Sammendrag
I Prop. 1 LS (2019–2020)
Skatter, avgifter og toll 2020 foreslo regjeringa å oppheve fritaket
for CO2-avgift på naturgass
og LPG til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og
mineralogiske prosessar. Framlegget vart vedteke av Stortinget,
men fleirtalet i finanskomiteen peika på at «CO2-avgift og kvotesystemet
er to likeverdige virkemidler som skal oppfylle det samme målet, og
at norsk fastlandsindustri i utgangspunktet ikke bør være ilagt
både kvoteplikt og CO2-avgift
for samme utslipp. Flertallet ber regjeringen vurdere hvorvidt det
finnes muligheter innenfor regelverket til å frita kvotepliktige
virksomheter for CO2-avgift
på naturgass mv.», jf. Innst. 3 S (2019–2020).
I Innst. 216 S (2019–2020),
jf. Prop. 67 S (2019–2020), viser fleirtalet i finanskomiteen til
denne merknaden og ber om at regjeringa følgjer opp saka seinast
i Revidert nasjonalbudsjett 2020.
Departementet er
i kontakt med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) om saka. ESA har
for tida høgt arbeidspress og har førebels ikkje kunna behandle
saka. Regjeringa vil kome attende til saka i budsjettet for 2021.
Frå 1. april 2020
er naturgass og LPG til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske
og mineralogiske prosessar igjen friteke for CO2-avgift. Regjeringa tek sikte
på å gradvis trappe opp avgifta med 25 pst. i 2021, 50 pst. i 2022,
75 pst. i 2023 og full avgift frå 2024, jf. Prop. 70 LS (2019–2020)
og Innst. 233 S (2019–2020).