Kontroll- og konstitusjonskomiteen under kontrollhøyringa om asylborn 6. februar 2015. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen under kontrollhøyringa om asylborn 6. februar 2015. Foto: Stortinget/Morten Brakestad.

Fagkomiteane

Mesteparten av saksførehavinga i Stortinget skjer i komiteane. Når Stortinget gjer vedtak, er det basert på framlegg frå ein av dei faste komiteane på Stortinget.

Vis som temaark

Når eit nytt storting trer saman etter val, vert det oppretta ein valkomité som fastset korleis representantane skal fordelast på fagkomiteane.

Alle partigrupper har medlemer i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Elles bør gruppene, så langt som råd er, vera forholdsmessig representerte i komiteane. Partigrupper som ikkje har fått medlem i alle komitear etter dene fordelinga, kan krevja at medlemen frå gruppa i kontroll- og konstitusjonskomiteen òg kan oppnemnast som medlem av ein av dei andre fagkomiteane.

Komiteane varierer i storleik, og har frå 11 til 18 medlemer. Komiteen vel sjølv ein leiar og fyrste og andre nestleiar. Alle komiteane har minst éin fast komitésekretær som er tilsett av Stortinget. Komitésekretærane har òg eit støtteapparat i administrasjonen.

Komiteane i Stortinget er for tida:
 
Arbeids- og sosialkomiteen
Energi- og miljøkomiteen
Familie- og kulturkomiteen
Finanskomiteen
Helse- og omsorgskomiteen
Justiskomiteen
Kommunal- og forvaltningskomiteen
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
Næringskomiteen
Transport- og kommunikasjonskomiteen
Utanriks- og forsvarskomiteen
Utdannings- og forskingskomiteen 

Partifordeling

Partifordelinga innanfor kvar komité er mest mogleg lik partifordelinga i det samla stortinget. Difor er det vanlegvis slik at vedtak Stortinget gjer i ei sak, er i tråd med innstillinga til komiteen.

I somme komitear vil det likevel kunna verta skeiv fordeling i høve til partifordelinga i Stortinget. Enkelte mindre parti har ikkje nok representantar til å få ein medlem i kvar komité. Komiteane har òg ulikt tal på medlemer. Det kan føra til at fleirtalet i komiteen ikkje er det same som fleirtalet i Stortinget i plenum, såkalla «omvendt fleirtal».

Dei største partia har derimot fleire medlemer i kvar komité. Medlemer frå same parti i ein komité vert kalla ein fraksjon.

Komitémedlemene er som regel òg partia sine ekspertar på fagområdet komiteen arbeider med. Dei er sentrale i utforminga av haldningane og synet partiet har i saker innanfor området. Media omtalar ofte fraksjonsleiarane som talspersonar for sitt fagområde (til dømes «finanspolitisk talsmann»). 

Fordeling av saker

Komiteane vert tildelte saker på bakgrunn av kva for fagområde saka gjeld. Fordelinga av saker vert vedteken i eit møte i Stortinget. I Stortingets forretningsorden § 14 er det nedteikna ein hovudregel for fordeling av saker mellom komiteane. Somme tider kan ei sak verta handsama i fleire komitear.

Grunnlaget for sakene er meldingar eller proposisjonar frå regjeringa, eller framlegg frå representantane. Komiteane kan innhenta informasjon om EU/EØS-saker og gje ei fråsegn om ei sak som skal handsamast i Europautvalet. Kontroll- og konstitusjonskomiteen er den einaste komiteen som kan oppretta saker på eige initiativ. 

Andre komitear

I tillegg til dei 12 komiteane som er nemnde over, har Stortinget desse komiteane:

Også presidentskapet på Stortinget kan handsama saker og levera innstilling. Det gjeld til dømes saker om reglar for arbeidet i Stortinget.

Stortinget kan dessutan unnataksvis peika ut særskilde komitear for å hansama spesielle saker. Stortinget kan òg peika ut granskingskommisjonar for å kartleggja eller vurdera tidlegare hendingar.

Saksførehavinga i komiteene.

Komitéhøyringane.


Sist oppdatert: 01.10.2017 08:00