Tron Strand, Bergens Tidende, leiar av Presselosjen. Foto: Stortinget.

Tron Strand, Bergens Tidende, leiar av Presselosjen. Foto: Stortinget.

Stortinget og media

I eit demokrati spelar media ei heilt sentral rolle. Stortinget er ein viktig arbeidsplass for mange journalistar, og Presselosjen på Stortinget har medlemer frå over 50 medieverksemder.

Vis som temaark

For journalistane er det viktig å kunna tilby publikum nyhende frå Stortinget, og for politikarane er det viktig å informera veljarane om kva dei meiner. Difor er alle interesserte i at journalistar får gode arbeidsvilkår på Stortinget. 

Det journalistiske arbeidet på Stortinget går føre seg på mange måtar. Somme journalistar dukkar opp berre når visse saker skal handsamast; andre er dagleg til stades i Stortinget. Dei sistnemnde vert godt kjende med personar og rutinar, og har både formell og uformell kontakt med politikarane.

Vandrehallen ligg rett utanfor stortingssalen. Når mykje omtala saker skal handsamast, kjem dei fleste journalistane dit for å få intervju med stortingsrepresentantar og statsrådar på veg til eller frå debattane. 

Fri tilgang for Presselosjen

Alle medlemer av Presselosjen på Stortinget har fri tilgang til fellesareala i Stortinget, og dei har høve til å ta med seg medarbeidarar. Journalistar og fotografar som ikkje er medlemer av Presselosjen, men som har gyldig pressekort, har fri tilgang til stortingsbygningen når det er møte. Ikkje-medlemer kan òg få tilgang i samband med aktivitetar som ein reknar med har stor allmenn interesse. Elles må ikkje-medlemer ha ei besøksavtale for å sleppa inn.

I stortingssalen har Presselosjen eigne sitjeplassar. Journalistar og fotografar kan òg fylgja stortingsmøta frå galleriet. 

Nettsida til Presselosjen.

TV- og radiostudio

Journalistane kan nytta eit pressesenter i stortingsbygningen, der dei får tilbod om arbeidsplassar, telefon og trådlaust nettverk. Det finst òg eit arbeidsrom for pressa i komitéhuset.
 
Stortinget tilbyd dessutan TV-studio, eit fjernstyrt radiostudio og høve til å senda frå vandrehallen. Stortinget eig TV-sendingane frå stortingssalen og høyringsromma, og dei kan fritt nyttast av alle medieaktørar som er interesserte.

Pressa og Stortinget – historisk tilbakeblikk

Det fyrste stortingsreferatet i norsk presse vart trykt i Morgenbladet i 1821. Frå 1824 fekk redaktøren i Morgenbladet lov til å gå gjennom stortingsprotokollane og trykkja utdrag. Nokre år seinare fekk også bladet Patrouillen lov til det. Frå slutten av 1830-åra vart bladet Skillingsmagazinet betalt av Stortinget for å trykkja og distribuera korte referat frå debattane. Dei fyrste åra måtte avisene fylgja debattane frå galleriet, og det var politiet som organiserte dette. Seinare vart det Stortinget som tok over ansvaret for å gjeva pressa tilgangsbillettar.

Då stortingsbygningen var ferdig i 1866, fekk pressa – som i dag – nytta ein eigen losje til venstre for presidentplassen (sett frå talarstolen). Journalistane kom inn i losjen via salen, og kunne dermed ferdast fritt blant politikarane. Tilhøvet mellom politikarane og pressa var godt; alle som søkte om å få referera frå debattane, fekk løyve til det.

I 1880 vart tilhøvet forverra fordi det skulle ha oppstått konfliktar, endåtil slagsmål, mellom journalistar og stortingsrepresentantar. I tillegg hadde det innverknad at høgresida hadde dei største avisene – venstrefleirtalet på Stortinget var svært misnøgd med reportasjane.

Eigen inngang

Presidentskapet føreslo at journalistane skulle flyttast til ein annan losje ein etasje høgre opp, der dei måtte nytta eigen inngang. Det ville leia til at journalistane fekk vanskar med å høyra det som vart sagt i salen, og dei ville òg verta utestengde frå fri ferdsel i stortingsbygningen. Presidentskapet føreslo dessutan at det skulle lagast offisielle referat frå forhandlingane som avisene kunne nytta. Pressa oppfatta det som eit forsøk på sensur.

Framlegga vart vedtekne, og journalistane var særs misnøgde. I 1881 fekk dei att den opphavlege losjen sin, men dei fekk framleis ikkje lov til å omgåast representantane. Det vart sett opp ein lås på presselosjen, og journalistane måtte nytta ei vindeltrapp frå tredje etasje for å koma seg dit. I 1883 søkte pressa om å få att dei gamle rettane sine, men søknaden vart avslått. I 1886 søkte Den norske Journalistforening på nytt, og dei lova å syta for at ingen stortingsrepresentantar skulle verta sjenerte eller forulempa av pressefolk. Denne gongen fekk journalistane gjennomslag for ynsket, og tilhøvet mellom pressa og Stortinget betra seg.

Ifylgje Sigurd Allerns bok «Flokkdyr på Løvebakken?» (Pax Forlag, 2001) er det vanskeleg å fastslå nøyaktig når Presselosjen på Stortinget vart konstituert som formell foreining. Mykje tyder likevel på at det skjedde i 1921. 

Partipressa

Striden om statsrådane og deira tilgang til Stortinget i 1870- og 1880-åra, som etter riksrettsdommen i 1884 opna opp for parlamentarisme i Noreg, vekte stor merksemd. Systemet med partipresse kom i kjølvatnet av dette. I mange år var det vanleg at avisene støtta visse politiske parti, men fram gjennom 1970- og 1980-talet vart dei aller fleste avisene partipolitisk uavhengige.

Sjå òg

Pressesida


Sist oppdatert: 19.12.2016 13:19