Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Søkjetips

Søket på stortinget.no er eit søk i alt redaksjonelt innhald på nettstaden og publikasjonar frå Stortinget og regjeringa. Søkjefeltet finn du på alle sider på nettstaden, i det raude feltet oppe i høgre hyrnet. Digitaliserte stortingsforhandlingar 1814–2001 har eige søkjefelt på eiga side.

Korleis søkjer eg?
Kva søkjer eg i?
Korleis er søkjeresultatet sortert?
Korleis avgrensar eg søket?
Korleis finn eg informasjon om handsaminga av ei sak?
Tips dersom du ikkje finn det du er ute etter
Digitaliserte stortingsforhandlingar 1814–2001
Treng du hjelp?

Korleis søkjer eg?

Det er i hovudsak to måtar å søkja på, publikasjonssøk (òg kalla direktetreff) eller fritekstsøk. Ved publikasjonssøk skriv du inn publikasjonsnemninga, og ved fritekstsøk skriv du inn søkjeord. Les òg om søk i digitaliserte stortingsforhandlingar 1814–2001.

Fritekstsøk

Skriv inn søkjeorda, eller skriv søket som vanlege setningar. Du kan òg lima inn tekst. Fleire ord gjev eit betre søkjeresultat.

Døme 1): klimakvotar kvotesystem EU
Døme 2): klimakvotar og korleis kvotesystemet i EU fungerer

Publikasjonssøk (direktetreff)

Om du veit nøyaktig kva publikasjon du skal ha, er det best å skriva inn nemninga i søkjefeltet og utføra eit søk. Skriv til dømes Innst. 41 L og du får ei liste over alle innstillingar (S og L) og sakene dei høyrer til. Du kan òg avgrensa ved å skriva inn sesjonen dokumentet er frå i søkjefeltet, til dømes (2010–2011).

Søk på denne sida – ved fritekstsøk og publikasjonssøk (direktetreff)

Dersom du leitar etter førekomsten av eitt eller fleire ord i publikasjonen, bruk søkjefunksjonen Ctrl + F.

Kva søkjer eg i?

  • Redaksjonelt innhald på nettstaden
  • Referanseinformasjon om saker i Stortinget frå sesjon 1986–1987 til i dag
  • Publikasjonar frå Stortinget (kan søkjast på frå det raude søkjefeltet oppe i høgre hyrne av alle nettsidene)
    • Innstillingar frå 1994–1995. (Frå eldre sesjonar finst Innst. S. nr. 104–215 (1993–1994) og Innst. S. nr. 248 (1991–1992) elektronisk på nettstaden.)
    • Representantframlegg (Dokument 8) frå 1998–1999
    • Lovvedtak og lovmerknader frå 1998–1999
    • Dokument frå 1995–1996 (fullstendig frå 1998–1999)
    • Referat frå 1998–1999
    • Referat frå Europautvalet frå 1994–1995
    • Spørjetimespørsmål frå 1998–1999
    • Skriftlege spørsmål (Dokument 15) frå 1996–1997
    • Interpellasjonar og utgreiingar frå 1998–1999
  • Publikasjonar frå regjeringa (kan søkjast på frå det raude søkjefeltet)
    • Proposisjonar frå 1996–1997 *
    • Meldingar frå 1996–1997 **
    • NOUar – Noregs Offentlege Utgreiingar frå 1998 **

*St.prp. 1 (Statsbudsjettet): berre enkelte av fagproposisjonane og tillegga kan søkjast på for perioden 1996/97 og 1997/98
** det vil òg finnast enkelte publikasjonar frå tidlegare sesjonar

Korleis er søkjeresultatet sortert?

Søkjeresultatet er sortert med dei mest relevante sakene/nettsidene fyrst.
Ei sak kan femna om fleire publikasjonar – både frå regjeringa og Stortinget. Desse vert grupperte under tilhøyrande sak. Merk at det berre er dei publikasjonane som er relevante ut frå søket ditt som viser.

Når du vel ein publikasjon, får du ei oversikt over dei mest relevante kapitla og underkapitla. For referata vil dette seia ei oversikt over dei mest relevante debattinnlegga. Ikkje alle publikasjonar har kapittelinndeling.

Dersom du ynskjer å sjå dei nyaste sakene, eller saker for ein viss stortingsperiode, bruker du avgrensinga i venstre meny i søkjeresultatet (sjå nedanfor).

Korleis avgrensar eg søket?

Ved utforming av søket kan ein ikkje gjera avgrensingar. I søkjeresultatet får du derimot mange moglegheiter til å avgrensa og gruppera søket ditt. Denne avgrensinga finn du i venstre meny i søkjeresultatet. Du kan avgrensa/gruppera etter desse kriteria:

  • Tidsperiode
  • Tema
  • Sakstype
  • Publikasjonstype (frå Stortinget, frå regjeringen, redaksjonelt innhald)

Døme 1): Du gjer eit søk, og får opp resultatlista. Du leitar etter lovframlegg. Vel Sakstype – Lovsak frå venstre meny.
Døme 2): Du gjer eit søk, og får opp resultatlista. Du leitar etter ei Innstilling. Vel Publikasjonstype – Innstillingar

Korleis finn eg informasjon om handsaminga av ei sak?

Ynskjer du å vita meir om ei av sakene i søkjeresultatet, til dømes kven som er saksordførar og informasjon om høyringar, vel du overskrifta på saka; «Sak: …».

Tips dersom du ikkje finn det du er ute etter

Det kan vera mange grunnar til at du ikkje finn det du er ute etter. Her er nokre framlegg til korleis eit søk kan betrast.

Du finn for mykje

  1. Presiser søket betre – bruk fleire søkjeord.
  2. Avgrens søket – bruk moglegheitene i venstremenyen i søkjeresultatet, til dømes ved å avgrensa søket til ein viss tidsperiode eller publikasjonstype.

Du finn for lite

  1. Sjekk om det er skrivefeil i søkjeorda dine.
  2. Bruk «Finn liknande». Denne bruker du dersom du har funne ei sak som er relevant. Når du vel ein publikasjon i saka, får du ei oversikt over relevante kapittel. Bruk «Finn liknande» på det mest relevante kapittelet. Det vert gjort eit nytt søk med utgangspunkt i teksten i dette kapittelet.

Digitaliserte stortingsforhandlingar 1814–2001

På stortinget.no kan du søkja i stortingsforhandlingar 1814–2001. Du søkjer i hovudregistra og går via lenkjer til saksinnhaldet. Det er tre inngangar til dei digitaliserte hovudregistra:

  1. Fritekstsøk
  2. Søk etter emne og stikkord
  3. Søk etter publikasjonar

Etter treff i hovudregistra fører lenkjer deg til den aktuelle saka, publikasjonen eller referatet.

Treng du hjelp?

Rettleiing og hjelp for å søkja etter publikasjonar frå Stortinget og regjeringa kan du få ved å kontakta Stortingets nettvakt; web@stortinget.no.

Sist oppdatert: 18.11.2022 11:10
: