Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet og Endringer i statsbudsjettet 2021 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet foreslår i proposisjonen endringar i løyvingar mv. for programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål, 21.60 Kystforvaltning og 22.10 Posttenester. Det blir òg foreslått nokre kostnadsrammer under vegformål og orientert om nokre saker under vegformål og særskilde transporttiltak.

I proposisjonen blir det gjort framlegg om kostnadsrammer for prosjekt som enno ikkje har fått kostnadsrammene sine fastsett av Stortinget, eller der kostnadane av ulike grunnar er auka. Det gjeld prosjekta rv. 555 Damsgård- og Nylandstunnelane, E16 Arnarnipa-, Sætre- og Bjørkhaugtunnelane i Bergen kommune, E16 Dalevåg-, Dalseid-, Trollkone-, Hernes- og Hyvingstunnelane i kommunane Vaksdal og Voss, rv. 13 Ryfast i kommunane Strand og Stavanger, E39 Eiganestunnelen i Stavanger kommune og E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane i Aurland kommune.

1.2 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i proposisjonen endringar i løyvingar mv. for fleire programkategoriar. I denne innstillinga blir endringane på kap. 541 IT- og ekompolitikken og kap. 542 Internasjonalt samarbeid handsama.

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga for 2021 med 0,3 mill. kroner på kap. 541.

På kap. 542 post 1 Driftsutgifter foreslår departementet at løyvinga blir redusert med 2 mill. kroner. På post 70 Internasjonale program foreslår departementet at løyvinga blir redusert med 12,5 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Tom Kalsås, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre, Liv Kari Eskeland, Trond Helleland og Erlend Larsen, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå Framstegspartiet, Terje Halleland og Morten Stordalen, og frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, viser til dei endringane regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2021. Komiteen merkar seg at ei rekkje av justeringane er knytte til koronapandemien og endra føresetnader som følgje av utviklinga av pandemien.

2.1 Kap. 541 IT- og ekompolitikk

2.1.1 Post 70 Forvaltningsutvikling

På denne posten vert det løyvd ymse tilskot og kontingentar innanfor forvaltningsutvikling, IT- og ekom-politikk. Regjeringa syner til at det på grunn av svingingar i valutakursane er eit lågare behov på posten enn forventa, og foreslår at løyvinga på posten vert redusert med 0,3 mill. kroner.

2.2 Kap. 542 Internasjonalt samarbeid

2.2.1 Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til løn og drift for nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen. Komiteen viser til at regjeringa foreslår å redusere posten med 2 mill. kroner. Grunnen er at det i 2021 har vore berre éin nasjonal ekspert i EU-kommisjonen, og det var opphavleg budsjettert med tre ekspertar.

2.2.2 Post 70 Internasjonale program

Komiteen viser til at løyvinga gjeld EU-program som Noreg tek del i etter EØS-avtala, og dekkjer programkontingentar og andre utgifter til EU-program. Utgiftene har blitt lågare enn antatt, og regjeringa foreslår av den grunn ein reduksjon i løyvinga på 12,5 mill. kroner.

2.3 Kap. 1310 Flytransport

2.3.1 Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter

Komiteen merkar seg forslaget om å redusere løyvinga på posten med 805 mill. kroner som ein konsekvens av mindrekostnader. Løyvinga er knytt til kjøp av ordinære FOT-ruter, ei ordning for meirkompensasjon til FOT-ruteoperatørane og mellombelse flyrutekjøp som følgje av koronapandemien.

2.4 Kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar

2.4.1 Post 72 Tilskot til dekking av tap

Komiteen viser til at departementet foreslår ein reduksjon på 82,3 mill. kroner i løyvinga som skal dekkje tap for driftsselskapa ved Sandefjord Lufthamn Torp og Haugesund Lufthamn Karmøy. Bakgrunnen er at lufthamnene har fått utbetalt det dei har rett på etter ordninga.

2.5 Kap. 1315 Tilskot til Avinor

2.5.1 Post 71 Tilskot til pålagde oppgåver

Komiteen peikar på at løyvinga her vert foreslått redusert med 31 mill. kroner som følgje av redusert framdrift i planlegginga av ny lufthamn ved Mo i Rana.

2.6 Kap. 1320 Statens vegvesen

2.6.1 Post 1 Driftsutgifter

Komiteen vil vise til at departementet foreslår ein reduksjon på 5 mill. kroner under denne posten. Bakgrunnen er reduserte kostnader på 50 mill. kroner i beløpet som var sett av til omstilling i etaten, samtidig som etaten har auka kostnader knytte til sal av tenester til fylkeskommunane og eksterne på 45 mill. kroner.

