Innhold

5. Forbrukerrettigheter, personvern og konkurranse i den digitale økonomien

5.1 Sammendrag

5.1.1 Innleiing

Digitalisering har fyrst og fremst vore med på å skape nye moglegheiter for forbrukarane. Samstundes inneber digitale forretningsmodellar nye forbrukarutfordringar. Digitale tenester og produkt samlar inn store mengder personopplysingar om forbrukarane. Forbrukarane har lite kontroll og oversikt over korleis personopplysingane deira blir brukte. Det er eit gjennomgåande problem at næringsdrivande ikkje opplyser godt nok om dette, mellom anna ved at informasjon blir gøymd i lange og komplekse avtalevilkår. Denne utviklinga set etablerte forbrukarvern- og personvernprinsipp under press. Når det blir samla inn personopplysingar om forbrukarar gjennom produkt og tenester, er god IKT-tryggleik avgjerande for eit godt personvern. Utviklinga har også konkurransemessige implikasjonar.

Regjeringa vil arbeide for å styrkje rettane, personvernet og tryggleiken til forbrukarane i digitale tenester og produkt og samstundes leggje til rette for effektiv konkurranse som eit viktig element i ein godt fungerande økonomi. I arbeidet med å styrkje stillinga til forbrukarane vil regjeringa leggje vekt på betre tilsyn med reglane og styrkt samarbeid mellom styresmaktene i politikk som gjeld forbrukarsaker, personvern, IKT-tryggleik og konkurranse.

Digitale produkt og tenester blir ofte tilbydde i ein internasjonal marknad, i mange tilfelle frå land som har andre kontrakts- og rettstradisjonar enn Noreg. Det er derfor viktig å leggje vekt på internasjonalt samarbeid for å betre forbrukar- og personvernet på området.

5.1.2 Datadriven innovasjon og personvernet til forbrukarane

Dei siste åra har personvern- og forbrukarmyndigheitene særleg sett utfordringar knytte til datadriven innovasjon basert på innsamling av personopplysingar og stordataanalyse.

Det er viktig med ein open debatt om balansen mellom teknologisk innovasjon i næringslivet og retten forbrukarane har til personvern ved bruk av digitale tenester og produkt. Regjeringa meiner at det er behov for å styrkje stillinga til forbrukarane og leggje til rette for ein betre balanse mellom næringsdrivande og forbrukarar på dette området. Det er mogleg å verne om personvernet til forbrukarane samstundes som stordataanalyse blir meir sentralt i næringslivet. Det krev at næringsdrivande er opne om datainnsamlinga og føremålet med denne, at dei ikkje samlar inn fleire opplysingar enn dei treng, og at dei faktisk gir forbrukarane moglegheit til å velje om dei vil gi frå seg personopplysingar eller ikkje. Regjeringa ønskjer ei utvikling der forbrukarane i større grad kan velje personvernvennlege alternativ, og der personvern blir eit konkurranseelement.

5.1.3 Forbrukarrettar i den digitale økonomien

Dei norske forbrukarvernreglane gir forbrukarane eit sterkt vern. Når samfunnet i dag er tilnærma gjennomdigitalisert, er det avgjerande at eksisterande forbrukarrettar også blir varetekne i den digitale økonomien. Det meste av forbrukarlovgivinga er teknologinøytral. Likevel har utviklinga med auka grad av datainnsamling og framveksten av digitale plattformer skapt enkelte nye utfordringar for forbrukarane. Desse utfordringane handlar om næringsdrivande sin praksis ved utforming av digitale avtalevilkår, ting som er uklare i gjeldande reglar, og handheving av regelverket.

Regjeringa vil mellom anna løfte arbeidet for enklare avtalevilkår i digitale tenester, i ein ny strategi for den digitale kvardagen til forbrukarane.

Internasjonalt samarbeid om forbrukarvernreglar i ein digital kvardag

Det er naudsynt med internasjonalt samarbeid om lovregulering av datadriven innovasjon og digitale plattformer, ettersom mange av dei sentrale næringsdrivande har opphavet sitt utanfor Noreg. EU-arbeidet er særleg viktig. EU-kommisjonen har i forslagspakka «A New Deal for Consumers» frå 2018 føreslått å modernisere forbrukarrettane i lys av den digitale utviklinga.

