Kongefamilien forlèt Stortinget etter opninga av det 158. storting 9. oktober 2013. Foto: Stortinget/Hans Kristian Thorbjørnsen.

Kongefamilien forlèt Stortinget etter opninga av det 158. storting 9. oktober 2013. Foto: Stortinget/Hans Kristian Thorbjørnsen.

Konstituering

Stortinget trer saman og konstituerer seg fyrste kvardag i oktober. I valår om lag ei veke seinare. Deretter gjennomfører kongen den høgtidlege opninga.

Vis som temaark

Når det er eit nyvalt storting som møter, har den fyrste representanten frå kvart fylke med ei fullmakt frå valstyret i sitt fylke. Den fullmakta seier at dei valde representantane frå fylket kan møta på Stortinget. Alle fullmaktene vert kontrollerte av fullmaktskomiteen på Stortinget, slik at ein er sikker på at representantane er valde etter dei lovene og reglane som gjeld. Dersom det er gjort feil, kan det verta halde omval.

Etter at innstillinga frå fullmaktskomiteen er ferdig handsama, vert det halde eit konstituerande møte der Stortinget vel presidentar og sekretærar til Stortinget. Presidentane vert valde for kvar sesjon, men i praksis vert dei sitjande i heile fireårsbolken. Presidenten erklærer Stortinget for lovleg konstituert, og gjev melding til kongen om det.

Høgtidleg opning

Kongen gjennomfører vanlegvis den høgtidlege opninga av Stortinget fyrste kvardag etter at Stortinget har konstituert seg.

Under den høgtidlege opninga les kongen trontala, som inneheld programfråsegna til regjeringa for det komande året. 

Les meir om trontaledebatten.

Etter at kongen har lese trontalen, les ein statsråd meldinga om rikets tilstand – i tråd med tradisjonen, på nynorsk.

Les meir om den høgtidlege opninga av Stortinget.

Les meir om nummerering av storting

Statsbudsjettet

Framlegget til statsbudsjett skal leggjast fram innan seks dagar etter at Stortinget er opna. Då held finansministeren si utgreiing om budsjettforslaget, den såkalla finanstalen.

Saker frå førre valbolken

Representantframlegg, spørsmål og interpellasjonar og komitéinnstillingar som ikkje er handsama i den føregåande valbolken, fell vekk når eit nytt storting kjem saman. Proposisjonar og meldingar til Stortinget kan handsamast i det nye stortinget dersom presidentskapet fremjar framlegg om det, etter at ei uttale er henta frå regjeringa.


Sist oppdatert: 24.09.2015 14:37