Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Føremål og hovudoversikt

1.1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2016. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2016 blei vedtatt.

Regjeringa påpeikar at på grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte.

Omgrupperingsproposisjonen for 2016 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2016 og tilleggsløyvingar. Totalt utgjer omgrupperinga for 2016 ei auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 328,389 mill. kroner. I tillegg føreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt samt å oppretta eit nytt prosjekt med ei investeringsfullmakt.

1.1.2 Tilleggsløyvingar

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i operasjonar utanlands blir forvalta av Statens pensjonskasse. I oppdatert prognose frå Statens pensjonskasse av 2. september 2016 går det fram at kompleksiteten og variasjonen i disse sakene er stor. Dette inneber at prognosearbeidet er usikkert. Statens pensjonskasse har lagt til grunn at mange saker vil bli ferdigstilt i løpet av hausten 2016. Det inneber at utbetalingane i 2016 vil bli høgare enn tidlegera forventa. Basert på oppdatert prognose frå Statens pensjonskasse er meirbehovet til den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar på 12 mill. kroner i 2016.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1719 post 21, blir auka med 12 mill. kroner i 2016.

Sikre minimum militær luftoperativ drift på Rygge etter at Rygge Sivile Lufthamn AS avviklast

Rygge Sivile Lufthamn AS har kome fram til å avvikle sin aktivitet på Rygge frå 1. november 2016, og har varsla at det da ikkje lenger er mogleg å levere naudsynte flyplasstenester til Forsvaret. Forsvaret må derfor etter nemnde dato ta vare på eigne militære, luftoperative minimumsbehov knytte til framtidig militær, luftoperativ aktivitet på Rygge. Nedlegginga av den sivile flyplassdrifta på Rygge inneber monalege meirutgifter for Forsvaret. For 2017 er dei årlege meirutgiftene på 40 mill. kroner føreslått lagt inn som ei auke av forsvarsramma. For at Forsvaret skal kunne ta vare på sine forpliktingar på Rygge etter 1. november 2016, må løyvinga til Luftforsvaret for 2016 aukast med 10 mill. kroner.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1733 post 1, blir auka med 10 mill. kroner i 2016.

Operasjon Triton

Noreg har sidan juni 2015 støtta Frontex sin grensekontrolloperasjon Triton med eit innleidd sivilt skip med ein operativ besetning beståande av personell frå politiet og Forsvaret. Justis- og beredskapsdepartementet er leiardepartement i saka. Nåverande løyving lauper fram til november 2016. Regjeringa har i sitt forslag til 2017-budsjett føreslått å forlengje bidraget i seks månader fram til medio mai 2017. Forsvaret sine meirutgifter knytte til forlenginga er rekna til 10,1 mill. kroner, kor meirutgifta i 2017 er føreslått tilleggsløyva med 7,600 mill. kroner i Prop. 1 S for 2017 frå Forsvarsdepartementet. Det står igjen inndekking av Forsvaret sine meirutgifter på 2,5 mill. kroner for den del av forlenginga som fell i 2016.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1792 post 1 blir auka med 2,500 mill. kroner i 2016.

1.1.3 Materiellprosjekter til godkjenning

Vidareføring av kapasitetar knytte til maritime patruljeringsfly og etterretning, overvaking og oppklaring

I Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren blei Stortinget informert om eit framtidig investeringsprosjekt om anskaffing av nye maritime patruljefly i samband med utfasing av dei seks aldrande P-3 Orion og tre DA-20 Jet Falcon.

Noreg har sidan andre verdskrigen lagt stor vekt på å etablere nasjonal og alliert situasjonsforståing i nordområda. Sidan 1960-talet har Noreg prioritert denne kapasiteten høgt ved å satse på maritime patruljefly.

