Sammendrag
Frå 1. juli 2019
vart fritaket for meirverdiavgift for tidsskrift utvida til òg å
omfatte fritak for tidsskrift i elektronisk format. I arbeidet med
føresegna for elektroniske tidsskrift vart det frå fleire høyringsinstansar peikt
på at framlegget ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til dei moglegheitene
til mellom anna fleksibel publisering, som ligg i elektronisk publisering.
Fritaket for aviser,
både i trykt og elektronisk format, er i dag mellom anna avgrensa
til aviser som har ei brei dekking av nyheits- og aktualitetsstoff.
Departementet gjer framlegg om at fritaket for aviser vert utvida til
òg å omfatte aviser som har ei djuptgåande dekking av nyheits- og
aktualitetsstoff. Framlegget er meint å gje medium som driv denne
typen journalistisk produksjon og publisering høve til å gjere seg
nytte av moglegheitene som ligg i elektronisk publisering.
Departementet gjer
framlegg om at endringa vert gjennomført ved ei endring av merverdiavgiftsloven § 6-1
om fritak for aviser, slik at lova ikkje berre omfattar aviser trykt
på papir, men òg aviser i elektronisk format (elektroniske aviser).
Dei nærare krava til kva som vert rekna som ei avis i merverdiavgiftsloven
si forstand gjer departementet framlegg om vert regulert i ei ny
forskrift til merverdiavgiftsloven § 6-1. Departementet gjer difor framlegg
om eit nytt andre ledd i merverdiavgiftsloven § 6-1 som gjev departementet
høve til å fastsetje forskrift om kva ein meiner med aviser, irekna
om vilkår for fritak.
Departementet legg
opp til at det i forskrifta vert fastsett at det med aviser meinast
redaktørstyrte medium som vert publisert ein gong i veka eller oftare
og er retta mot allmenta. I tillegg legg departementet opp til at
avisa anten må ha brei journalistisk produksjon og publisere i hovudsak
nyheiter og aktualitetsstoff frå ulike samfunnsområde, eller djuptgåande
journalistisk produksjon og publisere i hovudsak nyheiter og aktualitetsstoff
frå eit avgrensa samfunnsområde.
Framlegget til ny
§ 6-1 i merverdiavgiftsloven, som omfattar elektroniske aviser,
dekkjer delar av fritaket i gjeldande § 6-2 i merverdiavgiftsloven
om fritak for elektroniske nyheitstenester. Departementet gjer framlegg
om å endre merverdiavgiftsloven § 6-2 slik at det avgrensast mot
tilfelle der fritaket vil følgje av merverdiavgiftsloven § 6-1 om
aviser.
Departementet legg
opp til enkelte endringar i merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1 om
elektroniske nyheitstenester for å oppnå einsarta omgrep med dei
nye forskriftene til merverdiavgiftsloven § 6-1 om aviser. Endringane
i merverdiavgiftsloven § 6-2 eller merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1
er elles ikkje meint å innebere endra rekkjevidde av fritaket for
elektroniske nyheitstenester.
Departementet legg
til grunn at framlegget til utvida omfang av fritaket for aviser
ikkje inneber statsstønad som må notifiserast etter EØS-regelverket.
Departementet legg
opp til at endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2020. Endringane
vil gje eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 15 mill.
kroner bokført i 2020. Det understrekast at tala er usikre. Dei
langsiktige verknadane på provenyet er truleg betydeleg større.
Departementet viser til omtalen av de økonomiske og administrative
følgjene av framlegget.
Departementet viser
til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven §§ 6-1 og 6-2.