Forslaget til Kommisjonen inneber mellom anna å utvide rettane til forbrukarar som gir frå seg personopplysingar i bytte mot digitale tenester. Dette vil i så fall kunne føre til at forbrukarar kan krevje meir informasjon, stadfesting på inngåtte avtaler og angrerett. Forslaget inneber såleis ei styrking av forbrukarrettane i Noreg. EU-kommisjonen har også føreslått å auke informasjonskrava til digitale plattformer, slik at det skal bli tydeleg for forbrukaren om han eller ho handlar med ein privatperson eller ein profesjonell næringsdrivande.

Handheving av digitale forbrukarrettar

Det er ikkje nok at forbrukarar har gode rettar på papiret, dersom vernet ikkje fungerer godt nok i praksis. Derfor er det særleg viktig å sikre at forbrukarane sine digitale rettar blir handheva på ein god måte.

Regjeringa har i 2019 auka løyvinga til Forbrukartilsynet med 6 millionar kroner. Målet med dette er å styrkje tilsynet med, og rettleiinga om, forbrukarvernreglane i den digitale økonomien. Satsinga er også med på å styrkje Forbrukartilsynet sitt internasjonale arbeid med mellom anna koordinerte tilsynsaksjonar over landegrensene. Regjeringa vil framover leggje vekt på tettare samarbeid mellom tilsyn på fleire område for å styrkje handhevinga av forbrukarvernreglane.

Strategi for å verne om digitale forbrukarrettar

Forbrukarstyresmaktene har dei siste åra hatt søkjelyset på problemstillingar knytte til forbrukarrettar i den digitale økonomien. Forbrukarrådet har undersøkt vilkår i nye digitale tenester og produkt. Forbrukartilsynet har følgt opp med tilsyn og vedtak i enkeltsaker, og Forskingsinstituttet SIFO har gått nærare inn på viktige problemstillingar. Datatilsynet har også følgt opp Forbrukarrådet sine funn med tilsyn og vedtak.

Regjeringa vil byggje vidare på dette samarbeidet og gjere det breiare og meir langsiktig og strukturert. Regjeringa vil utarbeide ein forbrukarpolitisk strategi for den digitale kvardagen som ei ramme for denne innsatsen. Strategien skal slå fast prinsipp for forbrukarane sin digitale kvardag og leggje retninga for aktivitetar og tiltak på dette området framover. Regjeringa vil i dette arbeidet sjå på tilsvarande initiativ i nabolanda våre.

5.1.4 Personvern i digitale tenester og produkt

Den nye europeiske personvernforordninga, som tredde i kraft i Noreg med ny personopplysingslov i 2018, inneber ei styrking av forbrukarrettane.

I meldinga blir det gjort greie for personvernforordninga og dei nye forbrukarrettane, i tillegg til regjeringa sin plan for det vidare arbeidet.

Forbrukaren skal enkelt kunne flytte opplysingane sine

Ei samanliknbar teneste er retten til nummerportabilitet når ein skiftar tilbydar av teletenester. Dei fleste synest det er lite praktisk å byte telefonnummer. Denne informasjonen har brukaren gjerne delt med svært mange, og det er krevjande å sørgje for at alle kontaktar får oppdatert informasjon dersom ein må byte nummer.

Vegen vidare for å styrkje personvernet til forbrukarane

Personvernforordninga har gitt forbrukarar i Noreg og EU sterkare personvernrettar.

Regjeringa vil arbeide for å styrkje kunnskapen om personvernreglane hos forbrukarar og næringsdrivande. Det er også viktig at ein handhevar rettane etter personvernreglane, for å vere sikre på at næringsdrivande følgjer regelverket. Regjeringa vil derfor vurdere om ein bør styrkje arbeidet med personvern på forbrukarområdet, slik at det blir enklare å handheve personvernregelverket i forbrukarsaker.

Regjeringa ønskjer ei utvikling der forbrukarane i større grad kan velje personvernvennlege alternativ, og der personvern blir eit konkurranseelement. Innføringa av det nye personvernregelverket kan føre til at næringsdrivande i større grad konkurrerer på godt personvern.

