Europaparlamentet

En gong i året møter delegasjonen den tilsvarande delegasjon frå Europaparlamentet for debatt og dialog knytt til aktuelle europapolitiske spørsmål og til det parlamentariske samarbeidet mellom Stortinget og Europaparlamentet.

Logoen til Europaparlamentet.
Logoen til Europaparlamentet.

Medlemene i delegasjonen

Delegasjonen for samband med Europaparlamentet er frå 17. desember 2015 sett saman av medlemmene av Stortingets utanriks- og forsvarskomité (jf. Innst. 139 S (2015-2016)). Det blir ikkje valt varamedlemmer til delegasjonen.

Kontaktinformasjon

Sekretariatsfunksjonen for Stortingets delegasjon for samband med Europaparlamentet vert teken hand om av internasjonalt sekretariat.

E-post: postmottak.internasjonal@stortinget.no

Brussel

Stortinget har eit kontor i Brussel med spesielt ansvar for å fylgja Europaparlamentet. Kontoret er bemanna av seniorrådgjevar Per S. Nestande.

E-post: postmottak.internasjonal@stortinget.no 

Kontoret ligg i Europaparlamentet og har adresse 60, rue Wiertz.

Sjå òg

Les meir om Europaparlamentet og den norske delegasjonen.

Nettstaden til Europaparlamentet.

Aktuelt

  • Frå det årlege, bilaterale møtet med Europaparlamentet på Stortinget 23. februar 2017. Foto: Stortinget.

    Europaparlamentarikere besøkte Stortinget

    I veke 8 deltok fem medlemmar av Europaparlamentet på det årlige møtet med Stortinget i Oslo. Tema var mellom anna EØS-samarbeidet, brexit, Arktis og det norske barnevernet. 

    (24.02.2017)
  • Frå Stortinget deltok Sylvi Graham (H) og Svein Roald Hansen (A) frå utanriks- og forsvarskomiteen. Foto: Stortinget.

    Behov for europeiske løysingar på migrasjonskrisa

    Det var relativt brei semje om behovet for felles europeiske løysingar da migrasjonskrisa var drøfta av representantar frå europautval i nasjonale parlament møttes på det såkalla COSAC-møtet i Luxembourg denne veka. 

    (30.11.2015)

Sjå også

Vel å sjå:
Ingen medlemmer er registrerte for den namngitte komiteen.