I dei siste tiåra har Noreg operert med fire avanserte patruljefly av typen P-3C for overvaking og antiubåtoperasjonar, og to patruljefly av typen P-3N med utstyr til overflateovervaking for kystvaktoppdrag. P-3N har også blitt nytta til oppøving av besetningar. Flya har også viktige sivile oppgåver som til dømes søk og redning. I tillegg har Noreg operert tre DA-20 Jet Falcon til elektroniske operasjonar. Operativ og teknologisk levetid til alle dei noverande flya med sensorar og våpensystem nærmar seg slutten. Vidareføring av kapasitetane for overvaking og antiubåtoperasjoner er viktige både nasjonalt, og for NATO og nære allierte. Kapasiteten for overvaking av havområda i våre omgjevnader vil medverke til å sikre at tilhøva i nord, Noreg sitt fremste strategiske satsingsområde, blir føreseielege og stabile.

Føremålet med Prosjekt 2047 «Vidareføring av MPA- og ISR-kapasitet» er å føre vidare kapasitetane til overvaking over og under havoverflata og til antiubåtoperasjonar. Det er gjennomført ein moglegheitsstudie for å identifisere moglege og relevante alternativ som kan vidareføre kapasitetane. Prosjektet omfattar anskaffing av fem maritime patruljefly av typen P-8A Poseidon, inkludert mellom anna ekstra overvakings- og støttesystem. Dei nye maritime patruljeflya har moderne sensorar, antiubåtvåpen og støttesystem, samstundes som dei bidreg til at andre kapasitetar i Forsvaret blir styrka og får auka tilgjengelegheit og uthald.

Anskaffinga blir gjennomført som ei direkte anskaffing frå amerikanske myndigheiter gjennom ordninga for «Foreign Military Sales». Det vil andsynes leverandøren av flya bli stilt krav om ei avtale om industrisamarbeid. Levering av flya er planlagd i perioden 2021–2022.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet på kap. 1760 er 9 825 mill. 2016-kroner (inkl. mva., gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse). I tillegg vil ein del av kostnadene bli belasta kap. 1735.

1.1.4 Saker til informasjon

Aerospace Industrial Maintenance Norway

Aerospace Industrial Maintenance Norway (AIM Norway) blei 26. august 2016 stifta som aksjeselskap av Forsvarsdepartementet. Omdanninga skjedde i samsvar med lov om omdanning av AIM Norway til aksjeselskap av 17. juni 2016. Aksjeselskapets formål vil vere uforandra frå før omdanninga, dvs. å drive vedlikehald og oppgradering av materiell, primært innan luftmilitær verksemd og annen naturleg tilhørande verksemd. Stortinget ga ved sine behandling av Innst. 366 (2015–2016) til Prop. 79 LS (2015–2016) fullmakt til å opne for ein breiare eigarstruktur i AIM Norway for å forsterke AIM sin posisjon i den internasjonale forsvarsindustrien.

Forsvarsmateriell

Forsvarsmateriell blei pålagt eit effektiviseringskrav på materielldrift i 2016 på 70 mill. kroner. I starten av 2016 blei disse midlane helde tilbake og planlagt tilbakeført til Forsvarsmateriell i gjennomføringsåret. Forsvarsmateriell har i løpet av året identifisert og dokumentert effektivisering på materielldrift i høve til krava. I revidert nasjonalbudsjett blei 49 mill. kroner tilbakeført. Dei resterande midlane søkast tilbakeført i denne omgrupperingsproposisjonen.

Reinhald

Forsvarsdepartementet vedtok hausten 2014 å oppheve Forsvarsbygg sitt monopol på å levere reinhaldstenester til Forsvaret, og Forsvaret har frå 1. mai 2016 skaffa reinhaldstenester for heile forsvarssektoren basert på konkurranse i den opne marknaden. Reforma vil føre til ei årleg innsparing på minimum 80 mill. kroner, som vil bli omdisponert til høgare prioritert verksemd.

For 2016 vil innsparinga utgjere i overkant av 50 mill. kroner etter drift i åtte månader, basert på foreløpige rekneskapstal. 11 mill. kroner er brukt til delvis dekning av Luftforsvarets reelle auking på 61 mill. kroner jf. Prop. 1 S (2016–2017) og går til å sikre gjennomføring av operativ aktivitet. 14 mill. kroner blei i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2016 tilført Forsvarsmateriell for å sikre ein god etablering av eininga. I denne proposisjonen er det føreslått at 24 mill. kroner omdisponerast til Luftforsvaret til dekning av meirbehov i samband med sprekkdanningar på F-16 kampfly.

1.1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2016, midlar overførte frå 2015 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2015.

1.1.5.2 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2016.

Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

328 389

Tilleggsløyvingar

24 500

= Sum behov ved omgrupperinga

352 889

+ Løyvingar før omgrupperinga

49 725 246

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

50 078 135

+ Midlar overførte frå 2015

759 265

= Samla disponible midlar i 2016 etter omgrupperinga

50 837 400

Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1000 kroner):

Meirinntekter

328 389

+ Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2016

23 274

= Sum behov ved omgrupperinga

351 663

+ Løyvingar før omgrupperinga

6 250 199

= Løyvingar etter omgrupperinga

6 601 862

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak at utgiftsramma blir auka med 352,889 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 351,633 mill. kroner.

1.2 Bestillingsfullmakter

Det er føreslått auke i bestillingsfullmakter i 2016:

Bestillingsfullmakt under kap. 1740, post 1 Driftsutgifter, er føreslått auka med 615 mill. kroner, frå 595 mill. kroner til 1 210 mill. kroner. Auka kjem som følge av meir vedlikehald samt anskaffing av komponentar og reservedelar. I tillegg kjem ei prisauke på varer og tenester som blir kjøpte inn av FLO.

1.3 Investeringsfullmakter

Forsvarsdepartementet føreslår følgjande investeringsfullmakt:

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2016 kan starta opp eit nytt investeringsprosjekt som er presentert som nytt prosjekt til godkjenning i Prop 27 S (2016–2017), innafor den kostnadsramma som der er omtalt.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina Alexandrova, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet, Tone Heimdal Brataas, Harald T. Nesvik og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser til den fremlagte proposisjonen der det søkes å skape samsvar mellom bevilgninger på kapittel og post, og endrede budsjettforutsetninger siden forsvarsbudsjettet for 2016 ble vedtatt.

Komiteen understreker at omgrupperingsproposisjonen er et nødvendig verktøy for å sikre fortsatt god økonomistyring i forsvarssektoren, og at dette sammen med effektiviseringskrav som tilbakeføres til prioritert virksomhet i forsvarssektoren, har inngått som en nødvendig økonomisk planforutsetning for å kunne finansiere regjeringens og Stortingets ambisjoner for forsvarssektoren. Totalt utgjør omgrupperingen for 2016 en økning i bevilgningene til Forsvarsdepartementet på 328,389 mill. kroner.

Komiteen merker seg at nedleggelsen av den sivile flyplassdriften på Rygge innebærer merutgifter for Forsvaret. Og at dette medfører at bevilgningen til Luftforsvaret for 2016 økes med 10 mill. kroner for at Forsvaret skal kunne ta vare på sine forpliktelser på Rygge etter 1. november 2016.

Komiteen merker seg at renholdstjenester for hele forsvarssektoren fra 1. mai 2016 er anskaffet gjennom konkurranse i det åpne markedet. Dette har medført betydelige innsparinger, som omdisponeres til høyere prioriterte virksomheter.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at Stortinget i Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren ble informert om et fremtidig investeringsprosjekt om anskaffelse av nye maritime patruljefly i sammenheng med utfasing av de seks aldrende P-3 Orion og tre DA-20 Jet Falcon. Flertallet viser til Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016) Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren, hvor komiteen anførte:

«Komiteen viser til at regjeringen i sin proposisjon prioriterer anskaffelsen av de strategiske kapasitetene kampfly, ubåter og maritime overvåkningsfly. Komiteen slutter seg til at disse framtidsrettede og teknologisk avanserte kapasitetene i sjø- og luftdomenet er av avgjørende betydning for Norges forsvarsevne, både nasjonalt og innen rammen av NATOs kollektive forsvar.»

