Om valkomiteen

Hovudoppgåva til valkomiteen er å velja medlemer til dei 12 fagkomiteane.

Vis som temaark

Dei 37 medlemene i valkomiteen vert valde med det same etter at Stortinget har konstituert seg. Det er eit mål at partigruppene er forholdsmessig representerte, og det skal òg takast omsyn til fordeling etter valdistrikt.
 
Valkomiteen førebur og gjev innstilling om alle val Stortinget måtte ynskja, inkludert val til ei rekkje utval, komitear og representantskap, som til dømes den norske Nobelkomite. Komiteen avgjer sjølv nokre saker, men dei fleste vert handsama av Stortinget i plenum.
 
Hovudoppgåva er å fordela stortingsrepresentantane på dei 12 faste komiteane. I tillegg nemner valkomiteen opp dei særskilde komiteane fullmaktskomiteen og den utvida utanriks- og forsvarskomiteen. I saker om samansetjinga av komiteane sender valkomiteen over ei innberetning til Stortinget. I slike saker har valkomiteen avgjerdsmakt og innberetninga vert berre referert i Stortinget og teken til orientering.
 
Det er i partigruppene det reelle valet av representantar til fagkomiteane skjer. Representantane melder frå om kva komité dei ynskjer å sitja i, og partigruppa prøver deretter å laga ei fordeling som flest mogleg er nøgde med. Valet av medlemer er difor alt utført når valkomiteen kjem saman.
 
Det er tradisjon for at komitéfordelinga skal skje etter høvetalsprinsippet, men parti med få representantar kan sjølvsagt ikkje vera representerte i alle komitear. Regelen er at alle parti skal med i finanskomiteen, og alle parti har rett til å sitje i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er valkomiteen som justerer talet på medlemer i ein komité. Når komiteane er oppnemnde, vel den enkelte komiteen ein eigen leiar og ein fyrste og ein andre nestleiar.

Stortingspresidenten er ikkje medlem av nokon fagkomité (men av den utvida utanriks- og forsvarskomiteen), medan andre representantar kan sitja i kontrollkomiteen pluss éin komité til.

Oversikt over medlemer i valkomiteen.

Oversikt over saker frå valkomiteen.


Sist oppdatert: 25.10.2017 09:10