandler. Skal vi lykkes når krisen oppstår, må vi vite hva slags oppgaver
hver og en av oss skal løse, og ikke minst må vi ha øvd sammen.
Hva er status på det arbeidet i dag i de ulike etatene? Det kunne
en sånn kommisjon ha sett på.
Bedre føre var enn etter snar, sier
ordtaket. Det kunne Stortinget nå valgt å leve opp til ved å sette
ned en sånn kommisjon. I stedet velger man å vise til stykkevis
og delt beredskapsplanlegging og rapporter, eller man ønsker å vente
til ting er delvis avklart, og ikke se alt i sammenheng. Det er
synd.
Ole André Myhrvold (Sp) [15:29:07 ] : Det norske samfunn er
i de siste fem årene utsatt for en rekke reformer – mange av dem
med den fellesnevneren at de har sentraliserende trekk. De fleste
reformene er også igangsatt uten en forutgående analyse av hva samfunnet
trenger, og hvilke konsekvenser reformene vil ha, både hver for
seg og ikke minst samlet sett.
I et totalt beredskapsbilde endres
nå grenser og oppgaver i rekordfart. Det ble sagt at man skulle
rydde opp, men svaret så langt ser ut til å bli minst like mangfoldig og
uoversiktlig som det det var før reformene ble iverksatt. Det er
ingen tvil om at tiden vi lever i, og framtidsbildet gjør beredskapsbildet
mer uoversiktlig og utfordrende – det være seg endret klima, internasjonal
uro, terrorproblematikk, mat og vann og mange andre forhold som
virker inn i totalbildet.
Forslaget fra regjeringspartiene,
Høyre og Fremskrittspartiet, om å vurdere å sette ned en kommisjon når
viktig reformarbeid i justissektoren er avsluttet, må være misforstått.
Totalberedskap gjelder ikke kun justissektoren, og det illustrerte
justis- og beredskapsministeren godt i spørretimen på onsdag, da
han unnlot å svare på spørsmål om ambulansetrafikken i Finnmark fordi
det lå utenfor hans ansvar. Det er helt riktig. Beredskapsarbeidet
favner mye videre, og derfor er det skremmende at regjeringspartiene
ikke vil være med på en beredskapskommisjon. Totalberedskapen spenner
vidt, og for å få et bedre grunnlag for å forme framtidens Beredskaps-Norge
enn det dagens vilkårlige reformer legger opp til, burde man være
med på forslaget.
Det er interessant at jeg i mitt
virke som ordfører tidligere var satt til å være ansvarlig for kommunens
totalberedskap. Det var en beredskap som favnet bredt. Vi var pliktig
til å gjennomføre regelmessige risiko- og sårbarhetsanalyser, og
hvert fjerde år skulle vi rullere kommunens beredskapsplan. Det
hadde vært på sin plass at regjeringen stilte samme krav til seg
selv som øverste ansvarlige for den nasjonale beredskapen som det
man faktisk pålegger landets kommuner. I kommunene er vi opptatt
av innbyggernes beredskap. Vi er opptatt av hvordan vi kan ivareta
totalbildet – alt fra mattrygghet til vann og avløp, til forsvar,
sikkerhet og blålysetatene. Det hadde vært klokt om Stortinget,
med alle de gode intensjonene som ligger i innstillingen, hadde
stilt seg bak forslagene fra Senterpartiet i dag om å se på totalberedskapen
i dette lyset.
Magne Rommetveit hadde her
teke over presidentplassen.
Lene Vågslid (A) [15:32:01 ] : Eg synest poenget til førre
talaren, at dette handlar om mange fleire delar enn berre justissektoren,
var veldig godt. Det handlar om heile forståinga av kva totalberedskap
er for noko. Slik sett er eg veldig einig med Marit Arnstad, som
peika på at debatten viser at alle er for alle dei gode intensjonane.
Men kva meining regjeringa eigentleg har i saka, er ganske utydeleg,
meiner eg. På ein måte kan ein tolke det som at eigentleg er me
alle einige, men så vil dei eigentleg ikkje støtte det, fordi det
er eit forslag frå Senterpartiet. Det går an å tenkje seg at ein
eigentleg ikkje ynskjer dette – ein ynskjer ikkje ein kommisjon
no som skal sjå regjeringa i beredskapskorta. Det er òg ein mogleg
analyse eg vil trekkje av denne debatten. Eg må også seie at det
er påfallande korleis engasjementet til regjeringspartia er fråverande
i denne debatten. Det seier òg litt om kor viktig dette er for dei.
Eg skal ikkje bidra til å forlenge
debatten veldig. Men det Jenny Klinge tek opp når det gjeld brann-
og redningsetaten og PLIVO-instruksen som fleire har peika på, er
Arbeidarpartiet òg veldig oppteke av. Derfor har me føreslege i
Stortinget, i førre periode og i inneverande periode, at me burde
få ei eiga stortingsmelding for brann- og redningsetaten. Det håpar
eg at den nye justisministeren vil ta med seg, for det meiner eg
ville vere ein god måte å få gått gjennom særleg brann- og redningsetaten.