Flertallet merker seg at formålet med Prosjekt 2047 «Vidareføring av MPA- og ISR-kapasitet» er å føre videre kapasitetene til overvåking over og under havoverflaten og til antiubåtoperasjoner. Prosjektet omfatter anskaffelse av fem maritime patruljefly av typen P-8A Poseidon, inkludert blant annet ekstra overvåkings- og støttesystem. Flertallet noterer at anskaffelsen blir gjennomført som en direkte anskaffelse fra amerikanske myndigheter gjennom ordningen for «Foreign Military Sales». Flertallet merker seg at det mot leverandøren av flyene bli stilt krav om en avtale om industrisamarbeid, og at levering av flyene er planlagt i perioden 2021–2022. Flertallet forutsetter at leverandøren av overvåkingsflyene blir stilt krav om en avtale om industriavtaler tilsvarende anskaffelsesbeløpet. Flertallet noterer at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet på kap. 1760 er 9 825 mill. 2016-kroner (inkl. mva., gjennomføringskostnader og en avsetting for usikkerhet). I tillegg vil en del av kostnadene bli belastet kap. 1735.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, viser til kravet norske myndigheter stiller om industrisamarbeid, både i den planlagte anskaffelsen av nye maritime overvåkingsfly og i øvrige pågående og planlagte anskaffelsesprosjekter i forsvarssektoren. Dette flertallet vil framheve behovet for at en også fra politisk hold fortsatt prioriterer å promotere norsk forsvarsindustris deltakelse i større anskaffelsesprosjekter. I F35-prosjektets siste utlysningsrunde om komponentvedlikehold fikk for eksempel norsk industri svært gode tilbakemeldinger, inkludert betegnelsen «most qualified», men likevel fikk ingen norske industriaktører tilbud om kontrakter. I Europa gikk alle kontraktene til britiske og nederlandske aktører. Dette flertallet vil også be regjeringen vurdere å gjenoppta tilskuddsordningen for norske industriaktørers deltakelse i F35-programmet, etablert i 2012 og foreløpig avsluttet ved utgangen av 2015.

Dette flertallet vil oppfordre regjeringen til i den planlagte anskaffelsesprosessen for nye kystvaktskip å prioritere å avsette midler til design- og utviklingssamarbeid mellom forsvarssektoren og norsk maritim verftsindustri. Et slikt samarbeid vil kunne resultere i utvikling av mer kostnadseffektive og miljøvennlige skip.

Dette flertallet viser videre til den planlagte anskaffelsen av nye ubåter til erstatning for Ula-klassen og komiteens merknader i Innst. 353 S (2015–2016) om at norsk industri skal sikres best mulig grunnlag for å kunne utvikle og levere kampsystemet til ubåtene Norge måtte velge, inkludert framtidige leveranser av samme eller tilsvarende type ubåt fra samme leverandør. Dette flertallet vil minne om at det før det eventuelt inngås kontrakt om leveranse av ubåter, også skal inngås en overordnet strategisk og langsiktig industrisamarbeidsavtale hvor leverandøren/leverandørnasjonen forplikter seg til ulike former for industrisamarbeid. Dette flertallet legger til grunn at det strategiske samarbeidet vil være bredere anlagt enn kun verftet hvor ubåtene skal bygges.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til proposisjonens omtale av privatiseringen av renholdstjenester i Forsvaret. Disse medlemmer er åpne for at det på enkelte områder kan være fornuftig at forsvarssektoren innleder et nærmere samarbeid med private aktører. Disse medlemmer vil likevel advare mot at en politisk målsetting om konkurranseutsetting og privatisering blir styrt av ideologi og ikke av Forsvarets behov for kompetanse, sikkerhet og fleksibilitet.

