Sammendrag
Departementet gjer
framlegg om å lovfeste tollfritak på kjøt frå eiga jakt til bruk
i eige hushald.
Eit slikt fritak
var tidlegare fastsett i forskrift om administrative tollnedsettelser
for landbruksvarer § 19. Som ledd i ein større revisjon av regelverket
oppheva Landbruks- og matdepartementet føresegna frå 1. april 2016.
Føresegna innebar
at tollstyresmaktene kunne frita frå toll innførsel av inntil 75
kg kjøt frå eiga jakt per jeger per kalenderår til bruk i eige hushald.
Fritaket kom i tillegg til reisegodsføresegnene. Det tydde at det
i tillegg til jaktkjøtet omfatta av tollfritaket kunne verte innført inntil
ti kg kjøt toll- og avgiftsfritt per reisande, på vilkår av at verdien
på kjøtet ikkje oversteig verdigrensene i reisegodsføresegnene.
Jaktkjøt omfatta av tollfritaket var ikkje friteke for meirverdiavgift.
Ved innførsel av jaktkjøt omfatta av tollfritaket måtte kjøtet meldast, leggjast
fram og deklarerast til tollstyremaktene. I tillegg måtte det leggjast
ved ei skriftleg fråsegn om at vilkåra for fritaket var oppfylte.
I dag vert fritaket
framleis praktisert medan ein ventar på endra reglar. Ei slik endring
var på høyring våren 2019. I høyringa vert det foreslått å vedta
ei ny føresegn i tolloven som fører vidare tollfritaket på kjøt
frå eiga jakt til bruk i eige hushald. Det vert òg foreslått å gje
heimel til at Finansdepartementet kan gje føresegn om vilkår for
og omfanget av tollfritaket. Det er etter framlegget ikkje eit krav
at det ved innførsel skal leggjast ved ei skriftleg fråsegn om at
vilkåra for fritaket er oppfylte. Etter framlegget gjeld fritaket
framleis i tillegg til reisegodsføresegnene.
I høyringa støtta
Landbruks- og matdepartementet og Norges Jeger- og fiskerforbund
framlegget utan ytterlegare merknadar. Mattilsynet peika på at det
veterinære importregelverket set visse grenser for lovleg innførsel
av kjøt. Departementet viser til at tollstyresmaktene framleis vil
handheve restriksjonar i anna regelverk. Landbruksdirektoratet peika
på at den gjeldande ordninga kan gje eit større insentiv til å overhalde
regelverket, da ei fråsegn om at vilkåra for fritaket er oppfylte vert
kravd rutinemessig. Departementet viser til at tollstyresmaktene
vil følgje opp det nye regelverket for å sikre at reglane vil overhaldast.
Om det likevel viser seg mest føremålstenleg at det vert kravd ei
fråsegn, kan tollstyresmaktene etter dei vanlige føresegner i tollregelverket
framleis krevje ei skriftleg fråsegn ved tollekspedisjonen.
Framlegget vil ikkje
ha verknad for provenyet eller administrative følgjer, då framlegget
i hovudsaka fører vidare gjeldande praksis.
Departementet gjer
framlegg om at endringane tek til å gjelde straks. Departementet
viser til framlegg om endring i tolloven § 5-10.