Sammendrag
Som andre industriland
gjev òg Noreg lågare toll til utviklingsland gjennom GSP-ordninga
(Generalized system of preferences). Ordninga er einsidig og kan
trekkjast tilbake eller endrast av Noreg. Den norske GSP-ordninga
vart etablert i 1971 og har vorte endra fleire gonger.
Utgangspunkt for
tollpreferansar etter GSP-ordninga er OECD si liste over utviklingsland
som mottek offisiell støtte (DAC-lista). Lista deler inn land i
fire grupper ut frå den økonomiske situasjonen deira, slik: 1) minst utvikla
land (MUL), 2) andre låginntektsland, 3) lågare mellominntektsland
og 4) høgare mellominntektsland. Den norske GSP-ordninga gjev MUL
og andre låginntektsland med mindre enn 75 mill. innbyggjarar toll-
og kvotefridom for alle varer. Lågare mellominntektsland med mindre
enn 75 mill. innbyggjarar vert skilde ut i ei eiga gruppe kalla
GSP+, medan andre lågare mellominntektsland og høgare mellominntektsland
vert rekna som vanlege GSP-land. GSP+ og vanlege GSP-land får ulike
gradar av tollreduksjon på landbruksvarer. Normalt vert lista oppdatert
kvart tredje år.
Tollen på avskorne
roser er todelt. I perioden 1. november–31. mars er det tollfritak
for alle land (varenummer 06.03.1110 i tolltariffen). I tida 1. april–31. oktober
er allmenn tollsats 249 pst. (varenummer 06.03.1120). Gjennom GSP-ordninga
har GSP+-landa i dag ein toll på 150 pst. for desse varene, medan
vanlege GSP-land har ein tollsats på 211,7 pst. Samstundes har nokre
land gjennom frihandelsavtalar fått lågare toll på roser. Til dømes
får EU og EFTA-landa ein tollsats på 150 pst. i sumarhalvåret, dvs.
same tollsats som GSP+ har per i dag.
Kenya er i dag det
største leverandørlandet av roser til Noreg, følgd av Etiopia og
Tanzania. Ei viktig årsak til dette er at landa har tollfritak gjennom
den norske GSP-ordninga. Som følgje av økonomisk framgang vil Kenya ved
neste revisjon av DAC-lista truleg få endra status frå låginntektsland
til GSP+-land. Neste revisjon av lista er venta hausten 2020. Med
verknad frå 2021 vil i så fall roser frå Kenya få ein toll på 150
pst. i perioden 1. april–31. oktober. Med ein slik tollsats vil
det truleg ikkje verte importert roser frå Kenya.
GSP-ordninga inneber
at utviklingsland som kjem opp i ein høgare inntektskategori, skal
miste tollfordelane sine, til fordel for utviklingsland i lågare
inntektskategori. Landa i lågare inntektskategori betrar dermed
si relative konkurransekraft. For roser vil auka toll for Kenya
kome Etiopia og Tanzania til gode, då dei to landa vil behalde tollfritaket
sitt fordi dei framleis vil vere MUL. På den andre sida er tollpreferansar
gjennom GSP-ordninga meint som hjelp til å byggje opp eigen industri
og økonomisk vekst. Det vil vere uheldig om auka toll som følgje
av den økonomiske veksten i Kenya, skulle medføre at den store eksporten
av roser til Noreg stoppar opp. Landets blomeeksport tapar dessutan
store inntekter som følgje av virusutbrotet. Tollauke på roser kan
svekkje Kenyas økonomi ytterlegare. Regjeringa ønsker difor ikkje
auka toll på roser frå Kenya.
Den norske GSP-ordninga
byggjer på objektive kriterium, noko som inneber at samanliknbare
land i same inntektskategori skal behandlast likt. Tollreduksjon
for roser bør difor omfatte alle GSP+-land, og ikkje berre Kenya.
Per i dag er det ingen GSP+-land som eksporterer roser til Noreg.
Ei tollendring for roser vil først ta til å gjelde frå og med 2021.
Regjeringa vil difor kome attende i budsjettet for 2021 med framlegg
om at toll på avskorne roser mv. (varenummer 06.03.1120) frå GSP+-land
vert redusert til null i perioden 1. april–31. oktober. Omsynet
til føreseielege vilkår for roseeksportørane i Kenya og for importørane
i Noreg tilseier at endringa vert varsla i god tid.