Kontrollhøyring om asylborn 6. februar 2015 med mellom andre justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP). Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Kontrollhøyring om asylborn 6. februar 2015 med mellom andre justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP). Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Kontrollverksemda

Stortinget er den kontrollerande myndigheita og ser til at regjeringa fylgjer opp det Stortinget vedtek. Regjeringa har informasjonsplikt overfor Stortinget – ho pliktar å gjeva Stortinget relevant og korrekt informasjon.

Vis som temaark

Parlamentarismen er kjernen i kontrollverksemda til Stortinget. Regjeringa har eit politisk ansvar overfor Stortinget,  og må gå av om eit fleirtal på Stortinget uttrykkjer at regjeringa ikkje lenger har tillit i Stortinget.

Les meir om parlamentarismen i dag.

Stortinget har ulike måtar å kontrollera regjeringa på, og fleire organ held løpande kontroll. Media har òg ei rolle i dette; dei avdekkjer ofte kritikkverdige tilhøve som Stortinget kan velja å fylgja opp.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen

Kontroll- og konstitusjonskomiteen er éin av dei 12 fagkomiteane på Stortinget og eit sentralt kontrollorgan. Komiteen held løpande oppsyn med regjeringa og forvaltninga, og kan på eige initiativ granska saker og kalla inn til opne kontrollhøyringar.

Dei fleste kontrollsakene komiteen har føre, har grunnlag i Riksrevisjonen sine undersøkingar. Ved mistanke om kritikkverdige tilhøve, feil eller forsømingar i regjeringa eller forvaltninga, kan kontroll- og konstitusjonskomiteen oppretta ei kontrollsak.

I kontroll- og konstitusjonskomiteen har mindretalet initiativrett. Det held at 1/3 av komitémedlemene ynskjer å oppretta ei kontrollsak. Med dette er høvet for mindretalet til å kontrollera fleirtalet teke hand om; endåtil ei fleirtalsregjering risikerer å verta granska.

Les meir om arbeidet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Opne kontrollhøyringar

Under arbeidet med ei kontrollsak kan kontroll- og konstitusjonskomiteen halda ei open kontrollhøyring for å undersøkja saka nærare. Målet med slike høyringar er å avdekkja kva som i røynda har hendt i ei sak. Andre fagkomitear kan òg halda opne kontrollhøyringar om saker dei har føre.

Ofte er det offentlege tenestemenn komiteen ynskjer å høyra. Den ansvarlege statsråden har då rett til å møta. Det er naturleg at statsråden stiller av di han eller ho til sjuande og sist er ansvarleg for fagfeltet sitt overfor Stortinget. Føremålet med kontrollhøyringar er ofte å kartleggja nettopp kva ansvar statsråden har i saka.

Det er fagkomiteen som plukkar ut dei som vert inviterte til høyring. Det er mogleg å be om å verta høyrd, men det er komiteen som avgjer kven som skal verta det. Komiteen kan ikkje tvinga nokon til å stilla, og dei som vert høyrde, kan nekta å svara på spørsmål.

Det er ikkje debatt eller meiningsutveksling under ei kontrollhøyring, berre spørsmål og svar. Kontrollhøyringar skal skje for opne dører, med mindre anna er særskilt bestemt. Det er ikkje tilgang til å halda open kontrollhøyring når det er møte i Stortinget, anna enn under den ordinære spørjetimen.

Les reglementet for opne kontrollhøyringar.

Spørsmål

Det såkalla spørjeinstituttet er ein del av den løpande kontrollverksemda i Stortinget. Stortingsrepresentantane stiller spørsmål til statsrådane for å få informasjon om kva haldning regjeringa har til politiske problemstillingar.

Denne kontrollforma er på mange måtar eit verkemiddel for opposisjonen. Spørsmål gjev ikkje grunnlag for vedtak, men bidreg til å setja viktige saker på dagsordenen. Det finst fleire typar spørsmål:

  • spørjetimespørsmål 
  • skriftlege spørsmål 
  • interpellasjonar

Les meir om spørjeinstituttet.

Les meir om Stortinget som politiske arena.

Riksrett

Riksretten er ein domstol som kan døma medlemer av regjeringa, Høgsterett og Stortinget for straffbare tilhøve i embetet. Kva tilhøve som er straffbare, er definert i ansvarslova. I Noreg er riksrett svært lite brukt, men Stortinget kan nytta riksrett som ein lekk i kontrollverksemda si ved mistanke om straffbare tilhøve.

Les meir om riksrettsordninga.

Eksterne kontrollorgan

Delar av kontrollverksemda på Stortinget er overlatne til eksterne kontrollorgan. Dei er ekspertar på sine fagfelt, men er underlagde Stortinget og rapporterer til Stortinget. Det er fire slike organ:

  • Riksrevisjonen
  • Sivilombodsmannen 
  • Ombodsmannen for Forsvaret
  • EOS-utvalet

Les meir om dei eksterne kontrollorgana.

Parlamentariske granskingskommisjonar

Stortinget kan som ein del av kontrollverksemda si setja ned parlamentariske granskingskommisjonar. Dei får i oppgåve å greia ut tidlegare hendingsforløp. Døme på slike kommisjonar er:


Sist oppdatert: 22.01.2014 14:20