Voteringar

Å votera tyder å røysta. Sakene som er handsama i Stortinget vert som regel tekne opp til votering ved slutten av dagens møte.

Voteringsanlegget på plassane til representantane.
Voteringsanlegget på plassane til representantane.

I alle saker, forutan handsaming av grunnlovsframlegg, er det krav om vanleg fleirtal for å gjera eit vedtak. Altså må minst halvparten av stortingsrepresentantane stø vedtaket.

Reglar om å vera til stades under votering

Talet på representantar på Stortinget er 169. Ifylgje Grunnlova § 73 må minst halvparten av desse vera til stades under voteringa. Førehavinga av grunnlovsframlegg skil seg frå dette; her er det krav om minst to tredjedelars fleirtal av røystene for å gjera vedtak. Når det skal voterast over eit grunnlovsframlegg, må dessutan to tredjedelar av representantane vera til stades. 

Det er voteringsknappar på plassen til kvar stortingsrepresentant. Det er to røysteknappar, grøn for «for» og raud for «mot», og det er ikkje høve til å røysta blankt (anna enn ved skriftlege val av personar til verv og dilikt). Representantane må med andre ord ta standpunkt. Stortingets forretningsorden (FO), som regulerer arbeidet i Stortinget, har eit eige kapittel om avrøystingar.

Resulatet av avrøystinga kan vera ein samrøystes tilslutnad eller forkasting av dei framlegga det vert røysta over. Men oftare viser kanskje voteringa eit fleirtal for eller imot framlegga. Dermed er resultatet i samsvar med det demokratiske prinsippet om at fleirtalet avgjer saka, etter at også mindretalet har hatt høve til å gjeva uttrykk for sitt syn. 

Kvar finn eg voteringsresultata?

Voteringsresultata vert publiserte på sakssida til kvar enkelt sak og på data.stortinget.no.

Rolla til partigruppene

Partigruppene avgjer

Korleis representantane skal røysta er normalt avgjort i partigruppa på førehand. I prinsippet røystar alle representantane ut frå eiga overtyding. I dei aller fleste tilfelle fylgjer likevel representantane i praksis det fleirtalet i partigruppa har kome til (ofte kalla «partidisiplin»), med mindre det er aksept i partigruppa for noko anna. I dei få tilfella det hender, gjeld det gjerne saker knytte til lokalisering eller etiske problemstillingar.

Les meir om partigruppene.

Utbytingssystemet

Av dei 169 stortingsrepresentantane kan ikkje alle heile tida vera i stortingsbygningen eller vera til stades på møta i stortingssalen.

Les meir om oppgåvene til representantane.

Ved kortvarig fråvære er det ikkje alltid naudsynt å søkja permisjon frå Stortinget. I slike tilfelle nyttar ein eit system med utbyting av representantar i samband med votering. Føremålet med utbytingssystemet er å halda ved lag styrketilhøvet mellom partia under voteringa.

Les meir om møta

Kvar partigruppe vel ein innpiskar som har ansvaret for at utbytinga går rett føre seg. Dersom nokon representantar frå eit parti ikkje kan vera til stades ved votering, ser innpiskarane til at tilsvarande representantar frå eit parti med motsett politisk syn ikkje kjem til voteringa. Dermed er den politiske balansen halden ved lag, og voteringsresultatet vert slik det hadde vorte om alle var til stades. Systemet er bygt på tillit mellom partigruppene og fungerer stort sett særs godt. 

Korleis går voteringa føre seg?

Rolla til innstillinga

I innstillingane frå fagkomiteane ligg det alltid ei «tilråding» (framlegg til vedtak) som er fremja av heile eller eit fleirtal i komiteen. Innstillinga kan òg innehalda mindretalsframlegg, men desse er ikkje ein del av tilrådinga. Både tilrådinga og mindretalsframlegga skal takast opp til votering.

Omvendt fleirtal

Dersom fleirtalet i ein komité ikkje har fleirtal i samla storting, seier me at komiteen har såkalla «omvendt fleirtal». Då vert som regel eit mindretalsframlegg – ikkje tilrådinga – vedteke. 

Voteringsteknikken

Sjølve voteringa kan gjennomførast på ulike måtar. I stortingssalen er det eit elektronisk voteringsanlegg som vert nytta i dei fleste voteringane. Også skriftlege voteringar og namneopprop vert nytta i visse samanhengar.

Ikkje alle saker som vert debatterte i Stortinget gjev grunnlag for votering. Dette gjeld særleg spørsmål og interpellasjonar.