2.6.2 Post 28 Trafikant- og køyretøytilsyn

Her merkar komiteen seg at på grunn av lågare aktivitet knytt til utekontroll, reiseverksemd og overtid med bakgrunn i pandemien vert denne posten foreslått redusert med 70 mill. kroner.

2.6.3 Post 29 OPS-Prosjekt

Manglande avklaringar gjer at tidspunkta for start og gjennomføring av enkelte tunneltryggingstiltak på OPS-strekninga Klett–Bårdshaug på E39 er uklare, og komiteen merkar seg at departementet på den bakgrunnen foreslår ein reduksjon på 48 mill. kroner.

2.6.4 Post 30 Riksveginvesteringar

Komiteen viser til at regjeringa her foreslår å redusere løyvinga på posten med 212 mill. kroner fordi føresetnaden var at desse midlane var tenkt knytte til lokale tiltak i byvekstavtalar og derfor bør ligge under kap. 1332 post 66 Tilskot til byområda. Departementet foreslår difor å auke denne posten tilsvarande.

2.6.5 Post 63 Tilskot til gang- og sykkelvegar

Komiteen syner til at på bakgrunn av at det er unytta midlar på posten, foreslår regjeringa ei fullmakt til å overføre inntil 21,9 mill. kroner frå 2021 til 2022. Dette vert gjort ved forslaget til fullmakt i romartalsvedtak IV.

2.6.6 Post 65 Tilskot til fylkesvegar

Departementet foreslår å redusere denne posten med 88 mill. kroner. Komiteen merkar seg at bakgrunnen for dette er at det ikkje er gjeve tilsegn for denne summen, og at pengane ikkje vil bli nytta.

2.6.7 Post 72 Kjøp av riksvegferjetenester

På denne posten har regjeringa foreslått ein reduksjon på 160 mill. kroner. Komiteen registrerer at både kostnadssida og inntektssida er justerte, men at når det likevel vert varsla ein reduksjon, er noko av bakgrunnen at kostnadsindeksane som vart nytta for å fastsette kompensasjonen til reiarlaga, har hatt ei svakare utvikling enn det som vart lagt til grunn for kontraktpliktene. Kompensasjon knytt til å oppfylle krav i regelverk for kloakk vert heller ikkje utbetalt i 2021.

2.7 Kap. 1330 Særskilde transportttiltak

2.7.1 Post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes

Komiteen viser til departementet sitt framlegg om å redusere denne posten med 173 mill. kroner grunna forsenka ferdigstilling av Havila Kystruten sine fire skip.

2.7.2 Ny post 72: Kollektivselskaper

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at kollektivselskapene rapporterer om langt lavere trafikk enn nivået før pandemien. Det gjenstår å se om endringene i reisevanene er permanente eller midlertidige. Disse medlemmer mener kollektivtilbudet ikke kan bygges ned før man vet om endringene i reisevaner er permanente eller ikke, og vil gi kollektivselskapene tid til å utvikle nye og fleksible billettløsninger tilpasset de endrede reisemønstrene. Disse medlemmer viser til at Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti har blitt enige om en kompensasjon til kollektivselskapene.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«På kap. 1330 post 72 (ny) bevilges 450 mill. kroner til kollektivselskapene som kompensasjon for redusert trafikk som følge av pandemien.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til budsjettenigheten mellom disse partiene, som etablerer flertall for en kompensasjon på 500 mill. kroner til kollektivtransporten på kapittel 572, post 60 (KMD) fordelt over henholdsvis 250 mill. kroner i nysalderingen og 250 mill. kroner i statsbudsjettet for 2022.

2.8 Kap. 1332 Transport i byområde mv.

2.8.1 Post 63 Særskilt tilskot til store kollektivprosjekt

Komiteen viser til at på grunn av manglande framdrift ved prosjekta Fornebubanen, Bybanen i Bergen og Bussvegen på Jæren er denne posten foreslått redusert med 1 400 mill. kroner.

2.8.2 Post 66 Tilskot til byområde

Komiteen viser til omtalen under kap. 1320 post 30 riksveginvesteringar, der det går fram at denne posten vert foreslått auka med 212 mill. kroner ved ei omdisponering frå kap. 1320 post 30.

2.9 Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

2.9.1 Post 1 Driftsutgifter

Komiteen viser til departementet sitt forslag om å auke løyvinga på kap. 4352 post 1 Ymse inntekter med 7,8 mill. kroner, samstundes som løyvinga på denne posten vert auka tilsvarande. Bakgrunnen er sal av tenester knytte til filminnspeling og auka aktivitet på Lokførarskulen.

