Lovarbeidet

Stortinget vedtek, endrar og opphevar Noregs lover. Etter at Stortinget har vedteke lover, utarbeider ofte regjeringa nærare reglar i form av forskrifter.

Vis som temaark

Noregs lover.
Noregs lover.

Lovgjevingsarbeidet går gjennom desse ledene:

  • førebuande lovarbeid
  • lovframlegg
  • komitéhandsaming
  • handsaming i Stortinget i to omgangar
  • sanksjonering av Kongen i statsråd

Førebuande lovarbeid

Det førebuande lovarbeidet går føre seg i departementa. Det departementet som har fagansvar for lova, pliktar å greia ut saka grundig før ho vert lagd fram for Stortinget. Under utgreiinga vert saka send ut på høyring for å få innspel frå alle partar som dette vedkjem, og aktuelle faginstansar.

Dersom det gjeld ei omfattande lov, vert det gjerne sett ned eit utval sett saman av fagfolk med spesialkompetanse på lovområdet. Utvalet får i oppgåve å koma med ei tilråding til departementet. Tilrådinga vert ofte publisert i serien Noregs offentlege utgreiingar (NOU).

I visse tilfelle ynskjer regjeringa å orientera Stortinget eller å få Stortingets syn på enkelte problemstillingar, før ho fremjar eit lovframlegg. Det gjeld særleg ved større lovendringar. Då oversender regjeringa ei stortingsmelding som gjev Stortinget høve til å koma med kommentarar før eit konkret lovframlegg vert utarbeidd. Les meir om saker frå regjeringa.

Lovframlegg

Det er i hovudsak regjeringa som fremjar lovframlegg som ein proposisjon til Stortinget. Den same proposisjonen kan innehalda både framlegg til lovvedtak og andre vedtak.

Nemningane på lovframlegga frå regjeringa er: 

  • Prop.  L (Proposisjon til Stortinget (lovvedtak))
  • Prop.  LS (Proposisjon til Stortinget (lovvedtak og stortingsvedtak))

Alle stortingsrepresentantar kan fremja lovframlegg. På same måte som med proposisjonar kan framlegg frå representantane til lovvedtak og stortingsvedtak fremjast i same publikasjon.

Nemningane på lovframlegg frå representantane er:

  • Representantframlegg L (Representantframlegg (lovvedtak))
  • Representantframlegg LS (Representantframlegg (lovvedtak og stortingsvedtak))

Komitéhandsaming

Lovframlegget vert fyrst lagt fram for Stortinget og deretter sendt til ein av dei faste fagkomiteane. Komiteen drøfter lovframlegget og gjev si innstilling, med framlegg til vedtak, til Stortinget. Til liks med departementa, inviterer komiteane gjerne til høyringar for å finna ut kva fagfolk og direkte råka grupper meiner om framlegget, og kva for nokre fylgjer det kan få.

Om proposisjonen frå regjeringa eller representantframlegget inneheld framlegg til både lovvedtak og stortingsvedtak, skal komiteen gjeva to innstillingar. Unnataket er at komiteen kan gjeva ei innstilling som inneheld framlegg til lovvedtak og oppmodingar til regjeringa. 

Nemningane på innstillingane er:

  • Innst. L (Innstilling til Stortinget (lovvedtak)) 
  • Innst. S (Innstilling til Stortinget (stortingsvedtak))

Les meir om komitéarbeidet.

Handsaming i to omgangar

Innstillinga til lovvedtak frå komiteen vert handsama i Stortinget i plenum. Hovudregelen er at lovsaka skal handsamast i to omgangar med minst tre dagars mellomrom. Tredje gongs handsaming vert naudsynt om lovvedtaket ikkje vert vedteke ved andre gongs handsaming.

Fyrste gongs lovhandsaming

Ved fyrste gongs handsaming i Stortinget vert innstillinga frå komiteen diskutert og framlegg tekne opp. I slutten av møtet vert det votert over framlegga. Handsaminga vert avslutta med ei votering over «overskrifta til lova og lova i det heile». Berre ved fleirtal i denne voteringa vil lovsaka gå til andre gongs handsaming i Stortinget. Vedtaka som vert fatta, vert publiserte i eitt eller fleire lovvedtak. Lovvedtaket etter fyrste gongs handsaming er ikkje eit endeleg vedtak.