Rekkjefylgja på voteringa

Voteringa i Stortinget skal setjast opp i «logisk rekkjefylgje» (sjå FO § 59). Tanken er at voteringa skal leggjast opp i ei slik rekkjefylgje at det er viljen til fleirtalet som vert vedtaket. Samstundes er det viktig at kva representant får høve til å gjeva uttrykk for sitt syn. Ein vanleg måte å votera på er å starta med dei framlegga som har minst tilslutnad. Når desse framlegga vert røysta ned, får dei partia som hadde framlegga som primærstandpunkt, høve til å gjeva subsidiær støtte til andre framlegg. Det framlegget som eit fleirtal til slutt kan stilla seg bak, vert vedteke.

I dei aller fleste tilfella er den logiske rekkjefylgja openberr. Men det kan tenkjast situasjonar der voteringsrekkjefylgja kan få innverknad på utfallet og at rekkjefylgja difor vert eit diskusjonsemne mellom partia. Dette har hendt heller sjeldan dei seinare åra.

Alternativ votering

Dersom det ligg føre to alternative framlegg om same tema, kan ein nytta såkalla alternativ votering. Då må ein fyrst ha forsikra seg om at ingen representantar spesifikt ynskjer å votera til dømes imot båe framlegga. Ved alternativ votering må representantane røysta for det eine eller det andre alternativet. Ofte nyttar ein alternativ votering ved at eit mindretalsframlegg vert sett opp mot tilrådinga i innstillinga.

Votering i lovsaker

Voteringa i lovsaker skil seg frå voteringa i alminnelege saker på nokre punkt. Under votering i lovsaker trengst det ofte meir oppstykking av tilrådinga. Dette er av di tilrådinga som regel inneheld fleire paragrafar og/eller lovtekstar, og partia kan ynskja å stø einskildparagrafar og gå imot andre. Oppstykkinga gjev partia rom for å gjeva uttrykk for standpunkta sine på dei ulike delane av lova.

Ved voteringa i lovsaker sluttar ein alltid av med å votera over «Lovoverskrifta og lova i heilskap». I mange tilfelle kan det vera vekslande fleirtal for dei einskilde paragrafane i ei lov. Då er det viktig at ein er viss på at det er eit samla fleirtal som kan stå bak heile lovframlegget, difor vert det til slutt votert over «Lovoverskrifta og lova i heilskap». Lovframlegg må handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at lova skal verta vedteken.

Les meir om handsaminga av lovsaker.

Votering over budsjett

Voteringsutskriftene etter votering over budsjettinnstillingar kan verka overveldande, med ei rad ulike framlegg i tillegg til tilrådinga frå komiteen. Førehavinga av statsbudsjettet fungerer slik at Stortinget fyrst fastset rammevedtak, og deretter arbeider fagkomiteane med innstillingar på dei ulike områda innan desse rammene.

Les meir om budsjetthandsaminga.

Det er ikkje høve for fagkomiteane til å koma med framlegg som går utover rammene; auka utgifter må dekkjast inn med tilsvarande utgiftskutt eller eventuell auke av inntektene. 

Samrøystes vedtak

Ved samrøystes vedtak vert ikkje voteringsresultatet for den einskilde representanten synleg i voteringsoversikta. Voteringa skjer ved at den som eventuelt ynskjer å røysta imot får høve til å reisa seg. Dette hender sjeldan sidan det som regel går fram av tilrådinga i innstillinga at alle partia stiller seg bak vedtaket. Under visse møte vert alle sakene som vert handsama samrøystes vedtekne.

Dobbeltrøysta til presidenten

Når stortingspresidenten leier voteringa, og avrøystinga viser like mange røyster for og imot, avgjer han eller ho saka med dobbeltrøyst. Visepresidentane har ikkje dobbeltrøyst anna enn ved voteringar som gjeld korleis saker skal handsamast i Stortinget (sjå FO § 61).

Ulike typar framlegg

Lause framlegg

Dei minste partia har ikkje representantar i alle fagkomiteane. Dei får ikkje merknadene og framlegga sine med i innstillingar frå komitear dei ikkje har medlemer i. Før debatten i salen tek til, kan partia levera inn såkalla «lause framlegg». Dei lause framlegga vert votert over i salen på lik line med framlegga i innstillinga. Representantane har òg høve til å fremja framlegg til votering undervegs i debatten.

Oppmodingsframlegg

Oppmodingsframlegg er eit framlegg som startar med formuleringa «Stortinget bed regjeringa ...».

Oversendingsframlegg

Eit oversendingsframlegg er eit oppmodingsframlegg som Stortinget sender regjeringa utan å ha votert over innhaldet. Formuleringa vert då endra frå «Stortinget bed regjeringa ...» til «Regjeringa vert oppmoda ...». Tilføret kan vera at den ansvarlege statsråden har kome framleggsstillarane i møte og vil sjå nærare på saka. På denne måten slepp regjeringspartiet/a røysta imot ei sak dei ynskjer å greia vidare ut.


Sist oppdatert: 07.08.2015 10:42