Innhold

14. Forbrukere og arbeidslivskriminalitet

14.1 Sammendrag

14.1.1 Innleiing

Forbrukarpolitikken handlar også om å støtte opp om forbruk som kan bidra positivt for samfunnet. Forbrukarar som får betre informasjon og støtte til å velje seriøse og lovlydige verksemder, kan bidra positivt til å motverke arbeidslivskriminalitet og svart økonomi.

Ein rapport frå 2018 om innsatsen mot arbeidslivskriminalitet peikar på at private og offentlege oppdragsgivarar er dei som har størst moglegheit til å setje i verk trussel- og sårbarheitsreduserande tiltak mot kriminelle aktørar i arbeidslivet. Dersom oppdrag ikkje lenger er tilgjengelege for kriminelle aktørar, blir innteningsmoglegheitene reduserte.

Partane i arbeids- og næringslivet har også over tid retta merksemd mot forbrukarmarknaden. LO, NHO, KS, Unio, YS og Skatteetaten har gjennom fleire år hatt eit organisert samarbeid mot svart økonomi (SMSØ). Føremålet med samarbeidet er å arbeide haldningsskapande og førebyggjande mot svart økonomi. Tiltaka rettar seg også mot forbrukarar.

Ved å handle kvitt medverkar forbrukarar til at seriøse verksemder får rettferdige konkurransevilkår, og at arbeidstakarar får lovlege lønns- og arbeidsvilkår. Regjeringa vil at forbrukarar skal ha eit medvite og aktivt tilhøve til korleis dei kan vere med på å hindre arbeidslivskriminalitet og svart økonomi.

14.1.2 Regjeringsstrategien mot arbeidslivskriminalitet

Eit viktig mål for regjeringa er å sørgje for eit ryddig og seriøst arbeidsliv. For å forhindre og motverke kriminalitet i arbeidslivet la regjeringa i 2015 fram ein eigen strategi mot arbeidslivskriminalitet. For ytterlegare å forsterke innsatsen blei strategien oppdatert og revidert i 2017 og sist gong i februar 2019.

14.1.3 Arbeidslivskriminalitet på forbrukarmarknader

Utfordringane med arbeidslivskriminalitet på forbrukarmarknaden er gjerne knytte til manglande betaling av skattar og avgifter og brot på arbeidsmiljø- eller allmenngjeringslova. Dersom arbeidet blir utført etter avtale/kontrakt med den private oppdragsgivaren, er det verksemda sjølv som har ansvar for dette. Privatpersonar kan ha arbeidsgivaransvar for personar som utfører arbeidsoppgåver i hus og heim, og dermed plikt til å innfri krav til helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen. Dersom det skjer ulukker, kan den private arbeidsgivaren bli erstatningsansvarleg for påførte skadar.

Skatteetatens årlege undersøking av etterleving, rapportering og oppdagingsrisiko (SERO) handlar om norske verksemders haldningar til etterleving. Undersøkinga i 2017 viste mellom anna at aksepten for å unnlate å betale skattar og avgifter er størst i bransjane reinhald, servering, bygg og anlegg og taxi- og turbil.

Undersøkinga frå Opinion (2018) om kjøp av svart arbeid underbyggjer desse funna. Det går fram av undersøkinga at reinhald, barnepass, snikkararbeid og bygg- og anleggstenester er dei største tenestegruppene som forbrukarar kjøper svart. Undersøkinga viser at den vanlegaste årsaka til at forbrukarar vel å kjøpe svart, er at det er billeg.

I meldinga er det ein omtale av eit utval bransjar som ein går ut frå har vesentlege utfordringar med arbeidslivskriminalitet, og der det er etablert eller blir planlagt tiltak retta mot forbrukarar.

14.1.4 Det må vere enkelt å handle kvitt

For å få fleire til å handle kvitt må ein gjere forbrukarar merksame på kva rettar og plikter dei har ved kjøp av varer og tenester. Forbrukarar må vite kva ordningar som finst for å følgje regelverket, og vere i stand til å velje vekk kriminelle leverandørar. Regjeringa jobbar langs fleire spor for å medverke til at fleire forbrukarar skal kunne gjere informerte val ved kjøp av mellom anna handverkstenester, reinhaldstenester og bilpleie.

14.1.5 Regjeringa vil

  • følgje opp tiltak frå strategien mot arbeidslivskriminalitet for å undersøkje om ein kan og bør bruke sanntidsdata frå offentlege register om tenestetilbydarar til å gi forbrukarar informasjon om kor seriøse tilbydarane er (eBevis)

  • vurdere korleis ein kan gjere innrapporteringsordninga «Melding om lønna arbeid i heimen» meir tilgjengeleg, brukarvennleg og effektiv

  • etablere eit tverretatleg samarbeid for å utvikle ei ny rettleiingsteneste på nettstaden handlehvitt.no, med samordna informasjon om korleis forbrukarar kan handle kvitt.

14.2 Komiteens merknader

Komiteen er enig med regjeringen i at vi må sikre et ryddig og seriøst arbeidsliv. Svart arbeid og arbeidslivskriminalitet er et stort samfunnsproblem som har ringvirkninger på både makro- og mikronivå. Det offentlige taper inntekter som kunne gått til å finansiere velferdsgoder. På individnivå rammes de som jobber svart, ved at de blir stående utenfor et trygt og seriøst arbeidsliv. De går glipp av rettigheter som sykelønn, feriepenger og opptjening av pensjonspoeng.

Komiteen merker seg at meldingen drøfter hvordan forbrukere kan bidra til å motvirke arbeidslivskriminalitet og svart økonomi. Komiteen mener det er viktig at myndighetene legger til rette for at forbrukere har tilgang til informasjon om hvilke rettigheter og plikter de har ved kjøp av varer og tjenester, og hvilke ordninger som finnes for å følge regelverket, slik at forbrukerne velger «hvitt» fremfor «svart».

Komiteen viser videre til at renholdsbransjen, byggenæringen og bilbransjen gis særlig oppmerksomhet i dette kapitlet. I kapitlet beskrives utfordringene, og det gis en redegjørelse for regjeringens arbeid mot arbeidslivskriminalitet innenfor disse næringene.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet mener det må legges til rette for at forbrukere kan ta riktige valg når de velger leverandører, og at det må opplyses om hvilke aktuelle lover og regler som gjelder, samt konsekvensene av disse. Byggenæringen selger hvert år tjenester og boliger til norske forbrukere for over 150 mrd. kroner (Prognosesenteret på vegne av Byggeindustrien). Disse medlemmer viser til at disse kjøpene ofte er komplekse og, spesielt i oppussingsmarkedet, er de lite standardisert.

Disse medlemmer viser til at i gjeldende byggeregler faller mye av arbeidene innenfor ROT-markedet (renovering, ombygging og tilbygg) utenom kvalifikasjonskravene, som kun er knyttet til såkalt søknadspliktige tiltak. Disse medlemmer er kjent med at dette er problemstillinger som vil bli belyst i arbeidet i byggekvalitetsutvalget, som skal levere sin rapport til kommunalministeren i februar.