Disse medlemmer mener det er en uakseptabel praksis om den såkalte innsparingen ved privatisering blant annet består av kutt i de ansattes pensjoner. Forsvarssektoren er dessuten generelt dårligere egnet til konkurranseutsetting gitt de særskilte kravene til sikkerhet og beredskap, inkludert krav om individuell sikkerhetsklarering av personellet. I den konkrete saken om konkurranseutsetting av renholdstjenester mener disse medlemmer at det burde blitt gjennomført ytterligere tiltak for å effektivisere driften av Forsvarsbyggs egen renholdstjeneste før beslutningen ble fattet om å konkurranseutsette disse renholdstjenestene.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sine merknader om anskaffelsen av strategiske kapasiteter i behandlingen av langtidsplanproposisjonen, Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016), og vil igjen understreke at det er i Norges nasjonale interesse at vi selv innehar kapasitet til å drive maritim overvåkning i våre nærområder.

Disse medlemmer viser videre til at statsråden i brev til komiteen 9. desember 2016 opplyser om at det etter avklaring med Finansdepartementet ikke er gjennomført ekstern kvalitetssikring av anskaffelsen av nye maritime overvåkingsfly, slik praksisen i utgangspunktet er for alle statlige investeringsprosjekter med antatt kostnad over 750 mill. kroner. Begrunnelsen oppgis å være at prosjektet er vurdert til å innebære lav risiko med hensyn til det totale økonomiske omfanget, og at prosjektet i tillegg inkluderer enkelte høyt graderte elementer.

Disse medlemmer viser til anskaffelsesprosjektets omfattende kostnadsramme (9 825 mill. 2016-kroner) og til omfanget av informasjon Stortinget har blitt forelagt i denne saken. På denne bakgrunn vil disse medlemmer understreke regjeringens særlige ansvar for i dette anskaffelsesprosjektet å gjennomføre intern kvalitetssikring av prosjektet, å sikre god økonomi- og prosjektstyring og å holde Stortinget kontinuerlig oppdatert om den videre utviklingen i materiellprosjektet, med særlig vekt på kostnadsutviklingen.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti viser til at regjeringen ber Stortinget om igangsettelse av et investeringsprosjekt 2047 «Vidareføring av MPA og ISR-kapasitet», som omfatter anskaffelse av fem maritime patruljefly av typen P-8A Poseidon. Kostnadsrammen på prosjektet er anslått til 9 825 mill. 2016-kroner i tillegg til ekstra kostnader som belastes kap. 1735, etterretningstjenesten. Disse medlemmer viser til at ifølge Finansdepartementets retningslinjer skal alle statlige investeringsprosjekter med antatt kostnad over 750 mill. kroner gjennomgå ekstern kvalitetssikring (KS1 og KS2). En slik kvalitetssikring er ikke gjennomført for dette prosjektet. Disse medlemmer viser videre til at det gis svært begrenset informasjon om investeringene i denne proposisjonen og at det vises til en mulighetsstudie som Stortinget har fått svært begrenset tid til å lese, og i enda mindre grad fått tid til å vurdere. Disse medlemmer mener derfor at Stortinget ikke har tilstrekkelig grunnlag til å gi sin tilslutning til igangsettelse av dette investeringsprosjektet. Disse medlemmer mener også at en investering på denne størrelsen ikke burde fremmes i en salderingsproposisjon, men i en egen proposisjon om investeringer i forsvaret. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en investeringsproposisjon for prosjektet «videreføring av MPA og ISR-kapasitet» i løpet av 2017, med vurdering av ulike alternativer i tillegg til P-8A Poseidon.»

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre ekstern kvalitetssikring (KS1 og KS2) av innkjøp av P-8A Poseidon før investeringsprosjektet fremmes for Stortinget, i tråd med Finansdepartementets retningslinjer.»