5.1.5 IKT-tryggleik i tilkopla produkt

Dei siste åra har ei rekkje tilkopla forbrukarprodukt blitt lanserte på den norske marknaden. I tillegg til at dei er kopla til nettet, samlar slike produkt inn personopplysingar om forbrukarane. Når produkt og tenester samlar inn personopplysingar, er god IKT-tryggleik avgjerande for eit godt personvern. Regjeringa legg vekt på at ein skal kunne bruke produkt som blir kopla til nett, utan at ein må vere redd for at personopplysingar skal bli misbrukte. God tryggleik er òg ein føresetnad for at produkta skal fungere som venta. Det er ingen tvil om at dette er eit område der utviklinga går fort. Samstundes er det viktig å løyse tryggleiksutfordringar tidleg dersom ein skal lukkast med å skape ei positiv utvikling på området.

Vegen vidare for å styrkje IKT-tryggleiken

Forbrukarrådet har kartlagt utfordringar ved tilkopla forbrukarprodukt. IKT-tryggleiksutvalet har vidare komme med tilrådingar om korleis styresmaktene best bør arbeide vidare for å styrkje IKT-tryggleiken i tilkopla produkt. Regjeringa vil framover arbeide for å styrkje IKT-tryggleiken i tilkopla produkt på tinga sitt internett. Dette vil skje på fleire måtar.

Når det gjeld moglege endringar i regelverket, vil regjeringa prioritere internasjonalt arbeid, særleg overfor EU. Regjeringa vil følgje regelverksutviklinga i EU tett og vere ein pådrivar for at IKT-tryggleiken i tilkopla produkt skal vere sikra i det nye regelverket.

Regjeringa meiner at standardisering bør spele ei viktig rolle som ein del av løysinga for å sikre at tilkopla produkt som blir lanserte på den norske marknaden, skal vere trygge for forbrukarane. Regjeringa meiner også at krav om innebygd tryggleik (security by design) vil vere viktig i det vidare arbeidet med standardisering.

Regjeringa vil vurdere om ein må gi importørar og forhandlarar av tilkopla produkt betre rettleiing, slik at ein kan redusere risikoen for at produkt med manglande IKT-tryggleik endar opp på forbrukarmarknaden.

5.1.6 Konkurranse i digitale marknader

Digitaliseringa har positive effektar på konkurransen i mange marknader. Dette gir gevinstar for forbrukarane i form av nye tenester og produkt. Døme på tenester som forbrukaren nyt godt av, er digitale plattformer, delingstenester og nettbaserte marknadsplassar. Samstundes er det fare for at digitaliseringa kan føre til marknadskonsenstrasjon og negative effektar på konkurransen. Personvern har ikkje vore eit sentralt konkurranseelement i den digitale økonomien fram til no. Men med innføringa av dei nye personvernreglane kan personvern i større grad komme til å bli eit konkurranseelement.

5.1.7 Samordning av innsatsen styresmaktene gjer på området

Det er mange overlappande utfordringar og problemstillingar på politikkområda som gjeld forbrukarar, personvern, IKT-tryggleik og konkurranse. Regjeringa er oppteken av å sjå politikk og regelverk på desse områda i samanheng. Dei siste åra har Forbrukartilsynet og Datatilsynet etablert eit godt samarbeid om forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt. Framover blir det viktig å styrkje samarbeidet mellom fleire av tilsyna i Noreg.

I europeisk samanheng har European Data Protection Supervisor etablert initiativet «Digital Clearinghouse». Her skal styresmakter med ansvar for konkurranse, personvern og forbrukarvern kunne diskutere korleis ein kan bruke dei ulike regelsetta saman, for å sikre at den digitale økonomien fungerer godt.

5.1.8 Regjeringa vil

  • etablere eit nasjonalt samarbeidsforum for å styrkje tilsynet på digitalområdet, etter modell av det europeiske «Digital Clearinghouse»

  • utarbeide ein forbrukarpolitisk strategi for den digitale kvardagen

  • vere med på å oppdatere dei felleseuropeiske forbrukarvernreglane til den digitale økonomien

  • styrkje kunnskapen om dei nye personvernreglane hos forbrukarar og næringsdrivande

  • støtte initiativ for å opprette ei merkeordning for personvern

  • vurdere behovet for å styrkje arbeidet med personvern på forbrukarområdet, slik at det blir enklare å handheve personvernregelverket i forbrukarsaker

  • styrkje IKT-tryggleiken i tilkopla produkt i «tinga sitt internett»

  • prioritere internasjonalt samarbeid for å betre forbrukar- og personvernet i den digitale verda.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen understreker viktigheten av at forbrukerne skal oppleve trygghet, tillit og seriøsitet i møte med den digitale økonomien. Komiteen ser at det er nødvendig med internasjonalt samarbeid for å sikre god lovregulering av datadreven innovasjon og digitale plattformer. Mange av de sentrale næringsdrivende innenfor feltet har sitt opphav utenfor Norge.