Heilt til slutt når det gjeld ei
samla trusselvurdering: I replikkordskiftet i stad fekk eg ei kjensle
av at statsråden eigentleg var einig i at det kanskje kunne ha noko
for seg. Eg håpar at me kan kome tilbake til det på eit seinare
tidspunkt. Det vil eg absolutt oppfordre til. Ei samla trusselvurdering
prosessuelt og analytisk ville utvilsamt ha vore ein stor styrke
for beredskapen, ei felles vurdering som ikkje berre er stykkevis
og delt. Arbeidarpartiet kjem til å ta opp att den tråden ved eit
seinare høve.
Frida Melvær (H) [15:34:11 ] : Eg skal heller ikkje bidra til
å forlenge debatten for mykje.
Det har vore ein spennande debatt,
og eg må seie det nesten er slik at eg set pris på Senterpartiet
sitt engasjement for beredskap. Eg lurer eigentleg litt på: Kor
har det engasjementet vore dei fem åra som har gått? Med alt det
som er sett i verk i Stortinget, som regjeringa har greidd ut, analysert
og fått på bordet, alle dei tilrådingane som har kome frå ulike
fagetatar – kva slags innstilling har Senterpartiet hatt til dei
tilrådingane som ligg til grunn for det arbeidet som regjeringa
no gjer? Eg har oppfatta det slik at Senterpartiet kanskje har stilt
seg litt på sidelinja av dette, og at dei eigentleg har hatt sine
eigne konklusjonar, som ikkje har gått gjennom. Difor lurer eg faktisk
litt på kva som er motivet bak det representantforslaget som ligg
til grunn i dag.
Det vert gjort eit stort arbeid.
Det er heilskapleg. Det er langsiktig. Det er eit godt og samla
beredskapsarbeid som no er sett i gong av regjeringa. Eg håpar at
vi kan halde fram med det, og så tenkjer eg at når tida er inne, skal
vi vurdere ein totalberedskapskommisjon og sjå på om det er hòl
og manglar som bør tettast undervegs.
Marit Arnstad (Sp) [15:36:00 ] : Jeg kan ikke la være å svare
på et så direkte angrep som det fra Høyres side. For det første:
Det har vært en bra debatt her i dag – ikke så veldig mange deltakere
utenom Senterpartiet, men det har vært en veldig bra debatt, i og
for seg. Men når da Høyre på slutten stiller spørsmål i siste innlegg om
hvor Senterpartiet har vært i de ulike debattene omkring beredskap
de siste årene, må jeg få lov til å understreke at vi har vært veldig
aktive i alle de debattene, men det kan ikke være en betingelse
knyttet til å være aktiv at en skal være enig med regjeringen. Det
er ikke slik at en er engasjert i de debattene hvis en er enig med regjeringen,
men en står på sidelinja hvis en ikke er enig med regjeringen. Nei,
det er ikke slik det er. I disse debattene vil det sjølsagt være
forskjellige utgangspunkt, forskjellige svar og forskjellige meninger,
og Senterpartiet har vært meget aktiv i alle debattene som angår
både den sivile og den forsvarsmessige beredskapen. Men vi har sjølsagt
helt andre løsninger enn regjeringen, fordi vi mener at mange av
regjeringens løsninger på de områdene er utrolig dårlige og lite
gjennomtenkte, og vi ser også at det skaper store vanskeligheter
rundt omkring i landet.
Politireformen er et veldig tydelig
eksempel på det, der en svekker både den forebyggende rollen og
den tilstedeværende rollen for politiet utover i norske distrikter.
Det en har sett i ambulansesaken i Nord-Norge nå, er et eksempel
på en helseminister fra Høyre som står og toer sine hender, og en
totalberedskapsminister som ikke helt klarer å få med seg at han
har også ansvaret for den totale beredskapen knyttet til luftambulansen
i Nord-Norge. Og imens har en gjennomført en anbudsprosess som er
helt – ja, nesten skandaløs i den måten en har gjort det på, fordi
en rett og slett er i en situasjon der liv og helse blir satt på
spill i store deler av Nord-Norge.
Senterpartiets forslag i dag var
en åpen invitasjon til å få en helhetlig tilnærming til totalberedskap,
til å få et bedre kunnskapsgrunnlag knyttet til totalberedskapen. Vi
merker oss at det regjeringspartiene svarer med, rett og slett er
å prøve å sno seg unna hele problemstillingen ved å unnskylde seg
for det ene og det andre som kommer som gjør at en ikke kan nedsette
den typen kommisjon ennå – iallfall ikke så lenge det er Senterpartiet
som har stått for forslaget. Det er sørgelig at en skal behandle et
så godt forslag på en så dårlig måte.
Presidenten: Fleire
har ikkje bedt om ordet til sak nr. 5.