Sammendrag
I behandlinga av
Prop. 52 S (2019–2020) og tilhøyrande Innst. 197 S (2019–2020) fatta
Stortinget 19. mars 2020 følgjande oppmodingsvedtak nr. 422 og 423 (2019–2020):
«Stortinget ber
regjeringen fremme forslag om en midlertidig nedsettelse av arbeidsgiveravgiften
med 4 prosentpoeng for en termin, tilsvarende to måneder. Ved kompensasjon
for virkningene av korona-pandemien for offentlig sektor tas det
hensyn til verdien av differensiert arbeidsgiveravgift.»
«For Finnmark og
Nord-Troms som har nullsats kompenseres det i en tilsvarende periode
med 250 mill. kroner. Regjeringen bes komme tilbake til hvordan dette
kan gjøres.»
Som varsla i Prop.
67 S (2019–2020), følgjer regjeringa no opp Stortingets vedtak.
Framlegget går ut på at arbeidsgjevarar som betaler arbeidsgjevaravgift,
skal få redusert avgift for tredje termin (mai og juni) svarande
til 4 pst. av grunnlaget for arbeidsgjevaravgift for denne terminen.
Regjeringa vil òg utsetje forfall for denne terminen til 15. oktober
2020.
Vidare foreslår
regjeringa at arbeidsgjevarar i sone V, som har nullsats på arbeidsgjevaravgift,
skal få eit tilskot på 4 pst. av arbeidsgjevaravgiftsgrunnlaget
i denne sona for same termin. Sone V utgjer dei delane av Troms og
Finnmark fylke som før regionsreforma utgjorde Finnmark og Nord-Troms
(heretter kalla «tiltakssona»). Tilskotet svarer til den fordelen
arbeidsgjevarar elles i landet får gjennom den reduserte arbeidsgjevaravgifta. Same
kompensasjon skal ytast til arbeidsgjevarar på Svalbard. Desse har
nullsats på arbeidsgjevaravgift slik som føretak i sone V.
Båe tiltaka vil
omfatte både kommunale og private arbeidsgjevarar. Bruttobudsjetterte
statlege forvaltningsorgan held ein utanfor båe ordningar. Nettobudsjetterte
statlege forvaltningsorgan er unnateke frå kompensasjonsordninga,
men vil av administrative omsyn vere omfatta av den reduserte arbeidsgjevaravgifta.
Fordelen dette inneber for desse verksemdene vert tatt omsyn til
i løyvingane, slik at alle dei nettobudsjetterte statlege verksemdene
samla sett vert likebehandla.
Ein anslår at tiltaket
vil gi eit provenytap på om lag 8 mrd. kroner påløpt og bokført
i 2020. Anslaget er svært usikkert. I tillegg kjem 167 mill. kroner
til kompensasjonsordninga for sone V og Svalbard.
Regjeringa viser
til framlegg om endring i Stortingsvedtak om fastsetting av avgifter
mv. til folketrygden for 2020 ny § 3a og ny lov om midlertidig kompensasjonsordning
for arbeidsgivere med nullsats for beregning av arbeidsgiveravgift
(Sone V og Svalbard).