Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innhold

3. Foreløpig startavskrivning for inntektsåret 2020

Sammendrag

Regjeringa gjer framlegg om å innføre 10 pst. startavskriving for maskiner og andre driftsmiddel i saldogruppe d. Framlegget er ein del av tiltaka for å stimulere investeringar og skape vekst i økonomien etter virusutbrotet. Departementet viser til vedtak 445 ved Stortingets behandling av Innst. 216 S (2019–2020):

«Stortinget ber regjeringen innføre en midlertidig ordning med startavskrivning for saldogruppe d (bl.a. for industri) fra 20 til 30 pst., og ber regjeringen komme tilbake med dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2020.»

Startavskriving for driftsmiddel i saldogruppe d med 10 pst. inneber at avskrivingssatsen det første året i levetida for driftsmidla på denne saldogruppa vert auka frå 20 pst. til 30 pst.

Innføring av startavskriving på 10 pst. for driftsmiddel på saldogruppe d erverva i 2020, kan innebere statstøtte etter EØS-avtala. Departementet har innleia ein prosess med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) for å klarleggje dette.

Provenytapet ved å innføre startavskriving på 10 pst. for nyerverva driftsmiddel i saldogruppe d er berekna til om lag 1 200 mill. kroner påløpt og 200 mill. kroner bokført i 2020. Den reelle skattefordelen svarer difor til skattekreditten av at ein får utsett skatt til seinare år, og renteverknaden av utsett skattebetaling. Denne fordelen er vesentleg lågare enn den kortsiktige reduksjonen i skattebetalingar for inntektsåret 2020.

Departementet foreslår at tiltaket gjeld for 2020, og at ei eventuell vidareføring for 2021 vert vurdert i samband med statsbudsjettet for 2021.

Departementet viser til framlegg til skatteloven § 14-43 nytt femte ledd.

Tiltaket er mellombels og skal berre gjelde for driftsmiddel som vert erverva etter at tiltaket tek til å gjelde og ut året 2020. Endringa kan ikkje gjelde før tiltaket er godkjend av ESA.

Departementet gjer framlegg om at endringa vert sett i verk frå den tid departementet i forskrift fastset med verknad for inntektsåret 2020. Regjeringa vil i samband med statsbudsjettet for 2021 vurdere ei eventuell vidareføring for 2021.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.