2.10 Kap. 1360 Kystverket

2.10.1 Post 1 Driftsutgifter og post 50 Tilskot

Komiteen merkar seg at løyvinga på denne posten er auka med 25 mill. kroner samstundes med ein tilsvarande reduksjon på kap. 1362 post 50. Bakgrunnen er at Kystverket har overteke ansvaret for vidare planlegging av eit senter for testing, øving og teknologiutvikling knytt til beredskap.

2.11 Kap. 4313 Luftfartstilsynet

2.11.1 Post 1 Gebyrinntekter

Her viser komiteen til at departementet foreslår å redusere løyvinga med 34,8 mill. kroner på grunn av reduserte inntekter som følgje av aktivitetsreduksjon i luftfartsmarknaden som ein konsekvens av pandemien.

2.12 Kap. 4320 Statens vegvesen

2.12.1 Post 1 Salsinntekter m.m.

Her viser komiteen til at med bakgrunn i mellom anna auka salsinntekter som følgje av tenestesal til fylkeskommunane foreslår departementet ein auke i løyvinga på 60 mill. kroner.

2.12.2 Post 2 Ymse gebyr

Departementet viser til at grunna større aktivitet og høgare volum knytt til dømes til førarprøver og teoriprøver enn det som var lagt til grunn i statsbudsjettet for 2021, vert løyvingane auka med 20 mill. kroner. Komiteen merkar seg dette.

2.13 Kap. 4370 Posttenester

2.13.1 Post 70 Tilbakebetaling post og banktenester

Komiteen merkar seg at det på denne posten vert lagt inn 58,5 mill. kroner som følgje av tilbakebetaling av midlar løyvde til kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. Bakgrunnen er ei etterrekningsordning som skal sikre at løyvingane er i tråd med det faktiske behovet.

2.14 Kap. 5577 Sektoravgifter under Samferdsledepartementet

2.14.1 Post 74 Sektoravgifter Kystverket

Her viser departementet til at Kystverket i samband med lønsoppgjeret vart tildelt 8,7 mill. kroner over kap. 1360 post 1 Driftsutgifter. Komiteen merkar seg at forslaget medfører at denne posten må aukast tilsvarande.

2.15 Kap. 5624 Renter av Svinesundsforbindelsen AS

2.15.1 Post 80 Renter

Komiteen registrerer at på grunn av renteendringar vert denne posten redusert med om lag 0,3 mill. kroner.

2.15.2 Andre vegsaker

Komiteen viser til at det i proposisjonen er lagt fram endra kostnadsrammer for nokre vegprosjekt. Grunnen til dei endra kostnadsrammene er faktiske og moglege kostnadsaukar i prosjekta. For detaljar syner komiteen til proposisjonen.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre:
Forslag 1

På kap. 1330 post 72 (ny) bevilges 450 mill. kroner til kollektivselskapene som kompensasjon for redusert trafikk som følge av pandemien.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen si tilråding I blir fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen si tilråding II, III og IV blir fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknadar, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2021 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

541

IT- og ekompolitikk

70

Forvaltningsutvikling, IT- og ekompolitikk, kan nyttes under post 22, reduseres med

300 000

fra kr 33 956 000 til kr 33 656 000

542

Internasjonalt samarbeid

1

Driftsutgifter, reduseres med

2 000 000

fra kr 4 875 000 til kr 2 875 000

70

Internasjonale program, kan overføres, reduseres med

12 500 000

fra kr 78 812 000 til kr 66 312 000

1310

Flytransport

70

Kjøp av innanlandske flyruter, kan overførast, blir redusert med

805 000 000

frå kr 2 000 000 000 til kr 1 195 000 000

1311

Tilskot til regionale flyplassar

72

Tilskot til dekking av tap, blir redusert med

82 300 000

frå kr 242 500 000 til kr 160 200 000

1315

Tilskot til Avinor AS

71

Tilskot til pålagde oppgåver, kan overførast, blir redusert med

31 000 000

frå kr 85 000 000 til kr 54 000 000

1320

Statens vegvesen

1

Driftsutgifter, blir redusert med

5 000 000

frå kr 3 874 580 000 til kr 3 869 580 000

28

Trafikant- og køyretøytilsyn, kan overførast, blir redusert med

70 000 000

frå kr 2 115 285 000 til kr 2 045 285 000

29

OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir redusert med

48 000 000

frå kr 756 000 000 til kr 708 000 000

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 22, post 29 og post 31 og kap. 1332, post 66, blir redusert med

212 000 000

frå kr 12 155 000 000 til kr 11 943 000 000

65

Tilskot til fylkesvegar, kan overførast, blir redusert med

88 000 000

frå kr 100 000 000 til kr 12 000 000

72

Kjøp av riksvegferjetenester, kan overførast, blir redusert med

160 000 000

frå kr 1 735 800 000 til kr 1 575 800 000

1330

Særskilde transporttiltak

70

Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, blir redusert med

173 000 000

frå kr 941 700 000 til kr 768 700 000

1332

Transport i byområde mv.

