For valperioden 2017–2021 er det valt inn fem representantar frå Nord-Trøndelag.
Representantane er fordelte på desse partia: Arbeidarpartiet (2), Høgre (1), Senterpartiet (1) og Venstre (1).
I Grunnlova står det at Noreg har 19 valdistrikt. I vallova er desse lista opp, og dei samsvarar med fylkesinndelinga i Noreg før regionreforma. Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag vart slått saman til eit fylke 1. januar 2018, men er framleis einskilde valdistrikt.