Fordeling av makt

Då Grunnlova vart skriven våren 1814, var prinsippet om maktfordeling viktig. Framleis er makta fordelt, men etter at parlamentarismen vann fram, er balansen endra.

Vis som temaark

Montesquieu framstilt av Émile Bayard: Wikimedia Commons.
Montesquieu framstilt av Émile Bayard: Wikimedia Commons.

I Noreg har vi tre statsmakter:

  • Stortinget
  • Regjeringa 
  • Domstolane

Dei tre statsmaktene har ulike oppgåver. Stortinget er den lovgjevande, løyvande og kontollerande makta. Det vil seia at Stortinget vedtek Noregs lover, løyver pengar over statsbudsjettet og kontrollerer at regjeringa fylgjer opp vedtaka frå Stortinget.

Les meir om lovarbeidet.

Les meir om budsjettarbeidet.

Les meir om kontrollverksemda.

Regjeringa er den utøvande makta. Det tyder at regjeringa har ansvaret for å setja i verk vedtaka frå Stortinget. Regjeringa har dessutan det politiske initiativet og føreslår saker for Stortinget. Stortingsrepresentantane kan òg fremja framlegg, såkalla representantframlegg.

Domstolane er den dømande makta. Dei dømer på bakgrunn av lovene Stortinget vedtek. Kongen i statsråd har rett til å benåda straffedømde, men elles kan korkje Stortinget eller regjeringa gripa inn i avgjerdene domstolane gjer. Domstolane har likevel høve til å avgjera om lovene Stortinget vedtek, er i samsvar med Grunnlova. 

Montesquieu og den norske grunnlova

Maktfordeling mellom Stortinget, regjeringa og domstolane er eit sentralt prinsipp i Grunnlova frå 1814. Ei viktig problemstilling for tenkjarane på 1700-talet var korleis borgarane kunne vernast mot maktmisbruk. I boka «Lovenes ånd» (1748) formulerte den franske filosofen Montesquieu si løysing: Å innføra ei ordning der «makt stoggar makt». Prinsippa hans kan oppsummerast såleis:

  • Den lovgjevande/løyvande, utøvande og dømande makta skal liggja i høvesvis parlament, konge/regjering og domstolar.
  • Dei tre statsmaktene skal vera separate institusjonar som ikkje grip inn i arbeidet til kvarandre.
  • Makta skal vera balansert slik at kvar av institusjonane er ei motmakt mot dei to andre.

Endå om makta vart delt i Grunnlova, var tolleg mykje makt framleis samla hjå kongen. Kongen valde sjølv regjeringa og Stortinget hadde inga makt over samansetjinga. I tillegg hadde kongen utsetjande veto i lovsaker. Det einaste maktmiddelet Stortinget hadde andsynes kongen og regjeringa hans, var riksretten. Riksretten er ein domstol som dømer i saker reiste mot medlemer av regjering, storting eller Høgsterett for straffbare tilhøve i embetet.

Les meir om Grunnlova.

Les meir om riksrett.

Endra maktbalanse

Riskretten vart nytta i 1883–84, då regjeringa Selmer vart dømd for å ha nekta å setja i verk eit stortingsvedtak om at regjeringa hadde møterett i Stortinget. Med dette fekk parlamentarismen sitt fyrste gjennombrot i Noreg, og maktbalansen endra seg. Stortinget fekk meir makt, medan makta til kongen vart svekt. Parlamentarisme inneber at regjeringa vert danna på bakgrunn av samansetnaden av Stortinget, og regjeringa er avhengig av tillit i Stortinget for å kunne styra.

Vi kan sjå på gjennombrotet for parlamentarismen som ei utviding av demokratiet og eit viktig steg på vegen mot eit moderne folkestyre. Jamvel om parlamentarismen svekte maktfordelingsprinsippet, gjeld tredelinga i dag òg. Dei tre statsmaktene har framleis ulike oppgåver, og domstolane er uavhengige.

Les meir om parlamentarismen i utvikling.
Les meir om parlamentarismen i dag.
Les meir om det norske folkestyret.


Sist oppdatert: 14.11.2017 12:07