Regjeringsdanning

Når må ei regjering gå av – og korleis vert ei ny danna?

Påtroppande statsminister Per Borten (Sp) og avtroppande statsminister Einar Gerhardsen (A) på Statsministerens kontor 13. oktober 1965. Foto: NTB scanpix.
Påtroppande statsminister Per Borten (Sp) og avtroppande statsminister Einar Gerhardsen (A) på Statsministerens kontor 13. oktober 1965. Foto: NTB scanpix.

Noreg har eit parlamentarisk system, noko som tyder at eit fleirtal av dei 169 stortingsrepresentantane kan fella regjeringa. Ei regjering treng ikkje ha stortingsfleirtalet bak seg i alle saker, men dersom Stortinget vedtek eit mistillitsframlegg mot regjeringa, må ho gå av. Dette kallar vi «negativ parlamentarisme».

Når vert det regjeringsskifte?

Dersom stortingsfleirtalet endrar seg etter eit stortingsval, og det dermed vert eit parlamentarisk grunnlag for ei ny regjering, søkjer den sitjande regjeringa i regelen avskil. Ho er likevel ikkje nøydd til å gjera det – ho kan sitja til ho vert felt via eit mistillitsframlegg. Det er vorte normal praksis at regjeringa fyrst går av når trontala og framlegget til statsbudsjett er overlevert Stortinget.

Ei regjering kan stilla kabinettsspørsmål – erklæra at ho går av dersom stortingsfleirtalet røystar imot henne i ei sak. Om regjeringa ikkje får støtte i Stortinget, vert det regjeringsskifte.

Negativt fleirtal kan òg gje regjeringsskifte. Det tyder at regjeringa vel å gå av om det er sett fram to eller fleire mistillitsframlegg, som ikkje har fleirtal kvar for seg, men som til saman utgjer eit fleirtal.

Andre årsaker til regjeringsskifte kan vera samarbeidsproblem i regjeringa, at ein statsminister ynskjer avløysing, at partiet ynskjer leiarskifte, at ein statsminister vert sjuk, eller at statsministeren døyr.

Kva skjer når ei ny regjering skal utnemnast?

I Grunnlova § 12 står det at: «Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer..»

I praksis utnemner kongen den regjeringa som Stortinget vil akseptera. Fyrst er det som regel politiske drøftingar mellom dei politiske partia på Stortinget. Når resultatet er klart, gjev den avgåande statsministeren eller stortingspresidenten råd til kongen om kven han bør gje statsministeroppdraget til, eller korleis han skal gå fram vidare.

Når ein statsminister er utpeika, vel han eller ho statsrådane, som kongen så utnemner.

Ulike regjeringstypar

Fleirtalsregjeringar er sette saman av parti med meir enn halvparten av stortingsrepresentantane bak seg, mindretalsregjeringar har under halvparten. Nokre mindretalsregjeringar har eit fast samarbeid med andre parti, og får dermed støtte til å gjennomføra politikken sin – andre tingar fram støtte frå sak til sak.

Ei regjering kan gå ut frå eitt parti, eller fleire parti (koalisjonsregjering).

Les meir om regjeringsskifter på regjeringen.no.


Sist oppdatert: 11.09.2017 13:58