Andre gongs lovhandsaming

Saka vert deretter handsama på ny i Stortinget i plenum etter minimum tre dagar. Det er ikkje innstillinga som vert handsama denne gongen, men lovvedtaket frå fyrste gongs handsaming som eventuelt vert diskutert.

Dersom lovvedtaket frå fyrste gongs handsaming vert vedteke ved andre gongs handsaming òg, er handsaminga av lovsaka avslutta. Det normale vil vera at ei lov vert handsama to gonger i Stortinget før ho er endeleg vedteken. Når lovhandsaminga er avslutta, vert eit brev om vedtaket frå lovhandsaminga sendt til Kongen for sanksjonering.

Tredje gongs lovhandsaming

Om Stortinget ved andre gongs handsaming skulle koma til eit anna resultat enn ved fyrste gongs handsaming, vert det vedteke ein merknad til lovvedtaket. Lovsaka vert i så fall handsama ein tredje gong i Stortinget. Ved tredje gongs handsaming har Stortinget to alternativ:

  • Merknadene frå andre gongs handsaming vert vedtekne, og lova er dermed vedteken med dei endringane som går fram av merknadene.
  • Lovsaka vert lagd bort.

Vedtak vert fatta med vanleg fleirtal, også ved tredje gongs handsaming.

Lovvedtak og lovmerknader

Nemningane på vedtaka frå lovhandsaminga er:

  • Lovvedtak (vedtak etter fyrste gongs handsaming)
  • Lovmerknad (vedtak etter andre gongs handsaming i dei tilfelle der vedtaket frå andre gongs handsaming ikkje samsvarer med vedtaket frå fyrste gongs handsaming)

Ved eventuell tredje gongs lovhandsaming kjem vedtaket fram av referatet frå møtet. Sjå oversyn over dei siste lovvedtaka og lovmerknadene.

Sanksjonering av Kongen i statsråd

Når Stortinget har handsama eit lovframlegg ferdig, vert vedtaket sendt til Kongen i statsråd. Der skal lova sanksjonerast, det vil seia signerast av Kongen og kontrasignerast av statsministeren. Opphavleg skulle Kongen godkjenna Stortingets lovvedtak, men i dag har ikkje Kongen reell politisk makt, og sanksjoneringa er difor ein rein formalitet.

Etter at ei lov er sanksjonert, vert ho send attende til departementet som har fagansvar for lova. Departementet har ansvar for å gjera lova gjeldande. Stortinget kan gjeva forskriftsheimel i lova. Då er det regjeringa sitt ansvar å utforma meir detaljerte reglar i form av forskrifter.

Gjeldande lovtekster med forskrifter finn du på Lovdata.no

Oppmodingar til regjeringa

I samband med lovhandsaminga kan det leggjast fram framlegg om oppmodingar som skal oversendast til regjeringa. Dette er vedtak fatta i Stortinget som vert formulerte såleis: «Stortinget ber regjeringa … »

Oppmodingsframlegg skal skiljast ut frå lovhandsaminga og skal ikkje gå til andre gongs lovhandsaming. Oppmodingsframlegg går ofte ut frå at eit lovframlegg vert vedteke. Dei vert difor førde opp som eigne saker på dagsordenen etter at det er avklart kva lovframlegg som vert endeleg vedtekne. 

Handsaming av grunnlovsframlegg

I tillegg til vanlege lover har Stortinget rett til å endra Grunnlova, men etter eigne reglar. Det skal vera eit stortingsval mellom framlegg og handsaming, for å gjeva veljarane høve til å uttala seg. Framlegg må leggjast fram i løpet av dei tre fyrste åra av eit storting og handsamast i løpet av dei tre fyrste åra av neste storting. Det er Stortinget i plenum som har grunnlovsframlegg føre. Les meir om Grunnlova

Sjå òg

Se også

Om Grunnlova.

Om saksførehavinga i fagkomiteane.

Gjeldande lover og forskrifter hjå Lovdata


Sist oppdatert: 26.02.2015 12:39