63

Særskild tilskot til store kollektivprosjekt, kan overførast, blir redusert med

1 400 000 000

frå kr 2 630 000 000 til kr 1 230 000 000

66

Tilskot til byområde, kan overførast, blir auka med

212 000 000

frå kr 2 811 900 000 til kr 3 023 900 000

1352

Jernbanedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir auka med

7 790 000

frå kr 373 075 000 til kr 380 865 000

21

Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar, kan overførast, kan nyttast under post 72, blir redusert med

50 000 000

frå kr 245 151 000 til kr 195 151 000

70

Kjøp av persontransport med tog, kan overførast, blir redusert med

160 000 000

frå kr 5 094 900 000 til kr 4 934 900 000

71

Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 72, post 73 og post 74, blir redusert med

296 400 000

frå kr 9 174 922 000 til kr 8 878 522 000

1360

Kystverket

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 45, blir auka med

25 000 000

frå kr 1 911 230 000 til kr 1 936 230 000

1362

Senter for oljevern og marint miljø

50

Tilskot, blir redusert med

25 000 000

frå kr 52 173 000 til kr 27 173 000

Inntekter

4313

Luftfartstilsynet

1

Gebyrinntekter, blir redusert med

34 800 000

frå kr 158 051 000 til kr 123 251 000

4320

Statens vegvesen

1

Salsinntekter m.m., blir auka med

60 000 000

frå kr 208 100 000 til kr 268 100 000

2

Ymse gebyr, blir auka med

20 000 000

frå kr 526 687 000 til kr 546 687 000

4352

Jernbanedirektoratet

1

Ymse inntekter, blir auka med

7 790 000

frå kr 4 300 000 til kr 12 090 000

4370

Posttenester

(NY)

70

Tilbakebetaling post- og banktenester, løyvast med

58 500 000

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

74

Sektoravgifter Kystverket, blir auka med

8 700 000

frå kr 687 915 000 til kr 696 615 000

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

80

Renter, blir redusert med

271 000

frå kr 400 000 til kr 129 000

Fullmakter til å forplikte staten utover gitte løyvingar

II
Fullmakter til å forplikte staten for investeringsprosjekt

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2021 kan:

  • 1)

    starte opp desse investeringsprosjekta:

    innanfor ei kostnadsramme på:

    Rv. 555 Damsgård- og Nygårdstunnelane

    781 mill. kroner

    E16 Dalevåg-, Dalseid-, Trollkone-, Hernes- og Hyvingstunnelane

    953 mill. kroner

  • 2)

    halde fram med dette investeringsprosjektet:

    innanfor ei kostnadsramme på:

    E16 Arnanipa-, Sætre- og Bjørkhaugtunnelane

    867 mill. kroner

  • 3)

    gjennomføre dei tidlegare godkjende investeringsprosjekta:

    innanfor ei endra kostnadsramme på:

    Rv. 13 Ryfast

    8 776 mill. kroner

    E39 Eiganestunnelen

    3 888 mill. kroner

    E16 Gudvanga- og Flenjatunnelane

    987 mill. kroner

Fullmaktene gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for prosjekta. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til å prisjustere kostnadsrammene i seinare år.

III
Fullmakt til å forplikte staten for deltaking i forskings- og innovasjonsprogrammet Europe’s Rail

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2021 får fullmakt til å forplikte staten ut over budsjettåret for Noregs deltaking i forskings- og innovasjonsprogrammet Europe’s Rail, med inntil 22,2 mill. euro i perioden 2022–2031 under kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 21 Spesielle driftsutgifter – planar og utgreiingar.

Andre fullmakter

IV
Overføring av ubrukte løyvingar

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet får fullmakt til å overføre inntil 21,9 mill. kroner i udisponert beløp på kap. 1320 Statens vegvesen, post 63 Tilskot til gang- og sykkelvegar, frå 2021 til 2022.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 13. desember 2021

Erling Sande

leiar og ordførar