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti anser det som positivt at Forsvarsdepartementet nå gir Stortinget noe mer informasjon om materiellprosjekt 2047: «Videreføring av MPA- og ISR-kapasitet». Når departementet i Prop. 27 S (2016–2017) velger å gi en svært kortfattet informasjon, på under en side, burde dette vært klassifisert som «Sak til informasjon» og ikke som «Materiellprosjekt til godkjenning». Dette medlem viser til at et langt mindre prosjekt, som trinn 3 av utviklingsprogrammet for Joint Strike Missile, lagt fram for Stortinget som egen sak over sju sider i mai 2014. Det er også uvanlig å fremme en slik sak til godkjenning i en proposisjon om «Endringer i statsbudsjettet for 2016», siden saken ikke gjelder forsvarsbudsjettet for 2016. Proposisjonen gir etter dette medlems syn for lite informasjon til at saken nå kan behandles som «materiellprosjekt til godkjenning».

Dette medlem mener norske interesser og bevaring av et lavt spenningsnivå i nord tilsier at Norge fortsatt skal ha egen kapasitet til å drive maritim overvåking i våre nærområder. Dette medlem viser til at det ikke er gjennomført ekstern kvalitetssikring av den foreslåtte anskaffelsen av nye overvåkingsfly, noe som er vanlig for investeringsprosjekter av en slik størrelsesorden. Den korte omtalen av investeringsprosjektet i Prop. 27 S (2016–2017) inneholder heller ikke noen grundig gjennomgang som erstatter en slik ekstern kvalitetssikring. Dette gjør Stortingets beslutningsgrunnlag mangelfullt og forsterker behovet for at regjeringen kommer tilbake til Stortinget med fullgod informasjon om investeringsprosjektet.

Dette medlem viser for øvrig til at behandlingen av den nye langtidsplanen for Forsvaret i Stortinget tidligere i høst viste at det er et stort flertall for å kjøpe nye overvåkingsfly, men den knappe informasjonen i den foreliggende proposisjonen er for mangelfull til at den gir grunnlag for at Stortinget skal vedta å godkjenne materiellprosjekt 2047 nå.

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en investeringsproposisjon for prosjektet «videreføring av MPA og ISR-kapasitet» i løpet av 2017, med vurdering av ulike alternativer i tillegg til P-8A Poseidon.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen gjennomføre ekstern kvalitetssikring (KS1 og KS2) av innkjøp av P-8A Poseidon før investeringsprosjektet fremmes for Stortinget, i tråd med Finansdepartementets retningslinjer.

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding til romertall I og II blir fremmet av en samlet komité.

Komiteens tilråding til romertall III fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, blir auka med

7 990 000

frå kr 409 325 000 til kr 417 315 000

73

Forsking og utvikling, kan overførast, blir redusert med

1 069 000

frå kr 33 108 000 til kr 32 039 000

1710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 45, blir auka med

16 600 000

frå kr 300 592 000 til kr 317 192 000

47

Nybygg og nyanlegg, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761, post 47,blir redusert med

3 354 000

frå kr 1 568 663 000 til kr 1 565 309 000

1716

Forsvarets forskingsinstitutt

51

Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt, blir auka med

64 000

frå kr 187 567 000 til kr 187 631 000

1719

Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, blir redusert med

16 398 000

frå kr 341 256 000 til kr 324 858 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, overslagsløyving, blir auka med

12 000 000

frå kr 118 541 000 til kr 130 541 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, blir redusert med

10 430 000

frå kr 13 429 000 til kr 2 999 000

71

Overføringar til andre, kan overførast, blir redusert med

3 996 000

frå kr 58 779 000 til kr 54 783 000

78

Noreg sitt tilskot til NATOs og internasjonale driftsbudsjett, kan overførast, blir auka med

17 214 000

frå kr 282 540 000 til kr 299 754 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

66 893 000

frå kr 3 766 041 000 til kr 3 832 934 000

1723

Nasjonalt tryggingsorgan

1

Driftsutgifter, blir auka med

16 401 000

frå kr 227 767 000 til kr 244 168 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, blir redusert med

22 181 000

frå kr 2 070 503 000 til kr 2 048 322 000

70

Renter låneordning, kan overførast, blir redusert med

9 408 000

frå kr 9 408 000 til kr 0

71

Overføringar til andre, kan overførast,blir auka med

100 000

frå kr 19 156 000 til kr 19 256 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