Komiteen mener det er en stor utfordring at de største digitale plattformene, som Google, Facebook, Apple, Amazon, Yahoo og Alibaba, har tilgang til enorme datamengder om kunder, produkt og transaksjoner og i tillegg er ledende innenfor stordataanalyse. Disse aktørene får sågar stor makt og innflytelse over forbrukerne. Måten informasjonen blir samlet inn og brukt på, er i mange tilfeller lite transparent og gir få reelle muligheter for brukeren til å begrense deling eller bruk av sine persondata. Komiteen mener det er viktig med samarbeid mellom ulike tilsyn som håndhever relevant lovverk. Komiteen er positiv til tiltakene regjeringen skal igangsette, og noterer seg at dette blant annet gjelder styrking av kunnskapen blant næringsdrivende og forbrukere om personvernregler, etablering av samarbeidsforum for å styrke tilsynet på digitalområdet og utarbeidelse av en forbrukerpolitisk strategi for den digitale hverdagen.

Komiteen viser til at overgangen fra varekjøp til tjenestekjøp medfører nye utfordringer. Der varen er lik over tid, kan tjenesten endre seg. Eksempler på dette kan være en Playstation, hvor en oppdatering gjør at den ikke lenger kan brukes med alle operativsystemer. Et annet eksempel kan være en e-bok som plutselig forsvinner fra biblioteket når den man har kjøpt den av, ikke lenger vil betale for rettighetene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at regjeringen for tiden arbeider med forslag til gjennomføring av direktiv om digitale ytelser i norsk rett. Dersom dette direktivet gjennomføres i norsk rett, vil forbrukerne få en rekke lovfestede rettigheter ved nedlasting av spill og e-bøker. Flertallet understreker behovet for å ivareta «fremtidssikrede» forbrukerrettigheter og ser fram til fremleggelsen av regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at det i dag er en utvikling i forbrukerrollen der forbruker blir mer involvert i produksjonen, og en stadig raskere utvikling fra varekjøp til tjenestekjøp. Disse medlemmer mener denne utviklingen må bli gjenstand for en grundig diskusjon med fokus på hvilke konsekvenser dette har for både rettighetsutvikling og håndhevelse. Behovet for «fremtidssikrede» forbrukerrettigheter må ivaretas. Derfor mener disse medlemmer at det bør oppnevnes et eget offentlig utvalg som skal utrede endringer i forbrukerrollen og konsekvenser for rettighetsarbeidet.

På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen oppnevne et offentlig utvalg som skal utrede endringer i forbrukerrollen og konsekvensene dette kan få for arbeidet med forbrukerrettigheter. Utvalget skal særlig utrede hvordan forbrukervernet kan ivaretas i møte med en utvikling der forbruker stadig blir mer involvert i produksjonen, og der det skjer en stadig raskere utvikling fra varekjøp til tjenestekjøp.»

Disse medlemmer viser til at globale teknologigiganter som Facebook, Google og Apple har fått stadig større makt gjennom kontroll over massive mengder persondata og nær monopolmakt over enkelte tjenester og funksjoner som forbrukerne har blitt stadig mer avhengig av i hverdagen. Disse medlemmer mener at det er behov for å gjøre de reguleringene som er mulig nasjonalt for å styrke forbrukernes stilling overfor disse selskapene og begrense den uregulerte innflytelsen de har over samfunnet.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti peker videre på at det internasjonalt foregår en debatt om muligheten for å skattlegge persondataene som disse selskapene samler inn, gjennom samme prinsipper som grunnrentebeskatning.

Dette medlem fremmer følgende forslag:

«For å styrke forbrukervernet og personvernet ber Stortinget regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med en sak om det norske handlingsrommet for sterkere regulering av virksomheten i Norge til multinasjonale teknologiselskaper som Facebook, Google og Apple, herunder grunnrenteskatt på innsamling og bruk av personinformasjon.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til Prop. 8 LS (2019–2020), Endringer i markedsføringsloven mv., som styrker forbrukers rettigheter overfor de ovenfor nevnte multinasjonale selskapene.