Kopartrykksylinder til 500-kronesetel. Foto: Noregs Bank/Katrine Lunke.

Kopartrykksylinder til 500-kronesetel. Foto: Noregs Bank/Katrine Lunke.

Budsjettarbeidet

Ei av dei viktigaste oppgåvene Stortinget har, er å løyva pengar til statsbudsjettet. Kontrollen over løyvingane er eit viktig styringsmiddel for Stortinget.

Vis som temaark

Budsjettframlegget frå regjeringa

Det er regjeringa som kvar haust legg fram nasjonalbudsjettet og eit framlegg til Stortinget om statsbudsjett for neste år. Arbeidet regjeringa gjer med budsjettet, startar om lag eit år før budsjettet vert lagt fram for Stortinget. Alle departementa legg fram til Finansdepartementet saker som kan få fylgjer for statsbudsjettet eller norsk økonomi. Finansdepartementet samordnar budsjettarbeidet i regjeringa.

Finanstala

Den fyrste veka i oktober (eller veka etter i valår) legg finansministeren fram budsjettframlegget frå regjeringa og held finanstala i Stortinget. Finanstala er ei utgreiing om korleis regjeringa ynskjer å løysa viktige utfordringar gjennom prioriteringar og tiltak i statsbudsjettet. Etter finanstala er det ein stutt spontan debatt i Stortinget der partia får høve til å leggja fram dei fyrste reaksjonane på det finansministeren har sagt i tala si.

Overleveringa av statsbudsjettframlegget er starten på den mest hekstiske arbeidsbolken på Stortinget. Frå framlegget til budsjett vert overlevert i byrjinga av oktober og til det er vedteke i midten av desember, ligg det 2 ½ månader omfattande arbeid med mellom anna handsaming i fagkomiteane, høyringar, produksjon av innstillingar og debattar i Stortinget.

Komitéleiarane og presidentskapet møtest kort tid etter at statsbudsjettframlegget er lagt fram for å fordela budsjettkapitla på dei 12 fagkomiteane og fastsetja terminlista (oversyn over når fagkomiteane skal koma med innstillingane sine og datoen for handsaming i plenum). Denne fordelinga er alltid den fyrste innstillinga i sesjonen med unnatak av valår, då det er fullmaktskomiteen som har den fyrste innstillinga.

Partigruppene sitt arbeid med budsjettet

Med utgangspunkt i framlegget frå regjeringa, utarbeider partigruppene i opposisjon eigne alternative budsjett. Dei alternative budsjetta dannar grunnlag for budsjettframlegget frå partigruppene. Dei alternative budsjetta til opposisjonspartia vert ikkje publiserte som eigne dokument, men vert skrivne som merknader i budsjettinnstillingane frå stortingskomiteane.

Som ein del av førebuingane til budsjettforhandlingane, stiller partia spørsmål til departementa om budsjettet. Før forhandlingane i finanskomiteen tek til, har alle partia klarlagt kva som er deira primærstandpunkt. I tida før forhandlingane har dei òg halde pressekonferansar og uttala seg til media for å presentera budsjettopplegget sitt føre tautrekkinga i finanskomiteen tek til. 

Arbeidet i komiteane

Komiteane startar òg arbeidet sitt med budsjettet så snart framlegget frå regjeringa er lagt fram for Stortinget. Komiteane innleier arbeidet med å senda spørsmål til departementa om budsjettet innanfor områda sine, og inviterer til opne høyringar.

Alle høyringane er normalt avslutta innan midten av november. Då startar forhandlingane som til slutt resulterer i budsjettinnstillinga frå fagkomiteen. 

Finansinnstillinga

Finanskomiteen samordnar arbeidet med statsbudsjettet. Innan den 20. november leverer finanskomiteen finansinnstillinga, som handlar om nasjonalbudsjettet og framlegget til statsbudsjett. Innstillinga inneheld òg framlegg til rammevedtak frå dei ulike partia.

Samstundes utarbeider finanskomiteen ei innstilling om skatte-, avgifts- og tollvedtak, som vert levert om lag ei veke seinare. 

Finanskomiteen leverer òg innstilling om naudsynte lovendringar i samband med statsbudsjettet.

Finansdebatten og rammevedtaka

Innan ei veke vert finansinnstillinga handsama i Stortinget. Då vert finansdebatten gjennomført, ein av dei viktigaste debattane gjennom året. Partia drøfter den økonomiske politikken til regjeringa og omfanget av dei statlege utgiftene og inntektene. I debatten gjev dei signal om kvar regjeringa kan henta støtte i den vidare handsaminga av statsbudsjettet.

Etter handsaminga av finansinnstillinga er inntekter og utgifter fordelte på dei ulike rammeområda. Dei andre komiteane kan då berre gjera omdisponeringar innanfor den vedtekne ramma. Høgre utgifter må dekkjast inn med tilsvarande utgiftskutt eller eventuell auke i inntektene.

Budsjettvedtaka

Budsjettinnstillingane frå alle komiteane skal vera ferdig handsama i Stortinget seinast 15. desember. Budsjettinnstillingane vert handsama etter kvart i eit samla storting, og under voteringa vert det gjort endelege vedtak om løyvingane til alle utgiftene i budsjettet. 

Endringar i budsjettet

Det vert gjort endringar i statsbudsjettet i løpet av det året budsjettet gjeld for. Dei største endringane skjer vanlegvis i samband med revidert nasjonalbudsjett om våren og ved nysalderinga av statsbudsjettet i desember. Når budsjettåret er over, utarbeider Finansdepartementet statsrekneskapen. Rekneskapen vert lagd fram til Stortinget om våren etter budsjettåret.

Sjå oversyn over dei siste budsjettsakene på Stortinget.

Budsjettkontroll

Stortinget er pålagt å kontrollera at regjeringa forvaltar pengane i statsbudsjettet såleis som det var føresett. Riksrevisjonen utfører denne kontrollen og leverer ein årleg rapport der dei undersøkjer om rekneskapane til staten er i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget (Dokument nr. 1). Denne rapporten vert handsama i kontroll- og konstitusjonskomiteen, som kjem med ei innstilling til Stortinget.

Lover og reglar om budsjettarbeidet

Grunnlova

Stortinget er gjennom § 75 i Grunnlova tillagt myndigheita til å påleggja skattar, avgifter, toll og andre offentlege byrder og løyva dei midlane som må til for å dekkja utgiftene til staten. 

Stortingets forretningsorden

Stortingets forretningsorden inneheld reglar for korleis budsjetthandsaminga i Stortinget skal organiserast.

• I Stortingets forretningsorden § 43 er det nærare reglar for handsaminga av nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet.
• I Stortingets forretningsorden § 14 står hovudregelen for saksfordelinga mellom fagkomiteane; budsjettframlegget frå regjeringa skal fordelast på dei faste komiteane etter ei spesifisering av kva saksområde som høyrer inn under dei ulike komiteane.
• I Stortingets forretningsorden § 27 er det gjeve reglar om høyringar.

Løyvingsreglementet

Løyvingsreglementet inneheld reglar for kva statsbudsjettet skal femna om, og korleis innhaldet skal utformast.

Sjå òg

Budsjettdokumenta

Budsjettsyklusen


Sist oppdatert: 10.11.2014 13:23