43 861 000

frå kr 5 389 059 000 til kr 5 432 920 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir redusert med

5 651 000

frå kr 3 858 308 000 til kr 3 852 657 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

114 295 000

frå kr 4 818 399 000 til kr 4 932 694 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

4 149 000

frå kr 1 239 317 000 til kr 1 243 466 000

1735

Etterretningstenesta

21

Spesielle driftsutgifter, blir redusert med

5 107 000

frå kr 1 563 455 000 til kr 1 558 348 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, blir auka med

113 289 000

frå kr 1 553 235 000 til kr 1 666 524 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45, blir auka med

21 278 000

frå kr 1 568 094 000 til kr 1 589 372 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under kap. 1761, post 45, blir redusert med

16 174 000

frå kr 4 943 105 000 til kr 4 926 931 000

1761

Nye kampfly med baseløysing

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1761, post 45, blir redusert med

730 000

frå kr 163 753 000 til kr 163 023 000

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir auka med

96 000 000

frå kr 6 948 915 000 til kr 7 044 915 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, blir redusert med

139 772 000

frå kr 1 087 792 000 til kr 948 020 000

1791

Redningshelikoptertenesta

1

Driftsutgifter, blir auka med

13 029 000

frå kr 933 059 000 til kr 946 088 000

1792

Norske styrker i utlandet

1

Driftsutgifter, blir auka med

33 354 000

frå kr 783 316 000 til kr 816 670 000

1795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsutgifter, blir auka med

10 642 000

frå kr 265 035 000 til kr 275 677 000

Inntekter

4710

Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

1

Driftsinntekter, blir redusert med

14 511 000

frå kr 4 287 229 000 til kr 4 272 718 000

47

Sal av eigedom, blir auka med

96 000 000

frå kr 300 000 000 til kr 396 000 000

4720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsinntekter, blir auka med

8 697 000

frå kr 113 227 000 til kr 121 924 000

4723

Nasjonalt tryggingsorgan

1

Driftsinntekter, blir auka med

15 800 000

frå kr 9 182 000 til kr 24 982 000

4725

Fellesinstitusjonar og -inntekter under forsvarsstaben

1

Driftsinntekter, blir auka med

1 900 000

frå kr 60 682 000 til kr 62 582 000

4731

Hæren

1

Driftsinntekter, blir auka med

30 000 000

frå kr 65 911 000 til kr 95 911 000

4732

Sjøforsvaret

1

Driftsinntekter, blir auka med

21 000 000

frå kr 54 305 000 til kr 75 305 000

4733

Luftforsvaret

1

Driftsinntekter, blir redusert med

20 000 000

frå kr 183 233 000 til kr 163 233 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, blir auka med

44 709 000

frå kr 136 375 000 til kr 181 084 000

4760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsinntekter, blir auka med

24 900 000

frå kr 27 600 000 til kr 52 500 000

4761

Nye kampfly med baseløysing

(NY)

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, blir løyvd med

96 000 000

4791

Redningshelikoptertenesta

1

Driftsinntekter, blir auka med

16 852 000

frå kr 869 944 000 til kr 886 796 000

4792

Norske styrker i utlandet

1

Driftsinntekter, blir auka med

25 000 000

frå kr 14 296 000 til kr 39 296 000

4795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsinntekter, blir auka med

5 316 000

frå kr 9 684 000 til kr 15 000 000

II
Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2016 kan gjere tingingar ut over dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Nemning

Samla ramme

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter

1 210 000 000

III
Investeringsfullmakter

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2016 kan:

  • 1. sette i gong eit nytt investeringsprosjekt som er presentert som nytt prosjekt til godkjenning i Prop. 27 S (2016–2017), innafor den kostnadsramma som der er omtalt.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 14. desember 2016

Anniken Huitfeldt

Christian Tybring-Gjedde

leder

ordfører