Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Budsjettsyklusen

Frå arbeidet med statsbudsjettet startar i departementa til Riksrevisjonens revisjon av statsbudsjettet vert handsama i Stortinget, går det om lag 3 1/2 år. Men tida frå Stortinget mottek framlegget til budsjett og til endelege budsjettvedtak vert gjorde, er særs knapp. Stortinget har om lag 2 1/2 månad på dette arbeidet, og arbeidet med budsjettet pregar difor heile haustsesjonen. 

Tidsplan for budsjettarbeidet

( t= budsjettåret )

Tidsplan for budsjettarbeidet
Budsjettet frå regjeringa til Stortinget
Fagproposisjonane i statsråd midten av september (t-1)
Gul bok (Prop. 1 S) i statsråd kring 20 sept. (t-1)
Stats- og nasjonalbudsjettet vart lagt fram for Stortinget innan seks dagar etter opninga av Stortinget i oktober (t-1)
Siste frist for framlegging av tilleggsproposisjonar 10. november (t-1)
Arbeid med statsbudsjettet i Stortinget
Finanskomiteen kjem med innstilling om fordelinga av inntekter og utgifter på dei einskilde politikkområda («rammeområde») innan 20. november (t-1)
Stortinget vedtek fordelinga på rammeområda innan 27. november (t-1)
Innstillingane frå dei andre komiteane vert handsama, det vert gjort endeleg budsjettvedtak innan 15. desember (t-1)
Revidert nasjonalbudsjett og tilleggsproposisjonar for 1. halvår
Revidert nasjonalbudsjett (stortingsmelding, samleproposisjon og lovproposisjon) vert fremja for Stortinget innan 15. mai (t)
Finanskomiteen kjem med innstilling om revidert nasjonalbudsjett seinast andre fredag i juni (t)
Budsjett- og lovendringar vert vedtekne i Stortinget innan utgangen av sesjonen (t)
Nysaldering og tilleggsproposisjonar for 2. halvår
Omgrupperingsproposisjonane frå det einskilde fagdepartement vert lagde fram 1. halvdel av november (t)
Nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet vert lagd fram byrjinga av desember (t)
Nysaldert budsjett vert vedteke kring 20. desember (t)
Statsrekneskapen
Statsrekneskapen vert lagd fram mars/april (t+1)
Stortingsmeldinga om statsrekneskapen vert vedlagd protokollen innan utgangen av sesjonen (t+1)
Rapporten frå Riksrevisjonen om merknader til statsrekneskapen vert handsama vårsesjonen (t+2)
Sist oppdatert: 23.09.2022 15:41
: